[utskriftvenlig side]

Focke-Wulf Fw 200

[back][attende]

Focke-Wulf Fw 200:
Sir Winston Chrchill kalla FW 200 Condor for "Atlanterens svøpe". Dette på grunn av den svært store rekevidda til flyet, utnytta til å søkja etter konvoyar tilhøyrande dei allierte. Fann den ein slik konvoy kunne den sjølv angripe med sine bomber og rakettar, eller den kunne styra inn tyske "Wulf-packs" (grupper av angreps ubåter) for angrep.

Fw 200 starta i 1936 som eit sivilt rutefly som tok 26 passasjerar, først brukt i rute over Atlanteren. Flyet var svært avansert og med stor ytelse då det kom. Japanaranes inntresse for flyet resulterte i den første havlmilitære versjonen, og behovet for rekognoserings-bombefly rett før andre verdenskrig braut ut gjorde at Condor versjonen ble utvikla for Luftwaffe. Det første eksemplaret av denne modellen ble levert i september 1939, og flyet blei tatt i bruk i april 1940 under invasjonen av Norge.

I starten var Condor-en neste usårbar fordi den var i stand til å fly ut av rekkevidde av fientlege fly. Då den i større målestokk blei satt i operasjonell bruk i juni 1940 var den i ein tremånadars periode skuld i at over 90 000 dødvekt-tonn av den allierte flåten blei senka. Då dei allierte fekk fly med større rekkevidde blei Condor-en meir sårbar og mindre fårlig. Den tredje prototypen blei bygd om og tatt i bruk som Hitlers personlige transportfly. Det første ubemanna Fi 103 flyet (V1) ble starta i lufta frå ein Condor i desember 1942.
Eit par Condor fly forblei operasjonelle heilt til dei siste dagane av krigen. Då var dei fleste byggd om til transportfly.

Det blei byggd 262 eksemplar av den miletære Condor modellen: 10 i 1939, 26 i 1940, 58 i 1941, 84 i 1942, 76 i 1943 og 8 i 1944, pluss at 4 Fw 200B sivilfly ble bygd om til militæt bruk.

Styrke: stor aksjonradius, stor bombelast, allsidig bruksområde.
Svakheiter: svakheit i konstruksjonen i vengene i forhold til tyngden flyet fekk då det blei bygd om til militært bruk førte av og til til skadar og brudd i høgre veng ved landing. Tekniske data for Focke-Wulf Fw 200C-3/200C-4 Condor:
Under finn du tekniske data for Focke-Wulf Fw 200C-3 modellen. Focke-Wulf Fw 200C-4 var lik denne, men med forbetra utstyr og utrustning. Hovud endringa var ei oppgradering til FuG Rostock luft-til-bakke radar, seinare skifta ut med FuG 200 Hohentwiel luft-til-bakke søke-radar som tillet bombing i svært dårlig sikt. Desse endringane blei også etter kvart innført på dei gjenværande Fw 200C-3 flya.
  • Motorar: fire 1200 hk BMW-Bramo 323R-2 Fafnir ni-sylindra radial motorar
  • Lengde: 23.46 m, høgde: 6.3 m
  • Vekt tomt: 14071 kg, operasjonell vekt: 22700 kg max
  • Vengespenn: 32.82 m, venge "aspect ratio": 9.14, vengeareal: 118 m²
  • Maks fart: 360 km/h på 4801 m, marsj fart: 335 km/h på 4000 m
  • Rekkevidde: 3555 km typisk, 4440 km maks
  • Drivstoff kapasitet: 8.060 liter, pluss muligheit for opptil 1.895 liter i ytre tankar (i staden for bomber under vengene)
  • Maskingevær:
    • 1 x 13 mm MG 131 bakovervendt gevær i bakre kanontårn, skottakt 500 skot i minuttet
    • 2 x 13 mm MG 131 i "beam vidu"(?), skottakt 300 skt i minuttet kvar
    • 1 x 7,92 mm MG 15 bakovervend gevær i bakre buk-gondol position, skottakt 1000 skot i minuttet
    • 1 x 7,92 mm MG 15 gevær i det dreibare Fw 19 framre rygg-kanontårn, skottakt 1000 skot i minuttet
  • Kanoner:
    • 1 x 20 mm MG 151/20 framover vendte kanoner i framre buk-gondol posisjon, skottakt 500 skot i minuttet
  • Bombelast:
    Opp til 2100 kg, 600 kg i buk-gondolen, pluss i fire ytre bombefester (to under dei ydste motorane, kvar for 500 kg, og to under dei ytre venge-panela, kvar for 250 kg).
    Normal last:
    • 2 x 500 kg SC-500 bomber under dei ytre motorane
    • 2 x 250 kg SC-250 bomber under dei ytre venge-panela
    • 12 x 50 kg SC-50 bomber i buk-gondolen.
  • Torpedoar/rakettar:
    • 2 x Henschel Hs 293 guida missil (on C-6 and C-8), ein under kvar veng
Varianter av 200C-4:
Det fans og variantar av 200C-4 i form av "Umrust-Bausatze" (fabrikk ombyggings sett):
  • Fw 200C-4/U1: Utstyrt med sitjeplassar for 11 passasjerar, og brukt som Reichsfuhrer Heinrich Himmler, sjef for SS, sitt personlige fly.
  • Fw 200C-4/U2: Utstyrt med sitjeplassar til 14 passasjerar

[back][attende]

© Frans Bonne, 2000


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2019 (pgp)
Sist oppdatert 17. august 2019

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>