[neste] [forrige] [innhald] [hovedinnhald] [utskriftvenlig side]

Denne artikkelen sto fyrste gong på trykk i Vaksdal Historielag si årbok 2006.


Om Traefald i Amerika,
og om å finna slekt via internett

Av Kåre Trefall


Frå ein farm ved High Lake. Kyrkjegarden ligg bak dei mørke pinjetrea i horisonten til høgre.
Foto: Janet Young


High Lake, Iowa, USA, hausten 2006

På High Lake-Jack Creek kyrkjegarden står det ein gravstein med innskrifta: Askel Traefald, født 16. februar 1830, død 25. januar 1916. Under står det: kone Ingeborg Opheim, f. 10. juni 1829, død 19. mars 1911. Kyrkjegarden ligg ved innsjøen High Lake, i High Lake Township ved byen Wallingford, Emmet County, i staten Iowa, USA.

Kyrkjegarden ber preg av å væra lite i bruk. I den eldste grava ligg ein Ole Enderson, død i 1862. Den yngste grava er under året gamal, og står pynta med friske blomar. Det er mange stadar glissent mellom steinane. Somme er vanskeleg å lesa, dei fleste er greie: Brita Traefald, Bryngel Rokne, Bertha Knudson, Lars Olson, Aletta Jacobson. Kvar kom dei frå desse?


Askel og Ingeborg si grav. Foto: Janet Young

Me er i det som litt missvisande heiter Midtvesten i USA. Kyrkjegarden, ein stor grøn firkanta grasvoll, er omkrinsa av skog mot nord, aust og sør. Gjennom skog-gjerdet i aust skimtar me myrlende og ein liten innsjø, omkrisa av meir skog. Mot vest, på andre sida av N34, vegen som passerar forbi nord-sør, ligg den vakre High Lake innsjøen. Elles er det det flate uendelege landskapet som dominerar. Ein ser kilometer etter kilometer ut mot horisonten. Innimellom er horisontlina broten av husa på ein farm. Markene er dekka av korn og soyabønner.

Det var indianarland her, prærie, før nybyggjarane strøymde inn litt før 1850. Emmet County "county" tilsvarar fylke i Norge - blei grunnlagt i 1856. Til High Lake Township var langt dei fleste som kom nordmenn, med eit lite innslag av andre skandinavar, litt tyskarar, og polakkar. I 1900 er det ein Vossing som har ansvaret for å telja opp dei som bur her. "Bryngel K Rokne, Enumerator" står det å lesa øverst på kvar side i manntals-protokollen.

I nordvest, ned frå Jackson County i Minnesota slyngjer Des Moines elva seg inn i Emmet County, Iowa. Der oppe, ved elvebreidda, nord for byen Jackson, måtte Eksingedølen Johannes Knutson Ekse lata livet, saman med fleire frå Teigdalen og Evanger, ein augustdag i 1861. Indianarane prøvde å ta tilbake landet sitt. Fyl me Des Moines elva vidare nordover kjem me etter kvart til Highwater Township, Cottonwood County, Minnesota.


Utsikt over det flate landskapet ved High Lake. Foto: Janet Young


Ein stad på Atlanteren, mai 1866

Det hadde nett lysna av dag. Askel står og ser utover det endelause havet. Det blæs friskt no, det slær i segla, og skipsdekket under han hiv kraftig på seg. Nede under dekk der han nettopp kom opp frå, er folk sjuke. Mange har vore sjuke, meir eller mindre dei siste fire vekene. 29 dagar tel Askel det til, sidan dei forlet Gamlelandet. Verst er det at vesleguten Sjur har feber. Greier han resten av reisa? Kapteinen, Bertelsen, sa i går at det ville ta ei til to veker til før dei er framme i Quebec.

