[neste] [forrige] [innhald]
[utskriftvenlig side]

Dette er artikkelen slik den sto fyrste gong sto på trykk i Vaksdal Historielag si årbok 2005.
4. oktober 2011: Retta opp ombytte av Albrechts og Schwartze frå orginal artikkelen.


Flyet på Kvitanosi

Av Kåre Trefall



Kvitanosi

Så sit eg her endå ein gong og speidar utover dei vakre vestlandsfjella. Lønahorgi i sør, Jostedalsbreen i nord-nordaust i det fjerne. Nede i dalføret i nord ligg Gullbrå der me er komne opp frå, og med Eksingedalen vidare vestover mot kysten. Er det Ulriken me ser der i det fjerne lurar ein av dei andre på.

Staden er Kvitanostoppen, 1433 moh. Det er vinter og påske. Året et 2005. Varden ligg der som ei kvit nedisa vorte. Me har kome opp frå Gullbrå, øvste garden i Eksingedalen, på ski. Mange andre har også funne vegen opp hit i det vakre vinterværet. Eg har vore her oppe mange gonger før, både sommar og vinter. Men i dag er første gong eg skal besøka "flyet" om vinteren. No nedsnøa og usynleg der det ligg på Kvitanosplatået i retning nord-nordvest litt under ein kilometer i frå toppen. GPS-en fortel meg dette, saman med data innhenta før snøen dekka spant og plater av aluminium.

Då eg vaks opp nede på Trefall leika me ungane med eit merkelege instrument. Me trudde det var eit bombesikte, men det var sikkert noka anna. Knappar og brytarar til å stilla på, og med skalaer og speglar som vrei og vende på seg. Dette var ein av dei tinga bestefar hadde teke med seg ned frå "flyet". Det var noko mystisk og spanande ved dette: "Flyet på Kvitanosi". Og me fekk far til å fortelja omatt om då han var beordra med til å frakta ned delar frå vraket ein seinvinter under krigen. Og om overlevande og døde som vart frakta nedover dalen tidlegare på nyåret.

Me spenner på oss skiene og eg peikar ut kursen mot "flyet". Etter å ha teke oss ned frå varden på vestsida og gått opp ei svak helling, plogar me sakte ned ei skråning vestover mot platåkanten. "No nærmar me oss" ropar eg, då punktet eg har lagt inn på GPS-en nærmar seg meir og meir markøren som viser kvar me er. Og so er me der. I dag er landskapet bada i sol, der me ser nedover mot Storetoni og Kjæringanosi. Sjølve toppen ser ein ikkje herifrå. Om kvelden tredje joledag for snart 63 år sidan var været og sikta annleis.


Styrten

Det er snøstorm. Det heldt på å mørkna. Det er tredje joledag 1942. Eit stort tysk firmotors bombefly av type Focke Wulf 200C-4 Condor har vendt attende etter endt oppdrag over Nordsjøen på jakt etter allierte konvoiar. Det stryk lågt over landskapet med landingsljosa på i retning opp frå Eksingedalen. Ombord er stemninga trykka. Lite veit dei om at folk på joletrefesten i skulehuset på Ekse lurer på kva fly som er ute i styggeværet så seint. Eller om borna på Gullbrå som spring ut for å sløkkja utelampen og ser dei passera lågt over dalen. Det har villa seg bort og drivstoffet kjem snart til å ta slutt. Einaste håpet er å prøva å naudlanda. Om det var planlagt å prøva akkurat her, eller om det berre kom for lågt, veit me ikkje, der det tek bakken i ei svak oppoverhelling vest på Kvitenosplatået. Eine vengen smell inn i ein stein, flyet blir vridd rundt og hamnar på rygg. Etter at lyden av skrikande metall og skrikande menneske har lagt seg, høyres berre lyden av varme motorar som syd i den djupe snøen. Etter kvart er igjen berre lyden av vind å høyra. Det tek ikkje fyr. Halepartiet er heilt, og om ei stund kjem ein overlevande til syne der. Han prøver å krabba ut. Han vender fort attende inn att i vraket frå snøstormen. Ei stund etter høyrer han at ein av kameratane i livet der inne i mørkret. Det viser seg at han er ille tilreidd med knust kjeve. Teikn til liv frå dei fire andre er der ikkje. Dei sat alle lenger framme i flyet. Det blir ei kald og vond natt.


