[neste] [innhald] [utskriftvenlig side]

version 1.0

Myrda av Indianarane


Innhald: [alt på ei side] [utskriftvenlig]
Introduksjon, ved Kåre Trefall

Dette er historien om nokre som ikkje fekk oppleva det lova landet so lenge. Historien om folk frå Ekse, og frå Teigdalen og Evanger, som blei drepne av indianarane.

Av dei som blei drepne i Belmont massakren 24. august 1862 i Jackson County, Minnesota, var Johannes Knutson Ekse. Han var bror til tipp-oldefar min på fars-sida.

Av ein familie frå Hjørnevik på Evanger overlevde berre eit to år gamalt barn, guten Johannes Larson Hjørnevik. Eit syskenbarn av den drepne Johannes, Lars Nilson Ekse og kona, tok til seg barnet. Johannes gifte seg og seinare med i jente i Ekse slekta.

Då dei gav avkall på gamlelandet hadde dei nok ikkje stor kunnskap om at dei kom til å fortrengja nokon i det nye. Fortrengja urinnvånarane, indianarane. Den Kvite Mann var komne for å bli. Etter mange brotne løfter og dårleg behandling frå myndigheitane, starta Sioux indianarane eit siste desperate forsøk på å ta tilbake landet sitt i Minnesota, det Store Sioux Opprøret. Belmont massakren var ein del av dette opprøret.

Samtidig pågjekk borgarkrigen i sørstatane, og mange våpenføre menn var der for å kjempa, ogso mange nordmenn. Dette gjorde ogso sitt til at indianarane såg eit høve til å slå dei kvite. I løpet av ei veke i august 1862 blei 800 nybyggjarar drepne i sør-vestre Minnesota.
Meir om forhistorien til Siouxopprøret kan du finna i Skarstein si bok Krigen mot Siouxane.

I innhaldslista finn du ei blanding av artilkar om hende og omtalar av bøker som beskriv hende. Mykje av dette stoffet er samla lå langt som eit år tilbake, og ikkje blitt publisert i påvente av at "alt var på plass". Men sjølv om ting manglar endå legg eg det no ut. I ein "version 2.0" av desse sidene håpar eg at eg og kan inkludera kapittel frå bøkene eg omtalar. Ikkje minst fordi dei etter kvart vil bli vanskelege å få tak i i bokhandelen. Men dette krev innhenting av løyve frå dei enkelte forfattarane - noko eg so langt ikkje har gjort.


Garden Ekse i Eksingedalen som Johannes Knutson Ekse kom frå.


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>