[attende] [utskriftvenlig side]

Frå bilvegen inne i Volakroken rett nedanfor dammen, mot Kvitanosi.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Etter som eg bur i Kongsberg, tek eg av og til ei ekstrem-veke lenger vest. Og denne veka i september 2005 var ekstrem. Ekstremt når det gjeld nedbør!! I Fana rauk det med menneskeliv. Der eg var var, var det ikke verre enn stengde vegar. Dette var tysdag og onsdag. No var det blitt laurdag. Veret var betre enn på lenge.
Men me var litt seint ute. Kl 13:20. To hyggelege damer forklara oss retninga mot Kvitenosi etter at me hadde parkerte etter ein svært vakker biltur frå Brekkhus til Volakroken rett fø dammen. Og me la i veg.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå vegen.

Ned frå bilvegen kryssa med elva. Jakttid no, fleire telt og kamping-bilar i dette ærend sto parkert langs ein kjøyrbar veg som svinga seg ned her. Ein tydeleg sti svinga seg opp til høgre for elva som kjem ned Snjodalen. Og snart var me oppe i Snjodalen. I dag passar navnet. Det er byrja og snjoa.

Framfor oss ligg Kvitanosberget, og me skal ut til vinstre. Me vel å gå til høgre opp snjofonna som ligg der i frå i fjor. Vel oppe går det skrått nedover. "Ja men her skal det skrå oppover og nordover, ikke bratt nedover" seier eg. Eg har glømt bort Bjørndals-kjeften. Då eg var 15-16 år kom eg frå Ekse opp via Torvedalen og Toni hit saman med Jon, yngste bror min. Me låg i telt her i Bjørndals-kjeften, og gjekk vidare via Kaldavatnet og havna opp neste natt i telt på Tvinde-stølen. Men dette var "mannsaldrar" sidan no ...

Ned lia, kryssa "Bjørndals elva", og opp ei bratt li på andre sida, og brått var me der eg tudde me skulle væra i stad: eit svakt stigande dalføre nordvestover. GPS-en fortalde at me gjekk rett mot vegen opp til flyvraket som eg hadde kome i sommar. Då via Vinningsleite og Kristnipa. Denne vegen er godt merka med raude sirklar. Men no låg det 3-4 cm med nysnjo, så sti og merking var vanskeleg å sjå.

Skodedde var det og, og brått dukka det opp to jægrar ut av denne skodda. Forblåste lura dei fælt på kva me gjorde i fjellet utan våpen, den eine med ei rjupe hangande bakpå sekken. Det var finare før i dag, sa han. Han lura litt på vegen, dei hadde bilen same stad som oss. Me forklarte det beste vi kunne.

Me fortsatte vidare. Vinden hadde me i ryggen, so at dei me møtte såg so forblåste ut skjøna me førts då me snudde oss. Og vinden hadde gradvis auka på etter kvart som me kom høgare. Me var oppe eit stykke over 1200 meter no. Flyvraket ligg på 1330-40 meter. Vinden auka på, og sikta minka. Og klokka gjekk. Stopp og diskusjon. Tok me til vit snudde me. Me tok til vit.

So tok me til å fylja spora våre tilbake. Så lenge dei ikkje var blåst att. Men å snu utan forretta sak var hardt! Einaste trøysta var at resten av stien opp på Kvitenos-platået hadde eg gått ein gong før. I sommar då eg kom frå vegen over Nesheims-fjedlet, via Vinningsleitet og Kristnipa. So no hadde eg "full kontroll" på vegen opp frå Volakroken ogso (sjå kartet til høgre over (klikk på det)).

Etter kvart som me kom lågare løya vinden. Skodda letta litt så tilbake i Bjørndals-kjeften såg vi nedover den bratte ville Bjørndalen. Vi stogga der stien kryssa elva. Fram med parafin-brennaren, og nok vatn til to "Mr Lee" blei koka opp. Eit herremåltid! Avslutta med sjokolade og kaffi. Litt depping over at målet ikke blei nådd, men turen var trass alt behørleg regisstrert og kartlagd via GPS-en.

Vel Nede ved bilen viste "bil termometeret" 2 gradar. Godt å få på seg tørt tøy!


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>