[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]

version 1.0

Ekse

Dei 4 bruka (1, 2, 4 og 5) på heimebøen på Ekse, + bruk 8 Kvannafossen.
Innleiing

Frå Ekse kan me mest tala om ei masseutvandring. Då eg oprinneleg talde over dei enkelte gardane i Evangerboka kom eg til 22 for Ekse. Etter no å ha brukt fleire kjelder, som utvandrings protokollar, skipslister, Ellis Island, og kontakt med etterkomarar, er talet vakse til 49, av desse 31 vaksne fødde og oppvaksne på Ekse. Resten er borna deira (borna er talde med faren for at dei berre skal bli tekne med ein gong når ein tek for seg dalen samla). Av desse kom 5 heimatt, så talet på dei som blei blir då 44, av desse 18 born. Talet på born er nok for lite, somme av desse er funne ut frå passasjer lister for overfartsbåten, andre frå amerikanske kjelder. Tek ein også med ektemake blir talet 65.
Ei usikkerheit i talmaterialet er at sjølv om ein blei registrert i utvandrings protokollar i Norge er det ikkje sikker at ein verkeleg drog. Eg har prøvd å samanhalda dei forskjellige kjeldene for å finn rettast mogeleg informasjon. Men eg har so langt ikkje gått til botnen og granska kjyrkjebøker og anna, dette for koma ved eit seinare høve. So tala og opplysningane du finn her vil nok kunna endra seg litt. Det er ogso meininga å leggja lenkar til kjelde-opplysningar i kvart tilfelle, dette for og koma seinare.

Den første pulja dreg i 1856, 5 sysken og syskenborn oppvaksne på bruk 1 og 4, med familiar.

Til Ekse si utvandrar historien høyrer også dei meir dramatiske hende. Ein av dei som drog blei drepen av Sioux indianarane, i lag med fleire vaksne og born frå Teigdalen og Evanger-bygdene, då omlag 800 nybyggjarar lei same skjebne i løpet av ei kort veke i august 1862 i sør-vestre Minnesota, i den såkalla Belmont massakren. Meir om dette er å lesa her.

Nokre av dei som drog høyrde ein heller ikkje noko til meir til.

Tek vi utgangspunkt i ein av familiane, Jakob Jonson Ekse, f. 1726, og kona hans Gjertrud Knutsdotter Bergo, f. 1738, som var brukarar på Ekse i tida 1767 til 1783 (dette var før garden ble delt opp i fleire bruk) kan vi telja meir enn 40 av hans blod som drog til Amerika frå Eksingedalen og Teigdalen. Seks av desse blei drepte i Belmont massakren 24. august 1862 av indianarane.


Utvandringa


John Jakobson Ekse f. 1758, son til over nevnte Jakob Jonson, gift med Ingebjørg Knutdsotter Trefall f. 1765, og var neste brukarar. Av borna deira drog ein:
  • Jakob Johnson Ekse f. 1806, utvandra: 1867
    Han var gift med Brita Jakobsdotter Trefall f. 1804, og var dei "eldste" som utvandr. 63 og 61 år gamle drog dei i 1867. Jakob var før dette husmann på Trefall.
    30. april 1867 reiser dei frå Bergen til Quebec med ankomst 31. mai, med barken Brødrene. På same passasjerlista er også Brithe, 26 år, og Lars, 20 år, begge Exe, og begge born av Jakob og Brita.
Ole Johnson Ekse f. 1803, broren til Jakob Johnson, hadde og ein son som drog, sjå under "Husmenn".

Knut Jonson Ekse f. 1793, ein annan av brørne, blir fyrste brukar på bruk 4. Fire av borna hans dreg. Ein av desse blir drepen av indianarane. Sjå under "Bruk 4".

