[neste] [forrige] [innhald] [hovedinnhald] [utskriftvenlig side]

Astri, mi Astri


Den norskætta amerikanarinna Deb Nelson Gourley gav i 2004 ut boka Astri, my Astri. Den inneheldt 16 tospråklige, svært personlige og angasjerte artiklar om det å finn ætta si i Norge, og om Norge og Amerika. Tipp-oldefaren hennar var Johannes Larson Hjørnevik, den einaste overlevande av familien Hjørnevik frå Evanger, i Belmont-massakren 24. august 1862, Jackson County, Minnesota, USA. Johannes gifte seg seinare med Ingeborg Nilsdotter Ekse, dotter til bror av ein av mine tipp-tipp-oldefedre.

Ein av artiklane i "Astri, my Asrtri", artikkelen "Du er en Hjørnevik, men hvem er du?", handlar om Belmont-massakren. Dette er den fasinerande historie om korleis Deb som den første heimatt-vendte Hjørnevik har med seg den triste historia om dei som drog i 1861. Den spanande og tragiske historia om kva som skjedde denne søndagen i august 1862, då tipp-tipp oldefar og tipp-tipp oldemor hennar blei myrda av Sioux indianarane, saman med mange andre nybyggjarar, blandt anna Johannes Knutson Ekse frå Eksingedalen, bror til ein annan av mine tipp-tipp-oldefedre, og fleire frå Teigdalen, Evanger og Bolstad.
Artikkelen sto første gong på trykk i "Fillmore County Journal" i Minnesota. Den kom so i utvida utgåve i boka "Astri, my Astri", og var ogso på trykk i "I Sogeskrift for Vassvøri sogelag 2005".

Eg anbefalar på det varmaste å lesa boka til Deb. Meir om denne, og om Deb, finn du på www.astrimyastri.com.

Eg håpar ar Deb gjev meg løyve til å publsera artikkelen "Du er en Hjørnevik, men hvem er du?".
Så langt finn du berre ein tekst eg skrev etter å ha lese Deb si bok.

Fotoet av Johannes Larson Hjørnevik med kone Ingeborg Nilsdatter Ekse og born tilhøyrer Deb.


Ein biltur til Eksingedalen etter å ha lese Deb si historie om tippoldefar sin frå Hjørnevik
Av Kåre Trefall.

Det er ein kaldt januarkveld i 2006. Det heldt på å mørkna. Eg set i bilen etter endt arbeidsdag på veg frå Stanghelle og skal besøka heimstaden min, Trefall i Eksingedalen, ein tur. Snaraste vegen er opp til Evanger, so Teigdalen og Nesheims-fjellet. Busett austpå, men med sambuar som tek vidareutdanning i Begen i form av vekes-samlingar denne vinteren, har det blitt uvanleg mange vestlandsveker. Og arbeidet mitt kan eg ta med meg.

På andre sida av fjorden ligg Furneset. Herifrå kom Lars Larsen Furenes.

Snart passerar eg Bolstad. Ikkje det at eg er kjend her, men sidan morfaren min tenestegjorde som dreng i sin tidlige ungdom i Geilane, noko som han likte å fortelja om på sine gamle dagar, er eg likevel litt kjend. Og syskenbarnet hans, dikar Olav Nygard, bygde seg eit hus her på Horvei, hjå kollega Knut. Dei dreiv med høns i lag for å få pengar til mat so dei kunne skriva.

Større versjon av kartet her.
No set eg imidlertid i andre tankar, og tenkjer på korleis det gjekk med Ole Olsen frå Fyre her ved Bolstad som drog til "det lova landet" i 1861. Og korleis det gjekk Lars Larsen Furenes.

Om litt kjem eg opp i vestenden av Evangervatnet og passerar Hjørnevik. Husa ligg der i myrkret. Kven bur her no? Kven som budde her i 1972 har eg nett lese om. Og om nokre av dei som budde her i 1850-åra og som drog herifå ut i den store verda for å finna sin skjebne der.

Eg kom over ei bok skreven av ei norsk-ætta jent født og oppvaksen i Amerika, Deb Nelson Gourley. I boka "Astri, my Astri", fortel ho spanande og fasinerande historiar om sine norske røter, og ikkje minst historiar om korleis ho har funne fram til forfedrane sine. Tipp-tipp oldefaren hennar utvandra frå Hjørnevik rundt 1861, saman med andre sambygdingar frå Bolstad, Rasdalen, Evanger, Teigdalen og Eksingedalen. Dei heldt nok litt i hop i det nye landet og, desse sambygdingane.

