[attende]

Soga om Gulleik Gåvegjevar


Av Kåre Trefall
Røyrdalen på Trefall

Sommaren 2007:
Været er grått og regntungt. Eg går og leitar etter teikn til at her har budd folk. Dei er vanskeleg å finna. Det er ei fordjuping oppå Røydals-skjeringa, på sida som vender ned mot elva. Kan dette kan væra restane av ei hustuft? På oppsida av vegen, rett inntil stien opp til slåtta i "Røyrdalen vår", er det ei hole. Her var potekjellaren har bestefar fortalt. Bøen, marka ned mot elva og heimetter - Røyrdalsbøen - har skogen forlengst teke attende. Elva går stor i dag, etter alt regnet. I dei bratte slåttene oppover på andre sida er det skog som klorer seg fast no, ikkje folk.

Sommaren 1952:
Fyr her! blir det ropa. Det smell og steinane haglar. So tek karane til å trilla bort det dei har skote laus. Nokre dagar før har dei reve husmurane som sto der dei no skyt vegskjering. Dei har nytta dei godt, dei er blitt til fin vegmur. So er restane etter husmannsplassen i Røyrdalen på Trefall borte. Snart får ogso dei øvste gardane i Eksingedalen etterlengta bilveg.

Husmannsplassen i Røyrdalen innafor garden Trefall i Eksingedalen. GoogleEarth foto ved Kåre Trefall

Sommaren 1900:
Ein velkledd mann med langt grått skjegg sit på ein stein på bøen ned mot elva. Det ser ikkje ut som han høyrer heime her. Han ser opp på det fattigslege huset. Her var han komen til verda ein haustdag for 68 år sidan. Dei fyrste viktige åra av livet sitt hadde han levd her. Åtte år. Arbeid seint og tidleg. Husmannsunge. Ikkje akkurat noko å skryta av i bygda. No var han langvegsfarande. Kome ute frå Den Store Verda. Over Atlanteren elleve dagar med dampskip, med jernbane til Evanger, so hesteskyss opp Teigdalen på nyevegen. Ja, nytida var kome her til landet og. Ikkje akkurat her han no sat då. Her var alt som før. Han hadde vore innom på Århus til skyldfolket sitt etter mora. So bar det på gamlemåten til fots over fjellet til Nesheim. Det gledde han å sjå all steinen som var broten og køyrd fram dit kyrkja skulle røysast. Mora kvilte på den game kyrkjegarden like ved. Han var berre tolv då ho brått ein dag ikkje var meir. Han kjenner såret enno. Ho ville nok ha likt dette med kyrkja som han har vore med på å stella i stand! Han drøymer seg tilbake. Synest han høyrer mora ropa på han.

Sommaren 1837:
Ein gut kjem småspringande oppover bakkane nede frå elva. Han hadde høyrt det kjende målet til mora ropa: Gulleik! Gulleik! Han hadde høyrt at ho var bekymra. Ho lika ikkje at han heldt seg so mykje nede ved elva. Den gjekk strid no, kunne vær fårleg for ein liten gut. "No må du skunde deg, me er klare til å dra" ropar ho då ho ser han. Veslesystera skal døypast i Evanger kyrkja i morgon. Ho skal heite Torbjørg. Dei skal over Nedrafjelle no i ettermiddag. Overnatta hjå morfar og mormor. Snart er han oppe ved huse, klar til å ta fatt på kyrkjeveg.

Røyrdals-skjeringa der husmannsplassen på Trefall låg før vegen kom. Foto Kåre Trefall

Forhistoria på Trefall

I 1788 blir Jakob Knutsen Trefall brukar på garden Trefall i Eksingedalen. Han er nygift med Brita Larsdotter Fosse. Tidene er tronge og ungeflokkane store. Elleve born føder Brita i tidsrommet 1788 til 1809, sju av dei veks opp. Yngstemann er Lars, fødd i 1809.

Det er mange munnar å metta. Mange gardar vert delt mellom fleire i syskenflokken for å prøva å bøta på dette. So ogso på Trefall, der eldstesonen til Jakob og Brita, Knut får ein havpart, mens dottera Begga gifter seg med Ingebrigt Sjurson Langeland, og overtek andre havparten. Kona til Knut døyr, og Knut overlet sin del til sonen Jakob.


