[neste] [forrige] [innhald] [utskriftvenlig side]

Familien Oksendal / Trefall i Amerika

Nokre av dei som utvandra frå Yksendal bruk 1, og ei frå Trefall bruk 2


Innhald: [alt på ei side] [utskriftvenlig side] Innleiing, ved Kåre Trefall

Lars Larson Yksendal f. 1852, oppvaksen på bruk 1 i Yksendalen, Eksingedalen, Norge, emigrerte til Minnesota i Amerika i 1875, 23 år gamal. Soga her fortel ikkje meir om korleis det seinare gjekk med han.

Den yngre broren, Ivar Larson Yksendal f. 1861 drog etter, 6 år seinare. Han reiste frå Bergen 22. mars 1882, 21 år ugift.

På same båten denne dagen var også to andre Eksingedøler, to gutar frå to nabogardar på Flatekvål: Halvor Johannesen Fladeqval f. 1862(1?) frå bruk 1, 20 år ugif (trakka i hel av hestar i ei ulukke etter å ha stifta familie i Amerika og hadde mange små ungar) og Johannes Knudsen Fladeqval f. 1862(1?) frå bruk 5, 20 år ugift.
Iver (som no Ivar Larson kalla seg) busette seg i Minnesota der broren Lars budde. I staden for å starta med farming tok han no presteutdanning, ferdig i 1892. Uvisst av kva grunn, flytte Iver til Nord Dakota i 1893. I 1896 og kjøpte han ein farm nær Maddock, Benson County, Nord Dakota. Då han kom til Nord Dakota blei han prest i tre kjyrkjelydar der, og var kontinuerlig på reise i 16 år til helsa sa stopp.

Eldstebroren, Nils Larson Oksendal (1846-1891), budde på garden i Norge, og var gardbrukar der. Han hadde saman med kona Anna Rasmusdatter Straume (1845-1913), borna Lars f. 1875, Kari f. 1877, Nils f. 1878, Borghild f. 1880 d. 1882, tvillingane Borghild og Rasmus f. 1882 - Rasmus d.1882, Rasmus f. 1884, Anna f. 1886, og Ivar f. 1887. Av dei 7 som levde opp drog 4 av syskenflokken til Amerika.
Den 4. april 1900 dreg Nils Nilson, 22 år ugift, til onkeln Iver i Nord Dakota. Han bur først ei tid hjå onkelen. I 1901 kjøper han ein farm 13 miles søraust for Maddock.

To år seinare dreg den eldre broren Lars Nilson, 27 år og ugift etter, frå Bergen 4. mars 1902. Saman med han dreg søstera Borghild, 19 år og ugift. Korleis det gjekk med Borhild er ikke fortald her.
Same dag dreg også fire frå nabobruket, bruk 2 i Yksendalen. Dette er fire ugifte sysken, born av Herlaug Andersson Yksendal (1832-1903). Dordei Herlaugsdtr f. 1872, 30 år, har Herlaug med Ingebjørg Torbjørnsdatter Fjellanger (1830-1879), dei andre tre som dreg har han med kone nummer to Sigrid Knutsdatter Trefall (1847-1931): Ingeborg Herlaugsdtr f. 1880, 22 år, Knud Herlaugsen f. 1883, 19 år, og Lars Herlaugsen f. 1885, 17 år. To andre sysken frå denne flokken på 15, og som Herlaug har med kone nummer ein, hadde dratt 19 år før, 20. mars 1883: Thorbjørn Herlougsen f. 1863, 20 år ugift, og Andreas Herlougsen f.1865, 18 år ugift, og året etter dreg ogso broren deira Johan Karl Herlaugson f. 1867, 17 år og ugift, so til saman sju av syskenflokken på 15 dreg.

Tilbake til soga om dei som drog frå bruk 1.
Lars Nilson kjøper seg farm i Butte, Nord Dakota i 1903. Denne sel han så for å kjøpa ein ny ved East Fork Township, nord for broren Nils.
Nils leiger ut farmen sin og dreg tilbake til Norge seint i 1905. Om våren 1906 dreg igjen Nils til Amerika, han får då med seg broren Rasmus f. 1884, 22 år og ugift. Som emigrasjons-grunn oppgjev Rasmus "betre forteneste".

Saman med dei dreg også Agate Andersdotter Lavik f. 1884, 22 år ugift. Ho er syster til Maria Andersdotter Lavik (1870-1938) som gifta seg med Olav Nilsson Straume (Flatekval) (1867-1944) og flytta til Flatekval bruk 6. Dei er mine oldeforeldre på morssida.
Rasmus dreg attende til Norge i 1909. I tida han var i Amerika eigde han mogelegvis ein farm i nærheita av broren Nils, som han då må ha seld når han drog til Norge. Vel heime treff han Kari Nilsdotter Trefall på bruk 2 på Trefall. Ho var dotter av Nils Jonson Ekse (1859-1938) and Anna Johnsdotter Trefall (1869-1947), og syster til bestefar (far-far), John Nilson Trefall (1890-1985). Rasmus og Kari gifter seg 28. juni 1913. Alt 22. august same år dreg det nygifte paret til Amerika, frå Bergen til Quebec i Kanada med Cunard Steamship Line, og tog vidare til Maddock, Nord Dakota.
Dei buset seg i Maddock. Første barnet blir født på garden til broren Nils. Etter diverse yrker, leiger dei i 1918 farmen Amonrud i Rich Valley, 6 miles sør for byen dei så langt har butt i. Straks etter kjøper dei han. Her bur dei dei neste 26 åra. Den første tida går alt væl. Dei lever hardt men godt. Så kjem 30-åra med depresjon og nedgangstider. I tilegg til tørke og grashoppe svermar. Dei misser farmen. Dei ender opp i byen Spokane i staten Washington, der både Rasmus og Kari er gravlagde.

Her blir fortald sogene som om livet "over there". Om Ivar Larsson, presten, og brørne som Iver var onkel til: Nils Nilson, Lars Nilson og Rasmus Nilson. Mest om Rasmus og kona Kari Nilsdotter Trefall.


Yksendalen i 1920 åra. Bruk 1 i forgrunnen.

Historiane er samla og nedteikna av Karen Windheim. Ho er gift med Gary Windheim, barnebarn av Rasmus og Kari. Takk til Hugo Solhaug (tanta til Kari, Ragnhild Jonsdotter Ekse (1869-1953) er oldemor til Hugo) som tipsa Karen og Gary om sida mi, www.trefall.com, slik at kontakten oppstod og eg starta dette prosjektet.


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>