Bruk 1

Nils Jonson Ekse f. 1800, broren til Jakob, Ole og Knut nemde over, var gift med Ingebjørg Jakobsdotter Trefall f. 1798, og blei neste brukar på bruk 1. Dei hadde 9 born som vaks opp. Av desse drog 5 til Amerika, ein av dei kom seinare heimatt:
  • Knut Nilsson Ekse f. 1824, utvandra: 1889
    Han reiste fyrst til Vik i Sogn i 1860, og utvandra derifrå til Amerika. Det er sannsynlegvis han vi finn utvandra 25/4 1889 frå Bergen, 62 år (gjev fødselsår 1827) og "Arbeider", med "Hv. Stjernen".

  • Lars Nilsson Ekse f. 1826, utvandra: 1856
    Han var gift med Anna Eriksdotter Berdal f. 1825, og reiste til Amerika. Deb Gourley (sjå under) tidfester dette til 1856, sannsynlegvis samtidig med syskenborna Nils og Johannes Knutson, og Gjertrud og Brita Knutsdotter, alle frå bruk 4. Dei slo seg ned i Big Canoe-settlementet, Winneshiek County, Iowa. Seinare flytta dei ca 3 mil nordaustover til Blackhammer, Spring Grove, som ligg over grensa til Minnesota.

    Etter Belmont Massakren 24. august 1861, der syskenbarnet til Lars, Johannes Knutson Ekse f. 1833 (sjå bruk 4) blei drepen av indianarane, tok dei til seg og fostra opp Johannes Larson Hjørnevik f. 14/1 1861. Han var einaste att av familien sin i Amerika etter at foreldra, Lars Larson Hjørnevik og Anna Knutsdotter Rjode, begge blei drepne av indianarane i Belmont massakren .
    [Kjelda er Deb Gourly som har gjort eit grundigt arbeid her (sjå www.astrimyastri.com). Johannes Larson Hjørnevik er tippoldefar til Deb.
    Andre kjelder seier at barnet dei fostra opp var son til dei drepte Lars L. Furnes og kona hans Anna.]

    I 1880 folketeljinga finn me Lars og Anna Exe busett i Black Hammer, Houston, MN. Saman med dei bur dottera Britha f. 1865 og dottera Maria f. 1867.

    I utvandrabladet Vossingen hefte 28 1928 --> finn vi spor etter ei dotter til Lars og Anna:
    Ingeborg Fadness, Nils H. Fadness's hustru, døde den 19de oktober 1927 og blev begraven paa Big Canoe kirkegaard den 24de oktober. Hun var født i Pleasant Township, Winneshiek County, Iowa, den 9de oktober 1859 og var datter af Lars Exe og hustru. Blev i 1878 gift med Nels Henriksen Fadness. Boede i Pleasant Township paa farm, til de for nogle aar siden flyttede til Decorah. De hard havt 13 børn, hvoraf 9 lever

  • Jakob Nilsson f.1829, utvandra: 1859.
    Han var gift med Ragnhild Knutsdotter Langeland f. 1821. Dei var fyrst innerstfolk på Brekkus. Dei hadde 2 born.
    I 1859 utvandra heile familien til Amerika.
    Dei to borna var:
    • Ingeborg Jakobsdotter, f. 1851, gift med Jakob Henrikson Fadnes. Dei blei farmarar i Big Canoe strøket, Winnesheik County, Iowa.
    • Sigrid Jakobsdotter, f. 1855, blei gift med Arne E. Arneson (Saue). Han dreiv salmakarverkstad i Fargo, Nord Dakota.

  • Nils Nilson Ekse f. 1835, utvandra: 1860
    Han var gift med Kari Hermundsdotter Nese. Deb Gourly tidfester utvandringsåret til 1860. Sansynlegvis busette dei seg i Big Canoe og seinare Blackhammer. Noko som talar for dette er at ei dotter dei fekk, Ingeborg Nilsdotter Ekse f. 1863, seinare gifta seg med det overlevande barnet frå Belmont Masakren, Johannes Larson Hjørnevik, som broren Lars fostra opp i Big Canoe, og seinare Blackhammer som dei flytta til.

    I 1910 folketeljinga finn me Nels Exe i Black Hammer, Houston, MN, saman med kona Karie Exe f. 1837.