Husmannssonen Gulleik blir fødd

Førnemde yngstemann, Lars, får i 1832 grunnsetel frå dei to brukarane Jakob og Ingebrigt på eit inngjerda stykke i utmarka mot 1 1/2 spesidalar årleg til kvar av grunneigarane. Lars blir med dette den fyrste husmannen i Røyrdalen på Trefall.

Lars hadde gifta seg i 1830 med Kari Gullaksdotter Århus, og dei fekk sonen Jakob alt same året. No går Kari svanger med andre barnet. Familien set opp hus i Røyrdalen, og her kjem Gulleik, hovudpersonen i denne soga, til verda tysdag 4. oktober 1832. Sundag 28. oktober blir Gulleik døypt i kyrkja på Evanger.
Fyrste spor av Gulleik: kyrkjeboka frå dåpen 28/10 1832. Foto frå www.digitalarkivet.no

I 1835 kjem Helge til verda, han døyr etter knappe året, so kjem Torbjørg i 1837.

Familien flyttar or Røyrdalen og ned på Trefalls-garden i 1840, etter åtte år som husmenn. Lars har fått kjøpa halve bruk 2 av onkelen Jakob. Endeleg eig Lars og Kari jorda si sjølve.

Andre prøver å brøfø seg i bygdene. Husmannsplassen i Røyrdalen blir ikkje ståande tom. Jakob Jonson Ekse flyttar inn med kone og fem born.

Garden Trefall, der faren til Gulleik var fødd og bonde pø bruk 2 1840-45. Foto Kåre Trefall

Til Arnafjord

I 1843 misser Gulleik systera si, Torbjørg, ho er berre 6 år. Så, året etter, døyr mora. Ho blir 39. Det er tunge tider for dei på bruk 2 på Trefall.

Men det går ikkje utan kone på ein gard. Lars gifter seg oppatt 1845, med Synnøve Olsdotter Apeltun. Kva grunnane er veit me ikkje, men nygifte dreg Lars og Synnøve. Lars emigrerar etter 13 år som husmann og bonde på fødestaden sin Trefall, til Flete inst i Framfjorden i Arnafjord, Vik i Sogn, der han har ordna med gard. Garden på Trefall blir ståande i namnet til eldstesonen Jakob ei tid. Han er berre 15.

Eit lite fylje på fire dreg frå Trefall seinhaustes 1845 opp Skidalen mot Holmsegga og vidare innover Sogna-vegen. Familien er nett forauka med den nokre månadar gamle veslejenta Karen. Sonen Gulleik er no blitt 13.

Sundag 10. oktober 1847 står Gulleik konfirmant i gamlekyrkja på Nese i Arnafjor.

I 1852 dreg Gulleik Larson Trefall, som denne soga handlar om, for fyrste gong ut i verda. 26. april dreg han og broren Jakob or landet, til Dannmark for å freista lukka. Han skriv seg no Gulla Larsson Flete. Soga seier at dei kom heim att i 1854.

Det var unionstid. I 1816 blei verneplikt innførd. Den gjaldt menn frå landsbygda og utvalet skjedde ved loddtrekning. Soga seier at Gulleik til saman tente fem år i militære, so det kan henda han verva seg for ei tid, ein stad i tidsrommet 1854-60.
Så finn me han 20. juni 1856 då han 24 år gamal gifter seg med jamgamle Anna Larsdotter Bungum frå den avsidesliggjande garden Bungum i Arnafjord. Alt 9. oktober blir veslejenta Turid Gulleikdsotter fødd. Dei bur no på Bungum. Ho lever berre i 9 dagar. Året etter, 6. januar 1857, får dei ein son. Gulleikfamelien bur no på garden Dale, omlag to kilometer søraust for Flete i dalføret opp frå Framfjorden. Guten blir døypt i kyrkja på Nese sundag 1. februar som Lars Dahle.

Framfjorden Vik i Sogn. Garden Flete heilt til høgre. Foto Torstein Hønsi

Til Amerika

Rykte om "det lova lande" sveipa over bygdene. Mange selde det dei åtte for å kjøpa seg billett dit. Ei strabasiøs reise, som i 1850 åra starta med omlag 40 dagar på havet i seglskute. Ikkje alle kom fram i livet. Men det var ikkje jord og levebrød å finna for seg og sine heime, så mange dreg. Spesielt mange frå Vossebygdene og Sogn.

