[attende]

Nesheimkyrkja 100 år

Sundag 14. september 2008 var det 100års jubileum for vigslinga av kyrkja.

Jubileumet blei feira med konsert på Nesheim på laurdag 13., og på sundag 14. med gudsteneste på Nesheim og påfyljande fest på Bergo skule.

I anledning jubileet kom det ut ei jubileums bok. Ein av historiane der hadde eg skrive. Den handlar om Gulleik Larson Trefall, f. 1832, utvandra til Amerika i 1860, sjå utvandringa frå Trefall. I Amerika kalla han seg Gullik Larsson.

Han gav i 1897 ei gåve på 2000 kroner til bygging av eit kyrkjebygg for øvre Eksingedalen. Dette gjorde at kyrkja på Nesheim vart påbyrja alt same året. Då den sto ferdig i 1908 hadde den kosta 8000.

Bygda fekk i andledning jubileet "selebert besøk". Oldebarnet til Gulleik, Alpha Bungum Jensen kom på besøk frå "The Larson Farm", Canesteo, Dodge county, Minnesota, USA, saman med sonen Robert (Bob) Jensen. (sjå gjesteboka mi).

I mitt arbeid med artikkelen om Gulleik fann eg fram til og kom i kontakt med Alpha, og inviterte henne til Norge. Eg og fruen var vertskap for Alpha og Bob i ei lita veke i september 2008. Ei spennande og kjekk veke, med bl.a besøk i Framfjorden, Vik i Sogn. Gulleik si fyrste kone, Alpha si tipp-oldemor, kom frå Bungum der.

Som sagt, "Soga om Gulleik Gåvegjevar" kan lesast i jubeleumsboka, og er i tilegg no også tilgjengeleg her: Gulleik Gåvegjevar (utskriftsvennleg versjon her). Les meir om jubileet i Kyrkjelydsbladet.

Boka inneheld og mykje anna spanande stoff frå kyrkja si soge. Eg trur den endå er å få kjøpt på butikken på Lavik.

Alpha og Bob på jubeleumsfesten på Bergo skule.



Amerikaturen

I mai 2012 drog eg og Oddlag til Gulleik land i Minnesota for å besøkje Alpha og Bob. Ein spanande og kjekk tur, som eg kjem til å skriva meir om her om litt.

Her er ein biletserie frå denne turen. Ha musepekaren inne på bilet-flata, og du kan lese kommentarane som er på kvart bilete. Bla til neste ved å trykke til høgre i bilete, bakover ved å trykke til venstre. For automatisk bilet-frmvisning, bruk "play" knappen (prøv deg litt fram).

Vil du sjå biletserien i fullskjerm, bruk "fullskjerm knappen" (pilar i fire retningar), eller bruk denne lenken.

[attende]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>