Skipet er barken Fido av Arendal, og tilhøyrer rederiet Herlof Herlofsen. Det forlet Bergen 25. april 1866. Ombord er 374 passasjerar på veg til "Det Lova Landet", mange av dei er frå Vossebygde. Det er tronge og kummerlege forhold under dekk.

Askel har tenkt på mangt desse siste vekene. Det har vore tid til slikt. Han hadde vore heime og besøkt far og mor før han drog. Gått frå Sundve på "Strondne", der han og kona Ingebjørg budde med Sjur på 1 år og Knut 6. Askel var dreng der. Kome over fjellet om Torvedalen og heim til Gullbrå, stogga litt hjå halvbroren Jakob, han bur der med kona Marta og 3 born. Og vidare ned til garden han var fødd på for 36 år sidan. Faren hadde tre år før Askel blei fødd vore til Århus i nabodalføret Teigdalen og funne seg ny kone, etter at fyrste kona, Gjertrud døydde frå han. No er faren, Knut på 79, og mora, Elisabeth på 63, kårfolk hjå John og Kari på Trefall. Dei "fylgde med" då garen blei seld. Broren Helge, 15 år yngre enn Askel, bur og der. Det var tungt å ta farvel. Mora græt. Ville dei sjå han att nokon gong? Dei trudde ikkje det. Det var so mange som drog no om dagen. Det var ikkje alle ein høyrde meir frå.

Inni seg tek Askel og farvel med dette landskapet han kjenner så godt. Vatnet, Trefallsnova, Åse, Geitanese, Røyrdalen, litt innafor den tek vegen på stølen opp. Men det er so tronge kår for familiane her. Deterr for lite jord til å fø fleire. Og so desse andre på Sundve, der dei no bur, som skulle reisa. Dei hadde teke "Den Store Avgjerda". Jau, han angra ikkje. Men det heldt hardt at dei greidde billetten.

Askel kjenner ei kald lita hand smyga seg inn i si der han står og heldt seg i rekka. Det er sonen Knut på 6 som er komen opp på dekk. Kjem me fram i dag? spør han. Nei, svarar faren, og blir ståande taus.

16 dagar seinare, 9. juni ankjem dei Quebec, etter 46 døgn på havet. Derfrå går turen vidare vestover mot Minnesota.


Garden Trefall i Eksingedalen der Askel var fødd. Foto Kåre Trefall


High Lake-Jack Creek kyrkjegarden 22. mars 1911

I dag står Askel igjen her på kyrkjegarden i High Lake. Det har vorte litt for mange gonger dei siste åra. Han er gamal no, han går i sitt toogåttiande år. I dag er ein tung dag. Kona Ingeborg blir lagd i jorda. Det er 47 år sidan dei vart vigde ein fin junidag i 1860 i Oppheimskyrkja på Vossestrand heime i Norge, Ingeborg Torgilsdotter frå Nedre Oppheim, og han. Mangt har skjedd sidan då.

I 17 år har dei levd her i High Lake, dei siste fem åra hjå dottera Lena, født Helena i 1874 i Minnesota, no gift Fisher, saman med henne, mannen hennar og barna deira. Før det budde dei på farmen sin saman med dottera Martha, gift Kutz, og familien hennar. Ho var og født oppe i Cottonwood, Minnesota, der dei dreiv farm i nærare 24 år, etter at dei kom over frå Norge i 1866. For seks år sidan stod Askel og kona her på kyrkjegarden og tok farvel med Martha som døydde så brått.

Litt seinare det året tok dei farvel med veslejenta Ester, knapt månaden gamal, dotter til sonen Knut og kona. Eldstesonen Knut som var født heime i Norge i 1861. Og to år etter Ester var dei her att, då for å ta farvel med, Emma, nygift Jacobson, 19 år, ogso dotter til Knut.

Dottera Marta og sone-dottera Ester hadde fått kvar sine kvit hjarteforma gravstein. Askel ser bortover mot dei fine steinane.