3. april 1860 dreg Gulleik og familien frå Bergen på veg mot eventyrlandet Amerika, og forlet med det Arnafjord og Noreg. Utvandrings protokollen lyder: Gullik Larsson Flete f. 1832 gardbrukar, Anna Larsdotter Flete f. 1832, gardbrukarkone, Lars Gullikson Flete f. 1857 gardbrukarbarn. Folk drog gjerne i april for å rekkja å finn seg ny heimstad før vinteren.

Dei bur først ei tid i Cambridge, Dane county i Wisconsin, dit eldstebroren til Gulleik, Jakob, hadde utvandra i 1856, og no bur med kone og tre born. Før dei året etter, i 1861 dreg vidare vestover, til Minnesota. Ferda går til Vernon Township, nede i søraust hjørnet av Dodge county. Då Gulleik kjem fram brukar han alle pengane sine på jord. 30 dollar. Han kjem reisande med kone, ein liten gut, ei ku og ei oksekjerre. Broren og familien er med på reisa til Vernon, og saman kjøper dei ein "quarter-section", som er omlag 650 mål land. Dette er det vanlegvis ein "homesteader", ein nybyggjar, får tildelt. Måndag 17. november 1862 blir Gulleik familien fire. Veslejenta dei får blir døypt Thea.
Farmen til Gulleik i sektor 36 nede til høgre i Canesteo Township. Fotomontasje frå orginalatlas ved Kåre Trefall

Dodge county ligg i søraust hjørnet av Minnesota, omlag 15 mil sør og litt aust for byen Minneapolis. Her var flate urydda prærien då nybyggjarane byrja kom hit omlag i 1850.

I 1864 emigrerer ogso faren til Gulleik, Lars Jakobsen Trefall, no Lars Jakobsen Flete, husmannen frå Trefall som fyrst utvandra til Arnafjord i Sogn. Han er og lokka til det lova landet. Sønene har nok lete vel over forholda her. Med han kjem stemora deira, Synnøve, og eitt barn. I 1870 bur dei i Vernon, Dodge.

Me finn Gulleik, Anna, Lars og veslejenta Thea i folketeljinga Minnesota Territorial and State Censuses, Dodge Vernon, 1865. Lars fødd heime I Noreg blir no skreven som Lewis. Gulleik er ein engasjert og aktiv mann. Han er Republikanar. I 1865 og 1866 er han meddommar i Vernon by.
Gulleik, Anna og Thea i 1870 åra.
Foto utlånt av Alpha Jensen
Det går godt for den iherdige Gulleik. I 1869 kjøper han halve Seksjon 36 i Canisteo township, ei knapp mil lenger nord, dit familien no flytter. Der blir dei blir buande livet ut.
Farmen til Gulleik. Bak ligg South Zumbro Cemetery der han er gravlagd. GoogleEarth foto ved Kåre Trefall

Me finn dei på eit kart i ein gamal Minnesota atlas frå 1874. Gulleik eig no 1300 mål jord. På eigendomen hans ligg ein skogteig på 160 mål med fint tømmer. Det blir nok smått det han minnest frå Røyrdalen.

So ei sorg. 24. April 1869 døyr sonen Lars fødd på Dale heime i Noreg i 1857, berre tolv år gamal. Dei har mista eldsteguten sin. Broren Jakob flytter i 1871 vidare 40 mil nordvestover, til Lac Qui Parle county.

I History of Winona, Olmsted, and Dodge Counties frå 1884 finn me ein epistel om farmar-pioneren Gulleik:
Måleri av The Larson Farm frå 1896. Foto av maleriet som tilhøyrer Alpha Jensen og heng på farmen framleis.

