[neste] [forrige] [innhald] [hovedinnhald] [utskriftvenlig side]

Johannes Knutson Ekse

Drepen i Belmont massakren 24.august 1862

Ei oversikt, av Kåre Trefall

I 1856 dreg Johannes Knutson Ekse (f. 1833) frå bruk 2 på Ekse i Eksingedalen, saman med den eldre broren Nils (f. 1831) med familie og den eldre systera Gjertrud (f. 1829) gift To. Desse var sysken til Jon Knutson Ekse (f. 1819) ein av mine tipp-oldefedre.

Johannes og Nils sler seg ned i Big Canoe-aettelmentet i Winnesheik County, Iowa. Nils døyr i 1861. Johannes gifter seg då med enkja Brytteva. Johannes, Brytteva og borna dreg vidare vestover i 1861/62 for å finna betre land, saman med mange andre nordmenn, blant desse fleire familiar frå Teigdalen og Evanger. Dei sler seg ned i den fruktbare Des Moines-dalen, ved elva Des Moines rett nord for byen Jackson City heilt sør i Minnesota.

22. august 1862 fekk desse nybyggjarane i Des Moines-dalen høra om at sioux indianarane hadde angrepe kvite, men tok det ikkje så alvårleg sidan dette hadde skjedd ved New Ulm 80 kilometer borte. Dei blei likevel einige om å samlast fleire familiar på enkelte av farmane sine for betre å kunna forsvara seg hvis uroa breidde seg også til dei. Johannes og Brytteva med ungar drog laurdag 23. til huset til Ole Fyre (ogso kalla Førde) frå Fyre ved Bolstad. Her var og samla Knut og Brita Mestad frå Teigdalen, Lars og anna Hjørnevik med born, Lars Furnes, pluss Ole sjølv med kona Kari og borna.

Søndags morgonen den 24. drog Lars Furnes, Knut og Brita Mestad og Lars Hjørnevik heim til sitt for å sjå etter dyra. Ole Fyre drog ut for å mata grisane. Alle desse blei skotne av siouxane då omlag femti indianarar spreidd i små grupper kom oppover dalen i ti-tida.

Att i huset var Johannes Ekse som den einaste vaksne. Siouxane omringa huset, og kvinner og born gjøymde seg i kjellaren. Johannes og den 12 år gamle sonen til Ole Fyre, Ole, var att stova. Johannes meinte at å skyta mot indianarane ville bere hissa dei opp. Etter ei stund sprengde dei inn døra. Johannes ble skoten i loftstrappa då han prøvde å flykta opp dit. Ole smatt ut og greide å røma såra av ei giværkule. Det vesle barnet til Anna Hjørnevik begynnte å skrika nede i kjellaren. Ann ofra seg ved å smyga seg opp utan å bli sett, sik at indianarane ikkje skulle oppdaga dei andre der nede. Ho ble drepen oppe i stova, mens barnet overlevde inntil kroppe hennar. Dei andre anrde i kjellaren blei ikkje oppdaga, og berga livet.

På ein nabo-farm blei Anna Langeland og fire av borna drepne, mens to av barna var hart såra. Faren Knut vat ute då det skjedde. Mikkel Olsen Slaabakken og sonen Anders på 13 var på veg til Ole Fyre sitt hus. Mikkel ble skoten og Anders hardt skada, men kom seg unna.

Den såra Ole Fyre på 12 år kom seg fram til eit hus der dei fleste av nordmennene i området hadde samla seg til vekkelsesmøte. Det blei stor forfærdelse då dei fekk høyra om det som hadde hendt. Dei samla saman sine viktigaste eigendelar før dei rømde sørover dalen til Spirit Lake rett over grensa til Iowa.

Det blei no foreløbig slutt på det norske settelmentet ved Jackson. Dei fleste gjenlevande dog tilbake austover til dit dei var nyleg var komne frå: Winneshiek County, Iowa, andre til Houston County, Minnesota.

Enka Brytteva Ekse og borna drog tilbake til Big Canoe-aettelmentet i Winnesheik County, Iowa. Det overlevande barnet til Lars og Anna Hjørnevik blei oppfostra hjå Lars Nilson Ekse og kona Anna. Lars (f.1826) var utvandra frå bruk 1 på Ekse og var syskenbarnet til den drepne Johannes. Dei budde i Black Hammer, Houston, Minnesota. Barnet, Johannes Larson Hjørnevil (f. 1861) blei seinare gift med ei "Ekses jente", og er tipp-oldefar til Deb Nelson Gourly.

[neste] [forrige] [innhald] [hovedinnhald] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>