Dei blir der i halepartiet neste dag. Ute er det snøstorm. Nødprovianten minkar. Snøstormen løyar dage etter, og dei skjønar dei må prøva å ta seg fram til folk, for her kjem inga redning. Lite veit dei om at ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk etter dei frå Sola alt dagen før, men måtte snu på grunn av dårleg vær. Og at den har gjort eit nytt forsøk att denne dagen, men har avslutta med rapporten "søk resultatlaust avbrote". Folk på Voss observerer ei mindre raudt fly med raudekross-merke passera Lønahorgi og Bytingane. Det heldt for langt aust.

Dei forlet flyet i lag, går den vegen det er litt utsikt nedover. Dei kjem fort utpå ein kant med bratte stup utfor, og må halda lenger til høgre. Det er tungt å gå i den djupe snøen. Etter i stund ser det ut til at det er slakare skråning utfor. For ned av fjellet må dei for å koma til folk. Det er vanskeleg å snakka for han med knust kjeve, men med teikn og fakter blir dei einige om å prøva til ned her. Ein først, så den andre etter når den første gjev lyd og teikn om at det er framkomande. Smått byrjar dei å ta seg nedover. Det er bratt, og glatte berget stikk ut i hamrelag nedetter.

Mekanikaren, sersjant Fritz Albrechts, kliv seint nedover. Den andre, andre-telegrafisten, underoffiser Walter Schwarze, fyl kameraten med augo. Brått rutsjar mannen der nede til og blir borte. Walter står stille å lyer. Det går ei stund. Han høyrer ingen rop der nede frå. Alt er stille, berre vinden. Han ropar, men får ikkje svar. Etter å ha klive litt lenger ned ser han spora av kameraten der han har sklidd utfor ein hammar. Her må han snu. Han prøver å ropa att. Etter ei tid gjev han opp. Mismodig tek han til å klatra og gå attende til vraket i det som er att av spora dei har kome ned. Han tullar seg inn i fallskjermen og prøvar å få litt kvile.

Walter blir i flyet til neste dag. Han trur at det har gått gale med kameraten, Fritz. Einaste måten å berga livet på no er å åleine finna fram til folk. Han byrjar å trakka nedover att. Han heldt litt lenger til høgre denne gongen. Det ser høgt og bratt ut utfor, ned dit han trur det må finnast folk. Eit godt stykke lenger nede ser det ut til å væra mogeleg å ta seg ned. Det går seint nedover. Det snøar tettare og tettar. Han finn eit tilisa elvefar langt der ned. Ei lita redning. Han tek til å fylja dette. Det snor seg slakt nedover og tålig greitt å fylja. Det er langt på dag no og tek til å mørkna. Elvefaret går ut i eit islagt vatn. Han heldt innved breidda til høgre. Brått ser han konturane av eit hustak stikka opp or snøen eit stykke opp for vatnet. Kan det væra sant? Er han berga. Sjanglande og trøytt ber det oppover. Huset er lite. Han finn der døra er og grev vekk snøen med fingrane. Døra er ikkje låst! Den går innover og han kjem seg inn. Eit kaldt nake utsæl er det han ser. Det går ei dør vidare innover. Han slenger seg utmatta ned på den eine av sengene der inne.

Omlag slik kan det ha skjedd. Dramatiseringa bygger på det me har av historiar frå hende.

Me speidar nedover det solbada landskapet ned mot Torvedalen. Det ser stupbratt ut utfor kanten. Ned mot Dyratoni litt lenger nord mot Kjæringanosi ser det betre ut. Det er her dei lokalkjende tek sek opp og ned. Men ofte er ikkje denne vegen nytta no. Nede i Torvedalen ser me dei to små sæla stikka opp or snøen. Eit stykke til venstre for desse buktar eit nedsnødd elvefar seg nedover mot Eksestjørna og Eksestølen. Eksestølen ligg bak eit høgdedrag og kan ikkje sjåast herifrå.