Gullik Larson er ein av dei mest kunnskapsrike og ein av dei betydelegaste farmarane i Dodge County, og har vore inbyggjar her sidan 1861. Dette året kjøpte han, i partnerskap med ein bror, ein "quarter-section" [1/2 x 1/2 miles, =650 mål] med land i Vernon township, og flytta hit med familien sin. Alle pengane han hadde, 30 dollar, kjøpte han land for. Hans andre eigendelar ved ankomst var ei ku og ei vogn med okse-åk. Av kvalitetar som gjer menn framståande blant sine, var hans eigenskap til å betra levekåra sine, og her var han særs grundig. I 1869 flytta han til Canisteo township, no som eigar av halve seksjon 36 [1300 mål], der han har ein av dei finast utvikla farmane i denne delen av staten. Førti acres [160 mål] er dekka av fin vekst av tømmer. I 1874 bygde han ein låve på 60 x 30 fot [18 x 9 meter] i grunnflate, med seksten bæresøyler, og kjellar under heile. I inneverande år blei denne bygningen utvida i full høgde og breidde med 16 fot [5 meter] nordover. Den er no forbereidd på ein betydeleg avlings-auke, og rettar oppmerksomheita på staden først og fremst mot jordbruket. I 1877 starta han med bygginga av eit vakker våningshus, der han no bur. Alt stein-arbeidet i denne bygningen, så vel som det under låven, er hans eige verk. Mesteparten av fasaden på huset er lagt av Mr. Larson. Hovud konstruksjonen er 18 x 26 fot [5.5 x 8 meter] i utstrekning, og med sideveggene 18 fot [5.5 meter] høge. Fløyane på 16 x 24 fot [5 x 7 meter] med 16 fot [5 meter] vegger, og det same for kjøkkenet, blei byggd til i inneverande år, totalt 16 x 24 x 14 fot [5 x 7 x 4.3 meter]. Romma er vakkert utførte og møblerte, rike på bilete og andre bevis på kultur. Mr. Larson's bibliotek omfattar mange kostbare standardverk, både på Engelsk og Norsk, og er mykje større enn det farmarar normalt er i besittelse av. Om han brukar tid på å halda seg opplyst om det som skjer i tida, slurvar han ikkje med drifta av farmen, og er sjølv dagleg å finna på arbeid der. Gullik Larson blei fødd i Bergen Stift Noreg 4. oktober 1832. Faren hans, Lars Jacobson, bur no i same township. Mor hans, Carrie Gullikson, døydde då han var fem år gamal. Han vaks opp på ein gard, og gjekk på skule 60 dagar i året [annan artikkel seier 24]. Han arbeidde eitt år i heimlandet for 3 dollar og påklædnad, og reiste i ein alder av 20 til Dannmark i håp om å betra framtida si der. Her arbeidde han eitt år for 8 dollar og påklednad. Etter å ha avtent fem år i dei ståande styrkane i heimlandet sitt, beslutta han seg for å dra i veg til det lova landet på andre sida av Atlanteren, der ein ikkje er tvinga til å gje sine beste år i kongens teneste. I sitt første år i Amerika, 1860, arbeidde han opp land i partnarskap med broren, i Cambridge, Dane county, Wisconsin, og kom så til denne staten, som beskreve over. Han gifta seg i 1856 med Anna Larson, som var fødd i Sogn, Norge, august 1832. Ei dotter er einaste avkomet til dette paret, fødd 17. november 1862, og døypt Thea. Alle er medlemar av The Lutheran Church [den Lutterske kyrkja] i Salem. Mr. Larson er ein redeleg Republikanar, og tente i 1865 og 1866 som meddommar i byen Vernon. Han har vore kasserar i Skule-distrikt No. 35 i nesten heile perioden han har budd her.
Gulleik og Anna framfor huset sitt ein gong i 1890 åra. Foto utlånt av Alpha Jensen

På heimtur

Gulleik gjer det godt "over there". I motsetning til mange andre har han råd til å vitja gamlelandet. Ikkje berre ein, men tre gonger. Yrket hans er farmar. Ein dyktig farmar.

Gulleik vitja gamlelandet fyrste gong i 1888. Me finn han i det han returnerer frå Bergen 6. september.

Så døyr kona Anna i 1896, 64 år gamal. Gulleik og Thea blir åleine.
Anna si grav.
Foto Laura J. Hassinger
I 1897, året etter at kona døydde, er han på vitjing i gamlelandet att, saman med dottera Thea . Då dei reiser attende er dei registrert i protokollen for emigrantar over Bergen frå Vik, med avreise 7. september, som: Gullik Larsen (Trefald) 65 år, f. 1832, fødestad Voss, heimstad Vik, gift, farmer, og Thea Larsen (Trefald) 35 år, f. 1862, fødestad Minnesota, heimstad Vik, ugift, farmers datter, begge reiser med American Line, bosat i Amerika. Me finn og spor etter at dei ankjem Ellis Island i New York 11 dagar seinare, 18. september 1897, via Southamton med skipet Saint Louis. Gulleik, Thea og Anna på 1890 talet.
Foto utlånt av Alpha Jensen



Gåva

På turen i 1888 har Gulleik snakka med folk i bygda om at det burde røysast eit Gudshus for dei i øvre Eksingedalen. Tankane om ei kyrkje var gamal. Kyrkjevegen over Øvra og Nedra fjellet til Teigdalen og vidare til Evanger var lang og tung. Ein høveleg stad for ei slik kyrkje ville væra omlag der den gamle kyrkjegarden på Nesheim låg. Men slikt kostar pengar. For mykje pengar for ei fattig bygd.