I historien "Du er ein Hjørnevik, men kven er du?" fortel ho den fasinerande historien om korlei ho over hundre år seinare kjem til slekta på Hjørnevik som den første "heimatt vendte". Med seg i bagasjen har ho også eitt leitt bodskap: om at dei som drog blei myrda.

24. august 1862 blei mor og far til det to år gamle barnet Johannes Hjørnevik drepne av Sioux indianarar. Det vesle barnet overlevde der det låg inntil den døde mora. Den foreldrelause Johannes blei tatt hånd om av familien Lars Nilson Ekse. Seinare gifte Johannes seg med ei Ekses jente, Ingeborg Nilsdatter Ekse, dotter av Nils Nilson Ekse, og dei blei etter kvart tipp-olde-foreldra til Deb. Nils Nilson Ekse f. 1835 var bror til min tipp-oldefar Jon Nilson Ekse f. 1822 (så Deb's tipp-tipp-tipp er min tipp-tipp).

Denne augstdagen i 1862 var det fleire frå bygdene eg no kjøyrer gjennom som måtte lata livet. Folk frå Fyre, frå Hjørnevik, frå Mestad og Langeland i Teigdalen, og frå Ekse i Eksingedalen.

Det er blitt natt før eg startar opp att den kalde bilen i tunet på Trefall. Det er byrja å snøa og blåsa. Det var isete veg over Nesheimsfjelletr då eg kom over tidligare på kveld, so no er eg litt bekymra for om eg kjem meg opp Nesheimslia med nysnjo oppå isen. Eg burde nok køyrt tidligare. Men kvelden har gått fort. Og praten gått om mangt. Ogso om Amerika fararar. Mor fortel om tanta til mor hennar, Agate Lavik som drog i 1904, at ho var på besøk i gamlelandet i 1954, og at ho då ogso var på Trefall ein tur. Far fortel at han hugsa at mor hans og Vetlen på Ekse ein gong snakk om at det ikkje alltid gjekk so bra for dei som drog. Men han hugsar ikkje detaljar frå det som blei sagt. So det er uvisst om dei i gamlelandet visste om den dramatiske hendingar då Johannes Knutson Ekse f. 1833, bror til ein annan tipp-oldefari, Jon Knutson Ekse f. 1819, blei drepen av indianarane.

Garden Ekse i Eksingedalen som Johannes Knutson Ekse kom frå.
Sjølv om føra er glatt, svingar eg oppover dalen. Oppå Hagaleite ser eg uteljosa heime på Ekse, staden Johannes kom frå. Eg kjøyrer opp i tunet på Gullbrå og snur. På tilbaketuren forbi Ekse stoppar eg opp og ser opp mot garden Johannes vaks opp. Drepen 24. august 1862 i huset til Ole Fyre, i den frodige og vakre Des Moines dalen i Jackson County, Minnesota, USA, der han og familien hadde starta "det nye liv", noko som i starten ogso kunne sjå ut som "det gode liv". Alfred bur no på garden, på bruk 2, Ekse, Eksingedalen, Norge. Johannes var bror til Alfred sin oldefar Jon Knutson, min tipp. Husa ligg myrke, og snødrevet har auka på.

Nei eg må koma meg vidare. I dei skarpaste svingane opp Nesheimsliad er det so vidt eg greier å halda farten oppe. Hjula ligg og spinn på isen med nysnjo oppå. Men opp kjem eg, og Brekkhuslida ned går det greit berre eg tek det med ro. Vel nede i Teigdalen passerar eg snart husa på Langeland. Her er og berre uteljosa på no. Knut Langeland som kom herifrå miste kone, to døtre og to søner 24. august 1862. Eg skimtar dei lange flate bøane utetter. Dei blei for små til å fostra alle som vaks opp her, nokon måtte finn andre stadar å livnæra seg. Om litt passerar eg gjennom tunet på Mestad, Knut Mestad og kona Brita vart og drepne.

På Evanger kjem eg inn på stamvegen og svigar til høgre vestover mot Bergen, snart passerar eg igjen Hjørnevik Billyktene lyser inn i ein kvit vegg av snøføyke. Eg må blenda ned for i det heile å sjå noko. Turen vidare mot Stanghelle går endå seinare.

Nokre dagar etter kjøyrer eg same vegen No ligg naturen bada i sol. Vinden stilna før siste snjoen la seg, og skog og fjell ligg der som i eit vintereventyr-land det kan væra vanskeleg å forstå at nokon kunne forlata. Denne gongen må eg kjøra rett fram når eg passerar Evanger, der skiltet med "Eksingedalen" pekar nordover inn til venstre. For no bær ferda mot Voss og vidare austover. Slik er det når ein har "utvandra".


Johannes Jørnevik & Ingeborg Ekse Jørnevik

[neste] [forrige] [innhald] [hovedinnhald] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>