Det var sonen Knut som gjorde at dei flytta hit ned til Emmet County Iowa, frå Minnesota. Han hadde funne seg kjæraste og gifte seg her i 1884 med Martha, dottera til Bryngel Knudson Rokne og kona Inger, som utvandra frå Voss så tidlig som i 1850, og som har budd her i High Lake sidan i 1866. Etter at Askel og Ingeborg flytta hit i 1890, gifta ogso sonen Sivert, eller Sever som han no kalla seg, med ei anna av Rokne døtrene, Britha Johanna. Men Britha døydde so alt for fort ho og, og etterlet seg mann og to born, Albert og Martin. Borna bur no hjå den andre bestefaren deira, Bryngel.

Sonen Knut og familien er no flytta opp til Kanabec County, Minnesota, og driv farm der, men i dag er han her for å ta farvel med mora.


Gravsteinen til Askel si dotter Martha. Foto:Janet Young

Det blir mange tankar om dei som er borte, ein slik dag. Sårast for Askel er den fyrste dei mista, Sjur, vesleguten, også fødd heime i Norge. Snart er det min tur, tenkjer Askel. Eg skulle så gjerne sett att fjella heime fyrst. Her er so flatt her, ingenting å kvila augo mot. Dei hadde snakka om dette, han og Ingeborg den siste tida. Men det blei aldri tid eller råd til eit besøk i Gamlelandet. Og der lever det knapt nokon som hugsar dei lenger, trur dei.

Seremonien er ferdig, det vesle fyljet på High Lake kyrkjegarden løyser seg opp.

5 år seinare kjem ein ny gravstein påkyrkjegarden i High Lake, og fyljande dødsannonse er å lesa i avisa Esterville Weekly Enterprise, 26. januar 1916:

TRAEFALD, Askel K.
A. K. Traefald, som har budd i Emmet County dei siste tjueseks åra, sovna inn i heimen til dottera, Mrs. William J. Fisher, i Wallingford i gå kveld i ein alder av 85 år, 11 månadar og 10 dagar. Han var fødd 16. februar 1930 i Norge. Då han kom her til landet, busette han seg i Cottonwood County, Minnesota, der han budde til han flytta hit til Emmet County. Han budde på farmen sin inntil for omlag ti år sidan, då han flytta for å bu hjå dottera, Mrs. Fisher. Han har tre jenter og fem gutar som framleis lever. Mrs. Fisher er no det einaste familiemedlemet som bur att her i distriktet.
Gravferds-seremonien vi bli halden i Wallingford, og kista lagt til kvile på High Lake kyrkjegarden. Pastor Severson vil forretta seremonien.


Internett, september 2006 (eller: Jakta på Askel og Ingeborg)

Ein dag dukka det opp ei knapp linje i gjesteboka mi på www.trefall.com: "Could Traefald and Trefall be related" (kan Treafald og Trefall væra beslekta) stod der, pluss e-post adressa til ein som heitte Traefald. Eg svara han prompte på e-post at dette let sannsynleg. På den tid folk dreiv og utvandra frå Eksingedalen til Amerika, skreiv dei frå Trefall seg for Træfald. Dette var og det offisielle namnet i dokumenter og skrift. I engelsk språk skrivs æ "ae", stundom berre "a". So ein utvandra "Trefadling" ville naturleg skriva seg for Traefald. Om han då ikkje kutta ut heile stadnamnet og kalla seg Knudson eller Johnson i staden. Dei fleste gjorde det, diverre for oss som i dag prøver å finn kvar dei blei av desse som drog.

"Kvar er du frå, og kva forbindelse har du til Norge?" spurde eg vidare i e-posten, sjølv om eg hadde ein mistanke. Mr Traefald er ein ordknapp mann, han svara denne gongen spanderte han to setningar - "I was living in Minnesota and my grandfather was from Norway. His name was Clarence Traefald" (eg budde i Minnesota og bestefaren min var frå Norge. Namnet hans var Clarence Traefald).