Gulleik bestemmer seg for at han vil gjerne gje heimbygda si ei gåve so dei kan få råd til eiga kyrkje. Og i 1897 har han med seg 2000 kroner. Ein svær sum i dei dagar. Gåva resulterar i at gardbrukarane frå Fosse til Gullbrå heldt samrådingsmøte på Nesheim sundag 4. juli 1897, mens enno Gulleik er i landet, og nedteikna fyljande avtale:


Overenskomst

I andledning af at en hjemkommet amerikaner, hr. Gudlak Larsen Træfald vilde skjenke en meget kjærkommen gave, stor kr. 2000,- til hjelp til oppførsel af et kjirkehus paa Nesheim i Eksingedalen, sammentraadte vi undertegnede oppsiddere fra Fosse til Guldbraa for at raadslaa og komme overens om hva der kunde gjøres for denne sag. Knut Brakestad valgtes til at lede mødet, og ønskede førs forsamlingens mening om alle var enig om oppføring af kjirke paa Nesheim eller om der var nogen som var derimod. Forsamlingen var enstemmig for oppførselen af kjirke. Dernest diskutereded de fremgangsmaader som skulle benyttes ved dens oppførsel. Man enedes derfor til slutt om at nedsette en komite der skulde have paa sig de forberedende foretagender for at faa sagen saa snart som mulig fremmet, til denne komite valgtes Lars N. Nesheim, Helge K. Bergo og Ivar J. Bindingbø.

Man enedes ogsaa om at indgaa med andragende om et passende bidrag til kjirkens opførsel, foruden dette og vad der for øvrig måtte indkomme af frivillige bidrag overtager vi alle oppsiddere alt vad der bliver udført ved pliktarbeide, og halvdelen af de pengeydelser efter manstal. Den andre halvdel af pengeytelserne udlignes på den på vore gaarde vilende matrikkelskyld.

Det bemerkedes at følgende opsiddere ikkje var tilstedes ved dette møde: Nils O. Fosse, Gudlak H. Bindingbø, Nils S. Bindingbø, Lars J. Brakestad, David S. Guldbraa, Johannes S. Guldbraa. Denne overenskomste er inndgaaet med den forutsetning at også de vil slutte seg til denne afgjørelse.

Nesheim den 4. juli 1897

Ivar J. Bindingbø, Knut B. Brakestad, John J. Fosse, Lars N. Nesheim, Sjur I. Træfald, Lars K. Træfald, Jakob J. Ekse, Nils J. Ekse, Knut J. Ekse, Berge Johnson Guldbraa, Lars P. Guldbraa, Herlaug Johannesen Guldbraa, Helge K. Bergo, Nils J. Træfald.


Halvannan månad etter at Gulleik forlet landet tek bygdefolket til å bryta stein til kyrkjebygginga. 11 år seinare blir kyrkja på Nesheim vigd. Byggmaterialen hadde kosta omlag 8000 kroner. Heradet støtta med 200. 2000 var få Gulleik. Resten syrgde bydefolket sjølve for.


Nesheimskyrkja slik den står i dag, år 2007. Foto Kåre Trefall

Ny heimtur

Gulleik gifter seg oppatt i 1898 med Johanna Hougholm, som døyr same året. Ei ny sorg. Faren, husmannen or Rørdalen, Lars Jakobsen, døyr og dette året.

I 1900 folketeljinga bur Gulleik saman med dottera Thea sin familie: mann og to born. Dette året er han og på ny tur til Noreg. Me finn spor etter han denne gongen i det han forlet Bergen 28. august, og i det han kjem attende til Amerika, til New York 8. september 1900, ogso denne gongen via Sothamton med skipet Saint Louis.

Han er nok på tur i dalen og ser korleis det går med kyrkjearbeidet. Og han er på tur til Vik og Arnafjord. Det kan hende at eitt av ærend der var å finne ny kone.


