[English version] [attende] [Kvitanosi sida] [utskriftvenlig side]

Condoren på Kvitanosi

Utstillinga om Kvitanosi hende


Frå utstillingsåpninga i Voss kulturhus 29. september 2013. Forstørr: klikk bilde. Foto Kåre Trefall.


Utstillings historie:

  • 29.09.13 Opning Voss Kulturhus. Utstilling fram til 31.10.13.
  • 28.11.13 til 30.03.14 Voss Folkemuseum.
  • 23.04.14 Opning Norsk Luftfartsmuseum Bodø. Utstilling fram til 30.09.14.
  • 08.02.15 til 29.03.15 Nordsjøfartmuseet i Telavåg.
  • 12.04.15 Opning Turbinen på Dale Utstillinga står fram til 15.06.15.
    Sjå f.eks eksingedalen.no og Vaksdalposten.
  • 21.06.15 til 30.09.15 Flyhistorisk museum, Sola.



Introduksjon:


Plakat for utstillinga i Voss kulturhus. Utstillingsmontasje, foto: Gunnar Furre.

Denne historia starta kl. 22 om kvelden 3. juledag 1942 på fjellet Kvitanosi, i Voss kommune, Hordaland fylke, Noreg. Eit stort tysk firemotors fly av type Focke Wulf 200C-4 Condor flaug seg vill etter eit rekognoseringstokt over Nordsjøen. Det skulle landa på Værnes ved Trondheim, men var på grunn av uver omdirigert til Sola ved Stavanger. Så flaug det 50 meter for lågt i snøstormen og small i fjellet Kvitanosi. Fire omkom, to overlevde.
Mang ein turgåar har dei neste 62 åra hatt flyet på Kvitanosi som eit kjært turmål. Så starta ei ny tidsrekning. Eit museum i Berlin kastar augene sine på flyvraket. No ville dei ha det til bruk i restaureringa av et eksemplar av ein Condor. Det einaste i verda.
Lokalbefolkinga protesterte. Flyvraket blei mellombels freda. Avtale med det tyske museet vart inngått. 67 år etter det sist flaug, var det i lufta igjen. No med helikopter-hjelp til Bømoen ved Voss. Så vidare på trailer til Bremen i Tyskland, der Airbus har ein stor fabrikk. Hovudrestaureringa skjer her. Pensjonerte flybyggjarar gjer nøye arbeid.
Bakgrunnstoff samla av Kåre Trefall finn du på www.trefall.com/kvitanosi. Sjå også Facebook.


Utstillinga tek form. Utstillingsarkitekt Geir Sebjørnsen og grafisk design Kjersti Hjelmeland Brakstad.




Åpninga:

Vel 80 personar var mått opp på oppninga. Vossa ordføraren Hans Erik Ringkjøb ynskte velkomen. Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes fortalde om viktigheita av denne type presentasjonar som ei slik utstilling representerer.
Kåre Trefall fortalde litt om si rolle som historie-innsamlar i prosjektet, om kontakten med borna til den omkomne flykapteinen Waldemar Hackel, og om brevet skrive av ein av dei overlevande, eit brev som er å finna i utstillinga.
Heiko Triesch frå Deutches Technikmusem Berlin fortalde om museet sitt arbeid med å få tak i Kvitanosi delane, og om at detn einaste Condoren i verda vil bli å sjå i Berlin om 5 år.
Prosjektleiar Stein Ottosen frå Hordaland fylkeskommune fortalde om tingingar med tyske deligasjonar, og saman med kultursjefen på Voss Gunnar Bergo, fortalde dei om den dramatiske befaringsturen på Kvitanosi hausten 2008.
Gunnar Furre frå Museum Vest fortalde litt om produkjsonen av utstillinga. Utstillings designar Geir Sebjørnsen fortalde seinare inne ved utstillinga meir om dette.
Meir om åpninga, sjå også Hordaland fylkeskommune (engelsk tekst).

Mona Hellesnes


Kåre Trefall



Vandreutstillinga:


Vandreutstillinga. Foto Kåre Trefall
Dette er ei vandreutstilling, og det set sjølvsagt spesielle krav til flyttbarheit. Den står fyrst ut oktober 2013 i Voss kulturhus, for så å bli flytta til Voss Folkemuseum der den skal stå fram til påska 2014. Deretter er Flymuseet i Bodø neste utstillar sommaren 2014. Og kanskje blir det ein tur til Berlin etterpå?

Utstillinga er forma som ein flyvenge. Innimellom spanta finn me skjermar med opplysningar, ymse deler frå flyet og restaureringa, og en modell av flyet.

Me finn orginalbrevet frå overlevande andretelegrafist Walter Schwarze til flykaptein-enka Ella Hackel. Han forklarar her at alt var eit stort uhell. Gunnar Midttun har låt ut maskingeværet som HV på vossestrand sikra seg etter eit tidleg besøk opp til vraket. Me finn bilete av og historien til Nils Nesheim som er einaste attlevande som opplevde hende. Og ellers finn me meir spanande informasjon om hende, flytypen, restaureringa, og anna i form av bilete, tekst og skjermar. Ein må ta seg litt tid her når ein vandrar rundt vengen, det er mangt å lese! Den grafiske utforminga er svært fin, trykt på plexi-glas opplyst innanfrå.





Detaljar frå utstillinga. Klikk på bilete for å forstørre. Foto Kåre Trefall.



I eine enden av utstillings "flyvengen" et er det ein prosjektor-skjerm som viser bilete frå Kvitanosi og vrakstaden.




Animasjon:

Thomas Nordstrøm har laga ein animasjons-film om det som hende. Saman med innslag av gamal dokumentar-film gjev den eit godt intrykk av flystyrten.
Anamasjonen er både å sjå på ein av skjermane i vandreutstillinga, og på ein skjerm i permanent utstillinga.

Her kan du sjå traileren.






Permanent utstillinga:


Permanent utstillinga. Foto Kåre Trefall

I vestibylen i kjellaren i Voss kulturhus blir det ståande ein permanent utstillings del. Denne har og fly-venge fasong, men står på høghant som eit haleror. Her finn me original-del med rammenummer, ein skjerm som viser animasjons-filmen, pluss bilete og opplysningar.



[attende] [Kvitanosi sida] [utskriftvenlig side]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>