[English version] [heim] [neste] [utskriftvenlig side] [gjestebok]

Litt om "flyet" på Kvitanosi

Sjå også: trefall.com/blog/kvitanosi

Innhald:
Innleiing:
Eg har alltid vore nysgjerrig på flyvraket på Kvitanosi, heilt frå vi som born leika med ting bestefar hadde henta heim derifrå. Eg var oppe der første gong ca i 7 års alderen, og har vore der mange gonger seinare. Eg hadde høyrt historiar både frå far og andre om korleis dei overlevande vart funne på Eksestølen, om korleis folk frå bygda blei beordra til å væra med på å frakta delar av flyet ned i bygda, om slede med flymotor som forsvant på eigenhand nedover lia, og om korleis tyskarane sprengde vraket.

Då eg søkte litt på internett kom eg først over flyet nevnt i ei diskusjonsgruppe om andre verdenskrig. Der var nevnt flytype og navna til mannskapet. Seinare kom eg også over ei side laga om ein av dei som omkom (sjå lenger ned på denne sida). Eg kom også over ei side om flyvrak i Norge frå andre verdenskrig der vraket var nevnt.
Tenk: her hadde eg i alle år lurt på kva slags fly dette var, og kva som eigentleg hende. Og her sit eg og les historien sett frå ein etterkomar av ein av dei omkomne. Laga i 2003. Ein av dei fasinerande sidene ved verdens veven!
........................................................
[alt på ei side] [utskriftvenlig side] [heim] [gjestebok]




.... Ja slik kreiv eg innleiinga i 2004 då eg starta på desse sidene. 9 år har gått. Mange historiar er komne til. Eg har vore på tur til vraket med son til ein av dei som omkom i styrten. Mykje av vraket er no i tyskland og blir brukt i restaureringa av eit museums eksemplar av flytypen. Våren 2010 var eg med til Berlin og for å samla stoff til ei utstilling. I 2012 fekk eg væra med på flytur til Kvitanosi. Hausten 2013 åpna utstillinga Condoren på Kvitanosi på Voss.
Condoren på Kvitanosi

[neste] [forrige] [innhald]

Nytt:

Oppdateringar etter at denne sida kom "på nett" (nyast lista først):

  • 03.11.2012: Oppdater Kvitanosi kapittel 2. Om TV2 innslag, etc.

  • 23.08.2012: Nederste avsnittet under Innleiing. oppdatert, også med lenk til biletserien tv2 og eg på Kvitanosi. Utover hausten vil det kome oppdateringraer med inytt stoff nemd i det oppdaterte avsnittet.

  • 04.10.2011: Ombytte av Albrechts og Schwarze i orginalartikkelen "Dramatisering av hendet" er retta. Denne rettinga er også gjort på resten av desse sidene. Også feil bokstavering av desse to navna er rett opp.

  • 30.11.2009: Endeleg skjer det oppdatering på desse sidene. Der lenge sidan sist no. 31.08.2006 ser eg. Mangt har skjedd sidan når det gjeld Kvitanos-historien. No oppdaterer eg med noko av dette. Andre godbitar kjem seinare. Her ei kronologisk oversikt av det eg har lagt til, rett nok i omvendt kronologisk rekkefylje. Dette er å finna under Vraket blir fjerna. Men det heile starta i 2005: Vraket vaknar.

    • Historien vidare: Som gjenteneste for vrakdelane skal Deutches Teknikmuseum assistera i eit utstillings prosjekt. Sjå Vraket blir fjerna - historien vidare.
    • 13.11.2009: Nettutgåva til Hordaland skriv om nedhentinga. Ein journalist frå avisa ringjer. Sjå Vraket blir fjerna - interjuv.
    • 12.11.2009: På nytt er helikopteret Flymuseet har leigd på tur og hentar ned fleire delar. Det må og flyga oppatt ein del om ikkje var del av avtalen. Sjå Vraket blir fjerna - henting nr 2.
    • 07.11.2009: Hei helikoper tek ned dei fyrste delane frå Kvitanosi til Bømoen. Dette er i regi av Luftfartsmusset i Bodø. Kva dei kan henta ned er avtala i fjor haust.
      Avisa Hordaland skriv om dette de 10.11.2009.
      Sjå Vraket blir fjerna - nedhenting.

    • september 2008 / juli 2009 Forhandlingar mellom Hordaland fylkeskommune og Deutches Teknikmuseum fører til intensjonsavtale om at museet skal få deler av vraket, sjå Vraket blir fjerna - forhandlingar. Endeleg avtale blir underteikna sommaren 2008, sjå Vraket blir fjerna - avtale.
    • 15.08.2008: Eg er guide opp til flyvraket for sonen til ein av dei som blei drept i flystyrten. Sjå Vraket blir fjerna - guida tur.
    • 14.08.2008: Torsdag 14. august 2008 blir på fleire måtar ein begivenheitsrik dag når det gjeld Kvitanosi. Eit fylje har nemleg planlagt Kvitanos-tur denne dagen. Folk frå kulturkontor på Voss og Hordaland fylkeskommune, pluss folk frå Deutches Teknikmuseum Berlin skal flygast opp i helikopteret foer å befara vraket, korleis dette gjekk, sjå Vraket blir fjerna - befaring.

  • 31.08.2006: Om at Vossingane vil merka løype til vraket og lage informasjonstavle ved vraket lagt til under Merking av sti.
  • 11.07.2006: Ein artikkel eg skreiv til Vaksdal Historielag si årbok 2005 er lagt til under "Dramatisering av hendet".
  • 15.05.2006: Nokre 3D kart over Kvitanos området under meny-valg "3D kart" under "Vraket".
  • 09.11.2005: Ein interessann artikkel frå BT lagt til under Haleroret fjerna.
  • 02.11.2005: To nye ting lagt til: Tidsline, og den fasinerande historia til Nk fortel.
  • 07.09.2005: Mottok i dag løyve frå Vaksdal Kommune v/konsulent kultur, ungdom og fritid Ole Johnny Domben om å bruka nokre tekstar frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen" utgjeve av Vaksdal Kommune i 1995. (Må nok inrøma at tekstane blei lagt inn alt 25.08 etter at "forfattar løyve" var innhenta.)
  • 25.08.2005: Avisa Hordaland bekreftar i dag i ein artikkel opplysningane frå i går om at vraket er "redda".
    NRK Hordaland har ogso ein artikkel om saki med interjuv av Johan Gullbrå. Meir under Planane om fjerning. (Sjå også det eg skriv der om eventuell "opprydding" etter flytte-forbereidingane.)
  • 25.08.2005: To artikklar frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, lagt til: Nils Gullbrå fortel og Kåre Flåskjer fortel, pluss eit fragment: Gunnar Nesheim fortel.
  • 24.08.2005 kl 12:00: Gledelege melding: snakka akkurat med Kristian Hovstad i frå NRK Hordaland. Han kom med den gledelege meldinga at flyvraket no er redda. Sjå meir om dette under Planane om fjerning.
  • 15.08.2005: Forsvarsmuseet vil påklaga fredningsvedtaket og gjennomføra planane om fjerning av vraket (sjå meir om dette under Planane om fjerning).
  • 09.08.2005: Fekk netopp e-brev frå Olav Neset (utflytta Modøl), han hadde funne at lenken til den orginale sida om ein av dei som blei drept på Kvitanosi framleis ligg der på tysk: Karl Pech. Ellers er som nenvt under (12.07.2005): www.wk2.info er tatt av nett.
  • 01.08.2005: Ei trist nyheit var å lesa i Hordaland på laurdag (30/7). Flyvraket på Kvitanosi skal fjernast. Sjå mer om dette lenger nede på denne sida under Planane om fjerning.
    Tilegg måndag kveld: Albert Gullbrå ringde akkurat med gledeleg melding om midlertidig fredningsvedtak (sjå meir om dette under Planane om fjerning).
  • 18.07.2005: Lenkar til vinterturar til Kvitanosi og til Eksestølen - Torvedalen lagt til under Vraket.
  • 12.07.2005: Eg oppdaga nettopp at sidene eg nevner laga av ein etterkomar av ein av dei omkomne, Karl Pech, no er tatt av nett. Slik er internett. Kjekk og nyttig informasjon blir brått borte. Eg skal ta kontakt med vedkomande og høyra om eg kan få tilgang til litt av tekst og bilet-matrialet han hadde der og om lov til å leggja det ut som ei under-side av denne sida.
  • 15.03.2005: Etter at Rune Nesheim hadde lese denne sida fekk han far sin, Nils N Nesheim, til å skriva ned sin historie, som no er med her! Nils N Nesheim fortel: ei svært god "dag til dag" oversikt frå ein av dei som opplevde hendinga!