  • Knut Nilsson Ekse f. 1837, utvandra: 1869
    Han var gift med Brita Simonsdotter Gullbrå f. 1839, og var husmann på Gullbrå i 1865. Desse er å finna på passasjerlista til skipet "Maryland" frå Bergen 23. april 1869 til Quebec 30. mai. Saman med dei er også barna deira: Ingeborg f. 1861, Nils f. 1863, Ingeborg f. 1865 og Simon f. 1867.

    I 1880 folketeljinga finn me Knut Exe buande i Black Hammer, Houston, MN. Kona Brita bur der ikkje, og er sansynlegvis død. Saman med han bur imidlertid borna Engeborg (Ingeborg) f. 1861, Nils f. 1863, Senren (Simon) f, 1968 (skal væra 67?), Britha f. 1862 i Iowa - noko som tyder på at ho var født i Big Canoe-settlementet, Winneshiek County, Iowa - sjå Lars Nilson over. Pluss døtrene Jertina f. 1873, Anna f. 1875 og Lina f. 1877.

  • Torkjel Nilsson Ekse f. 1839, utvandra: år ukjendt
    Han drog til Amerika og var der ei årrekkje, men kom heimatt og døydde på Ekse i 1921, fortel Evangerboka.

Neste brukar var Jakob Nilson Ekse f.1820, bror til syskena nevnte over og, gift med Gjertrud Larsdotter Nesheim, f. 1821. Dei hadde 9 born som vaks opp, og av desse drog 6:
  • Ingeborg Jakobsdotter Ekse f. 1846, utvandra: 1872
    Ho er på passasjerlista til briggen Christopher Columbus frå Bergen 23. mai 1872 til Quebec 1. juli. Angitt reisemål: Karson, Minnesota. Ho var gift med ein mann frå Flatekvål (då Modalen kommune). Dei er oppførde i Evangerboka som farmar Sør Dakota.

  • Lars Jakobson Ekse f. 1849, utvandra: 1871
    Han vart farmar i Oldham, Sør Dakota. Han var gift med ei frå Telemark.

    Me finn han i 1900 folketeljinga buande i Spring Lake, Kingsbury, South Dakota, saman med kona Ann f. 1854 og borna Jakob f. i 1879 i Nord Dakota, Nellie f. 1883, John f. 1884, Thea f. 1886, Emma f. 1887, Anna f. 1890 og Mary f. 1891 pluss tjestepike Nellie Exe f. 1883.

    Me finn spor etter Lars Jakobsen på Ellis Island, New York, der han er registret ved tilbakekomst etter eit besøk i Norge. Han kjem tilbake 17. juli 1908 med skipet Mauritania via Liverpool, som gift, Amerikansk statsborgar, farmer, og som skal til Oldham, (Madison), Sør Dakota.

    I 1910 folketeljinga finn me Lars J Exe og Anna Exe og borna John, Thea, Emma, Annie (Anna), Mary, pluss sonen Jakob Larson Ekse f. 1879 i saman med kona Carg Ekse f. 1887 i Sør Dakota, og borna Justine f. 1908 og Martin f. 1909, alle buande i Spring Lake, Kingsbury, South Dakota.

  • Brita Jakobsdotter Ekse f. 1855, utvandra: 1881
    Ho er å finna som utvandra frå Bergen 29/4 1881, 26 år og ugift. Evangerboka fortel at ho var gift med Torkjel Jonson Gullbrå f. 1847, frå bruk 4 på Gullbrå, og at dei vart farmarar i Sør Dakota.

    Spor etter Torkjel og Brita finn vi då John Sammson Gullbrå f. 1885, son til Torkjel si syster Brita f. 1852, ankjem Ellis Island, New York, 24. april 1906. Han oppgjev at han skal til onkel Torkjel Johnson (Gullbrå), Bradley, Sør Dakota. (John blir seinare forøvrig gift med Elisabet Helgesdotter Ekse som og utvandra i 1906, sjå under.)

  • Dortea Jakobsdotter Ekse f. 1857, utvandra: 1882
    Ho drog 25/4 1882, 24 år og ugift "gårmandsdatter", frå Bergen med "Allan Line" Evangerboka fortel at ho der vart gift med Kristian Nelson frå Dannmark, og at dei var farmarar i Sør Dakota.
    Saman dreg også broren Jakob, sjå under.

