[neste] [forrige] [innhald]

Historiar:

Tidsline:


Søndag 27/12 1942 om kvelden: Dei høyrer flydur over Ekse og Gullbrå. Eit stort fly med landingljosa på blir observert. Seinare viser det seg at det var søndag kveld flyet styrta

Måndag 28/12: Kommandoen på Sola ved Stavanger melder at ein maskin frå "I" Gruppe Kampfgeschwader 40. (KG 40), formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær.

Tysdag 29/12: Søket blei forsøkt gjenoppteke, men meldinga lyder seinare på dag: "Søk resultatlaust avbrote".

Same dag: Styrar på kraftverket på Evanger, Olav Gullbrå, saman med skreddar Nils Ekse, kjem på veg frå Evanger og Brekkhus over Øvrafjellet og finn ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen (det er mogeleg dette i staden var dagen etter, onsdag 30/12). Tyskaren får hjelp ned til Ekse og blir der innlosjert hjå Lars Ekse.

Onsdag 30/12: Ein tysk-kunnande Bergensar som er innlosjert på Gullbrå er tolk. Det viser seg at tyskaren er underoffiser Walter Schwarze, andre-telegrafisten ombord i eit tysk bombefly som han fortel er styrta i fjellet like ved. Ein overlevande kamerat rutsja utfor eit stup og blei borte i på veg ned.
Flyet viser seg å væra av type Focke Wulf FW 200C-4 Condor, fabrikknummer 0140, modell kode F8+AK.

Torsdag 31/12: Ein mann frå Gullbrå kjem til Flatekvål med eit telegram som skal sendast til den Tyske overkommandoen i Bergen. Kåre Flåskjer, lærar i bygda og tysk-kunnande, sender telegrammet. Det inneheldt blant anna: "Unsere Mitglider besatsung sind alle tot" (heile medbesetninga er alle døde). Ein tysk rapport frå desse dagane viser også til at berre ein overlevde, og at ein var sakna og fire var drepne.

Laurdag 2/1: Fyrste "ekspedisjonen" av folk frå Gullbrå er oppe og leitar etter flyet. Dei finn flyvraket i ein slak skråning på vestsida på Kvitenosplatået. Sannsynlegvis i eit forsøk på å naudlanda har eine vingen slege mot ein stor stein og heile flyet er tippa rundt og blitt liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefeste har brotna av og er heilt. Dei ser ein omkomen flygar hengja oppned i den knuste cockpiten.
Då dei passerar Dyratoni på veg heim ser dei eit menneske stå å veiva nede i Torvedalen. Dei tek seg ned Dyratoni og finn ein svak og sterkt skada tyskar ved eit sel der. Dei tek han med seg ned til Ekse ved å delvis dra han og delvis bæra han i ein fallskjerm han har med frå flyet. Det viser seg at dette er den sakna sersjant Fritz Albrechts, mekanikar på det styrta flyet.

Sundag 3/1: Ein tysk patrulje kjem med lensmann Albert Sortevik i brodden. Nils N Nesheim treff dei i Brakestadlia etter at han og nokre andre har måtta snu på grunn av snøstorm i ei forsøk på å ta seg opp på Kvitenosi.

Tysdag 5/1: Dei døde blir etter mykje strev hogd ut av vraket og blir transportert ned til Gullbrå på kjelkar, to på kvar.

Onsdag 6/1: Dei døde blir kjørde med hest og slede til Nesheim. Denne dagen melder kaptein Gebhardt til overkommandoen i Bergen at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze og sersjant Fritz Albrechts.

Torsdag 7/1: Dei døde blir kjørde vidare til Flatekvål.

Fredag 8/1: Dei døde blir kjørde vidare ned dalen. Dette føregår også med hest og slede då vegen ikkje var brøyta i dalen om vinteren under krigen. Fredag er båt-dag. Båten går så langt inn som isen tillet. Ferda går vidare med båt til Bergen. Båten er truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

Januar 1943: Dei døde blir begravd på Solheim Kyrkjegard i Bergen. Desse er:
Oberleutnant Waldemar Hackel (pilot, kaptein), Unteroffizier Adolf Liebscher (pilot), Feldwebel (sersjant) Erwin Kopp (telegrafist) og Gefreiter (korporal) Karl Pech (skyttar)

Januar - februar 1943: Heimestyrkane frå Vossestrand får høyra om hende og er oppe. Eit maskingevær frå et "ku-auga" og noko ammunisjon blir teke med. Det blir også ei bøygd maskinkanon frå buk-gondolen, som seinare blir retta og prøveskote. Dei tek og med deler av bensintankane dei finn inni flykroppen. Her kan lær og gummi nyttast.

Februar 1943: I ei avis i St. Georgenthal står ei dødsannonse for ein av dei omkomne, Gefreiter (korporal) Karl Pech, skyttar ombord i det styrta flyet

Våren 1943: Mang ein nysgjerrig og skigåar tek turen opp til flyet. Ein og annan del blir nok ruska laus og tatt med heim.