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]
[utskriftvenlig side]

Dette er artikkelen slik den sto fyrste gong sto på trykk i Vaksdal Historielag si årbok 2005.
4. oktober 2011: Retta opp ombytte av Albrechts og Schwartze frå orginal artikkelen.


Flyet på Kvitanosi

Av Kåre Trefall



Kvitanosi

Så sit eg her endå ein gong og speidar utover dei vakre vestlandsfjella. Lønahorgi i sør, Jostedalsbreen i nord-nordaust i det fjerne. Nede i dalføret i nord ligg Gullbrå der me er komne opp frå, og med Eksingedalen vidare vestover mot kysten. Er det Ulriken me ser der i det fjerne lurar ein av dei andre på.

Staden er Kvitanostoppen, 1433 moh. Det er vinter og påske. Året et 2005. Varden ligg der som ei kvit nedisa vorte. Me har kome opp frå Gullbrå, øvste garden i Eksingedalen, på ski. Mange andre har også funne vegen opp hit i det vakre vinterværet. Eg har vore her oppe mange gonger før, både sommar og vinter. Men i dag er første gong eg skal besøka "flyet" om vinteren. No nedsnøa og usynleg der det ligg på Kvitanosplatået i retning nord-nordvest litt under ein kilometer i frå toppen. GPS-en fortel meg dette, saman med data innhenta før snøen dekka spant og plater av aluminium.

Då eg vaks opp nede på Trefall leika me ungane med eit merkelege instrument. Me trudde det var eit bombesikte, men det var sikkert noka anna. Knappar og brytarar til å stilla på, og med skalaer og speglar som vrei og vende på seg. Dette var ein av dei tinga bestefar hadde teke med seg ned frå "flyet". Det var noko mystisk og spanande ved dette: "Flyet på Kvitanosi". Og me fekk far til å fortelja omatt om då han var beordra med til å frakta ned delar frå vraket ein seinvinter under krigen. Og om overlevande og døde som vart frakta nedover dalen tidlegare på nyåret.

Me spenner på oss skiene og eg peikar ut kursen mot "flyet". Etter å ha teke oss ned frå varden på vestsida og gått opp ei svak helling, plogar me sakte ned ei skråning vestover mot platåkanten. "No nærmar me oss" ropar eg, då punktet eg har lagt inn på GPS-en nærmar seg meir og meir markøren som viser kvar me er. Og so er me der. I dag er landskapet bada i sol, der me ser nedover mot Storetoni og Kjæringanosi. Sjølve toppen ser ein ikkje herifrå. Om kvelden tredje joledag for snart 63 år sidan var været og sikta annleis.


Styrten

Det er snøstorm. Det heldt på å mørkna. Det er tredje joledag 1942. Eit stort tysk firmotors bombefly av type Focke Wulf 200C-4 Condor har vendt attende etter endt oppdrag over Nordsjøen på jakt etter allierte konvoiar. Det stryk lågt over landskapet med landingsljosa på i retning opp frå Eksingedalen. Ombord er stemninga trykka. Lite veit dei om at folk på joletrefesten i skulehuset på Ekse lurer på kva fly som er ute i styggeværet så seint. Eller om borna på Gullbrå som spring ut for å sløkkja utelampen og ser dei passera lågt over dalen. Det har villa seg bort og drivstoffet kjem snart til å ta slutt. Einaste håpet er å prøva å naudlanda. Om det var planlagt å prøva akkurat her, eller om det berre kom for lågt, veit me ikkje, der det tek bakken i ei svak oppoverhelling vest på Kvitenosplatået. Eine vengen smell inn i ein stein, flyet blir vridd rundt og hamnar på rygg. Etter at lyden av skrikande metall og skrikande menneske har lagt seg, høyres berre lyden av varme motorar som syd i den djupe snøen. Etter kvart er igjen berre lyden av vind å høyra. Det tek ikkje fyr. Halepartiet er heilt, og om ei stund kjem ein overlevande til syne der. Han prøver å krabba ut. Han vender fort attende inn att i vraket frå snøstormen. Ei stund etter høyrer han at ein av kameratane i livet der inne i mørkret. Det viser seg at han er ille tilreidd med knust kjeve. Teikn til liv frå dei fire andre er der ikkje. Dei sat alle lenger framme i flyet. Det blir ei kald og vond natt.


Dei blir der i halepartiet neste dag. Ute er det snøstorm. Nødprovianten minkar. Snøstormen løyar dage etter, og dei skjønar dei må prøva å ta seg fram til folk, for her kjem inga redning. Lite veit dei om at ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk etter dei frå Sola alt dagen før, men måtte snu på grunn av dårleg vær. Og at den har gjort eit nytt forsøk att denne dagen, men har avslutta med rapporten "søk resultatlaust avbrote". Folk på Voss observerer ei mindre raudt fly med raudekross-merke passera Lønahorgi og Bytingane. Det heldt for langt aust.

Dei forlet flyet i lag, går den vegen det er litt utsikt nedover. Dei kjem fort utpå ein kant med bratte stup utfor, og må halda lenger til høgre. Det er tungt å gå i den djupe snøen. Etter i stund ser det ut til at det er slakare skråning utfor. For ned av fjellet må dei for å koma til folk. Det er vanskeleg å snakka for han med knust kjeve, men med teikn og fakter blir dei einige om å prøva til ned her. Ein først, så den andre etter når den første gjev lyd og teikn om at det er framkomande. Smått byrjar dei å ta seg nedover. Det er bratt, og glatte berget stikk ut i hamrelag nedetter.

Mekanikaren, sersjant Fritz Albrechts, kliv seint nedover. Den andre, andre-telegrafisten, underoffiser Walter Schwarze, fyl kameraten med augo. Brått rutsjar mannen der nede til og blir borte. Walter står stille å lyer. Det går ei stund. Han høyrer ingen rop der nede frå. Alt er stille, berre vinden. Han ropar, men får ikkje svar. Etter å ha klive litt lenger ned ser han spora av kameraten der han har sklidd utfor ein hammar. Her må han snu. Han prøver å ropa att. Etter ei tid gjev han opp. Mismodig tek han til å klatra og gå attende til vraket i det som er att av spora dei har kome ned. Han tullar seg inn i fallskjermen og prøvar å få litt kvile.

Walter blir i flyet til neste dag. Han trur at det har gått gale med kameraten, Fritz. Einaste måten å berga livet på no er å åleine finna fram til folk. Han byrjar å trakka nedover att. Han heldt litt lenger til høgre denne gongen. Det ser høgt og bratt ut utfor, ned dit han trur det må finnast folk. Eit godt stykke lenger nede ser det ut til å væra mogeleg å ta seg ned. Det går seint nedover. Det snøar tettare og tettar. Han finn eit tilisa elvefar langt der ned. Ei lita redning. Han tek til å fylja dette. Det snor seg slakt nedover og tålig greitt å fylja. Det er langt på dag no og tek til å mørkna. Elvefaret går ut i eit islagt vatn. Han heldt innved breidda til høgre. Brått ser han konturane av eit hustak stikka opp or snøen eit stykke opp for vatnet. Kan det væra sant? Er han berga. Sjanglande og trøytt ber det oppover. Huset er lite. Han finn der døra er og grev vekk snøen med fingrane. Døra er ikkje låst! Den går innover og han kjem seg inn. Eit kaldt nake utsæl er det han ser. Det går ei dør vidare innover. Han slenger seg utmatta ned på den eine av sengene der inne.