  • Knut Jakobson Ekse f. 1859, utvandra: 1878
    Han dreg 1/5 1878, 19 år og ugift, med "Gouin Line", "gårdmand med bilett fra Amerika".
    Me finn Kund Jacobson Exe ankoma New York 21. mai 1878 reiserute frå Liverpool, England og Queenstown, Ireland med skipet Montana.
    Evangerboka fortel at han vart Farmar i Sør Dakota saman med kona Brita Hansdotter, Skjervheim frå Vossestrand.

    I 1910 folketeljinga finn vi Knud J Ekse og Brita Ekse f. 1875 i Eden, Codington, SD, saman med borna Jakob f. 1896, Hans f. 1897, Nils f. 1889, ?? C f. 1900, Ingvald f. 1901, Gjertina f. 1902, Louis f. 1903, Clara B f. 1905, Christine H f. 1906, Oscar f. 1907, Enoch f. 1908, Anna E f. 1910.

    I 1930 folketeljinga bur Knut og Brita Ekse fortsatt i Eden, no med borna Jakob, Nels (Nils), Ingvald, Lewis (Louis) (f. 1903), Oscar, Enick (Enoch), Ester f. 1810 (Anna E?), Ruben f. 1915, og Julia f. 1917.
  • Jakob Jakobson Ekse f. 27/4 1860, utvandra: 1882
    Han dreg 21/4 1882 frå Bergen 22 år og ugift "husmandssøn" med "Allan Line".
    Saman dreg også systera Dortea, sjå over.

    I Amerika studerte Jakob frå 1883 til 89 ved Red Wing College og Seminar, og blei så prest ved Ft. Ranson, Nord Dakota til 1896. Siden var han prest i Henrichs, Minnesota. Frå 1907 var han viseformann for Hauges Synode.
    Han blei gift i 1889 med Inger Sørum f. 1862, og dei dreiv og fram i Hendrichs. Kona si slekt kom frå Luster i Sogn.

    I 1900 folketejinga bur Rev. Jakob Exe og Inger Exe (f. i Main) i Lake Hendricks, Brookings, South Dakota saman med borna Justin f. 1891 (født i Nord Dakota), Josephga (?) f. 1893, Ida f, 1895 og Ingvald f. 1897.

    Jakob var heime i Norge på besøk i 1923 i forbindelse med Voss sitt 900 års jubileum, noko som er å lesa om i utvandrarbladet Vossingen nr 2-3 i 1823. I den anledning finn vi han på returbåten 14/9 1923 som Mr. Riverend Jacob J Exe, prest i Amerika, skal til Hendricks Minnesota, er "US-citizen", og "Været hjemme paa besøg".
    Han ankjem Ellis Islan New York 25/9 med Stavangerfjord frå Stavanger.

    I 1930 folketeljinga bur Jakob og Inger Ekse saman med dottera Ida fortsatt i Lake Hendricks. Sonen Justin bur ogso der og er gift med Rose H Ekse, f. 1887 i Minnesota. Dei har borna Adelin f. 1921 og James f. 1924.

I Vossingen 2-3 1923 står å lesa:
Pastor J J Ekse fra Amerika predigede
søndag 18de aug i Evanger kirke,
i hvilken han var døbt. Søndag den
2den september predikede han i
Nesheim kapel, Eksingedalen.

Etter dette går bruket ut av denne slekta, men både bruk 2, 4 og 5 forblir i slekta, sjå der om andre slektningar som drog.


Bruket blir kjøpt av Helge Knutson Trefall f. 1840 [eg har ikke funne kvar Helge Knutson egentleg kjem frå - nokon av dykk som veit det?] [oppdatert 15/5 07: Kan dette væra løysinga? sjå her], som no kaller seg Helge Knutson Ekse, og er gift med Mari Gulleiksdotter Nedre Helland i Modalen, f. 1857. Av dei 9 borna deira som veks opp dreg 4:
  • Elisabet Helgesdotter Ekse f. 1885, utvandra: 1906
    Ho reiste frå Bergen 16/5 1906, 21 år og ugift, og skal til Hayfield Minnesota. Ankomst Ellis Islan New York 3. may med skipet Campania frå Liverpool. Evangerboka fortel at ho og mannen John Samssson Gullbrå f.1884. blei farmarar i Washington.

