[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]

Nils Oksendal

Livet til ein norsk emmigrant i Amerika.
Nedteikna av Nels Oksendal.
Samla av Karen Windheim, Oregon, USA.
Oversatt til norsk av Hugo Solhaug.
Introduksjon ved Kåre Trefall

Introduksjon:
Dette er historia til Nils Øksendal, født 15. juli 1897 på garden Yksendalen i Eksingedalen. Nils Nilson Øksendal (1878-1960) var tredje barn til Nils Larson Øksendal (1846-1891) og Anna Rasmusdatter Straume (1845-1913). Han utvandra til USA, North Dakota, første gong i 1900, så permanent i 1906. Lars er bror av Rasmus Nilson Øksendal, som slo seg ned i same området då han utvandra for godt i 1913. Meir om Rasmus kan du lesa om under Rasmus Nilson Oksendal.
Historien:

Nils. Foto ved Karen
Som barn gikk eg på skule i vintermånedene, til fots eller på ski når snøen var for djup til å gå i. Seinere gikk eg for presten på heimstaden i Norge. Eg arbeide hardt som ung-gut, til mine yngre søsken blei gamle nok til å gi meg ei hjelpende hand. Det var da eg begynte å tenke på Amerika.

Eg hadde høyrt ein god del om forholdene på den "andre sida" av Atlanteren siden fleire fra min heimbygd hadde reist over tidligere og skrevet brev heim og fortalt om landet med overflod. Å forlate hjemstedet er noe av det vanskeligeste i livet.
Eg pakka kofferten og gjorde meg klar til å reise til USA i mai 1900. I Bergen møtte eg andre som også skulle til Amerika, dei var bitt av "Amerika feberen" dei også.

Ombord i båten i Bergan satte me kursen til Liverpool, England. Der blei me overført til båten "Teatonik" fra rederiet White Star Line, sammen med mange andre passasjerer som også skulle til det nye lovende landet.
Den første dagen ut fra Liverpool mistet vi landkjenning og det blei ganske stormfuldt. Snart overtok sjøsyken dei fleste og det var berre dei mest robuste personane som klarte å overvinne sjøsyken og spasere rundt på dekk, eg var blant dei. Stormen varte i dagevis, og enkelte ganger gikk sjøen over dekket på skipet. Teutonic. Foto fra www.norwayheritage.com
Seinere når me nerma oss New York stilna stormen, dei fleste av passasjerene var tilbake på dekk. Heile turen fra Bergen til New York tok berre 10 dager.

Når me kom på land måtte vi vise legitimasjon, blei spurt om hvor vi skulle og om vi hadde nok penger til å reise dit vi skulle. Dersom ein ikkje hadde nok penger lånte ein av dei som hade. Pengene blei tilbakebetalt så snart ein var forlatt "Ellis Island".

Fra New York reiste enkelte med tåg til St' Paul, denne turen tok tre dager. Men ein liten plass ute på prerien (seinere kjendt som Maddock) var mitt mål. Jeg var med toget til det ankom Minnewaukan. Min onkel (prest)Ivar Oksendahl møtte meg der.

Med hest og kjerre reiste vi mot hans hjemplass, sør for Maddock. Vi satt og pratte om "gamlelandet" til vi utpå kvelden mistet sporet og ikkje var sikker på hvor vi var. Vi stopte ved eit torvhus for å spørre etter retningen til Waterloo post kontor, og snart var vi på riktig kurs igjen. Neste morning såg jeg meg omkring og sa til meg sjølv "no er eg i Amerika", men eg synest ikkje det såg så flott ut. Husene var små jord bygninger og det var ikkje så mange av dei. Eg trudde ikkje at låvene ville tåle ein av dei store stormene som eg hadde høyrt så mykje om og hvor var dei kjempestore kornsiloane som eg også hadde høyrt om?

Eg budde og arbeidde på min onkels gård, eg fekk 25 dollar måneden om vår, sommer og høst. Om vinteren fekk eg 10 dollar månten. Eg dreiv garden etter at min onkel slutta som bonde og i 1901 fekk eg min egen gard 13 miles sør vest for Maddock. Eg bygde ei ei hytte av tynne bord og nagler etter påkrevde mål 8'x12'x6' høg (2,6m x 4m x 2m høg). Etter nedbetaling leigde eg ut gården og eg bestemte meg for å ta ein tur tilbake til Norge.

Eg reiste til New York med tog, så med båt til England og videre til Bergen. Fra Bergen til Voss med tog og derfra til Øksenda til fots. Eg kom heim på julaften. Eg brukte vintermånedene til å besøke bekjente. Når våren kom blei eg reiselysten igjen.

Denne gangen reiste eg til Boston og det var atter stormfuldt. Egkom til Maddock våren 1906. Av ein eller annen grunn såg landet mykje bedre ut no enn første gang eg kom. Eg tok tilfeldige jobber til eg tok tilbke garden og bygde meg eit større hus der.

27 juni 1910 gifta eg meg med Jennie Anderson, eg arbeide med veibygging da men i 1911 starta eg som bonde på gården vår. Gårdsdrift hadde sine opp og nedturer men me holdt ut. I 1933 stilte eg til valg som "kommune guvernør" eg hadde den stillinga i 12 år. Eg reiste tilbake til Norge i 1954. Etter det har eg budd på garden i Maddock.

Av Nels Oksendahl
Tatt fra historier fra "Dei første 50 år", Historiar om samfunnet Maddock, North Dakota 1901 - 1951.


Familien Nils Oksendal i Amerika. Foto ved Karen

[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>