[neste] [forrige] [innhald] [utskriftvenlig side]

Gardane i Eksingedalen

Innhald:
  • Gullbrå
  • Ekse
  • Trefall
  • Brakestad
  • Nesheim
  • Bergo
  • Bindingbø
  • Fosse
  • Yksendal
  • Fjellanger
  • Haugen (Lavikhaugen)
  • Lavik
  • Flatekval
  • Nese
  • Vetlejord
  • Høvik
  • Eikemo
  • Eikefet

[alt på ei side] [utskriftvenlig]

Nesheimskyrkja
Foto Kåre Trefall
Innleiing
[Tala frå utvandringa som du finn her er så langt svært omtrentlege, og skriv seg frå ei rask oppteljing frå "Evanger Boka, Band I" og "Bygdebok frå Modalen Herad, Band I". Data stoppar difor på Høvik. Etter kvar vil Eikemo og Eikefet koma til. Tala vil bli retta opp etter kvart som eg får samla meir data.]

Reknar ein talet på utvandra personar frå gardane frå Gullbrå til Høvik i tidsrommet 1849 til 1913 blir talet ein stad omlag 190. Ei rangering viser at Bindingbø toppar med 33, fylgt av Ekse med 22, Gullbrå og Flatekvål med 19, Yksendal med 17, Lavik og Trefall med 11, og so vidare. På siste plasskjem Vetlejord med 3 og Nese med 1.

Ser ein på geografisk samling er dei tre øverste gardane, Gullbrå, Ekse og Trefall dei med størst utvandring, 52 til saman.
Kva dette seier om levekåra på dei einskilde gardane er uvisst.

Enkelt-historiar om dei som drog vil du så langt finna berre frå Trefall/Yksendalen, og Yksendalen bruk 1 og 2. Etter kvart vil ogso Ekse koma til med litt "dramatikk".

Eg håpar å koma med litt stoff frå kvar gar etterkvart. Her er eg og avhengig av innspel frå dykk, kjære lesarar.





Kart over gardane i Eksingedalen.
Klikk her for å få kartet større (og rull til høgre for å sjå øvre delen av dalen).


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>