    Mannen (som endå ikkje er det) John Sammson Guldbraa f. 1884 kjem til Ellis Islan New York 24. april 1906 med skipet Campania frå Liverpol, og oppgjer at han skal til onkel Torkild Johnson (Gullbrå) i Bradley, Sør Dakota.
    Med på denne båten er også søskenbarnet til John, Johan (Bergeson) Guldbrå f. 1886(5?), som skal til onkel Jakob Ekse, Bradley, Sør Dakota. Sjå meir om dette under bruk 4.

  • Anna Helgesdotter Ekse f. 1886, utvandra: 1904
    Ho reiste 15/9 1904 18 år og ugift, reisemål Carson Minnesota, med "Cunard pp". Evangerboka fortel at ho vart gift med Robert Gerth, og at ingen hørde noko meir frå dei.

  • Gulleik (Gullac) Helgeson Ekse f. 1894, utvandra: 1915
    Han reiser frå Bergen 27/3 1915, 21 år og ugift, reisemål Imma, Alberta, Br. Canada, og at han skal til familie (svoger).
    Evangerboka seier han blei farmar i Amerika.

  • Brita Helgesdotter Ekse f. 1895, utvandra: 1913
    Ho reiser 29/8 1913 18 år og ugifr, reisemålet er Rugby, Nord Dakota, og at ho reiser til familie, med Den Norske Amerikalinje III. Evangerboka seier ho vart gift med ein C.G. Busch.

    På same båten er ogso Lars Larson Trefall f. 1891 22 år og ugift, også med reisemål Rugby, Sør Dakota, og som oppgjev "reiser til familie".
Bruk 1 blir so i 1921 seld til Lars Larson Trefall f. 1891 frå bruk 3 på Trefall, som var komen heimatt frå Amerika etter 8 år der, for å finna kone og dra bort att. Men kona han fann, Bertina Larsdotter Trefall f. 1905, ville ikkje til Amerika. (Sjå om dette ogso under "Trefall".) Så blei Lars bonde på bruk 1 Ekse, Eksingedalen, Norge i staden. Det er av hans etterkomarar som i dag driv bruk 1.
Bruk 2

Bruk 2 blir skild ut frå bruk 1 i 1875 ved at Jakob Nilson f. 1820 (sjå over) skøyter det på sonen Nils Jakobson f. 1853. Seks av syskena dreg. Ingen frå bruk 2 dreg til Amerika. Bruket er i dag dreven av ein etterkomar (ikkje i rett linje).
Bruk 4

Bruk 4 blir skild ut frå bruk 1 i 1812 ved at Jon Jakobson Ekse, f. 1758, skøyter det over på sonen Knut Jonson Ekse f. 1793. Knut Jonson er såleis bror til Jakob Jonson Ekse f. 1806, som er ein av dei "eldste" som dreg til Amerika frå Ekse, og Nils Jonson bode bruk 1 (sjå i starten av Bruk 1 over).
Knut Jonson Ekse f. 1793 (og ein av mine tipp-tipp), blei gift med Brita Simonsdotter Nesheim f. 1794, og dei hadde 7 born som vaks opp. Fire av desse drog til Amerika. Ein av desse døyr etter 5 år i det nye landet, ein annan blei drepen av indianarane etter 6 år:
  • Simon Knutson Ekse f. 1822, utvandra: 1872
    Han var gift 1852 med Marta Mathiasdotter Berge frå Voss f. 1828. Han hadde vore fargar på Evanger, før dei i 1872 drog til Amerika. Simon reiste med briggen Christhoper Columbus 23. mai 1872 frå Bergen til Quebec 1. juli, med dottera Sigvor. Kona Marta ser ikkje ut til å væra med på denne båten. Opgitt reisemål: Karson, Minnesota.
    Halvsøstera Sigvor Knutsdotter er også med på denne båten, sjå under.

