[attende] [utskriftvenlig side]

Frå Gullbrå til Kvitanosi første påskedag 2005.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Ein strålande dag. Turfylgje hadde aldri vore her før, og let seg inponera!
Etter å ha surra med "Kvitenos sida" hadde turen denne gongen det "målet" å fotografera frå "flyet" på vinterstid. Sjølve flyet ville nok væra nedsnjoa. Men sidan dette hende midtvinters ville det vore kjekt å sjå plassen også på "rett årstid". Til lokalisering av plassen skulle GPS-en brukast. Koordinata var behørleg registrerte i fjor sommar.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå kvar ruta gjekk.
Etter ei rast på Kyrafjellet og fotografering av Kjæringanosi, og Dyratoni mot Torvedalen der dei overlevande sansynlegvis tok seg ned, gjekk turen vidare til toppen på 1433 moh. Ei oppleving å sitja her å sjå utover det vakre vinterlandskapet. Lønahorgi i sør, Eksingedalen i nord og nordvest.
Turen gjekk so vidare til flyet, som no sjølvsagt var nedsnjoa. Det ligg 855 m i luftlinje frå toppen, peiling 350 grader, dvs 10 grader til venstre for "nordvest". Høgde 1342 moh. Posisjon (WGS84): UTM: 32 V 349779 6741228, bredde/lengde (gg mm ss.s): N60 46 41.1 Ø6 14 28.3. Ein ser ikke denne staden frå toppen då det skrånar litt vestover ut mot kanten.

Turen til Kvitanosi er liksom "Skituren" med stor S i Eksingedalen. Turen tek ca 3 til 3 1/2 time opp og 1 til 1 1/2 time nedatt. Eg snakka med ein som kom frå Vosse-sida. Han hadde brukt 5 timar frå Bavallen.

[attende]

Til Kvitanosi frå Gullbrå om vetteren.

Høgdeprofil for turen frå brua på Gullbrå, til toppen, vidare til flyet, og nedatt i same veg som opp.
Start 570 moh. Kyrafjellet 1223 moh. Toppen 1433 moh. Flyet 1342 moh.

[attende] [utskriftvenlig side]

Vinningsleite, Kristnipa, Kvitanosi, Gullbrå 13.08.2005.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Denne turen starta på opp Vinningsleite frå vegen over Nesheimsfjellet. Eg hadde fått turen anbefalt av Trygve Nilsen som hadde gått den før i sammar. Eg visste om den merka ruta som kjem opp på sør-vest sida av Kvitanosi rett opp til flyvraket. Eg visste den kom nede få Vola sida, og hadde "merka av" staden der den klatra seg opp om kanten. Turen mellom Vinningsleite til eg fann der eg trudde vegen tok seg opp var heilt ukjendt. Eg hadde lagt opp ruta på kartet på førehand og lasta den opp til GPS-en, og dette blei ogso ruta eg fylgde.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå kvar ruta gjekk.
Meir beskrivelse kjem ..

[attende]

Vinningsleite, Kristnipa, Kvitenosi, Gullbrå.

Høgdeprofil for turen.

[attende] [utskriftvenlig side]

Frå bilvegen inne i Volakroken rett nedanfor dammen, mot Kvitanosi.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Etter som eg bur i Kongsberg, tek eg av og til ei ekstrem-veke lenger vest. Og denne veka i september 2005 var ekstrem. Ekstremt når det gjeld nedbør!! I Fana rauk det med menneskeliv. Der eg var var, var det ikke verre enn stengde vegar. Dette var tysdag og onsdag. No var det blitt laurdag. Veret var betre enn på lenge.
Men me var litt seint ute. Kl 13:20. To hyggelege damer forklara oss retninga mot Kvitenosi etter at me hadde parkerte etter ein svært vakker biltur frå Brekkhus til Volakroken rett fø dammen. Og me la i veg.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå vegen.

Ned frå bilvegen kryssa med elva. Jakttid no, fleire telt og kamping-bilar i dette ærend sto parkert langs ein kjøyrbar veg som svinga seg ned her. Ein tydeleg sti svinga seg opp til høgre for elva som kjem ned Snjodalen. Og snart var me oppe i Snjodalen. I dag passar navnet. Det er byrja og snjoa.

Framfor oss ligg Kvitanosberget, og me skal ut til vinstre. Me vel å gå til høgre opp snjofonna som ligg der i frå i fjor. Vel oppe går det skrått nedover. "Ja men her skal det skrå oppover og nordover, ikke bratt nedover" seier eg. Eg har glømt bort Bjørndals-kjeften. Då eg var 15-16 år kom eg frå Ekse opp via Torvedalen og Toni hit saman med Jon, yngste bror min. Me låg i telt her i Bjørndals-kjeften, og gjekk vidare via Kaldavatnet og havna opp neste natt i telt på Tvinde-stølen. Men dette var "mannsaldrar" sidan no ...