Måndag 3/6: Ein tropp alpejægrar kjem og stasjonerer seg på Gullbrå. Dei transporterer ned delar frå flyet. Til hjelp rekvirerar dei folk frå bygda.

4-9/6: Deler blir transportert ned til Gullbrå med slede, og vidare ned til bilvegen på Trefall, som no er open. Dei prøver seg blant anna på å få ned motorane, men gjev opp etter at den første dei prøver seg på fær på eiga hand nedetter lida på ein slede.

Torsdag 10/6: Tyskarane er oppe ved vraket siste turen for å henta ned deler. Dei sprenger då delar av flyet pluss motorane.

Fredag 11/6: Resten av delane vert frakta ned til bilvegen på Trefall. Tyskarane dreg etter fullført oppdrag.

1943 - 2005: Over 62 år går. Mang ein turgåar har i alle desse åra hatt flyvraket på Kvitanosi som eit kjært turmål. Vraket har nok minka litt med åra på grunn av ein og anna suvenir samlar. Dei store flatene på dei forholdsvis heile vengene er blitt til minnebøker med namn, dato og årstal rissa inn.

Laurdag 30/7 2005: Avisa Hordaland har ein artikkel på framsida som fortel at flyvraket skal fjernast. Det er eit museum i Berlin som vil ha delane til eit fly av denne type som dei heldt på å byggja opp. Sjølv om den militære Condor modellen blei produsert i 262 eksemplar under krigen, fins ingen att no. Museet er svært interessert i vengene og halen. Det er dette som er best bevart på Kvitanosi.
Dette kjem heilt uventa. Ingen i bygdene rundt har fått veta om desse planane. Flyttinga skal skje med helikopter ned til Brekkhus, og med bil vidare. Fjerninga vil kanskje allereie ta til i veka etter.

2/8: Etter sterke reaksjonar frå folk både i Eksingedalen og Vossebygdene mot fjerning, vedtek Fylkeskonservatoren midlertidig freding av vraket slik at saka kan utreiast betre.

15/8: Det er Forsvarsmuseet som styrer flytte-prosjektet frå norsk side. Dei melder at dei vil anka fredingsvedtaket.

24/8: Forsvarsmuseet trekkjer tilbake anke-varselet. Flyet blir difor etter alt å døma varig freda som krigsminne av Riksantikvaren. Det er no ikkje lenger lov å plukka med seg delar.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Far fortel:

Håkon Trefall fortel [tekst i hakeparantesar er lagt til av meg].
Folk på Ekse og Gullbrå hadde sett flyet om kvelden den 27. Det kom lågt med kurs sør/sør-aust mot Voss, og med landings ljosa på. Det vart seinare sagt at flyet hadde vore på tokt mot Island.

Olav Gullbrå var på veg heimatt vegen om Nærafjellet frå Brekkhus (via Teigdalen frå Evanger) på ski. Kor mange dagar etter at flyet krasjet dette var veit eg ikkje [kaptein Gebhardt melder at han er på veg til Stamnes med dei overlevande 6. januar] [Nils N Nesheim tidfester dette til 31/12, Nils Gullbrå til 29/12, mest trulaeg var det den 30/12].
Då han skulle gå forbi Eksestølen kom det ein tyskar med revolvar i hånda ut av eit sel der. Dette var ein av dei overlevande [dette var etter alt å døma Walter Schwarze]. Tyskaren blei med ned til Ekse. Folk frå bygda var so oppe og leita og fann ein overlevande til i eit sel i Torvedalen (Ekses Torvedalen) [dette var etter alt å døma Fritz Albrechts som var betegna som svært skada], og seinare flyet og dei fire omkomne [Nils Gullbrå fortel at rekkefylja var motsatt: fyrst blei flyet funne, så den andre overlevande på tilbakevegen]. Flyet var forholdsvis heilt.

Vegen dei to overlevande var komne ned frå Kvitanosi via Dyratoni, eller mogelegvis gjellane lenger sør, er svært stygg og egentleg berre for heilt lokalkjende. So dei hadde vore heldige som kom levande frå denne turen også, i tilegg til å ha overlevd krasjet.
Dei døde blei tatt ned til Gullbrå og so frakta med hest og slede frå Gullbrå til Nesheim. Han "Daoe" med to [Nils N Nesheim skriv at det var Lars Ekse], han Andreas med to. [So vidare ned dalen med hest og slede då vegen ikkje var brøytt under krigen. Frå Stamnes(?) med båt til Bergen. Dei er gravlagde der på Solheim kjyrkjegard.] [Ei som budde på Nesheim fortalde om uhygga med dei frosne lika som låg lagra der natta over, ein historie eg seinare høyrde av mor mi.]

