[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]

version 1.1

Trefall


Bilete viser bruk 1, 2 og 3 på Trefall ca 1950.
Alle bruka låg i eit klyngetun fram til 1900 då bruk 2 blei flytta dit det no ligg.
Ei utskiftning på 1960 talet gjorde at bruk 3 blei flytta lenger innover og husa rivne. Husa blei imidlertid ikkje satt opp att då brukaren med familie flytta og busette seg i Haugen.
Innleiing

Desse emigrasjons sidene start ved at eg fekk kontakt med ein tremenning-familie i Amerika, etterkomarar av syster til bestefar som drog med mannen i 1913 til Nord Dakota.

Frå dei tre bruka på garden Trefall drog omlag 13 vaksne + flere born (om nøyaktigheita til desse data: sjå intriduksjons sida "Gardane i Eksingedalen").

Her litt om namnet Trefall.


Utvandringa

Bruk 1
  • Brita Jakobsdotter Trefall f. 1804, utvandra: 1867.
    Ho var gift med Jakob Jonson Ekse f. 1806, dei hadde vore husmenn på Trefall frå 1840, og dreg frå Bergen 30. april 1867 med barken Brødrene og ankom Quebec 31. mai. Med seg har dei borna Lars Jakobson 20 år og Brita Jakobsdotter 26 år.

  • Jakob Ingebrigtson Trefall f. 1841, utvandra: 1865
    Han drog i 1865, to år før tanta Brita Jakobsdotter.



Bruk 2

Bruk 2 oppstår etter eit oppattgifte på bruk 1.
Fyrste brukar, Knut Jakobsen Trefall f. 1788(9?) er fyrst gift med Gjertrud Simensdotter Bindingbø. Etter at Gjertrud døydde gifta han seg oppat med Elisabeth Askjelsdsdotter Århus. Eldste sonen deira dreg:
  • Askjel Knutson Trefall f. 1830, utvandra: 1866
    Han var gift med Ingebjørg Torgilsdotter Nedre Oppheim f. 1829, dei dreg saman med sønene Knut f. 1861 og Sjur f. 1864. Dei dreg frå Bergen 25. april 1866 med briggen Fido av Arendal, ankomst Quebeck 9. juni. Dei buset seg fyrst i Higwater, Cuttonwood county i Minnesots, for i 1894 å flytta til High Lake Township, Emmet county, i staten Iowa, der Askjel og Ingebjørg begge ligg gravlagde på High Lake-Jack Creek kyrkjegarden. Ingeborg døydde i 1911, Askjel i 1916. Meir om dei kan du lesa her.
Neste brukar er Jakob Knutson Trefall f. 1816, halvbror til Askjel, det vil sei son til Knut Jakobson Trefall og fyrste kona Gjertrud Simensdotter.
Av borna til Jakob Knutson og kona Marta Johannesdotter Aldalen f. 1813, dreg desse syskena:
  • Johannes Jakobson Trefall f. 1840, utvandra: 1871.

  • Knut Jakobson Trefall f. 1844, utvandra: 1869
    Han var g. 1869 med Brita Johnsdotter Ekse f. 1847 dreg i 1869, heimefolket høyrer aldri meir frå dei. Dette seier Evangerboka.
    Knut Jakobson Trefall er imidlertid med på passasjerlista på barken Brødrene som dreg frå Bergen 30. april 1867 og er framme i Quebec 31. mai. Altså to år før. Brita Jonsdotter finn eg ikkje her.
    Det kan væra Knut vi finn i staten Iowa i folketeljinga der for 1900, då er navnet skreve Knut Traefald?

  • Gjertrud Jakobsdotter Trefall f. 1850, utvandra: 1874
    Saman med mann David Knutson Ekse f. 1840 dreg ho 9/5 1874 med to born, Brita Davidsdotter f.1866 og Gjertrud Davidsdotter f.1873.

Garen vert seld av faren til desse syskena, Jakob Knutson, til onkelen sin, Lars Jakobson f. 1809.
Sonen til Lars Jakobson, Jakob Larson f. 1830, overtek halve bruk 2, for seinare å gjera makeskifte med Knut Larson Gullbrå (Nesheim).
  • Jakob Larson Trefall f. 1830, utvandra 1856
    Han reiser etter makeskifte i 1856 (14. april?) saman med Brita Anderdotter Hanekom frå Sogn. Dei drog til Cambridge, Wisconsin og gifta seg i 1857. Dei flytta til Dodge County, Minnesota i 1861, og seinare til Lac Qui Parle County, Minnesota i 1871.

Lars Jakobson sel andre halvparten, som etter kvart Knut Larson Gullbrå (Nesheim) kjøper, og no er bruk 3 (sjå bruk 3 om denne familien).
  • Lars Jakobson Trefall f. 1809, utvandra 1864
    Han dreg etter salget av garden til Vik i Sogn i 1845, og utvandrar derifrå til Amerika i 1864 (1856?) med kone nr 2 Synnøve Olavsdotter Apeltun f. 1806 og eitt barn. Dei busette seg i Dodge County, Minnesota og Lars døydde i Kason i 1898.

I tilegg til Jakob Larson, son til Lars Jakobson frå fyrste ekteskap, utvandrar og sonen
  • Gulleik Larson Trefall f. 1832, utvandra: 1860
    Evangerboka fortel at han dreg så tidleg som i 1845. Dette er feil, årstalet er 1860.
    Her er historien om Gulleik Gåvegjevar!

Bruk 2 blik kjøpt innat i slekta frå Knut Larson Gullbrå (Nesheim) av Kari Ingebrigtsdotter f. 1827 frå bruk 1, g. med Jon Nilson Ekse f.1822. (Knut Larson kjøper i staden bruk 3) Av borna til Jon Nilson og Kari Ingebrigtsdotter derg:
  • Ingeborg Jonsdotter Trefall f.1853, utvandra: 1876
    Ho dreg 4/4 1876, 23 år og ugift. Evangerboka fortel at ho blei gift med Gulleik Johannesen Bergo f.1841

  • Begga johnsdotter Trefall f.1855, utvandra: 1888
    Ho dreg 25/5 1888 frå Bergen til Minnesota.

Bruket går til dottera Anna Jonsdotter f. 1868 g. med Nils Jonson Ekse f. 1859. Av borna deira dreg:
Bruk 3

Bruk nr 3 blir kjøpt av Knut Larson Gullbrå (Nesheim) f. 1820 og Kari Knutsdotter Langeland f. 1818 (sjå bruk 2).
Til neste brukar, Lars Knutson f. 1850 og Guri Herlaugsdotter Yksendal f.1858, dreg sonen:
  • Herlaug Larson Trefall f.1887, utvandra 1906
    Han dreg 17/4 1906 og blir etter kvart farmar i Manitoba, Kanada, like nord for North Dakota, Amerika. I Kanada kall Herlaug seg Harry Larson.

Broren Lars Larson f.1891, dreg 29/8 1913 og er der i 8 år (først til Rugby, Nord Dakota?). Han kjem att og blir bonde på Ekse. Meininga var at han skulle heim å finna kone og dra bortatt å overta farmen til broren Herlaug i Kanada.

Herlaug blir borte ein gong etter 1921, då broren Lars sist har kontakt med han før han returnerer til Norge. Det vert sagt at Herlaug drog til til Alaska der han skulle trena hundane til Amundsen. Hugo Solhaug er kjelda her, og han har etterrøkja dette grundig.
Anndre kjelder seier han ble borte alt i 1914 etter å ha drege til Nome, Alaska. Evanger Bygdebok band I seier og han kom bort i 1914.

[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>