Omlag slik kan det ha skjedd. Dramatiseringa bygger på det me har av historiar frå hende.

Me speidar nedover det solbada landskapet ned mot Torvedalen. Det ser stupbratt ut utfor kanten. Ned mot Dyratoni litt lenger nord mot Kjæringanosi ser det betre ut. Det er her dei lokalkjende tek sek opp og ned. Men ofte er ikkje denne vegen nytta no. Nede i Torvedalen ser me dei to små sæla stikka opp or snøen. Eit stykke til venstre for desse buktar eit nedsnødd elvefar seg nedover mot Eksestjørna og Eksestølen. Eksestølen ligg bak eit høgdedrag og kan ikkje sjåast herifrå.


Ein overlevande

Walter Schwarze, han i selet på Eksestølen, vaknar brått til borti senga og famlar etter pistolen som han framleis har i hylsa i beltet. Han høyrer lyden av folk utanfor, og nokon som snakkar norsk. Han retter pistolen mot døra som opnar seg der ein mann kjem til syne, og straks ein til. Dei retter opp armane når dei ser våpenet hans. Det er Olav Gullbrå, styrar ved kraftstasjonen på Evanger, som er på veg heim til Gullbrå for å feira nyttår med familien. Dette er kortaste vegen via Brekkhus over Øvrafjellet. Saman med han går skreddar Nils Ekse. Dei forstår så mykje at tyskaren må ha hjelp til å koma seg til folk. Sein utpå kvelden kjem alle tre til gards på Ekse. Lars Ekse gjev tyskaren mat og losji. Olav forset heim.

Dagen etter har dei fått tak i ein tysk-kunnande Bergensar til tolk. Tyskaren fortel at han har vore mannskap på eit fly som har styrta oppe i fjellet. Ein av kameratane overleve også styrten, men er truleg død etter å ha rutsja utfor på veg ned, fortel han. Kan nokon få sendt eit telegram? Om kvelden nyttårsaftan står ein kar frå Gullbrå i tunet hjå Jakopo på Flatekvål, der telefonen er. Ein må ned dit skal ein i telefonen. Maria prøver å lesa det som står på arket mannen dreg fram. Ho skjøna det er tysk. Få tak i læraren seier ho, han kan tysk. Kåre Flåskjer blir henta utved Dalastova. Etter litt har dei fått kontakt med den tyske overkommandoen i Bergen, og telegrammet blir diktert.


Rute med "runde prikkar" til høgre: Skituren som er bakteppe for historia.
"Gul rute": Ruta til Walter Schwarze, slik den kan ha vore.
"Lilla rute" til venstre: Ruta til Fritz Albrechts som ramla utfor, slik den kan ha vore.
"Lilla rute" til høgre: Ruta dei døde blir frakta ned til Gullbrå.
Ein overlevande til

Han som rutsja utfor kjem til seg sjølv iskald liggjande i snøen. Kor lenge han har ligge veit han ikkje. Kroppen verker, men bein og armar er heile. Han tek til å ropa, men det er ikkje så lett med den knuste kjeven. Han får ikkje svar. Oppatt nakne berget er uråd å koma. Nedi snøen finn han att fallskjermen han har bore på. Han tek til å kliva vidare nedover. Det går seint, og enkelte stadar ser det høgt og uframkomeleg ut. Men ned kjem han. Er det to hustak han ser der nede? Kanskje hjelpa er nærmare enn han trur? Langt om lenge er han sliten og utmatta på veg opp ein bakke mot der husa ligg. Han grev seg ned til døra på det første og kjem seg inn. Berre ei tom seng, eit par stolar, og eit bor. Ikkje mat. Ikkje folk. Men i det minste ei seng. At han er i Torvedalen veit han lite om. Eksestorvedalen.

Tilbake til notida. Dagen er på hell, skal me koma oss nedatt må me starta på nedskride. Andre nyttårsdag 1943 var omlag på same tid og stad eit fylje frå Gullbrå også på veg nedatt på ski.

Laurdag 2. januar dreg eit fylje frå Gullbrå opp til Kvitanosi, via Kjæringanosi og Storetoni. Dei er fem vaksne, og to tenåringar. Dei har vore oppe og funne flyet liggjande på rygg i snøen. Det er svært. Vengespenn på 33 meter, kroppen 24 meter lang, propellane krølla. Halepartiet er avknekt og heilt. Inne i den knuste cockpiten ser dei ein mann hanga opp-ned i setebeltet sitt. Ellers er ingen menneske å sjå. På veg nedover mot Storetoni att studerer dei terrenget under seg ned mot Torvedalen. Ned her ein stad må den sakna tyskaren ha fare. Han som skrid først har fått auga på eitt eller anna og stoggar. Jau, det er eit menneske dei ser som står og veivar der nede ved eit av sela i Torvedalen. Sjølv om det er seint tek dei det bratte renne ned Dyratoni, og kjem fram. Han er svært utmatta og ille tilreidd mannen dei finn, Fritz Albrechts. Han må til folk straks skal han bergast. Dei skiftevis bær og skiftevis dreg mannen på fallskjermen han har med frå flyet. Nordvestover og opp skardet som fører mot Kjødnaleite, og vidare om Kjødnaleitet og ned til Ekse. Endeleg varme, mat og kvile. Og kameraten Walter. No hyser Lars Ekse to tyskarar.

Me tek i staden lettaste vegen ned, og skrid på skrå tilbake nordaustover mot Kyrafjellet og ned på høgresida. Skarden er forsatt hard, sola var ikkje varm nok i dag til å bløyta den opp, så det tek på å skrida.


Dei døde blir frakta ned

Ryktet om hendinga er byrja sprei seg i bygda. Mange fekk veta om det på nyttårsfesten på Brakestad nyttårsdag. 3. januar er nokre karar frå Nesheim på veg på ski heimatt kortaste vegen om Lonane og Kvitestakken. Dei har måtta snu i Dyratoni på grunn av snøstorm i eit forsøket på å gå til vraket. Vel nede att, i lia nedanfor Brakestad, møter desse dei første tyskarane som er komne til dalen på grunn av hende. Telegrammet som blei sendte nyttårsaftan er tydelegvis kome fram. Lensmann Albert Sortevik fører an. Dei er på veg til Gullbrå. Nede på Nesheim er det fleire tyskarar. Dei har kome over fjellet frå Brekkus med ein ung mann derifrå som vegvisar, og har no okkupert stova til Lars.

Tyskarane installerer seg hjå Nils B. Gullbrå. Etter å ha henta meir proviant og utstyr dagen før, tek eit fylje av tyskarar og folk frå Gullbrå tidleg på dag tysdag 5. januar seg opp til Kvitanosi og flyvraket. Dei balar fælt med å få ut dei døde kroppane av flyet. Framre delen er knust og vanskeleg å ta seg inn i. Øks og kubein er einaste verktøya. Langt om lenge ligg fire døde stivfrosne kroppane i snøen. Fyljet har med seg to sledar, og no blir kroppane butne fast til desse, to på kvar.
Focke Wulf Condor FW 200C-4
Fire tyskarar og fire nordmenn blir fordelt på kvar slede. Den lange og strevsame nedturen til fots tek til. Dei deler den opp i økter på ein time marsj og ti minuttar pause. Seint i kveldinga er dei nede i tunet på Gullbrå att.