Den nye farmen Gulleik bygde då han gifta seg med Maria i 1901. Foto utlånt av Alpha Jensen

Livet vidare i Amerika

Me finn Maria Hermandsdotter Vange og borna hennar som emigrantar over Bergen frå Vik 15. april 1901: Marie Hermandsdatr Vange, alder 42, f. 1859 Vik, ugift, Handelsbetjents Enke (Datter af Strandsidder), Thea Bertine Olsdtr Vange, alder 11, f. 1890, Britha Olsdtr Vange, alder 9, f. 1892, Hanna Olsdtr Vange, alder 7, f. 1894, og Jensine Olsdtr Vange, alder 5, f. 1896, alle "forriges Børn", og reiser med Cunardlinja.

Då Maria ankjem Amerika i 1901 gifter Gulleik seg med henne. Ho er 27 år yngre enn han. I 1902 får dei dottera Anna Karina, og Gulleik blir far på ny i ein alder av 70.

Ein ny artikkel er å lesa om den samfunns-engasjerte Gulleik, denne gongen i "Dodge County Minnesota Biographies" frå 1905:
Larson, Gullik, farmar, Seksjon 36, Canisteo Township, blei fødd i Voss, Noreg, 4. oktober 1836 [skal væra 1832]. Han kom til denne staten i 1861 frå Wisconsien, der han først busette seg etter å ha kome frå Noreg i 1860. Han busette seg i sin noverande heim i 1901. Foreldra hans, Lars Jacobsen Trafald, og Kari (Gulliksdotter) Jacobsen, var bønder i Noreg. Mogelegheita til skulegongen i Noreg var svært begrensa i dei dagar, og Mr. Larson fekk ikkje meir enn fire vekers skulegong i året [24 dagar, annan artikkel seier 60], men var av ein læren#230;m og interessert natur og har lese mykje på eiga hand, og stiller difor når det gjeld kunnskap på likefot med dei som har mange års skulegong. Mr. Larson har tre gonger vore gift, og har to gonger opplevd at døden har teke frå han sin kjære livsledsager. I 1856 , framleis i Noreg, gifta han seg med Anna Larson. Ho døydde i 1896, og i 1898 gifte han seg igjen med Johanna Hougholm, som døydde same året. Han har vore tilbake i Noreg fire gonger, i 1888, i 1897, i 1900 og i 1901 [andre kjelder seier 3 gonger, og at 1901 er feil]. I 1901 gifta han seg med Anna Vange. Han er far til tre born, av desse er to i livet. Thea, no Mrs. A. J. Larson, og Anna Karina på 3 år. Hans fire steborn er Thea Bertina, Britha, Hanna og Jensina. Han er eit avhalde medlem av meinigheita i South Zumbro Norwegian Church. Han har avtent verneplikta si i Noreg. Han er Republikanar og var meddommar i Vernon Township i 1865 og 1866. Han har også vore kasserar i Skuledistrikt No. 35 i tolv år. Mr. Larson er ein av dei tidlige pionerane i dette landet, og er kjent og respektert for si ære, sin integritet, og sitt reine liv. Gulleik si grav på South Zumbro. Foto Lauri J.Hassinger


I 1910 folketeljinga bur Gulleik Larson på 78 i Canesteo, saman med kona Marrie (Maria) på 50, dottera Anna K. på 8, og stedøtrene Bertha på 17, Hannah på 18, og Jensena på 13. Thea Bertina på 20 er flytta ut. Då han stifta ny familie i 1901 bygde han seg like godt ein ny farm på seksjon 36, ein halv kilometer aust for hovud-farmen der no dottera Thea og familien driv. Han er byrja å dele opp bruket, slik dei gjorde det heime i Noreg.

Gulleik blei ein gamal mann. Han døyr onsdag 23. april 1919, 87 år gamal. Gulleik ligg gravlagde på South Zumbro Cemetery, seksjon 4 6, Salem Township, Olmsted county. Akkurat på grensa til Canisteo Towsship, Dodge county, ein knapp kilometer nordaust for farmen han budde på i omlag 50 år av sitt vaksne liv, på den flate prærien i Minnesota, USA. Der kviler ogso faren, husmannen or Røyrdalen.


Larson Farm, Canesteo, Dodge county i staten Minnesota. Kart frå Microsoft MapPoint ved Kåre Trefall

Etterord februar 2008

Då eg starta på denne historia visste eg ingenting om Gulleik Gåvegjevar, anna enn dei få linjene eg hadde lese i Evangerboka om kyrkje gåva. Etter kvart som eg grov fann eg mangt og meir. Dette var ein mann som hadde sett spor! Så gjorde eg ferdig artikkelen. Trudde eg. Men eg greidde ikkje heilt å sleppa taket ...

