[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]

Livet på Oksendal Farm

Nedteikna av: Ed Oksendahl og Arne Oksendal
Samla og redigert av Karen Windheim, Oregon, USA.
Oversatt til norsk av Kåre Trefall.
Introduksjon ved Kåre Trefall

Introduksjon:
Edward og Arne Oksendal er born av Kari Nilsdotter Trefall og Rasmus Nilson Yksendal som utvandra til USA, North Dakota, i 1913. Meir om utvandrarlivet til Kari og Rasmus kan du lesa om under Familien Rasmus Oksendal. Oppvekståra til Kari på Trefall kan du lesa om under Kari's historie.
Historien:

Rich Valley skulen. Foto ved Karen
Ed skriv - Rich Valley distriktet der vi budde var befolka av immigrantar. Foreldra våre kom frå Norge og snakka norsk heime, men mesteparten av distriktet var bebudd av russiske immigrantar som snakka russisk heime. Det var ein del fordommar og mistenkeliggjering mellom dei norske og dei russiske familiane. Nesten alle ungane i klassen var første generasjon amerikanarar med russisk bakgrunn. Dette inkluderer Peter Fettig, Lew Wentz, Vivian, Jean og Florence Leieer, og Bachmier-ane. Eg hugsar ikkje ein einaste gong nokon av skulekameratane mine besøkte meg på farmen, og eg hugsar ikkje at eg besøkte nokon av dei. Russisk-amerikanara var katolikkar og nordmennene lutheranarar, dette heldt dei også adskilte.

På garden mjølka eg kyr (vi hadde 7 mjølkekyr), fora grisene, hestane og kalvane.
Vi mjølka i floren, det var svært usanitære forhold der med ku-gjødsel på golvet og fluger over alt. Kyrne blei aldri vaska, og ofte datt det fluger og rusk oppi mjølkebytta og me plukka det ut att med fingrane. Kvar ku gav 8-12 liter mjølk, og etter mjølkinga hella vi mjølka i ein separator som var hand sveiva, mjølka kom ut av ein tut og fløyten av ein annan. Fløyten blei hellt på 20 liter kanner og på laurdagar blei desse tekne inn til byen og selde. Det verkar som om vi alltid hadde ein collie liknande hund som heitte Bingo. Eg henta kyrne og Bingo fylgde med. Farmen vår hadde eit lite dalføre mot sør og eit større dalføre mot vest, det var her kyrne og hestane beita. Det vart små elver i begge dalføra, men desse tørka inn om sommaren. Det var ingen fisk i desse elvene. Dalføra hadde rev, mink, stinkdyr, røyskatt og jordrotter. Jordrottene hadde også holer i kornåkrane, og rund holene deira åt dei opp kornet så det blei flekker utan korn, berre snaue marka rundt kvart hol i ein sirkel på 3 meter eller meir. Vi brukte gift for å drepa dei, og også feller, snarer og ei 22 kaliber rifle, men kvart år var det like mange som før. Ei tid betalte fylket ei premie på 15 øre for kvar drepen jordrotte, og eg fanga dusinvis av dei i snarer. Vi fekk også premie for kråke egg. Om vinteren fanga me røyskatt i feller og fekk mellom 15 og 20 kroner for kvart røyskatt skinn. Eg fanga også stinkdyr. Måten å fanga stinkdyr på var å finna hiet deira og så vinda opp eit stykke piggtråd inn i holet. Denne ville festa seg i pelsen og ein kunne då dra dei ut. Eg antek det gjekk an å gjera det same med rev. Det var eit illeluktande arbeide og eg hugsar eg gjekk til skulen ein gong med stinkdyr lukt på meg. Om våren hugsar eg at eg ein gong fann eit revehi i Big Coulee. Eg gøymde meg i krattet like ved og observerte. Revemora var like ved og strata å gjøy og revungane kom ut og leika rundt hiet. Eg gjøydde attende til revemora. Eg hugsar også ein hauk som stupte ned mot meg da eg kom for nær reiret hennar. Den laga ein plystrande lyd då den kom nedover, men eg fann aldri reiret.

Arne skriv - Då eg var omlag 8-9 år gamal gjekk eg på jakt med ei 22 kaliber rifle. Om vinteren sette me feller for røyskatt og mink og selde skinna så me hadde lommepengar. Me gjekk også på stinkdyr jakt. Stinkdyra låg i dvale om vinteren og den einaste måten å fanga dei på var å lura dei ut av hola sine. Røyk-patroner blei plassert i holet men dette var ikkje svært effektivt utan at det var eit luftehol til i hola. Ein annan måte var å ta eit stykke piggtråd å bøya den til ein krok i eine enden og lage i veiv i andre enden. Piggtråden blei skyvd inn i holet så langt som mogeleg, og så blei veiva i andre enden snudd rundt. Var ein heldig greip kroken inni holet tak i pelsen og skinnet til stinkdyret. Ved å vri til så godt som mogeleg og dra ut piggråden kunne eg få stinkdyret ut i åpningen av holet. På dette tidspunkt kunne eg huka fast bakenden til stinkdyret og skyta det i hovudet med 22 kaliber rifla mi for ikkje å skada pelsen. Ved å dra i piggtråden med venstre hand og væra klar med rifla med høgre hand, fekk eg augekontakt med dyret. Stinkdyret fekk augekontakt med meg også og sendte sitt prosjektil rett inn i det høgre auga mitt før eg rakk å skyta han i hovudet. Han trakk fortare og var betre skarpskyttar enn meg! Eg slapp rifla og piggtråden og tørka det brennande auga mitt og sprang heim, der eg vaska meg og bytte kler, men lukta hang i i over ei veke. Dette var siste gong eg jakta stinkdyr.