  • Jakob Knutson Ekse f. 1827(25?), utvandra: 1875
    Han blir gift i 1852 med Brita Bergesdotter Gullbrå f. 1825 - og dei var busette innerst på Gullbrå - seinare på Sevalstad i Teigdalen.
    Etter at Brita døydde ein gong før 1861, gifte Jakob seg oppatt med systera til Brita, Sigrid Bergesdotter Gullbrå f. 1829. Dei flytta fyrst til Fosse bruk 2, sidan drog dei til Amerika.
    Jakob reiser 31/5 1875 frå Bergen, gårdmand (48) f. 1827, med kone Sigri Bergesdotter Gullbrå f. 1837 og born Knut Jakobson Sevalstad (24) f. 1851, Lars Jakobsen Exe (11) f. 1864, Torkild Jakobsen Exe (7) f. 1868, og Brita Jakobsdotter Exe (4) f. 1871.

    Spor av Jakob finn vi då Johan (Bergeson?) Gullbrå f. 1885(2?), ankjem Ellis Island, New York, 24. april 1906, og oppgir at han skal til onkel Jakob Ekse, Bradley, Sør Dakota. Sjå meir om dette under bruk 1.
    Johan er sannsynlegvis den son til Berge Johnson Gullbrå f. 1843 bruk 4, som Evangerboka nevner blir gift med Anna Knutsdotter Ekse f. 1882 som utvandrar 28/5 same året, sjå bruk 4.

    Sannsynlegvis er det Jakob som er beskrevet slik i utvandrarbladet Vossingen 1 1923 under overskrifta "Kraftige Karer" blant vossene fra Koshkonong: Jacob Exe kunde, naar det kneb om hjelp i træskningen gribe en sæk i hver haand for at tømme den, og han hyrede aldrig nogen mand at staa i halmstakken. Sligt smaateri sørget han for selv. Henrik Fadnes (Hendrikson) vilde ikke staa tilskamme heller og tog en hvedesæk under hver arm og dansede "kraaka" med dem bortover gulvet!

  • Gjertrud Knutsdotter Ekse f. 1828, utvandra: 1856
    Ho var gift i 1849 med Knut Knutson To f. 1818 og utvandra frå To i 1856. Dei blei farmara i Minnesota.

  • Nils Knutson Ekse f. 1831, utvandra: 1856
    Han var gift i 1851 med Brytteva Jonsdotter Mestad f. 1826, utvandra i 1856 til Amerika med 3 born: Berta f. 1851, Knut f. 1853 og Nils (Store Nels) f. 1855. Dei fekk to born til i Amerika: John f. 1859, og Nils (Vesle Nels) f. 1861. Dei slo seg ned i Big Canoe-settlementet, Winnesheik County, Iowa. Nils døydde der i 1861, og kona Brytteva gifta seg då med broren Johannes.

  • Johannes Knutson Ekse f. 1833, utvandra: 1856
    Han utvandra i 1856 til Amerika saman med broren Nils der han ogso slo seg og ned i Big Canoe-settlementet, Winnesheik County, Iowa. Sannsynlegvis reiste samtidig med broren Nils, systera Gjertrud, halvsystere Britai, og syskenbarnet Lars Nisson frå bruk 1.

    Då broren Nils døydde i 1861 gifte Johannes seg med enkja Brytteva. Dei drog i 1861(2?) vidare vestover for å finn betre land, og busette seg i Jackson County, Minnesota, i den fruktbade Des Moins dalen. Hit kom dei saman med fleire frå Teigdalen, Evanger og Vosse-bygdene. Johannes blei her drepen av indianarane 24. august 1862 i den såkalla Belmont massakren. Meir om dette er å lesa her.