Ein overlevande

Walter Schwarze, han i selet på Eksestølen, vaknar brått til borti senga og famlar etter pistolen som han framleis har i hylsa i beltet. Han høyrer lyden av folk utanfor, og nokon som snakkar norsk. Han retter pistolen mot døra som opnar seg der ein mann kjem til syne, og straks ein til. Dei retter opp armane når dei ser våpenet hans. Det er Olav Gullbrå, styrar ved kraftstasjonen på Evanger, som er på veg heim til Gullbrå for å feira nyttår med familien. Dette er kortaste vegen via Brekkhus over Øvrafjellet. Saman med han går skreddar Nils Ekse. Dei forstår så mykje at tyskaren må ha hjelp til å koma seg til folk. Sein utpå kvelden kjem alle tre til gards på Ekse. Lars Ekse gjev tyskaren mat og losji. Olav forset heim.

Dagen etter har dei fått tak i ein tysk-kunnande Bergensar til tolk. Tyskaren fortel at han har vore mannskap på eit fly som har styrta oppe i fjellet. Ein av kameratane overleve også styrten, men er truleg død etter å ha rutsja utfor på veg ned, fortel han. Kan nokon få sendt eit telegram? Om kvelden nyttårsaftan står ein kar frå Gullbrå i tunet hjå Jakopo på Flatekvål, der telefonen er. Ein må ned dit skal ein i telefonen. Maria prøver å lesa det som står på arket mannen dreg fram. Ho skjøna det er tysk. Få tak i læraren seier ho, han kan tysk. Kåre Flåskjer blir henta utved Dalastova. Etter litt har dei fått kontakt med den tyske overkommandoen i Bergen, og telegrammet blir diktert.


Rute med "runde prikkar" til høgre: Skituren som er bakteppe for historia.
"Gul rute": Ruta til Walter Schwarze, slik den kan ha vore.
"Lilla rute" til venstre: Ruta til Fritz Albrechts som ramla utfor, slik den kan ha vore.
"Lilla rute" til høgre: Ruta dei døde blir frakta ned til Gullbrå.
Ein overlevande til

Han som rutsja utfor kjem til seg sjølv iskald liggjande i snøen. Kor lenge han har ligge veit han ikkje. Kroppen verker, men bein og armar er heile. Han tek til å ropa, men det er ikkje så lett med den knuste kjeven. Han får ikkje svar. Oppatt nakne berget er uråd å koma. Nedi snøen finn han att fallskjermen han har bore på. Han tek til å kliva vidare nedover. Det går seint, og enkelte stadar ser det høgt og uframkomeleg ut. Men ned kjem han. Er det to hustak han ser der nede? Kanskje hjelpa er nærmare enn han trur? Langt om lenge er han sliten og utmatta på veg opp ein bakke mot der husa ligg. Han grev seg ned til døra på det første og kjem seg inn. Berre ei tom seng, eit par stolar, og eit bor. Ikkje mat. Ikkje folk. Men i det minste ei seng. At han er i Torvedalen veit han lite om. Eksestorvedalen.

Tilbake til notida. Dagen er på hell, skal me koma oss nedatt må me starta på nedskride. Andre nyttårsdag 1943 var omlag på same tid og stad eit fylje frå Gullbrå også på veg nedatt på ski.

Laurdag 2. januar dreg eit fylje frå Gullbrå opp til Kvitanosi, via Kjæringanosi og Storetoni. Dei er fem vaksne, og to tenåringar. Dei har vore oppe og funne flyet liggjande på rygg i snøen. Det er svært. Vengespenn på 33 meter, kroppen 24 meter lang, propellane krølla. Halepartiet er avknekt og heilt. Inne i den knuste cockpiten ser dei ein mann hanga opp-ned i setebeltet sitt. Ellers er ingen menneske å sjå. På veg nedover mot Storetoni att studerer dei terrenget under seg ned mot Torvedalen. Ned her ein stad må den sakna tyskaren ha fare. Han som skrid først har fått auga på eitt eller anna og stoggar. Jau, det er eit menneske dei ser som står og veivar der nede ved eit av sela i Torvedalen. Sjølv om det er seint tek dei det bratte renne ned Dyratoni, og kjem fram. Han er svært utmatta og ille tilreidd mannen dei finn, Fritz Albrechts. Han må til folk straks skal han bergast. Dei skiftevis bær og skiftevis dreg mannen på fallskjermen han har med frå flyet. Nordvestover og opp skardet som fører mot Kjødnaleite, og vidare om Kjødnaleitet og ned til Ekse. Endeleg varme, mat og kvile. Og kameraten Walter. No hyser Lars Ekse to tyskarar.

