[neste] [forrige] [innhald]

Utvandringa

[Her kjem etter kvart meir stoff om utvandringa frå Norge til Amerika, og om korleis den "ramma" Vestlandet.]
Innleiing
Norges historie i Amerika er lang. Med eit langt opphald mellom at Leiv Erikson i år 1000 kom til austkysten av kontinentet, til at sluppen "Resturation" i 1825 drog over Atlanteren med 52 nordmenn, dei første norske emigrantane i "ny tid". Dei blei no mottatt av "den norske utvandringens far", Cleng Peerson, og slo seg ned ved Ontariosjøen i staten New York.

Overfarten tok med seglskip 2 til 3 månadar. Utover 1850 åra gjekk reisetida ned til 40 dagar på grunn av større og betre seglskip. På denne tida var dette ei hard reise, prega av plassmangel, sjukdom og dårleg vær. I det store utvandringsåret 1861 døydde tilsaman om lag 200 menneske under overfarten.
Vanlege reisemånadar var april, mai og juni for å kunna ordna ny "heimstad" før vinteren.

Bilett frå heimlandet til Minnesota for to vaksne og fem barn kosta i 1870 åra omlag 1200 kroner. Det vart ikkje alltid pengar til dette sjølv om garden blei seld. Utover i 1890 åra gjekk bilettprisane ned og tillet fleire å reisa.

Frå midt på 1860 talet overtok dampskipa frakta av utvandrar.
Turen tok då berre omlag 10 dagar via England. Dei gjekk i land i New York eller Quebec. Reisa gjekk ofte vidare til Midtvesten med dambåt og kanalbåt, og so med "prærie vogner".

Då toglina Quebec - Detroit blei åpna i 1856 blei reisetid og strabasar vesentleg forbetra, sjølv om vognene som blei tilbydd innvandrarane i dette "immigrant masse-transport sysemet" ofte var dårlege og i "kuvogn" klasse.

Statistikk
Kurven under visar antall personar som utvandra frå Norge til Amerika kvart år frå 1815 til 1930. I denne perioden utvandra til saman over 800 000 nordmenn.

Graf frå Digitalarkivets utstilling: Norsk utvandring 175 år

I fylje folketeljinga i 1990 var det omtrent 3.9 millionar amerikanarar av norsk herkomst i USA. Norsk-amerikanarane bur framleis hovudsakleg i statane i Midtvesten, men det finns norsk-amerikanarar i kvar einaste stat i USA.
Kartet under viser antall amerikanarar med norsk avstamming i kvar stat i denne folketeljinga (navneforkorting på statane).

Kartet er hentra frå Nasjonalbibliotekets side: Det løfterike landet

[neste] [forrige] [innhald]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>