[attende] [utskriftvenlig side]

Frå Gullbrå til Kvitanosi første påskedag 2005.
Klikk på biletet / tittelen over for å sjå biletserie frå turen.

Ein strålande dag. Turfylgje hadde aldri vore her før, og let seg inponera!
Etter å ha surra med "Kvitenos sida" hadde turen denne gongen det "målet" å fotografera frå "flyet" på vinterstid. Sjølve flyet ville nok væra nedsnjoa. Men sidan dette hende midtvinters ville det vore kjekt å sjå plassen også på "rett årstid". Til lokalisering av plassen skulle GPS-en brukast. Koordinata var behørleg registrerte i fjor sommar.

Klikk på kart eller høgdekurve til høgre for å sjå kvar ruta gjekk.
Etter ei rast på Kyrafjellet og fotografering av Kjæringanosi, og Dyratoni mot Torvedalen der dei overlevande sansynlegvis tok seg ned, gjekk turen vidare til toppen på 1433 moh. Ei oppleving å sitja her å sjå utover det vakre vinterlandskapet. Lønahorgi i sør, Eksingedalen i nord og nordvest.
Turen gjekk so vidare til flyet, som no sjølvsagt var nedsnjoa. Det ligg 855 m i luftlinje frå toppen, peiling 350 grader, dvs 10 grader til venstre for "nordvest". Høgde 1342 moh. Posisjon (WGS84): UTM: 32 V 349779 6741228, bredde/lengde (gg mm ss.s): N60 46 41.1 Ø6 14 28.3. Ein ser ikke denne staden frå toppen då det skrånar litt vestover ut mot kanten.

Turen til Kvitanosi er liksom "Skituren" med stor S i Eksingedalen. Turen tek ca 3 til 3 1/2 time opp og 1 til 1 1/2 time nedatt. Eg snakka med ein som kom frå Vosse-sida. Han hadde brukt 5 timar frå Bavallen.


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>