Me tek i staden lettaste vegen ned, og skrid på skrå tilbake nordaustover mot Kyrafjellet og ned på høgresida. Skarden er forsatt hard, sola var ikkje varm nok i dag til å bløyta den opp, så det tek på å skrida.


Dei døde blir frakta ned

Ryktet om hendinga er byrja sprei seg i bygda. Mange fekk veta om det på nyttårsfesten på Brakestad nyttårsdag. 3. januar er nokre karar frå Nesheim på veg på ski heimatt kortaste vegen om Lonane og Kvitestakken. Dei har måtta snu i Dyratoni på grunn av snøstorm i eit forsøket på å gå til vraket. Vel nede att, i lia nedanfor Brakestad, møter desse dei første tyskarane som er komne til dalen på grunn av hende. Telegrammet som blei sendte nyttårsaftan er tydelegvis kome fram. Lensmann Albert Sortevik fører an. Dei er på veg til Gullbrå. Nede på Nesheim er det fleire tyskarar. Dei har kome over fjellet frå Brekkus med ein ung mann derifrå som vegvisar, og har no okkupert stova til Lars.

Tyskarane installerer seg hjå Nils B. Gullbrå. Etter å ha henta meir proviant og utstyr dagen før, tek eit fylje av tyskarar og folk frå Gullbrå tidleg på dag tysdag 5. januar seg opp til Kvitanosi og flyvraket. Dei balar fælt med å få ut dei døde kroppane av flyet. Framre delen er knust og vanskeleg å ta seg inn i. Øks og kubein er einaste verktøya. Langt om lenge ligg fire døde stivfrosne kroppane i snøen. Fyljet har med seg to sledar, og no blir kroppane butne fast til desse, to på kvar.
Focke Wulf Condor FW 200C-4
Fire tyskarar og fire nordmenn blir fordelt på kvar slede. Den lange og strevsame nedturen til fots tek til. Dei deler den opp i økter på ein time marsj og ti minuttar pause. Seint i kveldinga er dei nede i tunet på Gullbrå att.

Dei komande dagane blir dei døde frakta ned Eksingedalen. Bilvegen sluttar innved Nordalselva innafor Trefall, der arbeidet stansa opp då krigen braut ut. Men vegen er ikkje brøyta, så frakta må gå med hest og slede. Den går i fleire etappar. Først til Nesheim onsdagen den 6. Der blir dei døde lessa av i Smiemyra. Berre litt snø blir sparka over dei, rett nok med tysk vakthald. Neste dag, torsdag 7. går ferda vidare til Flatekvål, der dei frosne kroppane blir plassert i vedskålen på Dalastova. So vidare ned dalen til fjorden fredag den 8. Fredag er båt-dag. Båten tek seg inn så lagt iskanten tillet. Dei døde blir vinsja om bord, og ferda forset til Bergen. Dei overlevande er også truleg med same båten.

Tyskarane tek seg av sine døde. På Solheim kyrkjegard i Bergen blir det begravelse på militært vis. Dei fire kistene er dekka med det tyske flagget. Det er hornorkester, ein kort tale, og så militære helsingar og skotsalvar. Gravsteinane har øverst det tysk korset med hakekorset i midten. Namna som er å lesa på dei er: Gefreiter Karl Pech 15.10.1022 - 27.12.1942, Feldwebel Ervin Kopp 5.3.1913 - 27.12.1942, Unteroffizier Adolf Liebcher 26.11.1920 - 27.12.1942, og Oberleutnant Waldemar Hackel 3.1.1915 - 27.12.1942.

I ei tysk avis står det ei dødsannonse utpå nyåret: Me har med stor sorg motteke nyheita om den heroiske døden til vår einaste son, ektemann, far, og søskenbarn, korporal Karl Pech, skyttar i ein flykvadron. Han fall i kamp 20 år gammal, på oppdrag for Føraren og det Tyske Riket. Han er gravlagd på krigskyrkjegarden i Bergen (Noreg). I djup sorg: Hermann og Anna Pech, foreldre, Gertrud Knechtel, kone, Monika og Christl, born. I namnet til alle slektningar, St. Georgenthal, Februar 1943.


