[attende] [utskriftvenlig side]

Kari's historie

Om livet på Trefall mellom 1893-1913
Skrevet etter fortellinger av Kari Trefall ca. 1970
Samla og nedteikna av Karen Windheim, Oregon, USA.
Oversatt til norsk av Hugo Solhaug.
Introduksjon ved Kåre Trefall

Introduksjon:
Kari Nilsdotter Trefall (1893-1984), dotter av Nils Jonson Ekse (1859-1938) og Anna Johnsdotter Trefall (1869-1947), vaks opp på bruk 2 på Trefall, og var syster til bestefar, John Nilson Trefall (1890-1985). I 1913 gifta Kari seg med Rasmus Nilson Yksendal (1884-1969). Dei utvandra same året til North Dakota USA. Dei endra der etternavnet til Oksendal. Fleire i slekta til Rasmus var alt utvandra hit, dei fyrste alt i 1880 åra. Kari døydde 91 år gammal i staten Washington. Hugo Solhaug (tanta til Kari, Ragnhild Jonsdotter Ekse (1869-1953) er oldemor til Hugo), oversetjaren av denne historien, sette meg i kontakt med Gary og Karen Windheim, Oregon, USA. Gary er barnebarn av Kari. Det er Karen som har skreve ned denne historien, pluss andre historiar som er å lesa på sida om utvandring frå Eksingedalen.
Historien:

Kari. Foto ved Karen
Kari Trefall's liv som barn var som andre barn i Norge på den tida. Om sommaren tok mor med seg dei minste barna opp på stølen der det var godt beite for kyrne. Dei budde på stølen i sommarmåntene og lagde smør og ost av mjølka. Stølshuse var lite og hadde berre to senger. Dei to nabogardene på Trefall reiste også på stølen. På ein tur opp på stølen kan Kari huske at ho bar ein baby (kansje Arne) fastbundet med eit langt sjal på ryggen.