Eg starta i desember i fjor (2005) å leggja ut litt stoff eg hadde funne fram om utvandringa frå Eksingedalen til Amerika. Systera til bestefar utvandra so seint som i 1913. Ho heitte då Kari Yksendal, født Trefall. Men likevel hadde familiane på begge sider av Atlanteren mista kontakten med kvarandre. Brått låg der ei helsing i gjesteboka mi frå eit barnebarn av Kari. Noko som resulterte i at ein del historiar om livet til den nygifte og nyutvandra Trefall/Oksendal familien blei samla og lagt ut på sida mi. Min trufaste medspelar, Hugo Solhaug, son av ei utvandra "Eksinne", rett nok berre utvandra til Sogn, hadde kome i kontakt med andre utvandra Oksendalar. Etterkomarar av ein syskenflokk frå nabobruket til der Kari vart gift i Yksendalen, der dei fleste av syskena utvandra. Og nye historiar om livet "over there" blei samla og lagt ut.

Eg har slite med å finna fram til etterkomarar til andre av dei omlag 13 som eg så langt hadde funne utvandra frå Trefall. Ein av grunnane er dette med namn. Kalla ein seg Knudson i Amerika er det ikkje like lett å finna fram. Og nordmenns forhold til etternamn var litt spesielt på den tida. Eksempelvis opererte eine oldefaren min med mist tre forskjellige etternamn i løpet av levetida si, alt etter kvar han budde: Straume, Lavik og Flatekval.

Og så brått denne Traefald i Minnesota, USA, som hadde bestefar frå Norge.


Kart frå High Lake Township 1917. Kyrkjegarden avmerka i sør-aust kanten av High Lake.

Eg fann fram til ei side på nettet om High Lake-Jack Creek kyrkjegarden ved å søkja på Traefald. Ein av gravsteinane der hadde innskrifta "Askel Traefald", ein til no for meg heilt ukjend person, og ikkje nemnd i Evangerboka, folketeljingar eller utvandrings protokollar på Digitalarkivet, som hadde vore hovudkjeldene mine.

At dette måtte ha vore eit norsk-dominert nybyggjar område skjøna eg fort ut frå dei andre namna eg fann. Eg kom og over ein kort biografi frå 1917 om Vossingen Bringel Knutson Rokne si pionertid i High Lake Township. Hans og kona Ingeborg sin gravstein er og å finna på same kyrkjegarden. I biografien sto det å lesa om giftarmål mellom to av døtrene til Vossingen Bringel, og to av ein "A. K Traefald" sine søner, og eg skjøna at eg at var kome over spor etter utvandra Eksingedølar.

Norge er eit føregangsland når det gjeld å tilgjengeleggjera folketeljingar, utvandrings protokollar, kyrkjebøker, og anna historisk materiale, fritt og utan vederlag via internett. For ein som prøver seg på utvandrings-historia, finn ein fort ut at det "over there" er snakk om to sider: det frie fellesskapet, slik den fantastiske jobben Mormonar samfunnet har gjort ved å lesa milevis med handskrivne immigrant-protokollar frå Ellis Island i New York, og leggja desse fritt ut på nettet, og den andre sida som skal ha betaling for kvar ein opplysning. Alle folketeljingane, og alle fødsel, giftarmål og døds registra, er av slik "betalings karakter". Unntaket er folketeljinga frå 1880, og eit og anna lokalt register lagt ut fritt i ein og annan stat. Men fasinasjonen av å finna mogelege nye Trefall spor gjorde at VISA kortet sat laust.

Traefald-navnet viser seg å væra svært sjeldan i USA, men ein del familiar i notid finns det med dette namnet. Eg tek fatt på "Askel Traefald" som eg fann i High Lake.