Lagnaden til flyvraket

Etter nedskriet, først med utsikt austover mot Sødalen, og etter kvart vestover mot Ekse med Eksingedalen nedetter, kjem me ned mot tregrensa rett ovanfor Gullbråfossen. Det var her i Veslelida den eine motoren, som tyskarane saman med beordra bygdefolk hadde greidd å dra frå vraket og heilt ned hit, tok i veg på eigen hand til sleden vart knust til pinneved mot dei første trea den møtte. Far var med på dette. Dette var seinare om våren då tyskarane kom attende for å frakta ned deler frå vraket. Men før dette kom det også andre gjester.

Ein patrulje frå heimestyrkane på Vossestrand tek seg opp til Kvitanosi utpå nyåret. Kanskje er her "forsyningar" å henta. Inni flykroppen er det ein del store bensintankar spent fast. Mykje drivstoff som gjev lange rekkevidde er ein av dei store styrkane ved dette flyet, "Atlanterens svøpe" som Churchill kalla det. Tankane inne i flyet, fem i alt, er i seg sjølv av ein genial konstruksjon, og ein militær løyndom. Laga av finer, inni med "eggerist" innlegg for å forhindra skvalping, utanpå eit lag med hard gummi, deretter eit lag med rågummi, så eit lag til med hard gummi att, og ytst sydd med eit lag skinn. Denne konstruksjonen gjer tankane splint og skotsikre. Går ei kule igjennom lek bensinen til den møtte rågummien, denne smelta og tetta att holet. No er tankane tomme, men både gummi og lær er verdifulle produkt som dei tek med seg. Det gjer dei også med eit maskingevær som er montert i eit kuauga i flykroppen, saman med noko 7.92 ammunisjon. Ei maskinkanon i buk-gondolen er litt bøygd, men den blir også teken med. Denne blir seinare retta ut i ei skrustikke og prøveskoten i løynd ein stad på Vossestrand.


Interiør-bilete som viser dei fem bensintankane.

Så er det seinare utpå vårparten 1943. Snøen ligg framleis. Det er hard skare om morgonen, som blautnar opp utetter dagen. Til Gullbrå er det komen ein tropp alpejægrar. Igjen installere dei seg hjå Nils. Dei er flinke på ski. Oppdraget er å frakta ned ting som er av interesse for tyskarane å ta vare på. Slik som våpen, instrument og landingshjul. Og elles å øydelegga resten, slik at ingen andre kan nyttiggjera seg det.

Til å frakta ned delane blir den nye sleden hans Andreas rekvirert. Folk frå bygda blir beordra til å væra med. På første turen opp blir tyskarane høglytte og fektar fælt. Dei oppdagar at andre har vore der før dei og forsynt seg. Det blir mange turar, opp med tom selde, nedatt med ymse som er plukka ut av flyet.

Tyskarane har fått for seg at dei skal prøva å ta ned motorane, fire 1200 hk BMW-Bramo 323R-2 Fafnir ni-sylindra radial motorar. Desse er rimeleg uskadde. Dei baksar den første oppå sleden. Den er tung og uhamsleg. Folka heng store deler av tida i toga bak og på ei av sidene, for det går mest nedover og på skrå. Det ligg på grensa til det mogelege å manøvrera det svære beistet nedover. Men det går på eit vis. Heilt til den siste bratte lida ned til Gullbråfossen, Veslelida. Her misser dei kontrollen. Tyske gloser haglar, dei mistenkjer nordmennene for å sleppa med vilje. Men det er nok motoren på sleden som bestemmer, der den suser nedover på eiga hand til sleden blir knust mot dei første trea den møter. Motoren siglar endå eit stykke, til den slår seg til ro i snøen. Forsøket på å ta med motorane blir med dette skrinlagt.
Delane som kjem ned til Gullbrå blir frakta vidare ned til Nordalselva på Trefall der bilvegen tek til. Der står eit lite hus folk på Ekse og Gullbrå har sett opp som lagringsskur. Noko av tinga blir lødd inn her. Bestefar er innom og sjekkar når ingen ser han. Litt blir nok borte på denne måten, berre småting sjølvsagt, anna er for fårleg.

På den siste turen har alle fått ekstra bør med seg opp. Dei ber på TNT blokker viser det seg. Tyskarane vil sprengja det som er att og som dei ikkje vil at fienden skal få tak i. Dei tek til å surra fast sprengstoffet på motorane og på den heile bakkroppen. Så skal det sprengjast. Folk får beskjed om å søkja ly så godt dei kan. Eit inferno av metallsplintar og delar haglar i lufta. Eit under at alle kjem uskadde frå det. Betar ligg spreidde utover i eit stort område.

