[neste] [forrige] [innhald]

Flyet som prøvde å naudlande på Kvitanosi fortalt av Kåre Flåskjer

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik. Her utdrag av Kåre Flåskjer's artikkel (den delen som omhandlar flyet) datert Harpefoss 14. mars, 1995. Kåre Flåskjer var lærar i Eksingedalen under krigen. Han døde over 90 år i 1996. Her gjengjeve med løyve frå dottera hans Sigrun Eng i Gol, Buskerud, og Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Det var nyårsafta 1942. I kveldinga var eg oppe i lia for Dalastova for å jakte på orrfugl, som det var mykje av det året. Brått høyrde eg at nokon ropa på meg at eg måtte koma nedatt. Det var kome ein kar frå Gullbrå med eit telegram på tysk, som i all hast måtte sendast pr. Telefon til Den tyske overkommando i Bergen. Ein av dei 6 som var med flyet, hadde berga livet og kome seg ned til folk. I telegrammet sto det m.a. til slutt: "unsere Mitglider besatsung sind alle tot." (heile medbesetningea er alle døde.)

Eg fekk sendt telegrammet til rette mann, overkommandanten for Bergensdistriktet.

Flyet hadde teke ut frå Værnes i Trøndelag og skulle spionere over havet mellom Norge og Island etter fientlege transportskip, for så å gje opp posisjon til tyske ubåtar om å gå til åtak.

Då dei skulle returnera til Værnes etter endt tokt, var der grauttjukk snøkave så dei kunne ikkje lande. Dei fekk ordre om å gå til Sola ved Stavanger, men på den turen hadde dei tulla seg ut av kurs og m.a. vore innover Sverike med opplyste byar.

Det minka med bensin; å nå Sola var uråd. I staden for å dette ned, såg dei ingen annan sjanse enn naudlanding. Men det var mørkt. Dei skimta ikkje terrenger under seg, og måtte la det stå til. Sjansen til at det skulle gå vel, var uhorveleg liten. Det hadde gått bra om ikkje ein stor stein tok tak i eine vengen og kasta flyet rundt.

4 mann miste livet under landinga, men 2 var uskadde.

Det var full vinter, mykje snø, og dei var lettkledde, så dei valde å vera i flyet eit par dagar. Der var det også litt mat. Men etter kvart gjekk det opp for dei at dei måtte prøve å nå fram til folk. Snøblindt som det vat, rutsja den eine utover ei bratt fjellside og dei mista kontakten med kvarandre.

Han som stod att rekna med at kamereten hadde slege seg i hel. Men begge klarte å ta seg fram til kvart sitt sel, på Eksestølen og i Ekses-Torvedalen.

Olav Gullbrå hadde jobb som styrar av eit kraftverk borte på Evanger. Han hadde vore heime på Gullbrå i julehelga. Nyttårsafta skulle han tilbake, og gjekk då på ski over fjellet. Han gjekk då forbi Ekse-stølen. Ved det eine selet, la han merke til fotefar etter menneskje som hadde gått inn i selet, men ikkje ut. Han gjekk då inn. Der i ei tom seng, låg tyskaren som hadde ramla utfor fjellet. Han var i live, men medteken av m.a. mangel på mat.

Olav vende no tilbake, og fekk folk til å henta mannen.

Det vart ei valfarting opp til flyet av skreke karar på ski. Dei 4 døde vart henta ned på skikjelkar og køyrde til Flatekval, der dei vart lagde inn i vedskålen til Dalastova. Dei var sjølvsagt stivfrosne.i Der var også to fallskjermar. Eg hadde slik lyst på ein av dei, men torde ikkje ta den.

David Gullbrå var med på transporten av dei døde ned til Flatekval. Han gjekk i grøn militæruniform. Eg ser framleis for meg at då han hadde lagt dei døde inn i skålen, gjekk han ut om døra, stramma seg opp, og gjorde militær honnør. (At David Gullbrå gjekk i militærunuiform skuldast truleg at han hadde bytta bort sivile klede i uniformer i maidagane 1940.)

Dei 4 døde vart ført til bergen, og er truleg gravlagde der.

Då våren og sommaren kom, var mange og såg på flyet, og mangt vart medteke både som suvenir og nytte. Bensintankane var av tjukk gummi. Dei vart brukte til skosolar, for ler var ikke å få tak i.

Restar av flyet ligg der på fjellet den dag i dag.

[neste] [forrige] [innhald]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>