I 1880 folketeljinga kallar han seg A. K. Trafald, ikkje Traefald, og bur i Highwater, Cottonwood, Minnesota, saman med kona Ingeborg født i 1830 i Norge, ein son Knut født 1861 i Norge, ein son Sivert født 1868 i Iowa, og to døtre, Martha født 1872 og Helene født 1874, begge i Minnesota.

Etter ein del leiting og blaing i fotokopiane som finns for High Lake Townsip folketeljinga for 1900, finn eg Askel der. Då kallar han seg Askel Knudson, og bur i High Lake Township, Emmet County, Iowa saman med dottera Martha, som no er gift Kutz, mannen hennar Carl Kutz, og barnet deira Luvira Kutz.

I 1910 folketeljinga kallar han seg Askel Traefald og bur saman med kona Ingeborg hjå familien til dottera Lena (Helena), som no er gift Fisher. Mannen hennar heiter Will Fisher og dottera deira heiter Ella. Me er fortsatt i High Lake Township, Emmet County, Iowa.

Og så finn me han som Askel Traefald på gravsteinen frå 1916 i High Lake, saman med kona Ingeborg Opheim.

Med bakgrunn i 1917 biografien om pioneren "Bringel Rokne" finn eg at sonen Knut giftar seg med Marta Rokne født 26. september 1873, dotter av Bryngjel Knudson Rokne, født 15. april 1833 på Voss, gift med Ingeborg Jonson, født 16. mars 1842 i Norge. Janet Young bekreftar også dette seinare ved å finna fram protokoll-avskrift av to Treaefald giftarmål i High Lake Township: "Knudt A. Traefald, 24, and Martha B. Knudson, 21, were married Nov. 27, 1884 at High Lake, Emmet County, Iowa", og "Sever A. Traefald, 24 and Britha Johanna Rokne, 25, were married July 14, 1892 in Emmet County, Iowa".


Familien Askel Trafald i Cottonwood, Iowa i 1880 folketeljinga.


I 1910 folketeljinga bur Knut og Marta i High Lake, Emmet, Iow, og har borna Oscar, født 1886 i Minnesota, og Berent (Bennie, Bert) Theodore, født 30. oktober 1891, Minnie, født 1893, Clarence Martin, født 21. april 1899, og Alice født 1909, alle født i Iowa.

Etter ein del leiting finn eg han ogso i 1900 teljinga i High Lake Townskip, feilaktig stava som "King Tracfield" i avskrifta frå manntals protokollen. Då saman med kona Martha og borna Oskar 14, Berent 10, Minnie 7, Anna 6, Clarence 1.

Eg forfylg Clarence namnet, eine sonen til Knut heiter det, og det er Clarence Traefald min venn i gjesteboka oppgjev som namn på bestefar sin. Og der er han min venn Treafald: Clarence Martin Traefald fekk sonen Merlyn Donald Traefald, som igjen fekk sonen Travis Natan Traefald. Oppglødd fær ein ny e-post over Atlanteren: Her er bestefar og oldefar din! Og ikkje berre eit oldeforeldre par men namnet på to! Det eine frå garden Rokne på Voss. Men kva med det andre? Dei må væra frå Trefall i Eksingedalen. Det at dei budde på same stad i "Det Nye Landet" dei som kom frå same distrikt i Gamlelandet var svært vanleg for desse nybyggjarane. Ogso at borna blei gift med kvarandres born.

Men eg finn ingen Askel Trefall i Evanger boka. Og ingen utvandra med det namnet i Digitalarkivets materiale. Og folketeljinga i Norge frå 1800 er for tidleg, og den frå 1865 nemner ingen Askel Træfald. Alt tyder på at utvandringa har skjedd mellom 1861 då sonen Knut blei fødd i Norge, og 1865 der han ikkje er å finna i Norge. Neste son kjem i 1868 i Iowa.