Vesle Kråke, leiar for Sioux opprøret 1862
der Johannes Knutson Ekse blei drepen
Knut Jonson gifte seg i 1834 oppatt med Ingebjørg Davidsdotter Gullbrå f. 1804. Av dei 4 boran dei fekk saman og som vaks opp, dreg 3 til Amerika:
  • Brita Knutsdotter Ekse f. 1835, utvandra: 1856
    Ho vart gift i 1854 med Jakob Olson Nesheim f. 1824, og utvandra til Amerika i 1856.
    Ho er i å finna 25/5 1894 på reis frå Bergen til Amerika på båten Campania som "enke etter Inderst". Ho ankjem Ellis Island, New York, 14/5 1894, og har tydlegvis vore heime i Norge på besøk.


Campania i 1893.
  • David Knutson Ekse f. 1840, utvandra: 1874
    Han var fyrst gift med Gjertrud Jonsdotter Langeland f. 1842, og var gift for andre gong med Gjertrud Jakobsdotter Trefall f. 1850.
    David og kone nr. 2 dreg 9/5 1874 frå Bergen til Amerika på "Bergen Line", med seg har dei borna Brita på 8 (f. 1866) og Gjertrud på 1 (f. 1873).
    Dei ankjem New York 26. mai 1874 med skipet Harald Haarfagre.

    Vi finn David Knutson Exe att i Dodge County i Minnesota der han får papir på at han er blitt Amerikansk statsborgar (6/8 1897?) (final Naturalization).

  • Sigvor Knutsdotter Ekse f. 1847, utvandra: 1872
    Sigvor reiste med Christhoper Columbus 23. mai 1872 frå Bergen til Quebec 1. juli, opgitt reisemål: Karson, Minnesota. På same båt er også halvbroren Simon, og syskenbarnet Ingeborg Jakobsdotter (sjå bruk 1).


Neste Brukar blei Jon Knutson Ekse f.1819, bror og halvbror av over nevnte sysken. Han var gift med Elisabet Jakobsdotter Trefall, f. 1922. Av dei 11 borna dei fekk drog eitt:
  • Brita Jonsdotter Ekse f. 1847, utvandra: 1869
    Ho utvandra til Amerika i 1869 saman med mannen Knut Jakobson Trefall f. 1844.
Bror til Brita, Nils Jonsdotter Ekse f. 1859 gifte seg med Anna Jonsdotter Trefall f. 1868, og blei bonde på bruk 2 på Trefall. Dette blei mine oldeforeldre.

Neste brukar var Knut Jonson Ekse f. 1845, og var bror til over nevnte Brita og Nils. Han var gift med Sigvor Jonsdotter Gullbrå f. 1849. Av dei 9 borna deira som vaks opp drog sansynlegvis tre, men to kom att, den eine for å overta bruket (bruk 4), den andre for seinare å overta bruk 5.
Med dottera Anna kuliminerer "masseutvandringa" frå Ekse til Amerika:
  • Anna Knutsdotter Ekse f. 1882, utvandra: 1906
    Ho reiste 25/5 1906 24 år , reisemål Torento Sør Dakota, "reiser ti familie derover", på grunn av "bedre fremtids utsikter". Evangerboka fortel at ho var gift med ein son til Berge Gullbrå.

    Dette er sannsynlegvis Johan (Bergeson?) Gullbrå f. 1885(2?), som ankjem Ellis Island, New York, 24. april 1906, og oppgir at han skal til onkel Jakob Ekse, Bradley, Sør Dakota.

  • Johannes Knutson Ekse f. 1876, ute å reiser i 1894
    Det er sansynlevis Johannes vi finn som "Johan Knutsen Ekse f. 1876", som reiser frå Bergen 20. mars 1894.
    Johannes gifter seg i Norge i 1903 med Ragnhild Samsondotter Gullbrå, og overtek bruk 5 i 1920 frå onkelen (Jakob Jonson Ekse f. 1850), sjå bruk 5.

Neste brukarar blei John Knutson Ekse f. 1884, bror til over nevnte Anna og Johannes.