Når barna blei eldre måtte dei vere heime og hjelpe far med å få høyet i hus. Sidan det ikkje var kyr på garden om sommeren blei det lagra syrnet mjølk på ei tønne. Dei drakk mjølka til maten som besto av flatbrød, speke fisk og ein pudding som far lagde kvar morgon.
Kvar Lørdag gikk far opp til setra der mor og dei minste barna var. Han hogde litt ved som dei brukte til matlaging. Søndag ettermiddag gikk han nedigjen til garden. Dei yngste barna brukte Søndagene til å plukke blomster, blåbær og molte. Dei klatra i fjellet og vassa i elvene. Dei eldre barna brukte søndagene til å vaske huset. Om høsten kom mor, dei yngste barna og kyrne heim igjen. Vintermånedene blei brukt til skulegang. Når Kari blei 7 år begynte ho på skulen som var 5-6 km lenger oppe i dalen. Ho og Elisabet budde hos onkel Jakob bror til Knut. Skulen låg ikkje så langt fra onkelens hus.
Om vinteren gikk dei på ski til skulen på mandag, dei bude hos onkelen heile veka. Mat for heile veka hadde dei med seg. Maten som besto av flatbrød, potetkake, korv og ei skål med smør bar dei i ein kasse på ryggen. Kari fortalde: "Vi åt det samme både til kvelds og til frukost, bortsett fra når tanta som vi bodde hos lagde ei skål med prim suppe som var svært god". Dei syntes aldri synd på seg sjøv når dei sat og åt tørt brød fra matkista samtidigt med at vertsfamilien satt på den andre sida av bordet og åt forskjellige gode middagsretter. Dette var ein heilt normal ting for barn som måtte bu borte fra heimen.
Nils og Anna. Foto ved Kåre
Om morgonen gjekk Kari og søstra Elisabet til fjøset for å stelle håret og vaske seg. Kari fortalde: "Det var varmt i fjøset hos kyrne". Om kveldene etter leggetid, vist dei var våkne kunne ho huske "kvelssola" som kom inn gjennom vindauga. Dei kunne ikkje sjå kveldssola på Trefall. Ein gang ho skulle heim fra skulen blei ho overraska av ein snøstorm, ho måtte ta følge med læreren for ikkje å gå seg vill. Ho mista eine skia og måtte skynde seg å finne den igjen for ikje å bli værende igjen. Kvar Lørdag reiste dei heim, dei kom heim ca. kl 16:00. Dei måtte vere tilbake på skulen kl. 09:00 mandag morgen. Slik var det gjennom heile vinteren, heilt til skulen slutta om våren. Og når sommeren kom drog dei sammen med mor for å stelle kyrne på setra. Når dei blei eldre måtte dei reise heimefra for å få seg arbeid. Kari's bror John reiste heimefra som 15 åring for å arbeide for ei tante i Bergen. Broren Johan døde som 12 åring, og Kari blei "guttejenta" i familien. Når Kari blei 16 år begynte ho å arbeide for andre bønder. Ho arbeide for Knut eller Jakob, hennes far's bror. Ho huska at ho tente 89 kroner, pengene gav ho til sin far som la dei i ei kiste. Dei lagde alle klærne heime. Saueulla blei spunne til trå og dei lagde sokker, gensere, votter, kjoler og dresser. Jentene karda ulla og mor spant den til garn. Dette var arbeid som mor og jentene gjorde om vinteren. Dei lagde også sengetepper. Mor og jentene hadde ansvaret for melking og foring av kyr kalver og sauer. Vinteren såg ut til å vere enkel for mennene den gang, bortsett fra når dei måtte over fjellet for å hente hvete.
Det var eit stort kvernhus heime der mennene mol kornet til mjøl. Mennene hadde også ansvaret for vedhogsten. Veden henta dei fra liene rundt huset, dei trakka braut i snøen og brukte tau til å dra treet heim med.
Det var eit stort vatn ved gården og ei elv som rant forbi føset. Ein dag tok far og sette ut garnet og neste morning hadde han ei heil tønne med fisk. Han reingjorde fisken og hang den opp for royking.
Da eg var omtrent 3 år blei eg sendt til nokre venner av mor som heitte Nils og Anna Nesheim (dei var svært gode mot meg). Eg veit ikkje kvifor dei sendte meg, men kansje mor var sjuk eller kansje ein annen grunn. Reglene i Norge i dei dager var at mor og jentene hadde ansvaret for fjøsstell og husarbeid. Foring av kyr, sauer og kalver og reingjering i fjøsen. Om vinteren måtte me bere vatn fra elva, (me brukte eit .........., eit treåk som bæres på tvers over skuldrene med ei bøtte hengene i eit tau frå kvar ende) me fylte opp ein tønne/kar i fjøsen. Ein gang falt eg med to fulle bøtter på eit islagt berg og skada ryggen min.
Arbeide i huset var matlaging, (som mor gjorde mestteparten av) om vinteren måtte me kare ulla som som blei spunnet til garn. Av garnet strikka me labber og gensere. Me jentene lærte oss og strikke våre eigne, men me måtte også strikke til far og brødrene våre.
Ein av brødrene døde da han var 12 år gammel. Johan falt ned fra ei berghylle og landa i ei steinur, han knekte både armer og bein. (Johan var saman med Sjur Larson Trefall då han falt). Far måtte gå over ei mil for å hente doktor og dei måtte gå tilbake over ei mil men det var ikkje stort å gjere. Det var verken veger, biler, telefon eller hest og kjerre. Mor og eg var heime og satt ved Johan da han kom til bevisthet igjen. Han ba for oss og menneskeheten. Det var oss han tenkte på før han forlot oss. Etter at doktoren var gått sovnet Johan inn. Han for ikkje til himmelen slik dei falske religiøse presteskapet sa da og som dei seier no at dersom ein dør og trur på gud, vil sjela gå til himmelen og vere hos gud. Far lagde ei kiste som Johan blei lagt i, og me drog til Nesheim hvor kyrkja og gravplassen var. Der Johan no søv dødssøvnen sammen med andre i familien som også er døde, mor, far, Elisabet, Ingeborg og Berta. Fem andre som no lever vil kansje også snart ligge der vist ikkje gud snart starter den store Armageddon krigen. (Kari var Jehovas Vitne).
Når me barna gjekk forbi kirkegården, gjekk me store omveier fordi det var ein gammel mann som fortalte oss at det var ei gjenferd som spaserte mellom gravene der. Me var svært redde. Ein gang sa far at eg skulle ta ferja/ båten og ro over vatne for å hente noko som han hadde gløymt. Eg var så redd for å gå aleine, men det fortalte eg ikkje til han. Me gjorde alltid det far sa me skulle gjere. Eg løyste ferja, tok tak i årene og rodde så fort eg kunne til den andre sida. Der henta eg det far hadde gløymt og rodde så fort eg kunne tilbake. Ferja hadde far laga sjølv. Ein annen gong ba far meg om å ta med meg 10-12 ljåer opp til ei elva (det var ei tverrelv til elva som renn forbi huset vårt) for å slipe dei. Igjen var eg redd for å gå aleine men eg sa ingenting. Han bant dei sammen, la dei på ryggen min og eg gjekk opp til kvernhuset som far og ein nabo hadde bygd. Kverna var to store steiner, den eine oppå den andre. Dei var over ein meter i diameter og det var eit hol i midtn på den øverste steinen. Toppsteinen gjekk rundt og hvetekorna falt ned i holet og blei malt til mjøl og mjølet falt ned i ein kasse. Der hadde også far ein stor slipestein som også hadde vanndrift. Då eg kom fram opna eg for vatne slik at steinen starta. Her satt eg og slipte alle ljåene. Da eg var ferdig var eg svært glad, eg la dei i eit tau på ryggen og gjekk heimover. Eg gjekk ikkje forbi naboene men tok ein annen vei. Ja no var tida for å bruke ljåene komt, og heile familien hjelpte til. Mennene slo det høge graset, mor og barna raka graset sammen og hesja det. Når høyet var tørt rulla me det i store bunter og bant tau runt på begge sider og bar det på ryggen over ei elv og til låven for å lagre det til vinterfor. Me hadde aldrig dyra ute om vinteren. Snøen var så djup at me måtte ha gravd kyrne ut.
Me hadde ein slotteteig på ein holme i elva. Ein gang eg hadde ei bør med gras på ryggen og skulle krysse elva falt eg. Strømmen var så sterk at eg var redd eg skulle drukne, eg måtte sleppe graset så det var tapt. Når far kom til og såg kva som hente sendte han meg heim. Seinere den sommeren da me hadde kyrne på beite var det så lite gras at me måtte ta kyrne oppigjen til fjellbeite.

