[attende] [utskriftvenlig side]

Denne sida er også tilgjen via oversikten over dei enkelte gardane i Eksingedalen

Yksendal

Innleiing

Frå Yksendalen drog omlag 16 personar (om nøyaktigheita til desse data: sjå intriduksjons sida "Gardane i Eksingedalen").


Bruk 1

(Meir om om bruk 1 finn du her.)
  • Lars Larson Yksendal f. 1852, emigrerte til Minnesota i Amerika i 1875, 23 år gamal og ugift.
  • Ivar Larson Yksendal f. 1861, bror av Lars, drog etter 6 år seinare. Han reiste frå Bergen 22. mars 1882, 21 år ugift. Fyrst til Minnesota, so vidare til Nord Dakota. Han var prest der. Meir om han, sjå her.
Eldstebror til desse to, Nils Larson Oksendal f. 1846, vart bonde på bruk 1. Fire av ungane hans drog:
  • Nils Nilson f. 1878, dreg 4. april 1900, 22 år ugift, til onkeln Iver i Nord Dakota. Meir om han, sjå her.
  • Lars Nilson f. 1875 dreg 4. mars 1902, 27 år og ugift etter. Meir om han, sjå her.
  • Borghild Nilsdotter f. 1880, 19 år og ugift, søstera, dreg samtidig.
  • Broren Rasmus Nilson f. 1884, dreg våren 1906, 22 år og ugift. Han blir med broren Nils bortatt etter at han har vere heim ein tur. Meir om han, sjå her.
    Rasmus dreg heimatt i 1909. Fire år seinare gifter han seg med Kari Nilsdotter Trefall f. 1890, og dei immegrerer til Nord Dakota 22. august 1913. Meir om dei, sjå her.

Husmann under bruk 1

Johannes Torbjørnson f. 1811 er onkel til dei to første brørne som dreg på bruk 1, Lars Larson og Ivar Larson. To av borna hans dreg:
  • Brita Johannesdotter f. 1847(8?), til Minnesota 31. mai 1875.
  • Anna Johannesdotter f. 1852, til Minnesota 11/10 1879.

Bruk 2

(Meir om om bruk 2 finn du her.)
  • Ragnhild Andersdotter f. 1836 g. med Anders Gullbrå dreg i 1868. På dette tidspunktet bur dei i Vik i Sogn.
Bror til Ragnhild Andersdotter, Herlaug Anderson f. 1832, driv garen. Til saman 6 av borna hans dreg. To born frå fyrste ekteskap med Ingebjørg Torbjørnsdotter Fjellanger f. 1830:
  • Torbjørn Herlaugson f. 1862, dreg 20. mars 1883. Litt om han er å lesa her.
  • Andreas Herlaugson f. 1865, dreg saman med broren Torbjørn 20. mars 1883.
    Litt om han er å lesa her.
  • Johan Karl (Carl) Herlaugson f. 1867, dreg 24/4 1884. Evanger bygdebok seier han vart derepen på Cuba. Ein annan historie seier han omkom då han deserterte frå Hæren.
    Litt om han er å lesa her.
  • Dordei Herlaugsdotter f. 1872 30 år og ugift, ho dreg 4. mars 1902 saman med tre halvsysken (sjå under). Litt om henne er å lesa her.
På båten som forlet Bergen 4. mars 1902 med Dordei ombord finn me også broren Torbjørn som drog 19 år før. Han er no Amerikansk statsborgar. Han har vore heime i gamlelandet å henta syster og 3 havsysken. Fordi, med på båten er ogso fire born Herlaug har med Sigrid Knutsdotter Trefall f. 1847 som han gifte seg med etter at fyrste kona døydde. Desse er: På same båt dreg ogso syskena Lars Nilson og Borghild Nilsdatter frå bruk 1.

Ein son til, til Herlaug og Sigrid, dreg etter 3 år seinare:

[attende] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>