Utpå vårparten, mens det framleis var snjo og skiføre, blei folk frå dalen "beordra" til å frakta ned deler frå flyvraket. Dette var folk frå Trefall: far + Gunnar, + folk frå Ekse og Gullbrå. Dei brukte ein ny slede hans Andreas som han Johanes Fosse hadde laga, og som tyskarane såg og "rekviverte". Det som blei tatt ned var instrument, bensintankar med gummi på innsida slik at dei var tette sjølv om kulene gjekk gjennom, og andre "hemmelege ting", som blei snakka om i bygda seinare.

Tyskarane ville også ha ned dei fire motorane. Ved forsøket på å frakta den første glapp denne i Veslelia på veg ned, sleden vart knust mot dei føste trea den traff og motoren segla eit stykke vidare. Dermed vart motor nedfraktinga skrinlagt. Motoren vart rett etterpå sprengt her [delar kan sjåast der framleis, eg skal prøva å lokalisera dei m/GPS posisjon senare].

Far var med på siste turen opp med tyskarane. Dei tre andre flymotorane vart då sprengt, pluss ymse andre delar. "Etter at sprengladningane var festa fekk me besjed om å søkja dekning. Det hagla med metallsplitar i lufta der me låg bak ein kant like ved. Men heldigvis blei ingen skada".

Delane som blei frakta ned til Gullbrå, blei frakta vidare ned til Trefall. Ein del av dei blei lagra i huset folk frå Ekse og Gullbrå hadde innved Nordalselva. Brua over elva var under arbeid då krigen braut ut, og bilveg bygginga stoppa opp her til krigen var slutt. Då bilvegen blei brøyta opp utpå forsommaren 43 blei delane frakta vidare herfrå med lastebil.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Nils N Nesheim: Flystyrt på Kvitanosi 27-12-1942 nedteikna slik eg minnest det:

27/12. Den tradisjonelle jolatrefesten på skulen. Ein vedvarande flydur, 1 time kanskje 2. Det høyrdest ut som det krinsa over området, brått vart det stilt. Me undrast vel litt på kva det kunne vera, men tenkte ikkje meir på det.

31/12. Olav Gullbrå, driftsstyrar ved Evanger kraftverk er på veg heim til Gullbrå for å høgtida nyttår saman med famelien, han tek snaraste vegen over Øvrafjellet. Når han kjem forbi selet til Nils Ekse vert han var spor i snøen etter folk. Ein tyskar kjem ut med våpen i handa.

1/1-1943. Folk frå Ekse og Gullbrå på leiting etter ein tyskar til som var i livet. Leitemannskapet finn han i eit sel i Torvedalen Vest, dei skiftesvis ber og dreg han til Ekse på ein fallskjerm som mannen hadde med frå flyet. Nyttårsfest på Brakestad, der folk fekk veta kva som hadde hendt.

3/1 (sundag). Norvald, Gunnar og eg på veg til Kvitenosi, i Dyratoni treffer me på vrakrestar av flyet. Men me må gjera vendereis på grunn av veret. Tek beinaste vegen om Kvitestakken og ned til Brakestad. I Brakestadlia møter me ei tysk patrulje med lensmann Albert Sortevik i brodden, dei er på veg til Ekse for å ta seg av dei overlevande. Kjem til Nesheim finn me storastova til Lars J Nesheim "okupert" av 10 - 12 tyske soldatar, dei er med ein ungdom frå Brekkhus som kjentmann.

4/1. Saman med ein tysk soldat vart Gunnar og eg beordra til Brekkhus, for å henta diverse proviant og utstyr. Attende fekk me med oss to mann frå Brekkhus og det vart full bør til alle. Overnatta på Nesheim.

5/1. Til Gullbrå med provianten, der det låg ordre om å fortssetja til Kvitanoi. Då me kjem fram er tyskarane med hjelp av fleire innfødde i arbeid med å hogga seg inn til dei døde. Det var eit vanskeleg arbeid med berre øks og brekkjern til hjelp. Omsider fekk me dei ut av flyet og over på to kjelkar, to på kvar. Så var det tur til Gullbrå med dei døde, alle mann til fots. Dei fire Tyske og fire norske på kvar kjelke 1 time mars og så 10 min kvil, kom ikkje til Gullbrå før seine kvelden, overnatta på Gulbrå.

6/1. Oppatt på Kvitanosa for å henta ned diverse utstyr som vart plukka ut av flyet. Lars Ekse og Andreas Trefall køyrde med hest og slede, dei døde tyskarane til Nesheim der dei lasta dei av på smiemyra, berre sparka litt snjo kring dei. Dei var under tysk oppsyn.

7/1. David Gullbrå og Andreas Trefall med to fulle hestelass med utstyr. Norvald og eg fekk i oppdrag å transporttera dei døde flygarane til Flatekval, to på kvar slede. På Dalastova der tyskarane overnatta vart dei døde og pargaset plasert i vedhuset. Dermed var mitt oppdrag med flystyrten slutt.