Ein av motorane, sik den ser ut i dag.


På veg nedatt får motoren i Vislelida same medfarten. Det hagla heimover garden på Gullbrå. Når dei pløyer i jorda kan dei i mange år etterpå finna deler frå motoren blei det sagt.

Så er oppdraget utført og tyskarane dreg. Det som er frakta ned av delar blir etter kvart henta og køyrd avgarde, no som vegen er opna etter vinteren.

Rundt på gardane går livet vidare. Det er harde krigsår enno. Ein og anna tusenkunstnar nyttiggjer seg delar han har plukka med seg heim. Leidningar, aluminiumsrøyr og plater. Lær og tjukk gummi frå bensintankane til hesteselar, skistav-trugar og skosolar.

Så nærmar påsketuren 2005 seg slutten. Me kjem nede på den ubrøyta anleggsvegen oppå Gullbråfossen. På andre sida av elva ligg geitefjøsen. Me skrid vidare ned til brua og storevegen der bilen står. Under krigen slutta bilvegen innafor Trefall, men heile dalen var ubrøyta vinterstid. No kan me leggja skiene på taket, starta opp og køyra. Det blir kaffipause på Trefall. "Ja eg kunne mest tenkja meg at du var på Kvitanosi i dag, sidan det var så fin ver", seier mor.

Sundag 31. juli 2005 er eg oppe att. No til fots frå Gullbrå om Kjæringanosi. Dagen før står det å lesa i avisa Hordaland at flyvraket skal fjernast. Det som er att skal brukast i oppbygginga av eit eksemplar av Condor modellen på eit museum i Berlin. Eg er oppe for å foreviga det eg kan med fotoapparatet før det blir borte. Eg møter fleire i same ærend. Ein er her for første gong trass i at han er oppvaksen rett nedi dalen. Forberedelsande til flytting er visst starta. Delar er alt samla i haugar. Nokon har flytta på dei for fyrste gong på over 62 år. Vraket minkar nok litt desse dagane. Skal tyskarane ta det att vil me behalda litt, tenkjer folk.
Oddlaug ved vraket.


Laurdag 13. august er eg oppe att. Denne gongen frå vegen over Nesheimsfjellet, om Vinningsleite og Kristnipo. Og siste stykk opp den raudsirkel-merka vegen frå Breihjellen, rett opp til flyet, som ein normalt går frå anleggsvegen i Volakroken innafor Brekkhus. No er vraket blitt midlertidig freda av Fylkeskonservatoren på grunn av dei sterke reaksjonane mot fjerninga. Sentralbordet i avisa Hordaland har gløda. Men Forsvarsmuseet har tenkt å anka vedtaket melder dei. Dei har eit museum i Berlin dei skal stå til rette for. Fyrst 12 dagar seinare, den 25. august, blir dette anke-varslet trokke attende.

Lite visste dei om denne striden, dei som 62 år før prøvde å berga livet med ei naudlanding her. Og lite om at flyet deira kom til å bli freda 62 år seinare som krigsminne.


Turen til vraket

Turen til flyvraket på Kvitanosi kan gåast frå flere stadar. Den finaste turen er nok frå Gullbrå via Kjæringanosi. Denne tek omlag 3 timar opp. Ein startar då frå annleggsvegen oppå Gullbråfossen. Den kortaste vegen er frå anleggsvegen inni Volakroken innafor Brekkhus. Siste stykke opp frå Breihjellen er merka med raude sirklar. Ein kjem då rett opp til flyet. Denne tek 2 timar pluss. Ein kan og gå inn via Vinningsleite og Kristnipå frå vegen over nesheimsfjellet. Dette er nok tyngste varianten av desse 3. Fleire turalternativ austfrå finns, eksempelvis opp frå Sødalen.


Dei tre vegane til Kvitanosi som er beskrevne over. Flyet er vist med eit lite fly-symbol.



Tidsline for Kvitanos flyet, desember 1942 - august 2005.

Søndag 27/12 1942 om kvelden: Dei høyrer flydur over Ekse og Gullbrå. Eit stort fly med landingljosa på blir observert. Seinare viser det seg at det var søndag kveld flyet styrta

Måndag 28/12: Kommandoen på Sola ved Stavanger melder at ein maskin frå .I. Gruppe Kampfgeschwader 40. (KG 40), formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær.