Dei komande dagane blir dei døde frakta ned Eksingedalen. Bilvegen sluttar innved Nordalselva innafor Trefall, der arbeidet stansa opp då krigen braut ut. Men vegen er ikkje brøyta, så frakta må gå med hest og slede. Den går i fleire etappar. Først til Nesheim onsdagen den 6. Der blir dei døde lessa av i Smiemyra. Berre litt snø blir sparka over dei, rett nok med tysk vakthald. Neste dag, torsdag 7. går ferda vidare til Flatekvål, der dei frosne kroppane blir plassert i vedskålen på Dalastova. So vidare ned dalen til fjorden fredag den 8. Fredag er båt-dag. Båten tek seg inn så lagt iskanten tillet. Dei døde blir vinsja om bord, og ferda forset til Bergen. Dei overlevande er også truleg med same båten.

Tyskarane tek seg av sine døde. På Solheim kyrkjegard i Bergen blir det begravelse på militært vis. Dei fire kistene er dekka med det tyske flagget. Det er hornorkester, ein kort tale, og så militære helsingar og skotsalvar. Gravsteinane har øverst det tysk korset med hakekorset i midten. Namna som er å lesa på dei er: Gefreiter Karl Pech 15.10.1022 - 27.12.1942, Feldwebel Ervin Kopp 5.3.1913 - 27.12.1942, Unteroffizier Adolf Liebcher 26.11.1920 - 27.12.1942, og Oberleutnant Waldemar Hackel 3.1.1915 - 27.12.1942.

I ei tysk avis står det ei dødsannonse utpå nyåret: Me har med stor sorg motteke nyheita om den heroiske døden til vår einaste son, ektemann, far, og søskenbarn, korporal Karl Pech, skyttar i ein flykvadron. Han fall i kamp 20 år gammal, på oppdrag for Føraren og det Tyske Riket. Han er gravlagd på krigskyrkjegarden i Bergen (Noreg). I djup sorg: Hermann og Anna Pech, foreldre, Gertrud Knechtel, kone, Monika og Christl, born. I namnet til alle slektningar, St. Georgenthal, Februar 1943.


Lagnaden til flyvraket

Etter nedskriet, først med utsikt austover mot Sødalen, og etter kvart vestover mot Ekse med Eksingedalen nedetter, kjem me ned mot tregrensa rett ovanfor Gullbråfossen. Det var her i Veslelida den eine motoren, som tyskarane saman med beordra bygdefolk hadde greidd å dra frå vraket og heilt ned hit, tok i veg på eigen hand til sleden vart knust til pinneved mot dei første trea den møtte. Far var med på dette. Dette var seinare om våren då tyskarane kom attende for å frakta ned deler frå vraket. Men før dette kom det også andre gjester.

Ein patrulje frå heimestyrkane på Vossestrand tek seg opp til Kvitanosi utpå nyåret. Kanskje er her "forsyningar" å henta. Inni flykroppen er det ein del store bensintankar spent fast. Mykje drivstoff som gjev lange rekkevidde er ein av dei store styrkane ved dette flyet, "Atlanterens svøpe" som Churchill kalla det. Tankane inne i flyet, fem i alt, er i seg sjølv av ein genial konstruksjon, og ein militær løyndom. Laga av finer, inni med "eggerist" innlegg for å forhindra skvalping, utanpå eit lag med hard gummi, deretter eit lag med rågummi, så eit lag til med hard gummi att, og ytst sydd med eit lag skinn. Denne konstruksjonen gjer tankane splint og skotsikre. Går ei kule igjennom lek bensinen til den møtte rågummien, denne smelta og tetta att holet. No er tankane tomme, men både gummi og lær er verdifulle produkt som dei tek med seg. Det gjer dei også med eit maskingevær som er montert i eit kuauga i flykroppen, saman med noko 7.92 ammunisjon. Ei maskinkanon i buk-gondolen er litt bøygd, men den blir også teken med. Denne blir seinare retta ut i ei skrustikke og prøveskoten i løynd ein stad på Vossestrand.


Interiør-bilete som viser dei fem bensintankane.

Så er det seinare utpå vårparten 1943. Snøen ligg framleis. Det er hard skare om morgonen, som blautnar opp utetter dagen. Til Gullbrå er det komen ein tropp alpejægrar. Igjen installere dei seg hjå Nils. Dei er flinke på ski. Oppdraget er å frakta ned ting som er av interesse for tyskarane å ta vare på. Slik som våpen, instrument og landingshjul. Og elles å øydelegga resten, slik at ingen andre kan nyttiggjera seg det.

Til å frakta ned delane blir den nye sleden hans Andreas rekvirert. Folk frå bygda blir beordra til å væra med. På første turen opp blir tyskarane høglytte og fektar fælt. Dei oppdagar at andre har vore der før dei og forsynt seg. Det blir mange turar, opp med tom selde, nedatt med ymse som er plukka ut av flyet.

Tyskarane har fått for seg at dei skal prøva å ta ned motorane, fire 1200 hk BMW-Bramo 323R-2 Fafnir ni-sylindra radial motorar. Desse er rimeleg uskadde. Dei baksar den første oppå sleden. Den er tung og uhamsleg. Folka heng store deler av tida i toga bak og på ei av sidene, for det går mest nedover og på skrå. Det ligg på grensa til det mogelege å manøvrera det svære beistet nedover. Men det går på eit vis. Heilt til den siste bratte lida ned til Gullbråfossen, Veslelida. Her misser dei kontrollen. Tyske gloser haglar, dei mistenkjer nordmennene for å sleppa med vilje. Men det er nok motoren på sleden som bestemmer, der den suser nedover på eiga hand til sleden blir knust mot dei første trea den møter. Motoren siglar endå eit stykke, til den slår seg til ro i snøen. Forsøket på å ta med motorane blir med dette skrinlagt.
Delane som kjem ned til Gullbrå blir frakta vidare ned til Nordalselva på Trefall der bilvegen tek til. Der står eit lite hus folk på Ekse og Gullbrå har sett opp som lagringsskur. Noko av tinga blir lødd inn her. Bestefar er innom og sjekkar når ingen ser han. Litt blir nok borte på denne måten, berre småting sjølvsagt, anna er for fårleg.

På den siste turen har alle fått ekstra bør med seg opp. Dei ber på TNT blokker viser det seg. Tyskarane vil sprengja det som er att og som dei ikkje vil at fienden skal få tak i. Dei tek til å surra fast sprengstoffet på motorane og på den heile bakkroppen. Så skal det sprengjast. Folk får beskjed om å søkja ly så godt dei kan. Eit inferno av metallsplintar og delar haglar i lufta. Eit under at alle kjem uskadde frå det. Betar ligg spreidde utover i eit stort område.

Ein av motorane, sik den ser ut i dag.


På veg nedatt får motoren i Vislelida same medfarten. Det hagla heimover garden på Gullbrå. Når dei pløyer i jorda kan dei i mange år etterpå finna deler frå motoren blei det sagt.

Så er oppdraget utført og tyskarane dreg. Det som er frakta ned av delar blir etter kvart henta og køyrd avgarde, no som vegen er opna etter vinteren.

Rundt på gardane går livet vidare. Det er harde krigsår enno. Ein og anna tusenkunstnar nyttiggjer seg delar han har plukka med seg heim. Leidningar, aluminiumsrøyr og plater. Lær og tjukk gummi frå bensintankane til hesteselar, skistav-trugar og skosolar.

Så nærmar påsketuren 2005 seg slutten. Me kjem nede på den ubrøyta anleggsvegen oppå Gullbråfossen. På andre sida av elva ligg geitefjøsen. Me skrid vidare ned til brua og storevegen der bilen står. Under krigen slutta bilvegen innafor Trefall, men heile dalen var ubrøyta vinterstid. No kan me leggja skiene på taket, starta opp og køyra. Det blir kaffipause på Trefall. "Ja eg kunne mest tenkja meg at du var på Kvitanosi i dag, sidan det var så fin ver", seier mor.