8/1. Då Eksingedalsvegen, under krigen ikkje var brøyta gjekk truleg transporten vidare og med hest. Fredag var båtdag, var det is i fjorden la båten til ved iskanten. Det gjekk i allefall det ordet at dei døde vart tekne i vinsjen og hivde om bord I båten. Båt? Truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Flystyrt på Kvitanosi 27/12-42 fortalt av Nils Gullbrå (f.1929)

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik, her gjengjeve med løyve frå forfattaren, og Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Etter eit styggever med store snøfall, som hadde helde på sidan før jol, slutta det å snøa 27/12. Men skyene låg framleis ned til tusen m.o.h. Bror min og eg venta på at far skulle koma heim. Grunna veret, låg han fast på Evanger. Han var driftstyrar i elforsyninga der.

Me ungane hadde teke fram radioen før jol og sett han inn i stova. Tyskarane kom ikkje i slikt ver, meinte me.

Søndag 27de kl. 22.15 hørde me flydur og sette ut for å sløkkja utelampen. Ståande i tunet, såg me eit stort 4-motors fly med fulle landingsljos. Det flaug lågt over dalen. Me kunne sjå at det gjekk litt vest for Kjerringanosi og forsvann. Plutseleg vart duren vekke. .Hadde flyet styrta?..

Ruskeveret ville ikkje gjeva seg. Neste dag var det lågt skydekke og snøver. Slik heldt det på heile 28de. Tysdag 29de vart det lettare ver, overskya men brukande fjellver.

Om kvelden kom far heim. Han fortalde at han og skreddar Olav Ekse hadde treft på ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen. Dei hadde fått tak i hjelp som frakta tyskaren ned til Ekse. Der tok Lars Ekse imot og gav husly.

Nyttårsdag 1/1 43 var det snøslaps. Me fekk tak i ein kar frå Bergen, som var på "joleferie" (byttehandel). Han kunne tysk og fekk god kontakt med tyskaren. Tyskaren fortalde at han hadde vore ombord i flyet som hadde styrta og av mannskapet var det 2 overlevande. Då dei skilde lag, skulle den eine ta seg ned og ropa om det gjekk bra. Han på toppen fekk aldri svar. Han returnerte då til flyet.

Laurdag 2dre januar var veret bra, lett skydekke og bra sikt. Då la me i veg for å sjå etter flyet. Det var fem vaksne: Olav Gullbrå, Ingvald Gullbrå, Harald Gullbrå, Andreas Trefall og "tolken" frå Bergen. Etterpå kom bror min Johan, 15 år og eg, 13 ½ år. Me kom oss forbi Kjerringanosi og vidare bortover Storetoni, som går vest for sjølve fjellryggen, og i retning Kvitenostoppen. Me fylgde kanten av toni. Der fann me far etter ein utan ski. Me held fram i same retning og fann flyet ganske fort. Det hadde styrta i ein slakk skråning. Snømassane hadde teke av for total knusing. Venstre veng hadde slege mot ein stor stein så heile flyet tippa 180 grader og vart liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefestet var heilt. Men cockpiten var stua inn mot framre vengefeste. Me såg ein av dei omkomne flygarane. Han hang i beltet med hovudet ned.

Men dagen hella, så me tok heimveg. Me fylgde same vegen. Då me var komne ned for Dyratoni, såg me ein som vinka nede ved eit av sela i Torvedalen. Me tok oss ned Dyratoni og fram til selet. Der fann me den andre overlevande. Han hadde knust kjevebeinet og var ille tilreidt. Heldigvis hadde han med seg fallskjerm, og den kom vel med. Me la han i skjermen og drog han ned til Ekse. Han var så svak at han greidde ikkje å gå sjøl. Var framme der i 6-7 tida om kvelden.

Søndag 3dje januar var det full snøstorm (etter far si dagbok).

Han far og Olav Ekse, som fann den fyrste tyskaren på Eksestølen, fekk kvar si litter-flaske med italiensk vin som takk for hjelpi.

Rundt den 15. - 16. januar kom det ein tropp alpejegrar (østerrikarar). Dei var utsende for å ned dei omkomne frå flyet. Her på gullbrå budde dei hjå Nild B. Gullbrå. Dei var flinke skiløparar.

Alpejegrane fekk med seg nokre karar herfrå med slede. Dei tok seg fram til flyet. Det var nok eit vanskeleg arbeid, for dei kom ikkje ned til gards før seine kvelden.

Tredje dagen fekk dei tak i hesteskyss til å frakta dei omkomne nedover dalen. Det var David Gullbrå og Lars Ekse d.e. som kjøyrde.

Måndag 3. juni kom her ein ny tropp alpejegrar. Dei fekk hus hjå Nils Bergesen Gullbrå. Etter at eg hadde vore med dei nokre turar, fann eg ut at det var veldig kjekke folk. Ein av dei snakka godt norsk.