Kari og Rasmus. Foto ved Karen
Dette er hva Kari skreiv om bryllaupet:
Tida gjekk, 17-18-19 år gammel, og han fridde til meg. Dette var 4 år etter at han kon heim fra Amerika. Etter å ha tenkt gjennom det satte me ein dato for bryllaupet, kommende Juni. Mor blei svært opptatt med å sy bryllaupskjolen min. Far måtte reise over fjellet for å skaffe utstyr som mor trengte til den store dagen. Min brurekjole var eit blått skjørt som mor hadde vevd med grønn fløyel rundt nedre kanten. Kvit langerma skjorte med broderi på ermene og i front. Eg hadde ein raud vest med perleborder foran og ei stor sylje.
Eit forkle med broderi nede og eit skaut på hode som kun var for gifte damer.
Mannen som eg skulle gifte meg med hadde ein mørk blå dress, alle hadde stasa seg opp. Mor og Anne (søster til min kommende mann) kokte maten og satte fram alle godsakene dei hadde lagd på eit langt bord med kvit duk. Det var lefse, flatbrød, rømmegraut,i dravle og bresta. Bryllaupsgjestene begynte å sette seg på langbenkene, brura i sin finstas var var enno ikkje komt ut fra det lille huset tvers over hallen. Eg skal fortelje deg kvifor: Eg falt ned på kne og spurte gud om dette var det rette for meg? Dei kom for å hente meg og me satte oss ned ved langbordet. Alle var glade og hadde det artigt. Me måtte gå til Nesheim der kyrkja var. Alle gjekk inn, når me stod ved alteret kom presten og sa at sammen skulle me vere eit og det skulle vare livet ut. Bryllaupet var over og dei reiste til Øksendal for å bu der.


Trefall, bruk nr 2, der Kari vaks opp. Foto ved Karen

[attende] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>