[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]

Lars Oksendal

Samla og nedteikna av Karen Windheim, Oregon, USA.
Oversatt til norsk av Kåre Trefall.
Introduksjon ved Kåre Trefall

Introduksjon:
Livet til Lars Nilson Øksendal (1875-1953), første barn til Nils Larson Øksendal (1846-1891) og Anna Rasmusdatter Straume (1845-1913). Han utvandra til USA, North Dakota, i 1902. Lars er bror av Rasmus Nilson Øksendal, som slo seg ned i same området då han utvandra for godt i 1913. Meir om Rasmus kan du lesa om under Rasmus Nilson Oksendal.
Historien:

Lars. Foto ved Karen
Lars var født 5. november 1875 på garden Yksendal i Eksingedalen. Då han blei vaksen, beslutta han seg i 1902 å fylja etter onkelen og bror sin til Amerika. Han og systera Borghild segal 4. mars 1902, saman med fire andre frå nabobruket i Yksendalen. Han fyllte ut sine første papir i mai 1903, busett nær Butte i Nord Dakota. Han selde denne farmen og flytta til East Fork Township der han kjøpte ei farm nord for bror sin Nils. Han tilbrakte deler av tida si der. Han arbeidde også ei tid sør for Maddock, og var ei tid på besøk hjå onkel Ivar i Washington. Han blei Amerikansk statsborgar i 1921. Han gifte seg aldri, og døydde i 1953. Han blei då begravd på Fron Church Cemetery (Fron kjyrkjegard), sør for Maddock.

[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>