No skulle flyet tømast for alt av verdi. Dei fekk med seg folk herfrå. Det var Johannes, Herman, Harald og Ingvald, alle Gullbrå, og så Håkon og Andreas Trefall.

Eg var med to turar. Fyrste turen var eg og onkel Ingvald langt framom dei andre. Då me kom til flyet, var det alt to mann der. Dei spurte kva me hadde der å gjera. Onkel snudde seg og peika nedover og sa at det kom ein gjeng tyskarar bak oss. Eg har aldri, verken før eller sidan, sett nokon som har fått skia så fort på seg, og sprunge så fort på ski. Eg torer ikkje tenkja på kva som hadde hendt om tyskarane hadde sett dei i fullt sprang.

Ein dag hadde tyskarane drege to flymotorar ned til Nævene. Den eine tok ut for dei og for nedetter skogen. Sleden vart knust. Landingshjula og mangt anna var kome til gards, men motorane gløymde dei etter dette.

Torsdag 10. juni var eg med opp, for då skulle dei gjera reint .bol.. Vel oppe samla dei ihop resten av det som skulle til bygda. Så tok dei til å plasera TNT-blokker i den delen av flyet som var heilt. Dei drog belte på belte med amunisjon 20.05, som dei la oppå fyren. Me søkte ly nedom kanten, og så small det ! Eit infernalsk regn av alt mogeleg vart spreidd utover.

Dei to motorane som var att, sprengde dei og. Men dei tok seg lite nær av å bli puffa på. Denne fredage 11.juni fekk tyskarane frakta alt til Trefall i bilvegen.

Tyskarane reiste om kvelden den 11. etter endt jobb.

(Når det gjeld dataoane i denne soga, så er det å lesa ut av dagbøker førd av Olav J. Gullbrå).

[Tillegg gjordt av meg etter telefonsamtale med Nils 25/8-05]
Nils fortel: Halepatiet var heilt, med stor plass inni. Det var der nødprovianten hadde vore, og der dei overlevande hadde helde til før dei forlet flyet. Då me var oppe der siste gongen spurde eg den som hadde kommandoen om ikkje halepartiet kunne sparast då dei skulle sprengja flykroppen. "Det skulle eg gjerne", svara han, "men me er fleire". Halepartiet blei ogso sprengt.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Flyet som prøvde å naudlande på Kvitanosi fortalt av Kåre Flåskjer

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik. Her utdrag av Kåre Flåskjer's artikkel (den delen som omhandlar flyet) datert Harpefoss 14. mars, 1995. Kåre Flåskjer var lærar i Eksingedalen under krigen. Han døde over 90 år i 1996. Her gjengjeve med løyve frå dottera hans Sigrun Eng i Gol, Buskerud, og Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Det var nyårsafta 1942. I kveldinga var eg oppe i lia for Dalastova for å jakte på orrfugl, som det var mykje av det året. Brått høyrde eg at nokon ropa på meg at eg måtte koma nedatt. Det var kome ein kar frå Gullbrå med eit telegram på tysk, som i all hast måtte sendast pr. Telefon til Den tyske overkommando i Bergen. Ein av dei 6 som var med flyet, hadde berga livet og kome seg ned til folk. I telegrammet sto det m.a. til slutt: "unsere Mitglider besatsung sind alle tot." (heile medbesetningea er alle døde.)

Eg fekk sendt telegrammet til rette mann, overkommandanten for Bergensdistriktet.

Flyet hadde teke ut frå Værnes i Trøndelag og skulle spionere over havet mellom Norge og Island etter fientlege transportskip, for så å gje opp posisjon til tyske ubåtar om å gå til åtak.

Då dei skulle returnera til Værnes etter endt tokt, var der grauttjukk snøkave så dei kunne ikkje lande. Dei fekk ordre om å gå til Sola ved Stavanger, men på den turen hadde dei tulla seg ut av kurs og m.a. vore innover Sverike med opplyste byar.

Det minka med bensin; å nå Sola var uråd. I staden for å dette ned, såg dei ingen annan sjanse enn naudlanding. Men det var mørkt. Dei skimta ikkje terrenger under seg, og måtte la det stå til. Sjansen til at det skulle gå vel, var uhorveleg liten. Det hadde gått bra om ikkje ein stor stein tok tak i eine vengen og kasta flyet rundt.

4 mann miste livet under landinga, men 2 var uskadde.

Det var full vinter, mykje snø, og dei var lettkledde, så dei valde å vera i flyet eit par dagar. Der var det også litt mat. Men etter kvart gjekk det opp for dei at dei måtte prøve å nå fram til folk. Snøblindt som det vat, rutsja den eine utover ei bratt fjellside og dei mista kontakten med kvarandre.

Han som stod att rekna med at kamereten hadde slege seg i hel. Men begge klarte å ta seg fram til kvart sitt sel, på Eksestølen og i Ekses-Torvedalen.