Tysdag 29/12: Søket blei forsøkt gjenoppteke, men meldinga lyder seinare på dag: "Søk resultatlaust avbrote".

Same dag: Styrar på kraftverket på Evanger, Olav Gullbrå, saman med skreddar Nils Ekse, kjem på veg frå Evanger og Brekkhus over Øvrafjellet og finn ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen (det er mogeleg dette i staden var dagen etter, onsdag 30/12). Tyskaren får hjelp ned til Ekse og blir der innlosjert hjå Lars Ekse.

Onsdag 30/12: Ein tysk-kunnande Bergensar som er innlosjert på Gullbrå er tolk. Det viser seg at tyskaren er sersjant Walter Schwarze, mekanikar ombord i eit tysk bombefly som han fortel er styrta i fjellet like ved. Ein overlevande kamerat rutsja utfor eit stup og blei borte i på veg ned. Flyet viser seg å væra av type Focke Wulf FW 200C-4 Condor, fabrikknummer 0140, modell kode F8+AK.

Torsdag 31/12: Ein mann frå Gullbrå kjem til Flatekvål med eit telegram som skal sendast til den Tyske overkommandoen i Bergen. Kåre Flåskjer, lærar i bygda og tysk-kunnande, sender telegrammet. Det inneheldt blant anna: "Unsere Mitglider besatsung sind alle tot" (heile medbesetninga er alle døde). Ein tysk rapport frå desse dagane viser også til at berre ein overlevde, og at ein var sakna og fire var drepne.

Laurdag 2/1: Fyrste "ekspedisjonen" av folk frå Gullbrå er oppe og leitar etter flyet. Dei finn flyvraket i ein slak skråning på vestsida på Kvitenosplatået. Sannsynlegvis i eit forsøk på å naudlanda har eine vingen slege mot ein stor stein og heile flyet er tippa rundt og blitt liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefeste har brotna av og er heilt. Dei ser ein omkomen flygar hengja oppned i den knuste cockpiten. Då dei passerar Dyratoni på veg heim ser dei eit menneske stå å veiva nede i Torvedalen. Dei tek seg ned Dyratoni og finn ein svak og sterkt skada tyskar ved eit sel der. Dei tek han med seg ned til Ekse ved å delvis dra han og delvis bæra han i ein fallskjerm han har med frå flyet. Det viser seg at dette er den sakna sersjant Fritz Albrechts, mekanikar på det styrta flyet.

Sundag 3/1: Ein tysk patrulje kjem med lensmann Albert Sortevik i brodden. Nils N Nesheim treff dei i Brakestadlia etter at han og nokre andre har måtta snu på grunn av snøstorm i ei forsøk på å ta seg opp på Kvitenosi.

Tysdag 5/1: Dei døde blir etter mykje strev hogd ut av vraket og blir transportert ned til Gullbrå på kjelkar, to på kvar.

Onsdag 6/1: Dei døde blir kjørde med hest og slede til Nesheim. Denne dagen melder kaptein Gebhardt til overkommandoen i Bergen at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze og sersjant Fritz Albrechts.

Torsdag 7/1: Dei døde blir kjørde vidare til Flatekvål.

Fredag 8/1: Dei døde blir kjørde vidare ned dalen. Dette føregår også med hest og slede då vegen ikkje var brøyta i dalen om vinteren under krigen. Fredag er båt-dag. Båten går så langt inn som isen tillet. Ferda går vidare med båt til Bergen. Båten er truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

Januar 1943: Dei døde blir begravd på Solheim Kyrkjegard i Bergen. Desse er: Oberleutnant Waldemar Hackel (pilot, kaptein), Unteroffizier Adolf Liebscher (pilot), Feldwebel (sersjant) Erwin Kopp (telegrafist) og Gefreiter (korporal) Karl Pech (skyttar)

Januar - februar 1943: Heimestyrkane frå Vossestrand får høyra om hende og er oppe. Eit maskingevær frå et .ku-auga. og noko ammunisjon blir teke med. Det blir også ei bøygd maskinkanon frå buk-gondolen, som seinare blir retta og prøveskote. Dei tek og med deler av bensintankane dei finn inni flykroppen. Her kan lær og gummi nyttast.