Men det ser ut til at også John var over ein tur:
  • Vi finn nemleg ein John Knutson Ekse f. 1884 som reise frå Bergen 2. April 1902, og ankjem Ellis Island, New York 19. april med skipet Campania via Liverpool, og skal til Sherman(?), Sør Dakota.
    Han reiser saman med Johannes (Bergeson?) Gullbrå, f. 1882? (19), som også skal til Sherman, SD, til broren K Guldbrae, som då må væra Knut Bergeson Gullbrå f. 1874, og som i fylje Evangerboka utvandra i 1893 og vart bonde i Estelines, SD.
    Johannes Bergeson blei i fylje Evangerboka farmar i Irma, Alta, i Canada. Han er bror til "Johan" som er gift med Anna Knutsdotter (om det då ikkje er ein og same person - her må litt meite detektivarbeide til).

Som sagt: det ser ut til at John Knutson Ekse tek seg ein amerikatur, før han returnerer og i 1916 overtek bruk 4 på Ekse, og i 1917 gifter seg med Anna Sofia Johannesdotter Tunestveit frå Haus f. 1897.

Det er ein av sønene til John og Anna Sofie, Alfred Johnson Ekse, som driv bruket i dag.
Bruk 5

Bruk 2 blir skild ut frå bruk 4 i 1881 ved at Jon Knutson Ekse f. 1819 (sjå bruk 4 over) skøyter det på sonen Jakob Jonson f. 1850. Ingen frå bruk 5 dreg til Amerika.

Trudde eg. Heilt til eg finn:
  • Jakob Jonson f. 1850 på tur til Amerika 20/4 1875 med Allan Line, ugift, og med "Handelskarle reisetilladelse". Året etter er han og på veg til Amerika 19/4 1876, då med Nord Amerika som heimstad, og folk frå Nesheim, Brekkhus og Langeland i reisefylje.

Jakob Jonson Ekse gifter seg i 1879 med Gjertrud Johnsdotter Gullbrå f. 1856, og blir bonde på bruk 5 i 1881.

I 1920 blir bruk 5 overtatt av brorsonen til Jakob, Johannes Knutson Ekse f. 1876. Som det framgår over, ser det ut til at også Johannes hadde vore ein Amerikatur.


Bruk 8 Kvannafossen

Jakob Nilson Ekse f. 1857 gifta seg 1911 med Marta Helgesdotter Ekse f. 1890, frå bruk 1. Bruk 8 blei til ved at far til Marta delte det frå bruk 1 i 1911. Ingen dreg til amerika frå bruk 8.

Men før dette hadde Jakob vore i Amerika.
  • Jakob Nilson Ekse hadde vore farmar i 27 år i Amerika då han kom att via Vik i Sogn i 1911. Dette seier Evangerboka.

    Han er å finn på veg tilbake til Amerika 2/6 1905, 48 år ugift, farmar og amerikansk statsborgar, reisemål Bradly, sør Dakota, med "Cunard linje", og merknad "vært paa besøg".
    [Var Jakob 27 år i Amerika utvandra han i 1884. Ei mogelegheit er at han utvandra som barn og var farmar i 27 år før han returnerte. Her må undersøkja meir!]


Husmenn
Ole Jonson Ekse, f. 1803 er bror til Jakob Jonson Ekse f. 1806 som er nevnt som "den eldste" frå bruk 1 som utvandrar til Amerika (sjå starten på bruk 1). Han blei gift med Ragnhild Olsdotter Tveite frå Vossestrand f. 1821, og Ole blir husmann på Ekse. Dei hadde eitt barn som vaks opp, og han drog til Amerika:
  • John Olsson Ekse f. 1851, utvandra: 1872
    Han drog til Amerika i 1872 og ble framar. Han blei gift i 1881 med Ingeborg K. Ekse [kven er dette?].

    Me finn John O. Exe i 1880 folketeljinga i Black Hammer, Houston, MN, saman med kona Engeborg (Ingeborg) og dottera Ragnhild f. 1879.

    Me finn han på retur til Amerika 14/11 1917, 66 år og farmar og handelsmann, reisemål Lake Preston, Sør Dakota, med Bergensfjord, ankomst Ellis Island, New York, 25/12 1917, og merknad "været hjemme i Norge paa besøg". I Ellis Island protokollen er "Lake Preston" overstryke og retta til "Pierre".

[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>