Sundag 31. juli 2005 er eg oppe att. No til fots frå Gullbrå om Kjæringanosi. Dagen før står det å lesa i avisa Hordaland at flyvraket skal fjernast. Det som er att skal brukast i oppbygginga av eit eksemplar av Condor modellen på eit museum i Berlin. Eg er oppe for å foreviga det eg kan med fotoapparatet før det blir borte. Eg møter fleire i same ærend. Ein er her for første gong trass i at han er oppvaksen rett nedi dalen. Forberedelsande til flytting er visst starta. Delar er alt samla i haugar. Nokon har flytta på dei for fyrste gong på over 62 år. Vraket minkar nok litt desse dagane. Skal tyskarane ta det att vil me behalda litt, tenkjer folk.
Oddlaug ved vraket.


Laurdag 13. august er eg oppe att. Denne gongen frå vegen over Nesheimsfjellet, om Vinningsleite og Kristnipo. Og siste stykk opp den raudsirkel-merka vegen frå Breihjellen, rett opp til flyet, som ein normalt går frå anleggsvegen i Volakroken innafor Brekkhus. No er vraket blitt midlertidig freda av Fylkeskonservatoren på grunn av dei sterke reaksjonane mot fjerninga. Sentralbordet i avisa Hordaland har gløda. Men Forsvarsmuseet har tenkt å anka vedtaket melder dei. Dei har eit museum i Berlin dei skal stå til rette for. Fyrst 12 dagar seinare, den 25. august, blir dette anke-varslet trokke attende.

Lite visste dei om denne striden, dei som 62 år før prøvde å berga livet med ei naudlanding her. Og lite om at flyet deira kom til å bli freda 62 år seinare som krigsminne.


Turen til vraket

Turen til flyvraket på Kvitanosi kan gåast frå flere stadar. Den finaste turen er nok frå Gullbrå via Kjæringanosi. Denne tek omlag 3 timar opp. Ein startar då frå annleggsvegen oppå Gullbråfossen. Den kortaste vegen er frå anleggsvegen inni Volakroken innafor Brekkhus. Siste stykke opp frå Breihjellen er merka med raude sirklar. Ein kjem då rett opp til flyet. Denne tek 2 timar pluss. Ein kan og gå inn via Vinningsleite og Kristnipå frå vegen over nesheimsfjellet. Dette er nok tyngste varianten av desse 3. Fleire turalternativ austfrå finns, eksempelvis opp frå Sødalen.


Dei tre vegane til Kvitanosi som er beskrevne over. Flyet er vist med eit lite fly-symbol.



Tidsline for Kvitanos flyet, desember 1942 - august 2005.

Søndag 27/12 1942 om kvelden: Dei høyrer flydur over Ekse og Gullbrå. Eit stort fly med landingljosa på blir observert. Seinare viser det seg at det var søndag kveld flyet styrta

Måndag 28/12: Kommandoen på Sola ved Stavanger melder at ein maskin frå .I. Gruppe Kampfgeschwader 40. (KG 40), formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær.

Tysdag 29/12: Søket blei forsøkt gjenoppteke, men meldinga lyder seinare på dag: "Søk resultatlaust avbrote".

Same dag: Styrar på kraftverket på Evanger, Olav Gullbrå, saman med skreddar Nils Ekse, kjem på veg frå Evanger og Brekkhus over Øvrafjellet og finn ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen (det er mogeleg dette i staden var dagen etter, onsdag 30/12). Tyskaren får hjelp ned til Ekse og blir der innlosjert hjå Lars Ekse.

Onsdag 30/12: Ein tysk-kunnande Bergensar som er innlosjert på Gullbrå er tolk. Det viser seg at tyskaren er sersjant Walter Schwarze, mekanikar ombord i eit tysk bombefly som han fortel er styrta i fjellet like ved. Ein overlevande kamerat rutsja utfor eit stup og blei borte i på veg ned. Flyet viser seg å væra av type Focke Wulf FW 200C-4 Condor, fabrikknummer 0140, modell kode F8+AK.

Torsdag 31/12: Ein mann frå Gullbrå kjem til Flatekvål med eit telegram som skal sendast til den Tyske overkommandoen i Bergen. Kåre Flåskjer, lærar i bygda og tysk-kunnande, sender telegrammet. Det inneheldt blant anna: "Unsere Mitglider besatsung sind alle tot" (heile medbesetninga er alle døde). Ein tysk rapport frå desse dagane viser også til at berre ein overlevde, og at ein var sakna og fire var drepne.

Laurdag 2/1: Fyrste "ekspedisjonen" av folk frå Gullbrå er oppe og leitar etter flyet. Dei finn flyvraket i ein slak skråning på vestsida på Kvitenosplatået. Sannsynlegvis i eit forsøk på å naudlanda har eine vingen slege mot ein stor stein og heile flyet er tippa rundt og blitt liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefeste har brotna av og er heilt. Dei ser ein omkomen flygar hengja oppned i den knuste cockpiten. Då dei passerar Dyratoni på veg heim ser dei eit menneske stå å veiva nede i Torvedalen. Dei tek seg ned Dyratoni og finn ein svak og sterkt skada tyskar ved eit sel der. Dei tek han med seg ned til Ekse ved å delvis dra han og delvis bæra han i ein fallskjerm han har med frå flyet. Det viser seg at dette er den sakna sersjant Fritz Albrechts, mekanikar på det styrta flyet.

Sundag 3/1: Ein tysk patrulje kjem med lensmann Albert Sortevik i brodden. Nils N Nesheim treff dei i Brakestadlia etter at han og nokre andre har måtta snu på grunn av snøstorm i ei forsøk på å ta seg opp på Kvitenosi.

Tysdag 5/1: Dei døde blir etter mykje strev hogd ut av vraket og blir transportert ned til Gullbrå på kjelkar, to på kvar.

Onsdag 6/1: Dei døde blir kjørde med hest og slede til Nesheim. Denne dagen melder kaptein Gebhardt til overkommandoen i Bergen at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze og sersjant Fritz Albrechts.

Torsdag 7/1: Dei døde blir kjørde vidare til Flatekvål.

Fredag 8/1: Dei døde blir kjørde vidare ned dalen. Dette føregår også med hest og slede då vegen ikkje var brøyta i dalen om vinteren under krigen. Fredag er båt-dag. Båten går så langt inn som isen tillet. Ferda går vidare med båt til Bergen. Båten er truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

Januar 1943: Dei døde blir begravd på Solheim Kyrkjegard i Bergen. Desse er: Oberleutnant Waldemar Hackel (pilot, kaptein), Unteroffizier Adolf Liebscher (pilot), Feldwebel (sersjant) Erwin Kopp (telegrafist) og Gefreiter (korporal) Karl Pech (skyttar)

Januar - februar 1943: Heimestyrkane frå Vossestrand får høyra om hende og er oppe. Eit maskingevær frå et .ku-auga. og noko ammunisjon blir teke med. Det blir også ei bøygd maskinkanon frå buk-gondolen, som seinare blir retta og prøveskote. Dei tek og med deler av bensintankane dei finn inni flykroppen. Her kan lær og gummi nyttast.

Februar 1943: I ei avis i St. Georgenthal står ei dødsannonse for ein av dei omkomne, Gefreiter (korporal) Karl Pech, skyttar ombord i det styrta flyet

Våren 1943: Mang ein nysgjerrig og skigåar tek turen opp til flyet. Ein og annan del blir nok ruska laus og tatt med heim.

Måndag 3/6: Ein tropp alpejægrar kjem og stasjonerer seg på Gullbrå. Dei transporterer ned delar frå flyet. Til hjelp rekvirerar dei folk frå bygda.

