[attende] [utskriftvenlig side]

Far's historiar

Om livet på Trefall
Skrevet etter forteljingar av Håkon Trefall
Nedteikna av Kåre Trefall

Introduksjon:

Far gjekk bort 9. april i år (2011) 87 1/2 år gamal. I første omgang kjem nokre historiar eg tok opp for omlag 2 år sidan.
Historiar:


Om kalvekastings epedemien på 1930 talet.
Ca 1933 herja ein smittsom kalvekastings epedemi over Vossebygdene. Sikkert over heile landet. [Min kommentar: i perioden 1935-53 var det ein kampanje for å utrydde Brucellose, som sjukdomen heiter, og etter dette blei den erklært utrydda i Norge.]
Eg var liten gut då. Eg hugsar me kom over kadavra av dei for tidleg fødte kalvane når me gjette. Me hadde 6 kyr. Dyrlegen tok blodprøvar for å konstantera om eit dyr hadde blitt smitta eller ikkje. Dette pågjekk i 3 år, og det var nervepirrande å venta på resultatet. Var dyret smitta måtte det avlivast. Dette var ein katastrofe for mange.
Dei to andre bruka hadde smitta dyr. Men ikkje me. Det var ei stor påkjenning for naboforhalda omkring i bygdene. At våre dyr ikkje var smitta vart gjenstand for mistanke og naboane byrja å spekulera i om me hadde fenge dyrlegen til å juksa med resultata. Så var det dette med å sleppa dyra på beite saman. Kunne deira friske dyr gå saman med våre? Nei, det blei mykje ilt i naboforholdet på garen desse åra.
Dei som ble ramma, og det var dei fleste buskapar, og måtte slakta ned, hadde harde tider, levebrødet deira heldt på å forsvinna.

Om leigekyr på stølen.
Det var på denne tida at det blei slutt på leigekyr på Trefallstølen, for å utelata ei mogeleg smittekjelde. Før den tid var det leigekyr frå Mæstad i Teigdalen på stølen. Leiga var 1/3 til halvparten av drotten, mjølka. Dette blei utrekna og fordelt når smøret blei levert. For produktet som det blei inntekt av var smør. Dette blei kinna på stølen, og bore til Evanger for salg.

Som buddeie balt.
Me ungane hadde som oppgåve når me var på stølen å samla inn kyrne å ta dei heim til sæla så dei kunne mjølkast. Hyrekyrene var ikkje vande med stølen slik våre eigne kyr var, så dei blei gånde for seg sjølve. Dette førte ofte til mykje meirarbeid i innsamlinga. Eg har springe Kvanndalen langsetter mange ein gong på grunn av dette. Dei var og fæle til å dra langt, som inn på Valmyrane, elle ut mot skard det det var fårleg å gå for dei. Der ute sto eit gjerde som forhindra at dei kom seg for langt utpå.

Mjølkeforedling på stølen.
Elles blei det koka prim, eller sureprim, på stølen. Dette blei pålegg utover vinteren, og det stod seg godt. Sirup og sureprim var det me måtte eta på brødskiva. Arne på Brakestad var svært glad i sureprimen til mor, og kom ofte for å kjøpa. Her kjem Brimdelingen din, sa han til mor når han kom i dette ærend.
Det blei av og til koka brunost. Mor hadde osteform på stølen som då blei tatt i bruk. Ho kunne dette med ostekoking før ho kom til Trefall. Brunost var festmat! Ellers blei det laga gamalost. Den låg til modning i sengehalmen i senga mor hadde i sælet på stølen. [Dette hugsar og bror Ragnar.] Dette var mest til heimebruk, men litt av denne bli og seld. Eg hugsar ein gong far hadde med seg 3 gamalostar til Evanger. Han kom heimatt med alle 3, dei ville ha gamalost denne gongen.
Kvar fredag koka mor dravle. Ho kom heim med den på laurdagsmorgonen, ho gjekk ned og opp frå stølen for å delta i arbeidet heime. Dravlen vart då helgematen vår, og me syntest det var godt. Nils på Nesheim kom ofte og besøkte meg om laurdags ettermiddagen og ville ha dravle. Og dravle fekk han.
Når det gjaldt smør, blei det meste seld. Til husets behov blei det kjøpt margarain. Margarinen var mykje billigare, så det var ein måte å tena nokre kroner ekstra på.

Litt om rjupe som mat.
I løpet av vinteren var det mykje småvilt innom heime. Mest rjupe fanga i snåre. Men av dette skulle ingenting etast, sjølv om det var god mat. Det skulle seljast. Eg har smaka rjupe ein gong. Det var far som hadde sett snårer bortante som vanleg. Så blei det eit forferdeleg uver som varte og rakk. Då det gav seg drog far av stad for å sjå om snårene. Dei var vanskelege å finna att. Han fann rjuper i enkelte av dei snårene han fann. Det var no lide over den tida det var lov å fanga rjupe, så han våga ikkje selja dei. Mor hadde jobba på Hotell Hordaheimen på Voss i sin pure ungdom. Der hadde ho lært å ribba og tilbereida rjupe. So no laga ho til desse. Det var veldig godt hugsar eg.

[attende] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>