Ned lia, kryssa "Bjørndals elva", og opp ei bratt li på andre sida, og brått var me der eg tudde me skulle væra i stad: eit svakt stigande dalføre nordvestover. GPS-en fortalde at me gjekk rett mot vegen opp til flyvraket som eg hadde kome i sommar. Då via Vinningsleite og Kristnipa. Denne vegen er godt merka med raude sirklar. Men no låg det 3-4 cm med nysnjo, så sti og merking var vanskeleg å sjå.

Skodedde var det og, og brått dukka det opp to jægrar ut av denne skodda. Forblåste lura dei fælt på kva me gjorde i fjellet utan våpen, den eine med ei rjupe hangande bakpå sekken. Det var finare før i dag, sa han. Han lura litt på vegen, dei hadde bilen same stad som oss. Me forklarte det beste vi kunne.

Me fortsatte vidare. Vinden hadde me i ryggen, so at dei me møtte såg so forblåste ut skjøna me førts då me snudde oss. Og vinden hadde gradvis auka på etter kvart som me kom høgare. Me var oppe eit stykke over 1200 meter no. Flyvraket ligg på 1330-40 meter. Vinden auka på, og sikta minka. Og klokka gjekk. Stopp og diskusjon. Tok me til vit snudde me. Me tok til vit.

So tok me til å fylja spora våre tilbake. Så lenge dei ikkje var blåst att. Men å snu utan forretta sak var hardt! Einaste trøysta var at resten av stien opp på Kvitenos-platået hadde eg gått ein gong før. I sommar då eg kom frå vegen over Nesheims-fjedlet, via Vinningsleitet og Kristnipa. So no hadde eg "full kontroll" på vegen opp frå Volakroken ogso (sjå kartet til høgre over (klikk på det)).

Etter kvart som me kom lågare løya vinden. Skodda letta litt så tilbake i Bjørndals-kjeften såg vi nedover den bratte ville Bjørndalen. Vi stogga der stien kryssa elva. Fram med parafin-brennaren, og nok vatn til to "Mr Lee" blei koka opp. Eit herremåltid! Avslutta med sjokolade og kaffi. Litt depping over at målet ikke blei nådd, men turen var trass alt behørleg regisstrert og kartlagd via GPS-en.

Vel Nede ved bilen viste "bil termometeret" 2 gradar. Godt å få på seg tørt tøy!

[attende]

Forsøk på Kvitanosi frå Volakroken.
Slik blei turen:

Itensjonen var å gå opp til flyvraket, men snjostorm stogga dette:

Her turen vist i forhold til ein tur frå Nesheimsfjellet, ogso vist med bilvegen inn via Brekkhus/Århus:

Høgdeprofil for turen Volakroken ti flyvraket.

[attende] [utskriftvenlig side]

Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.
Klikk på kartet til høgre for å sjå ruta.

Dette turen kan sterkt anbefalst! Parkerer ein ved oppgongen til Nesheimsstølen, kan ein planleggja slik at ein returnerer frå Ekse, der turen endar opp, til Nesheim med buss, og kan rusla forbi kyrkja og bort å henta bilen etterpå.

Turen startar opp vegen til Nesheimstølen. Fin og lett sti, med flott utsikt mot dalen. Forbi Nesheimsstølen tek du så sørover opp langs høgre sida av elva. Det går umerka sti, pass på å finn og fylg denne.
Vel oppe i skaret kjem du rett på den gamle ferdslavegen som Ekse og Gullbrå brukte til Brekkhus, Øvrafjellsvegen. Denne går nordaustover. Enkelte plassa kan den væra litt vanskeleg å finna, pass på å gå "meir til høgre enn du trur", spesiellt ein plass der det er eit lite oppklyve som er fort å gå forbi. Stien stig fint innover. Etter ei tid dukkar Kvitenosa opp i synsfeltet. So etter kvart får ein fin utsikt mot Eksestølen. Stien går ned og kryssar elva som kjem or Eksestorvedalen. Her ligg murane etter dei gamle sæla på Eksestølen. Vidare går stien langs vatnet og bort dit sæl og hytter står no.

So bær det vidare opp Tjørnaleitet, og ein får fin utsikt mot Eksingedalen att. Sæla på Trefallstølen ser ein godt med kikkert. Ned Eksestølsvegen er det lett å gå, og elva kan kryssat på hengebrua heime ved husa på Ekse. Pass på å "knyta opp" grinda inn på brua på rett side (venstre), så ropar ikkje ho Birgit ;) (eller var det høgre? Ho Birgit ropte i alle fall).

[attende]

Turen vist på kartet.


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>