4-9/6: Deler blir transportert ned til Gullbrå med slede, og vidare ned til bilvegen på Trefall, som no er open. Dei prøver seg blant anna på å få ned motorane, men gjev opp etter at den første dei prøver seg på fær på eiga hand nedetter lida på ein slede.

Torsdag 10/6: Tyskarane er oppe ved vraket siste turen for å henta ned deler. Dei sprenger då delar av flyet pluss motorane.

Fredag 11/6: Resten av delane vert frakta ned til bilvegen på Trefall. Tyskarane dreg etter fullført oppdrag.

1943 - 2005: Over 62 år går. Mang ein turgåar har i alle desse åra hatt flyvraket på Kvitanosi som eit kjært turmål. Vraket har nok minka litt med åra på grunn av ein og anna suvenir samlar. Dei store flatene på dei forholdsvis heile vengene er blitt til minnebøker med namn, dato og årstal rissa inn.

Laurdag 30/7 2005: Avisa Hordaland har ein artikkel på framsida som fortel at flyvraket skal fjernast. Det er eit museum i Berlin som vil ha delane til eit fly av denne type som dei heldt på å byggja opp. Sjølv om den militære Condor modellen blei produsert i 262 eksemplar under krigen, fins ingen att no. Museet er svært interessert i vengene og halen. Det er dette som er best bevart på Kvitanosi. Dette kjem heilt uventa. Ingen i bygdene rundt har fått veta om desse planane. Flyttinga skal skje med helikopter ned til Brekkhus, og med bil vidare. Fjerninga vil kanskje allereie ta til i veka etter.
Frå vraket i dag.
2/8: Etter sterke reaksjonar frå folk både i Eksingedalen og Vossebygdene mot fjerning, vedtek Fylkeskonservatoren midlertidig freding av vraket slik at saka kan utreiast betre.

15/8: Det er Forsvarsmuseet som styrer flytte-prosjektet frå norsk side. Dei melder at dei vil anka fredingsvedtaket.

24/8: Forsvarsmuseet trekkjer tilbake anke-varselet. Flyet blir difor etter alt å døma varig freda som krigsminne av Riksantikvaren. Det er no ikkje lenger lov å plukka med seg delar.


Kjelder

I januar 2005 starta eg på ei side på internett om flyet på Kvitanosi: www.trefall.com/kvitanosi/. Mykje av kjeldene er å finna der. I løpet av levetida til denne nettsida har eg fått fleire henvendelsar med nytt og nyttig stoff som er blitt lagt til.

Dei forskjellige kjeldene avvik litt på datoar og hendelsesforløp, slik at historia som her er fortald er ikkje alltid er heilt "i takt" med alle kjeldene. Men avvika er heller små.
  • Nils N Nesheim fortel, henta frå nettsida www.trefall.com/kvitanosi/.
  • Far, Håkon Trefall, fortel, henta frå nettsida www.trefall.com/kvitanosi/.
  • Informasjon henta frå www.wk2.info, ein no nedlagd nettstad laga av ein etterkomar av den drepen KarlPech.
  • Ein artikkel i jolenummeret til avisa Hordaland frå 1987 under tittelen "Flystyrt på Kvitanosi jolaftan", signert Nk.
  • Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik, to artiklar:
    • Flystyrt på Kvitanosi 27/12-42 fortalt av Nils Gullbrå
    • Flyet som prøvde å naudlande på Kvitanosi fortalt av Kåre Flåskjer.
Bilete og kart:
Kopirettigheitar til karta brukt i denne artikkelen: Belanor AS.
Alle foto og montasjar frå notid: Kåre Trefall.
To arkiv foto av Fw 200: Kjelde ukjend.

[neste] [forrige] [innhald]
[utskriftvenlig side]

[neste] [forrige] [innhald]

Historiar:

Tidsline:


Søndag 27/12 1942 om kvelden: Dei høyrer flydur over Ekse og Gullbrå. Eit stort fly med landingljosa på blir observert. Seinare viser det seg at det var søndag kveld flyet styrta

Måndag 28/12: Kommandoen på Sola ved Stavanger melder at ein maskin frå "I" Gruppe Kampfgeschwader 40. (KG 40), formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær.

Tysdag 29/12: Søket blei forsøkt gjenoppteke, men meldinga lyder seinare på dag: "Søk resultatlaust avbrote".

Same dag: Styrar på kraftverket på Evanger, Olav Gullbrå, saman med skreddar Nils Ekse, kjem på veg frå Evanger og Brekkhus over Øvrafjellet og finn ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen (det er mogeleg dette i staden var dagen etter, onsdag 30/12). Tyskaren får hjelp ned til Ekse og blir der innlosjert hjå Lars Ekse.

Onsdag 30/12: Ein tysk-kunnande Bergensar som er innlosjert på Gullbrå er tolk. Det viser seg at tyskaren er underoffiser Walter Schwarze, andre-telegrafisten ombord i eit tysk bombefly som han fortel er styrta i fjellet like ved. Ein overlevande kamerat rutsja utfor eit stup og blei borte i på veg ned.
Flyet viser seg å væra av type Focke Wulf FW 200C-4 Condor, fabrikknummer 0140, modell kode F8+AK.

Torsdag 31/12: Ein mann frå Gullbrå kjem til Flatekvål med eit telegram som skal sendast til den Tyske overkommandoen i Bergen. Kåre Flåskjer, lærar i bygda og tysk-kunnande, sender telegrammet. Det inneheldt blant anna: "Unsere Mitglider besatsung sind alle tot" (heile medbesetninga er alle døde). Ein tysk rapport frå desse dagane viser også til at berre ein overlevde, og at ein var sakna og fire var drepne.

Laurdag 2/1: Fyrste "ekspedisjonen" av folk frå Gullbrå er oppe og leitar etter flyet. Dei finn flyvraket i ein slak skråning på vestsida på Kvitenosplatået. Sannsynlegvis i eit forsøk på å naudlanda har eine vingen slege mot ein stor stein og heile flyet er tippa rundt og blitt liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefeste har brotna av og er heilt. Dei ser ein omkomen flygar hengja oppned i den knuste cockpiten.
Då dei passerar Dyratoni på veg heim ser dei eit menneske stå å veiva nede i Torvedalen. Dei tek seg ned Dyratoni og finn ein svak og sterkt skada tyskar ved eit sel der. Dei tek han med seg ned til Ekse ved å delvis dra han og delvis bæra han i ein fallskjerm han har med frå flyet. Det viser seg at dette er den sakna sersjant Fritz Albrechts, mekanikar på det styrta flyet.

Sundag 3/1: Ein tysk patrulje kjem med lensmann Albert Sortevik i brodden. Nils N Nesheim treff dei i Brakestadlia etter at han og nokre andre har måtta snu på grunn av snøstorm i ei forsøk på å ta seg opp på Kvitenosi.

Tysdag 5/1: Dei døde blir etter mykje strev hogd ut av vraket og blir transportert ned til Gullbrå på kjelkar, to på kvar.

Onsdag 6/1: Dei døde blir kjørde med hest og slede til Nesheim. Denne dagen melder kaptein Gebhardt til overkommandoen i Bergen at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze og sersjant Fritz Albrechts.

Torsdag 7/1: Dei døde blir kjørde vidare til Flatekvål.