Eg flaug i veker over det flate landskapet i Minnesota. Ikkje på verkeleg, men via nettet. Med GoogleEarth som vegvisar. Moder Jord sett frå satellitt. Hus, vegar, elvar og skogar dukka opp svært detaljert. Etter å ha funne G. Larson på Seksjon 36, Canisteo, i ein gamal Minnesota atlas frå 1874, oppdaga eg etter kvart eitt mønster. Der land-kontora på 1850 talet teikna rette liner med linjal på kartet, eit rutenett på 1 x 1 mile, finn me i dag gater og vegar. Og der finn eg den: "Larson farm"! Hovudhusa midt på i nord. Skogteigen som beskrive i 1884. Alt stemmer. Kyrkjegarden der Gulleik ligg graven rett i nord-aust. Kven bur på farmen no? Mange søk på nettet. Eg sirklar meg inn, men finn ikkje adressa til hovudhusa på farmen.

I mellomtida har ein av mine gode hjelparar "over there" sendt meg ein e-post med eit bilete som vedlegg. Etter å ha levd i ei "Gulleik verd" i lang tid: der er han. Ein gråskjegga traust kar! Det er frå ein artikkel or ei bok frå 1905.

Ei tid etter kjem ein ny e-post frå ein annan av mine gode hjelparar. Den inneheldt eit namn og ei e-post adresse til ein etterkomar av Gulleik. Eg søkjer igjen. Denne gongen er det fulltreff. Rett på hovudhusa. Alpha, dotter av Anna, dotter av Thea, dotter av Gulleik. Eit av oldebarna. No 75 år. Eg må innrømma at eg brukte ein del tid på å forfatta e-posten eg så sender. E-post til ein 75-åring? Får eg svar?

Neste dag les eg: "Hi. Wow. It is fun to write to someone in Norway. Yes, I guess you have already found that my husband and I own the farm Gullic Larson bought and lived on for many years", og med overskrifta "I'm Alpha, Gullic Larsons Great Grand Daughter" ("Hei. Wow. Kjekt å skriva til nokon i Noreg. Ja, eg gissar at du alt har funne ut at eg og mannen min eig farmen Gulleik Larson kjøpte og budde på i mange år", overskrift "Eg er Alpha, Gulleik Larsons oldebarn"). Ho fortel vidare om slekta, Om farmen ho er så stolt av.

Alpha fortel at ho har vore i Noreg to gonger. Faren si slekt kjem frå Bungum i Sogn. Men på Trefall har ho ikkje vore. Ho vil skriva meir.

So blir det stilt.
Langt om lenge kjem det ein lei, lei e-post. Mannen hennar har fått ein alvorleg kreftdiagnose. Men Alpha gjev av overskotet sitt. Historiar og bilete kjem.

Ho fortel at Gulleik var med på å få reist South Zumbro kyrkja, kyrkja deira der borte, som ligg like ved farmen. Ho fortel: "Gulleik likte musikk, men i byrjinga var det ikkje musikk i kyrkja. Han kjøpte eit orgel, og gav bestemor Thea musikktimar. Han plasserte orgelet i kyrkja tidleg ein sundagsmorgon. Ingen andre visste om det. Bestemor skulle spela. Då ho byrja forlet halve kyrkjelyden kyrkja. Oldefar ba henne forsetja å spela, og det gjorde ho. Etter litt kom folk tilbake, men bestemor var litt oppskaka resten av den dagen. Bestemor fortalde sjølv denne historia med glimt i auga. Bestemor var ei flott kristen dame. Eg budde ofte hjå henne og bestefar Andrew då eg gjekk på "country school" - barneskulen. Det vart ei halv mile kortare skuleveg frå dei, heimanfrå var det 1 mile [1,6 km].
Gulleik og Mari ca 1901-03.
Foto utlånt av Alpha Jensen

Då bestemor Thea og bestefar Andrew gifta seg flytta dei til LacQuid Parle county, der Thea's onkel Jakob budde, Gulleik's bror. Jakob var og far til Andrew, så besteforeldra mine var syskenborn. Men Gulleik sakna dottera si so mykje at han ville gje henne farmen sin om ho ville flytta attende til Canesteo. Ho og bestefar flytta då attende hit, og dei budde her livet ut. Gulleik sjølv skilde ut ein part og bygde ny farm til seg og nyekona Maria."
Då Gulleik bygde låven på hovud-farmen sette han ei høg vindmølle på taket, slik at folk kunne finna vegen hit, og slik at folk kunne finna vegen til kyrkja. Mange stogga til middag her på veg heim frå kyrkja. Eg har ei bilete som viser ei stor gruppe med folk i hagen vår, med mange vogner og hestar oppstillte. Eg har prøvd å vidareføra denne gjestfriheita. Farmen her har alltid vore i slekta vår, og alltid vore ein samlingsstad for slekta."