Olav Gullbrå hadde jobb som styrar av eit kraftverk borte på Evanger. Han hadde vore heime på Gullbrå i julehelga. Nyttårsafta skulle han tilbake, og gjekk då på ski over fjellet. Han gjekk då forbi Ekse-stølen. Ved det eine selet, la han merke til fotefar etter menneskje som hadde gått inn i selet, men ikkje ut. Han gjekk då inn. Der i ei tom seng, låg tyskaren som hadde ramla utfor fjellet. Han var i live, men medteken av m.a. mangel på mat.

Olav vende no tilbake, og fekk folk til å henta mannen.

Det vart ei valfarting opp til flyet av skreke karar på ski. Dei 4 døde vart henta ned på skikjelkar og køyrde til Flatekval, der dei vart lagde inn i vedskålen til Dalastova. Dei var sjølvsagt stivfrosne.i Der var også to fallskjermar. Eg hadde slik lyst på ein av dei, men torde ikkje ta den.

David Gullbrå var med på transporten av dei døde ned til Flatekval. Han gjekk i grøn militæruniform. Eg ser framleis for meg at då han hadde lagt dei døde inn i skålen, gjekk han ut om døra, stramma seg opp, og gjorde militær honnør. (At David Gullbrå gjekk i militærunuiform skuldast truleg at han hadde bytta bort sivile klede i uniformer i maidagane 1940.)

Dei 4 døde vart ført til bergen, og er truleg gravlagde der.

Då våren og sommaren kom, var mange og såg på flyet, og mangt vart medteke både som suvenir og nytte. Bensintankane var av tjukk gummi. Dei vart brukte til skosolar, for ler var ikke å få tak i.

Restar av flyet ligg der på fjellet den dag i dag.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Gunnar Nesheim fortel:

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik. Her eit lite fragment frå ein samtale med fleire, dette fragmentet står under tittelen "Tyskarar i Eksingedalen i samband med flyet som datt ned på Kvitanosi". Her gjengjeve med løyve få Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Ein dag kom 14 tyskarar til Nesheim. Ein vegvisar frå Brekkhus var med dei og han vart send i forvegen for å seia at tyskarane ville ha 25 liter kokt vatn. Far min nekta dei dette. Han sa at han ville ikkje liggja under same tak som tyskarane, så han for på dør.

Mor og eg tok i mot dei. Me hadde høyrt over radio om tyskarane si framferd der dei ikkje fekk koma inn, så me torde ikkje anna. Dei fekk vatnet sitt. Mat hadde dei med sjølve. Ein av dei "høgaste" flyoffiserane i Bergen var med. Han var heilt utsliten. Dei hadde ein doktar med. Han snakka norsk.

Dagen etter skulle dei til Kvitenosi. Mest alle tyskarane var med til fjells. Eg og Nils gjekk ilag med ein tyskar, trudde me. Han var østerrikar. Alle gjekk på ski og me gjekk fyrst.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Flystyrt på Kvitanosi jolaftan, Nk fortel:

Denne artikkelen stod i jolenummeret til avisa Hordaland i 1987 underteikna med initialane Nk.
Takk til Jan Egil Dyvik i Hordaland som skaffa meg kopi, og som har gjeve meg løyve til å bruka artikkelen her. Kopirettane til artikkelen tilhøyrer avisa Hordaland.
Jan Egil er tåleg sikker på at det er Nils Kvamsdal som skjuler seg bak desse initialane.
Overskrifta viser at tidfestinga i denne artikkelen er nokre dagar feil. Sikre kjelder tidfester hendinga til 27/12.

Det var seint på jolaftan 1942. På sør-austleg kurs kom det inn frå havet eit stort tysk bombefly som skulle til Sola på Jæren der tyskarane hadde ein av sine hovudflybasar.

Flyet låg i 1500 meters høgde. Om dei visste kvar dei var, veit ein ikkje, men kursen mot Sola var rett. Truleg var dei bensinlause og måtte ned. På Gullbrå både såg og høyrde dei flyet men i dei dagar var det fly dur både natt og dag og de reagerte ikkje så mykje på det.

Flyet tapte høgde frå 1500 m og nedover. Straks etter, vart alt svart. Flyet hadde styrta på vestsida av toppen på Kvitanosi 1433 m.o.h..

Kor lenge alt var stille rundt flyet, er det ingen som veit, men utpå natta vakna to mann av mannskapet i snøskavlen. Flyet hadde under buklandinga slått kollbøtte og halen hadde brotna av. Dei to karane hadde frå sine plassar bak i flyet vorte slengde ut gjennom dette holet og snøskavlane gjorde at dei ikkje slo seg ihel. Ein av dei var hardt skadd. Haka og kjakepartiet var knust. I tillegg hadde dei også andre skadar.