Askel og Ingeborg Knudson i High Lake i 1900 folketeljinga. 1866 er oppgjeve som utvandrings år


Det eg imidlertid finn i 1865 folketeljinga er: for garden Træfald, prestegjeld Voss, sokn Efanger, skuledistrikt Exingedalen og Efanger, "Knud Jakobson Træfald, Vilkaardsmand, 78 år, fødestad Voss Prestegjeld, hans Kone: Elisabeth Askeldsdotter, 63 år, og deres Søn Helge Knudson, Daglønner, ugift 20 år". Alder kan stemma med at Knut Jakobsen og Elisabeth Askeldsdotter kan væra foreldra til Askel Knutson Traefald. Og ikkje minst kan namna stemma! Slekta til Knut Jakobsen finn eg vidare bakover I Evangerboka. Men dette er så langt berre antakelsar. Oppglødd som eg framleis er, fyk ein ny e-post over Atlanteren. Er mine antakelsar rette har me felles tipp tipp tipp oldeforeldre!

Sidan eg bur i Kongsberg er det langt å reisa for å læsa mikrofilm frå kyrkjebøker på Statsarkivet i Berge. Eg prøver meg med å posta ein forespørsel på Digtalarkivet sitt debattforum, der eg lurer på om nokon kan bekrefta eller avkrefte den fiktive personen:

Askel (Askild, Askjell) Knudson Træfald, født omlag 16. februar 1830 på Trefall i Eksingedalen (Træfald i Exingedalen, Efanger (Evanger) sokn, Voss Prestegjeld) av foreldre Knud Jakobson Træfald f. 1788 og Elisabeth Askeldsdotter f. 1802, gift med Ingeborg f. 1830, før 1861, fått sonen Knud (Knut) Askeldson Træfald i 1861, utvandra til Amerika mellom 1861 og 1865 saman med kona Ingeborg og sonen Knud.

Same dag får eg det nedslåande resultatet at søk er gjort utan hell. Rett nok for årstala 1831 til 33, om svaret ikkje inneheldt skrivefeil. Så eg påpekar at året er 1830 og håpar i spaning på om eit søk på dette året vil gje resultat. Om kvelden neste dag ligg meldinga der. Ein slektning til kona til Askel, Ingeborg, hadde gjenkjent desse to, og det hyggelege svaret er:

Her var det ny informasjon om hvor det ble av min oldefars søster. Og ektemannen hennes er helt reell. Du har gjettet riktig på foreldrene til Askjell. Ingebjørg Torgilsd Nedre Opheim var født 8. juni 1829 og gift 11. juni 1860 med Askjell Knutson Trefall. Askjell var født 17. februar 1830 av foreldre Knut Jakobson Trefall, gift 1827 med Elisabet Askjellsd Århus. Vielsen til Ingebjørg og Askjell står i klokkerbok for Vossestrand nr 3. Referanse til Askjells dåp har jeg ikke for hånden, men jeg fant den i en av kirkebøkene for Voss. Askjell står ikke i bygdebøkene for Evanger, og heller ikke foreldrenes ekteskap. Og i Ættebok for Vossestrand er kan feilaktig kalt Nilsson.

Takk Norodd Hagenson! Han påpekar vidare at det må væra Ingebjorg, kona til Askel, som er å finna under jentenamnet sitt på gravsteinen "Ingeborg Opheim, 10/6 1829 19/3 1911" på High Lake-Jack Creek kyrkjegarden. Oppgitt fødsel avvik her med berre to dagar frå kyrkjeboka på Voss

Eg er og kome i kontakt med Janet Young i USA, via at ho har lagt inn Traefald gravstein-bilete på sida om High Lake kyrkjegarden. Ho skaffa og til vege avskrift av Askel si dødsannonse frå Esterville Weekly Enterprise, 26. januar 1916. Denne fortel at Askel med familie fyrst slo seg ned i USA i Cottonwood, Minnesotra, for so å flytta til High Lake i 1890. Ho skaffar seinare og foto av gravsteinane til Askel og Ingeborg. Det vil sei: det viser seg å væra ein felles stein!