Februar 1943: I ei avis i St. Georgenthal står ei dødsannonse for ein av dei omkomne, Gefreiter (korporal) Karl Pech, skyttar ombord i det styrta flyet

Våren 1943: Mang ein nysgjerrig og skigåar tek turen opp til flyet. Ein og annan del blir nok ruska laus og tatt med heim.

Måndag 3/6: Ein tropp alpejægrar kjem og stasjonerer seg på Gullbrå. Dei transporterer ned delar frå flyet. Til hjelp rekvirerar dei folk frå bygda.

4-9/6: Deler blir transportert ned til Gullbrå med slede, og vidare ned til bilvegen på Trefall, som no er open. Dei prøver seg blant anna på å få ned motorane, men gjev opp etter at den første dei prøver seg på fær på eiga hand nedetter lida på ein slede.

Torsdag 10/6: Tyskarane er oppe ved vraket siste turen for å henta ned deler. Dei sprenger då delar av flyet pluss motorane.

Fredag 11/6: Resten av delane vert frakta ned til bilvegen på Trefall. Tyskarane dreg etter fullført oppdrag.

1943 - 2005: Over 62 år går. Mang ein turgåar har i alle desse åra hatt flyvraket på Kvitanosi som eit kjært turmål. Vraket har nok minka litt med åra på grunn av ein og anna suvenir samlar. Dei store flatene på dei forholdsvis heile vengene er blitt til minnebøker med namn, dato og årstal rissa inn.

Laurdag 30/7 2005: Avisa Hordaland har ein artikkel på framsida som fortel at flyvraket skal fjernast. Det er eit museum i Berlin som vil ha delane til eit fly av denne type som dei heldt på å byggja opp. Sjølv om den militære Condor modellen blei produsert i 262 eksemplar under krigen, fins ingen att no. Museet er svært interessert i vengene og halen. Det er dette som er best bevart på Kvitanosi. Dette kjem heilt uventa. Ingen i bygdene rundt har fått veta om desse planane. Flyttinga skal skje med helikopter ned til Brekkhus, og med bil vidare. Fjerninga vil kanskje allereie ta til i veka etter.
Frå vraket i dag.
2/8: Etter sterke reaksjonar frå folk både i Eksingedalen og Vossebygdene mot fjerning, vedtek Fylkeskonservatoren midlertidig freding av vraket slik at saka kan utreiast betre.

15/8: Det er Forsvarsmuseet som styrer flytte-prosjektet frå norsk side. Dei melder at dei vil anka fredingsvedtaket.

24/8: Forsvarsmuseet trekkjer tilbake anke-varselet. Flyet blir difor etter alt å døma varig freda som krigsminne av Riksantikvaren. Det er no ikkje lenger lov å plukka med seg delar.


Kjelder

I januar 2005 starta eg på ei side på internett om flyet på Kvitanosi: www.trefall.com/kvitanosi/. Mykje av kjeldene er å finna der. I løpet av levetida til denne nettsida har eg fått fleire henvendelsar med nytt og nyttig stoff som er blitt lagt til.

Dei forskjellige kjeldene avvik litt på datoar og hendelsesforløp, slik at historia som her er fortald er ikkje alltid er heilt "i takt" med alle kjeldene. Men avvika er heller små.
  • Nils N Nesheim fortel, henta frå nettsida www.trefall.com/kvitanosi/.
  • Far, Håkon Trefall, fortel, henta frå nettsida www.trefall.com/kvitanosi/.
  • Informasjon henta frå www.wk2.info, ein no nedlagd nettstad laga av ein etterkomar av den drepen KarlPech.
  • Ein artikkel i jolenummeret til avisa Hordaland frå 1987 under tittelen "Flystyrt på Kvitanosi jolaftan", signert Nk.
  • Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik, to artiklar:
    • Flystyrt på Kvitanosi 27/12-42 fortalt av Nils Gullbrå
    • Flyet som prøvde å naudlande på Kvitanosi fortalt av Kåre Flåskjer.
Bilete og kart:
Kopirettigheitar til karta brukt i denne artikkelen: Belanor AS.
Alle foto og montasjar frå notid: Kåre Trefall.
To arkiv foto av Fw 200: Kjelde ukjend.

[neste] [forrige] [innhald]
[utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>