Alpha har vorte eit kjært bekjentskap "over there". Hadde ikkje mannens sjukdom kome i vegen hadde det nok blitt ny Noregs-tur i år. Som ho skreiv før han blei sjuk: "Eg må prøva å halda fylje med Gulleik som var tilbake tre gonger". No vil berre tida vise.
Jakob Larson.
Foto utlånt av Kåre Trefall
Merknadar angåande namnet til Gulleik:

Førenamnet finn me skrive på mange måtar: Guleik, Gulleik, Gullak, Gudlak, Gullik, Gullic og Gullick. I kyrkjeboka blir han skriven Guleik då han blir døypt. Han skreiv seg i Amerika for Gullik. Etternamnet has var ved fødsel Træfald, eller Trefall som det skrivs i dag. Etter at faren flytta til Arnafjord, skreiv dei seg for Flæthe, eller Flete som er dagens skrivemåte. Ei tid skriv han seg der ogso Dahle då han bur på garden Dale. I Amerika bruka han navnet Larson, av og til skrive Larsen, men kan ogso finnst i formene Larsson eller Larssen. Eg har bruka Trefall og Flete i Noreg, og Larson i Amerika, og ellers Gulleik som førenamn der eg ikkje brukar direkte-avskrift frå kjelde.


Gulleik's kyrkje South Zumbro Lutheran Church, Salem, Olmsted. Foto Lauri J.Hassinger

Kjelder:

  • Evanger Bygdebok band I
  • Evanger Kyrkje 1851-2001
  • Det flotte materialet med folketeljingar, utvandrar protokollar og skanna kyrkjebøker som er å finna på www.digitalarkivet.no. Eksempler frå kyrkebøkene:
  • Ministerialbok for Voss 1823-37, side 106: Gulleik blir døypt
  • Klokkerbok for Vik/Arnafjord 1847-77, side 63: Gulleik gifter seg fyrste gong
  • 1860, 1865, 1875, 1880, 1900 og 1910 folketeljingar frå Minnesota og Wisconsin, USA
  • Tilgjengelege fødsels og døds-register i USA
  • An illustrated historical atlas of the state of Minnesota, Alfred Theodore Andreas, 1874, side 125.
  • History of Winona, Olmsted, and Dodge Counties. Together with Biographical Matter, Statistics, Etc. Chicago: H. H. Hill and Co, 1884. Side 1106-08.
  • Dodge County Minnesota Biographies, R. L. Polk & Co. 1905, side 111. Biletet av Gulleik i starten av denne artikkelen er henta frå derifrå.
  • Slektsdata innsamla av Ronald Pearson, ein etterkomar av Jakob Larson, Gulleik's bror.
  • Avskrift frå samrådingsmøte på Nesheim i 1897, skaffa til vege av Albert Gullbrå.
Gulleik Larsson. Foto utlånt av Alpha Jensen
Ellers vil eg nemna uvurderleg hjelp frå min gode medhjelparar "over there": Mike Oiseth, Bloomington som sende meg 1874 artikkelen og 1905 biletet av Gulleik, der eg for første gong fekk sjå Gulleik, og som eg trass litt dårleg kvalitet har valgt som start-bilete til denne artikkelen. Og Lauri J. Hassinger for South Zombro kyrkje og gravstein bileta. Begge frå Rochester, Minnesota, USA.

Og Google Earth, eit fantastisk program som let ein flyga over ukjende landskap, og der ein med litt fantasi kan kopla land-tildelings kart frå 1850 talet i Amerika med dagens sattelittfoto. Pluss dei nyttige foruma på www.rootsweb.com.

Til slutt men inkje minst: stor takk til Alpha Bungum Jensen for bilete og historiar. Gulleik's oldebarn, som fortsatt bur og lever på "The Larson Farm".

[attende]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>