I mellomtida har Rolf Erik Veka foreslått i ein e-post at ein familie som utvandrar til Quebec 25. april 1866 frå Bergen, med namna Askjell og Ingeborg Synvæ med borna Knut og Sjur, kan væra Askel Knudson Trefall med familie. Alderen stemmer, og Synvæ er garden Sundve på Vossestrand. Eg hadde vore innom desse i mitt søk etter ein eller annan Askel utvandra frå Vosse-bygdene mellom 1861 og 1868, men "forkasta" dei, og heller ikkje kopla navna Synvæ og Sundve.

I USA folketeljingane blir eg og oppmerksam på at Askel og Ingeborg oppgjev 1866 som innvandrings år

Og i 1865 folketeljinga finn eg dei på garden Sundve: Askjel Knutson, Inderst og Daglønner, 36 år, kona Ingeborg Torgesdotter, 37 år, og sønene Knut 6 år og Sjur 2 år.

Så her er dei altså, den manglande utvandrings brikka er på plass!

Min venn Mr. Treafald får på ny ein oppglødd e-post frå Norge. Denne gongen med eit ganske omfattande slektstre over sine norske anar vedlagt. Blant desse var:

Tippoldefaren Askel Knutson Trefall, født 17. februar 1830 på garden Trefall i Eksingedalen, død 25. januar 1916, og tippoldemora Ingeborg Oppheim født 8. juni 1929 på garden Nedre Oppheim på Vossestrand, død 19. mars 1911, begge utvandra 25. april 1866 frå Bergen med ankomst 9. juni Quebeck med barken Fido, begge døydde i High Lake Township, Emmet County, i staten Iowa, USA, og begge gravlagt på High Lake-Jack Creek kyrkjegarden i Wallingford.

Oldefaren Knut Traefald, som så vidt rakk å bli født i Norge i 1861 før foreldra drog til "Det Lova Landet", og som seinare gifta seg med Martha Rokne med foreldre frå garden Rokne på Voss.

Clarence Traefald, født 21. april 1899 I Minnesota, død 3. juni 1978 i Iowa, som var sporet min venn Mr. Traefald i gjesteboka mi gav meg.


Askel og ingeborg budde først i Highwater, Minnesota, før dei i 1890 flytta til High Lake, Iowa.


Angåande namnebruk

Eg har brukt namnet Askel i denne artikkelen, forutan ved direkte sitat til anna skriveform. Han var nok døypt Askjell, men brukte sjølv Askel i USA. Somme stader er forma Askild og å finna. For kona hans, har eg brukt forma Ingeborg. Det er det namnet me finn henne under i USA. Ho var døypt Ingebjørg.


Kjelder
  • Nettstaden http://www.rootsweb.com/~iaemmet/cemhighlake.htm. Pluss dødsannonse frå Esterville Weekly Enterprise, 26. januar 1916, vielses protokoll-avskrift for High Lake Township frå1890 åra, og gravstein foto, alt skaffa tilvege av min gode hjelpar i Washington DC, Janet Young.
  • History of Emmet County and Dickinson County Iowa: A Record of Settlement, Organization, Progress and Achievement, The Pioneer Publishing Company, Chicago, Illinois, 1917
  • 1880, 1900 og 1910 folketeljingane i USA.
  • Tilgjengelege fødsels-register i USA
  • 1865 folketeljinga, utvandrar protokollar og debattforum, dette å finna på www.digitalarkivet.no
  • Evanger Bygdebok band I
  • Norodd Hagenson sitt søk i "Klokkerbok for Vossestrand, nr 3" og i kyrkjebøkene for Voss.
Bakgrunnsmateriale for denne artikkelen er og å finna på www.trefall.com/utvandring.

[neste] [forrige] [innhald] [hovedinnhald] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>