Fredag 8/1: Dei døde blir kjørde vidare ned dalen. Dette føregår også med hest og slede då vegen ikkje var brøyta i dalen om vinteren under krigen. Fredag er båt-dag. Båten går så langt inn som isen tillet. Ferda går vidare med båt til Bergen. Båten er truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

Januar 1943: Dei døde blir begravd på Solheim Kyrkjegard i Bergen. Desse er:
Oberleutnant Waldemar Hackel (pilot, kaptein), Unteroffizier Adolf Liebscher (pilot), Feldwebel (sersjant) Erwin Kopp (telegrafist) og Gefreiter (korporal) Karl Pech (skyttar)

Januar - februar 1943: Heimestyrkane frå Vossestrand får høyra om hende og er oppe. Eit maskingevær frå et "ku-auga" og noko ammunisjon blir teke med. Det blir også ei bøygd maskinkanon frå buk-gondolen, som seinare blir retta og prøveskote. Dei tek og med deler av bensintankane dei finn inni flykroppen. Her kan lær og gummi nyttast.

Februar 1943: I ei avis i St. Georgenthal står ei dødsannonse for ein av dei omkomne, Gefreiter (korporal) Karl Pech, skyttar ombord i det styrta flyet

Våren 1943: Mang ein nysgjerrig og skigåar tek turen opp til flyet. Ein og annan del blir nok ruska laus og tatt med heim.

Måndag 3/6: Ein tropp alpejægrar kjem og stasjonerer seg på Gullbrå. Dei transporterer ned delar frå flyet. Til hjelp rekvirerar dei folk frå bygda.

4-9/6: Deler blir transportert ned til Gullbrå med slede, og vidare ned til bilvegen på Trefall, som no er open. Dei prøver seg blant anna på å få ned motorane, men gjev opp etter at den første dei prøver seg på fær på eiga hand nedetter lida på ein slede.

Torsdag 10/6: Tyskarane er oppe ved vraket siste turen for å henta ned deler. Dei sprenger då delar av flyet pluss motorane.

Fredag 11/6: Resten av delane vert frakta ned til bilvegen på Trefall. Tyskarane dreg etter fullført oppdrag.

1943 - 2005: Over 62 år går. Mang ein turgåar har i alle desse åra hatt flyvraket på Kvitanosi som eit kjært turmål. Vraket har nok minka litt med åra på grunn av ein og anna suvenir samlar. Dei store flatene på dei forholdsvis heile vengene er blitt til minnebøker med namn, dato og årstal rissa inn.

Laurdag 30/7 2005: Avisa Hordaland har ein artikkel på framsida som fortel at flyvraket skal fjernast. Det er eit museum i Berlin som vil ha delane til eit fly av denne type som dei heldt på å byggja opp. Sjølv om den militære Condor modellen blei produsert i 262 eksemplar under krigen, fins ingen att no. Museet er svært interessert i vengene og halen. Det er dette som er best bevart på Kvitanosi.
Dette kjem heilt uventa. Ingen i bygdene rundt har fått veta om desse planane. Flyttinga skal skje med helikopter ned til Brekkhus, og med bil vidare. Fjerninga vil kanskje allereie ta til i veka etter.

2/8: Etter sterke reaksjonar frå folk både i Eksingedalen og Vossebygdene mot fjerning, vedtek Fylkeskonservatoren midlertidig freding av vraket slik at saka kan utreiast betre.

15/8: Det er Forsvarsmuseet som styrer flytte-prosjektet frå norsk side. Dei melder at dei vil anka fredingsvedtaket.

24/8: Forsvarsmuseet trekkjer tilbake anke-varselet. Flyet blir difor etter alt å døma varig freda som krigsminne av Riksantikvaren. Det er no ikkje lenger lov å plukka med seg delar.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Far fortel:

Håkon Trefall fortel [tekst i hakeparantesar er lagt til av meg].
Folk på Ekse og Gullbrå hadde sett flyet om kvelden den 27. Det kom lågt med kurs sør/sør-aust mot Voss, og med landings ljosa på. Det vart seinare sagt at flyet hadde vore på tokt mot Island.

Olav Gullbrå var på veg heimatt vegen om Nærafjellet frå Brekkhus (via Teigdalen frå Evanger) på ski. Kor mange dagar etter at flyet krasjet dette var veit eg ikkje [kaptein Gebhardt melder at han er på veg til Stamnes med dei overlevande 6. januar] [Nils N Nesheim tidfester dette til 31/12, Nils Gullbrå til 29/12, mest trulaeg var det den 30/12].
Då han skulle gå forbi Eksestølen kom det ein tyskar med revolvar i hånda ut av eit sel der. Dette var ein av dei overlevande [dette var etter alt å døma Walter Schwarze]. Tyskaren blei med ned til Ekse. Folk frå bygda var so oppe og leita og fann ein overlevande til i eit sel i Torvedalen (Ekses Torvedalen) [dette var etter alt å døma Fritz Albrechts som var betegna som svært skada], og seinare flyet og dei fire omkomne [Nils Gullbrå fortel at rekkefylja var motsatt: fyrst blei flyet funne, så den andre overlevande på tilbakevegen]. Flyet var forholdsvis heilt.

Vegen dei to overlevande var komne ned frå Kvitanosi via Dyratoni, eller mogelegvis gjellane lenger sør, er svært stygg og egentleg berre for heilt lokalkjende. So dei hadde vore heldige som kom levande frå denne turen også, i tilegg til å ha overlevd krasjet.
Dei døde blei tatt ned til Gullbrå og so frakta med hest og slede frå Gullbrå til Nesheim. Han "Daoe" med to [Nils N Nesheim skriv at det var Lars Ekse], han Andreas med to. [So vidare ned dalen med hest og slede då vegen ikkje var brøytt under krigen. Frå Stamnes(?) med båt til Bergen. Dei er gravlagde der på Solheim kjyrkjegard.] [Ei som budde på Nesheim fortalde om uhygga med dei frosne lika som låg lagra der natta over, ein historie eg seinare høyrde av mor mi.]

Utpå vårparten, mens det framleis var snjo og skiføre, blei folk frå dalen "beordra" til å frakta ned deler frå flyvraket. Dette var folk frå Trefall: far + Gunnar, + folk frå Ekse og Gullbrå. Dei brukte ein ny slede hans Andreas som han Johanes Fosse hadde laga, og som tyskarane såg og "rekviverte". Det som blei tatt ned var instrument, bensintankar med gummi på innsida slik at dei var tette sjølv om kulene gjekk gjennom, og andre "hemmelege ting", som blei snakka om i bygda seinare.

Tyskarane ville også ha ned dei fire motorane. Ved forsøket på å frakta den første glapp denne i Veslelia på veg ned, sleden vart knust mot dei føste trea den traff og motoren segla eit stykke vidare. Dermed vart motor nedfraktinga skrinlagt. Motoren vart rett etterpå sprengt her [delar kan sjåast der framleis, eg skal prøva å lokalisera dei m/GPS posisjon senare].

Far var med på siste turen opp med tyskarane. Dei tre andre flymotorane vart då sprengt, pluss ymse andre delar. "Etter at sprengladningane var festa fekk me besjed om å søkja dekning. Det hagla med metallsplitar i lufta der me låg bak ein kant like ved. Men heldigvis blei ingen skada".

Delane som blei frakta ned til Gullbrå, blei frakta vidare ned til Trefall. Ein del av dei blei lagra i huset folk frå Ekse og Gullbrå hadde innved Nordalselva. Brua over elva var under arbeid då krigen braut ut, og bilveg bygginga stoppa opp her til krigen var slutt. Då bilvegen blei brøyta opp utpå forsommaren 43 blei delane frakta vidare herfrå med lastebil.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Nils N Nesheim: Flystyrt på Kvitanosi 27-12-1942 nedteikna slik eg minnest det:

27/12. Den tradisjonelle jolatrefesten på skulen. Ein vedvarande flydur, 1 time kanskje 2. Det høyrdest ut som det krinsa over området, brått vart det stilt. Me undrast vel litt på kva det kunne vera, men tenkte ikkje meir på det.

31/12. Olav Gullbrå, driftsstyrar ved Evanger kraftverk er på veg heim til Gullbrå for å høgtida nyttår saman med famelien, han tek snaraste vegen over Øvrafjellet. Når han kjem forbi selet til Nils Ekse vert han var spor i snøen etter folk. Ein tyskar kjem ut med våpen i handa.