Me flådde ikkje stinkdyra på grunn av lukta og selde dei derfor heile for omtrent 16 kroner. Mink og røyskatt flådde me og snudde pels sida inn og strekte dei ved å dra skinnet over ei tjukk flat trefjøl. Ved å flå sjølve kunne me spenna opp skinnea så dit blei større, og slik få betre pris. Ein ann ting vi gjorde var å fanga jordrotter om sommaren. Benson fylket betalte 15 øre i premie for kvar jordrotte-hale som blei framvist. Jordrotta gjorde store skadar på avlinga så fylket tilbaud premie for kvar som blei fanga. Eg brukte det tvinna tauet som blei brukt til å binda kornnek av kveite og til å binda sukkerroer. Eg laga ei løkke i eine enden og plasserte løkka over holet til jordrotta og la meg flat på bakken omtrent 15 meter vekke og venta på at jordrotta stakk hovudet ut av holet sitt. Når hovudet stakk langt nok ut rykka eg til slynga og snåra inn jordrotta. Etter å ha drepe den, kutta eg av halen og putta den på eit glas, og putta så på fleire og fleire til eg til slutt leverte inn halane og fekk premien.

Med pengane mine kjøpte eg ein gammal sykkel frå ein nabo men eg hugsar ikkje om eg lærde å sykla på den eller ikkje. Eg bestilte eit linese-sett til eit teleskop, men utpå landet kunne eg ikkje finna eit røyr til å setja linsene i, så eg gav opp.

Edward kjøpte ein toseters heste-karjol og køyrde rundt med den. Norval, den eldste bror min, kjøpte ein bil, eg trur det var ein 1937 Chevrolet. Eg hugsar svært lite av systrene mine frå denne tida. Onkelen vår Lars gav meg sukkertøy når me var ute å køyrde i A-Forden hans. Eg hadde mykje moro å driva på med og trur eg var fornøgd med livet på farmen.
Ed skriv - Arbeidet på farmen innebar å slå og raka høy. Dette føregjekk med to hestar, og me lesste høyet opp i hestevogna og køyrade det for å setja det opp i høystakkar. Og me køyrde skurtreskar under korninnhaustinga, og lessa kveiten frå kornvogna inn i kornsiloen. Og være "henta-det-som-mangla gut" for bror min Norvald når han fiksa maskineriet på farmen. Eg likte arbeidet på farmen og hugsar aldri at eg protesterte. Når Norval ynskte nok, sprang han alltid i alle retningar for å få tak i det. Eg hugsar at eg arbeidde for Edward Willy ein haust under innhaustinga. Eg tente 700 kroner ved å frakte kornnek til den stasjonære treskemaskina Willy dreiv. Høyvogna blei trukken av to hestar og hadde hjul av jern og ingen dekk. Det humpa skikkeleg. Eg hugsar ein annan kornband-fraktar, Peter Fetting, han ville fylla opp høyvogna først og så kappkøyra til ei annan eng. Høyvogna hans hadde gummihjul og vi galloperte hestane ned vegen til den andre enga. Etter innhaustinga var over tok Edward Willy oss til byen og spanderte milkshake før me drog heim. Han budde omtrent ein og ein halv kilometer sør for farmen vår. Arne og Norvald. Foto ved Karen
Han sette oss av omtrent 500 meter frå huset vårt og eg gjekk derifrå. Eg tok snarvegen over eit nypløgd jorde og mista på vegen dei 700 eg hadde tent. Mor og eg leita etter dei denne dagen utan å finna dei. Og me trudde dei var pløgd ned og borte, men eg fann dei til slutt dagen etter. Eg arbeide også for ein annan bonde i slåttonna. Eg må ha vore omlag 12 år då. Ein gong hadde eg min eigen kalv som eg ala opp (ein korthorna ungokse), og eg meldte den på ein dyreutstilling og fekk premie. Eg hugsar ikkje korleis eg tente pengane, men på eit tidspunkt kjøpte eg 640 mål land nær Devils Lake for seks og eit halvt tusen kroner, og selde det att etter at familien flytta vestover.

Det verka som om det var plenty tid til avkopling. Eg hadde ein ponni (ein svart 20 års Mustard eller Indiansk ponni frå Montana). Eg rei den utan sadel. Denne hesten var omtrent som .ein kvart hest., og veldig rask på korte distansar. Eg hugsar eit kappløp med to eldre gutar 7. desember 1941. Dei hadde store hestar, den eine var ein fullblods Morgan. Ponnien min slo dei dei første 45 metra og så passerte dei meg. Grunnen til at eg hugsar denne dagen var at me stoppa heime hjå ein av gutane, og mor hans kom ut og fortalde at Japanesarane hadde angrepet Perl Harbor og at president Roosevelt hadde erklært krig (andre verdskrig). Eg gjekk også på heimelaga treski. Eg trur det var i 1939 at russarane angreip Finnland på ski. Russarane erobra aldri Finnland. Men eg hugsar eg skrei Big Coulee og let som eg var finnsk. Me lærde ogso å gå på skeiser.

[neste] [forrige] [innhald] [hoved innhald] [utskriftvenleg]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>