[attende] [utskriftvenlig side]

Opp på Trefallstølen via Skarahammaren 26.06.2004.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Turen gjekk opp Skarahammaren, som er den vestre delen av turen vist på kartet. Vidare til Trefallstølen. So via Flathaugen opp på Holmsegga. Derifrå ned i "Skidals kjeften". Hadde det vore vinter og snjo vill turen fortsatt ned Skidalen. Men på sommarstid er det finast å gå bort i vegen til Gullbrå Holmen. So ned denne til "Storevegen" på Hagaleite. Og nedatt til utgannspunktet i Røyrdale.
Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå større versjon.

Vegen opp har eg gått ein del i ungdommen. No er den tilgrodd og vanskeleg både å finna og å gå. Og bratt og tung i tillegg.
Eg starta vegen opp i slåttene i Ryørdalen, rettare i Ryørdalen "vår". Første biletet er av utløa som framleis står. Denn var eg med på å "stappa" i barndomen. Høyet vart henta heim om vetteren. Det var mange slike utløer å sjå før, no er denne ei av dei få som står att.

Vidare går vegen opp på Gamlaløtuftene, ei slåtte som ikke lenger var i bruk i mi tid. Herifrå er det tilgrodd og vanskeleg å ta seg fram oppover. Ein må halda langt nok til høgre oppunder berget for ikkje å "gå seg fast". Det er berre ein veg opp. Forbi brattaste "knipet" åpnar det seg opp, og ein kjem opp på Skarahammaren. Ut hit beita kyrne frå inne på stølen. No går turen vidare i lett terreng ned dalføret som fører ut i Skard frå stølen. Ein kjem ned til "Sjursælet".

Turen heim går inn om Flathaugen, vidre opp på Holmsegga. Rett før oppstigninga til Holmsegga passerar ein ein liten heller der det ligg nokre konteinara etter et flyslepp med våpen og utstyr til heime-styrkar i vestlandsfjella under andre verdenskrig. Sleppet vart gjordt for langt nord, det skulle eigentleg vore ved Volavatnet (sør for Kvitenosa) til "Bjørn Aust" styrkar der. Desse konteinarane var sleppte i Rjupeskard (skardet over frå Uradalen til Fagermyr, innafor Horgi). Det var bestefar som bar dei heim til denne hellaren.

Oppe frå Holmsegga er det vakker utsikt mot Gullbrå Holmen. Denne ruta frå stølen opp på Holmsegga og vidare ned i dalen er spesielt fin på ski. Då tek ein ned Skidalen. Men no sommarstid går turen bort i vegen (eller rettare buførevege) til Gullbrå Holmen. So ned utpå den høge kanten mot Kvannafossen ned den bratte lia til Hagaleitet og Storevegen (bilvegen).


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>