Dei vart usamde om kva dei skulle gjera. Ein ville prøva ta seg til folk. Den andre ville slå seg til i flyet som var nokså heilt. Det seiest at den som var mest skadd, ville prøva ta seg ned frå fjellet. I nattemørket gjekk han mot vest. No er lendet slik at på vestsida av Kvitanosi er der loddrett fjellvegg, men lenger mot Kjerringanosi er det råd å koma ned som-marsdag. Her ramla tyskaren utfor i nattemørkret og stoppa ikkje før han var komen ned i Torvedalen, - framleis i livet. Høgdeskilnaden er nærare 400 meter. Det som truleg berga han var at overgangen frå stupet til flat mark er ein utjamna overgang omlag som på ein moderne hoppbakke. Han var no komen ned i Eksestorvedalen. (Eller Tråtorvedalen som han og vert kalla av sume). Tyskaren stavra seg vidare og fylgde dalbotnen der det om sommaren renn ei lita elv. I ein større høl var der berre ei tunn is-snerke under snøen. Her brast underlaget og mannen «datt ned i hølen til over akslene. Etter det, var han heilt gjennomblaut, men livsviljen fekk han til å stavra seg vidare, alltid unnabakken. Det klårna opp og det var kaldt ver.

Etter ei tid støytte han på Eksestølen og det gamle selet utan omn og utan ruter. Her prøvde han å klæ av seg og vri vatnet ut or klæda sine. Men då klæda kom av kroppen og vart vridde for vatn, klaka dei, og han fekk dei ikkje på seg att.

Olav Gullbrå var på den tida styrar for E-verket på Evanger. 1. joledag skulle han til Gullbrå og vitja huslyden. Han gjekk opp Brekkhuslida og Øvrefjellet som er den snaraste ruta frå Brekkhus til Gullbrå. Då han i eigne tankar kom glidande over flatane under Eksesstølen, høyrde han ei forferdeleg gauling. Han tyktest også sjå eit mennes ke oppe attmed selet. Olav var ein sindig fjellmann og vinkla av frå leia opp mot stølen. Der fann han ein halvnaken mann som var nesten sinnsvak. Det var tyskaren frå Kvitanosi som hadde prøvd å koma seg ned i bekken for å finna noko vatn.

Korleis samtalen mellom desse to arta seg, veit ein ikkje i dag. Etter det ein har høyrt gav Olav han noko av klædasme og tok ut mot Ekse. Soga seier at tyskaren vart dregen heim på skikjelke av folk fra Ekse og Gullbrå.

På ein eller annan måta greidde tyskaren fortelja karane på Ekse og Gullbrå at det var ein mann att oppe på Kvitanosi og at han var i livet. Ein ny rednings ekspedisjon vart sendt avgarde. Då dei fann mannen, var også han komen ned på same måten som den første og vart funnen oppe under Kvitanosi på Torvedals-sida. Korleis denne mannen hadde bore seg åt, er noko uklart. Han skulle ha vore i fylgje med den første til han forsvant utfor stupet. Etter det snudde han attende til flyet der han tulla seg inn i fallskjermen og låg natta over. Då det dagast, tok han sporet etter den første og hadde med vetande og vilje sklidd utfor bratthenget og hamna i Torvedalen der folk frå Ekse og Gullbrå fann han og drog hanneim.

1. joledag var dt klårt og kaldt. Utpå ettermidagen kom det eit mindre raudfarga fly med raudekross-merke. Det kom frå Sola, passerte Lønahorgi og Byt-ningane. Kursen var riktig, men dei bomma med eit par km for langt aust. Hadde dei ikkje gjort det, hadde dei funne flyet på Kvitanosi.

Folk på Ekse og Gullbrå varsla sjølvsagt kva dei hadde funne og kva som var hendt. Dei berga vart køyrde nedover Eksingedalen. Ikkje lenge etter kom det 10-15 tyskarar til Gullbrå. Det vart rekvirert mannskap der og dei tok seg opp til flyet. Der fann dei 4 av mannskapet omkomne. Alle var slengde framover i cockpiten der dei låg oppå kvarandre. Telegrafisten hadde ennå ein stump blyant i klypa. Han var broten av på båe sider av fingrane som heldt han. Av dei norske som var med, vert det fortalt at det var eit fælt arbeid å få dei døde frå kvarandre og ut or flyet, kalde og klaka som dei var. Dei omkomne vart transporterte ned til Gullbrå. Der la tyskarane dei døde i angen utanfor stovedørene. Det var mange på Gullbrå som ikkje sov den natta. Dei var vane med å visa større respekt for døde menneske.

Oppe på Kvitanosi låg flyet. Dei berga tyskarane fortalde dei hadde vore til Island og bomba. Til Island hadde dei nok vore, men bomba hedde dei ikkje gjort. Flyet var truleg ein av typen CONDOR. Det var ein 4-motors langtrekkjand havbombar og oppklaringsfly som kunne nå midt ut i Atlanteren og attende. Det vart nytta til speiding etter konvoyar. Flyet hadde truleg vore på oppklaringstokt og grunna motvind eller andre ting gått tomt for bensin. Flyet hadde treft ein stor stein med høgre vengen og slått kolbøtte. Hadde ikkje flyet treft den steinen, haaae det truleg buklanda og stoppa mot motbakken opp mot toppen av Kvitanosi uskadd.

Rykte om flystyrten nådde heimestyrkanepå Vossestrandsom tenkte at her måtte det vera forsyningar å henta. Ei patrulje på fleiren mann la i veg til Kvitanosi. Der låg flyet. I cockpiten var det ei mengd verdfulle instrument som høgdemålar, fartsmålar, turteljarar, kunstig horisont og gyrokompas. Dette interesserte ikkje karane. Dei såg meir matnyttig på det. Inne langs veggene i flyet var det spent fast ei mengd med reserve bensintankar. Desse var laga av finer. Inni var dei inndelte som ei eggerist for å ta vekk skvalpinga. Utanpå fineren var det eit lag med hard gummi, deretter eit lag med rågummi og utanpå det eit nytt lag med hard gummi. Dei var skotsikre og splint-sikre. Det verka slik at dersom det gjekk ei kule gjenn om tanken, lak bensinen ut til han møtte rågummien. Dermed smelta rågummien. seig saman og tetta holet. Ei genial løysing på det problemet. Utanpå kvar tank var det sydd lær eller tjukt skinn av beste sort og tankane var spente til veggen med stropper. Alle tankar var tomme og der var ikkje bombefeste i flyet. Dermed kan ein slutta at det ikkje hadde vore på bombing og at det hadde gått tomt for drivstoff.

Det var skinnet og gummien strendingane sikra seg. Det var alt vorte vanskeleg om solalær. Eit maskingevær montert i eit kuauga i flyveggen vart og «berga». Det same vart noko 7.92 ammunisjon og nokre vera-hornmagasin. Desse magasina låg som eit sneglehus på kvar side av kammeret. Ei maskinkanon som var montert i buken av flyet, vart for tung. Under landinga var løpet på ho vorte bøygd. Maskingeværet var og skeivt. Det vart seinare retta i ei skrustikke og prøveskote med fulle magasin. På ein trefot ville det vore godt brukande, men mannen som prøveskaut med sporlys, heldt det i armkroken og gjorde ein halv omdreining før han sleppte avtrekket.

Det var mange strendingar som i dobbel forstand gjekk på gummisolar etter dette raidet, og det var mange bergensmeisar, hesteselar og skitrugar som vart reparerte av Die Luftwaffe seinare under krigen. Seinare kom tyskarane att og skulle prøva å redda flyet. Dei rekvirerte mannskap på Gullbrå. Desse skulle vera med å ta slitet. Det vert fortalt at dei brølte stygt då dei såg at flyet hadde hatt besøk.

Det første dei prøvde var demontering av motorane. Flyet hadde 4 store stjerne-motorar og det vart sagt at kvar av dei ytte 1500 heste krefter. Desse var like heile. Motorane fekk dei laus og etter mykje slit nedover mot Gullbrå, Men då dei kom ned i småskogen på Nutane, måtte dei melda pass. Dei såg det vonlaust å koma lenger, men gje seg kunne dei ikkje utan løyve frå høgare hald. Etter nokre dagar fekk dei det. Dei gav opp. No kunne dei ikkje lata motorane stå som minnesmerke etter seg oppe i Nutane. Nei, dei fekk tak i dynamitt som dei ladde dugeleg av i veivhus og sylin-darar og med dunder og brak hagla det motordeler over heile Gullbrå. Heilt fram til idag har dei under pløying funne deler av flymotorane i myrane. Etter dette drog dei opp til flykroppen. Også den skulle vekk. Dei ladde og sprengde så deiene fauk over heile Kvitanosi. Jamvel somrane etter var det folk på Kvitanosi og fann seg kulelagar og ymse deler som kom vel med for ein som mekka litt sjølv.

Det står att å nemna at ein av dei som folket på Ekse og Gullbrå redda, døydde seinare av skadane han hadde fått. Av det samla mannskapet på 6 mann, var det berre ein som overlevde. Slik enda Condoren og Luftwaffe sin oppklarings-tur til Island. Eg vart minna om denne hendinga då eg her om dagen såg eit par gamle ski-skavar med «flyskinn» til trugar og stropper.

Nk

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Ein etterkomar av den omkomne Karl Pech skriv:

Henta frå www.wk2.info, ei side som ein etterkomar av den omkomne Karl Pech har laga.

Den 28. desember melder kommanden på Sola ved Stavanger at ein maskin frå KG 40, formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær. Sjølv om søket blei forsøkt gjenopptatt, lyder meldingen 29. desember: "Søk resultatlaust avbrote".

Først 6. januar kjem ny melding: kaptein Gebhardt melder at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze (telegrafist) og sersjant Fritz Albrechts ("bordmechaniker").

[neste] [forrige] [innhald]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>