1/1-1943. Folk frå Ekse og Gullbrå på leiting etter ein tyskar til som var i livet. Leitemannskapet finn han i eit sel i Torvedalen Vest, dei skiftesvis ber og dreg han til Ekse på ein fallskjerm som mannen hadde med frå flyet. Nyttårsfest på Brakestad, der folk fekk veta kva som hadde hendt.

3/1 (sundag). Norvald, Gunnar og eg på veg til Kvitenosi, i Dyratoni treffer me på vrakrestar av flyet. Men me må gjera vendereis på grunn av veret. Tek beinaste vegen om Kvitestakken og ned til Brakestad. I Brakestadlia møter me ei tysk patrulje med lensmann Albert Sortevik i brodden, dei er på veg til Ekse for å ta seg av dei overlevande. Kjem til Nesheim finn me storastova til Lars J Nesheim "okupert" av 10 - 12 tyske soldatar, dei er med ein ungdom frå Brekkhus som kjentmann.

4/1. Saman med ein tysk soldat vart Gunnar og eg beordra til Brekkhus, for å henta diverse proviant og utstyr. Attende fekk me med oss to mann frå Brekkhus og det vart full bør til alle. Overnatta på Nesheim.

5/1. Til Gullbrå med provianten, der det låg ordre om å fortssetja til Kvitanoi. Då me kjem fram er tyskarane med hjelp av fleire innfødde i arbeid med å hogga seg inn til dei døde. Det var eit vanskeleg arbeid med berre øks og brekkjern til hjelp. Omsider fekk me dei ut av flyet og over på to kjelkar, to på kvar. Så var det tur til Gullbrå med dei døde, alle mann til fots. Dei fire Tyske og fire norske på kvar kjelke 1 time mars og så 10 min kvil, kom ikkje til Gullbrå før seine kvelden, overnatta på Gulbrå.

6/1. Oppatt på Kvitanosa for å henta ned diverse utstyr som vart plukka ut av flyet. Lars Ekse og Andreas Trefall køyrde med hest og slede, dei døde tyskarane til Nesheim der dei lasta dei av på smiemyra, berre sparka litt snjo kring dei. Dei var under tysk oppsyn.

7/1. David Gullbrå og Andreas Trefall med to fulle hestelass med utstyr. Norvald og eg fekk i oppdrag å transporttera dei døde flygarane til Flatekval, to på kvar slede. På Dalastova der tyskarane overnatta vart dei døde og pargaset plasert i vedhuset. Dermed var mitt oppdrag med flystyrten slutt.

8/1. Då Eksingedalsvegen, under krigen ikkje var brøyta gjekk truleg transporten vidare og med hest. Fredag var båtdag, var det is i fjorden la båten til ved iskanten. Det gjekk i allefall det ordet at dei døde vart tekne i vinsjen og hivde om bord I båten. Båt? Truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Flystyrt på Kvitanosi 27/12-42 fortalt av Nils Gullbrå (f.1929)

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik, her gjengjeve med løyve frå forfattaren, og Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Etter eit styggever med store snøfall, som hadde helde på sidan før jol, slutta det å snøa 27/12. Men skyene låg framleis ned til tusen m.o.h. Bror min og eg venta på at far skulle koma heim. Grunna veret, låg han fast på Evanger. Han var driftstyrar i elforsyninga der.

Me ungane hadde teke fram radioen før jol og sett han inn i stova. Tyskarane kom ikkje i slikt ver, meinte me.

Søndag 27de kl. 22.15 hørde me flydur og sette ut for å sløkkja utelampen. Ståande i tunet, såg me eit stort 4-motors fly med fulle landingsljos. Det flaug lågt over dalen. Me kunne sjå at det gjekk litt vest for Kjerringanosi og forsvann. Plutseleg vart duren vekke. .Hadde flyet styrta?..

Ruskeveret ville ikkje gjeva seg. Neste dag var det lågt skydekke og snøver. Slik heldt det på heile 28de. Tysdag 29de vart det lettare ver, overskya men brukande fjellver.

Om kvelden kom far heim. Han fortalde at han og skreddar Olav Ekse hadde treft på ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen. Dei hadde fått tak i hjelp som frakta tyskaren ned til Ekse. Der tok Lars Ekse imot og gav husly.

Nyttårsdag 1/1 43 var det snøslaps. Me fekk tak i ein kar frå Bergen, som var på "joleferie" (byttehandel). Han kunne tysk og fekk god kontakt med tyskaren. Tyskaren fortalde at han hadde vore ombord i flyet som hadde styrta og av mannskapet var det 2 overlevande. Då dei skilde lag, skulle den eine ta seg ned og ropa om det gjekk bra. Han på toppen fekk aldri svar. Han returnerte då til flyet.

Laurdag 2dre januar var veret bra, lett skydekke og bra sikt. Då la me i veg for å sjå etter flyet. Det var fem vaksne: Olav Gullbrå, Ingvald Gullbrå, Harald Gullbrå, Andreas Trefall og "tolken" frå Bergen. Etterpå kom bror min Johan, 15 år og eg, 13 ½ år. Me kom oss forbi Kjerringanosi og vidare bortover Storetoni, som går vest for sjølve fjellryggen, og i retning Kvitenostoppen. Me fylgde kanten av toni. Der fann me far etter ein utan ski. Me held fram i same retning og fann flyet ganske fort. Det hadde styrta i ein slakk skråning. Snømassane hadde teke av for total knusing. Venstre veng hadde slege mot ein stor stein så heile flyet tippa 180 grader og vart liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefestet var heilt. Men cockpiten var stua inn mot framre vengefeste. Me såg ein av dei omkomne flygarane. Han hang i beltet med hovudet ned.

Men dagen hella, så me tok heimveg. Me fylgde same vegen. Då me var komne ned for Dyratoni, såg me ein som vinka nede ved eit av sela i Torvedalen. Me tok oss ned Dyratoni og fram til selet. Der fann me den andre overlevande. Han hadde knust kjevebeinet og var ille tilreidt. Heldigvis hadde han med seg fallskjerm, og den kom vel med. Me la han i skjermen og drog han ned til Ekse. Han var så svak at han greidde ikkje å gå sjøl. Var framme der i 6-7 tida om kvelden.

Søndag 3dje januar var det full snøstorm (etter far si dagbok).

Han far og Olav Ekse, som fann den fyrste tyskaren på Eksestølen, fekk kvar si litter-flaske med italiensk vin som takk for hjelpi.

Rundt den 15. - 16. januar kom det ein tropp alpejegrar (østerrikarar). Dei var utsende for å ned dei omkomne frå flyet. Her på gullbrå budde dei hjå Nild B. Gullbrå. Dei var flinke skiløparar.

Alpejegrane fekk med seg nokre karar herfrå med slede. Dei tok seg fram til flyet. Det var nok eit vanskeleg arbeid, for dei kom ikkje ned til gards før seine kvelden.

Tredje dagen fekk dei tak i hesteskyss til å frakta dei omkomne nedover dalen. Det var David Gullbrå og Lars Ekse d.e. som kjøyrde.

Måndag 3. juni kom her ein ny tropp alpejegrar. Dei fekk hus hjå Nils Bergesen Gullbrå. Etter at eg hadde vore med dei nokre turar, fann eg ut at det var veldig kjekke folk. Ein av dei snakka godt norsk.

No skulle flyet tømast for alt av verdi. Dei fekk med seg folk herfrå. Det var Johannes, Herman, Harald og Ingvald, alle Gullbrå, og så Håkon og Andreas Trefall.

Eg var med to turar. Fyrste turen var eg og onkel Ingvald langt framom dei andre. Då me kom til flyet, var det alt to mann der. Dei spurte kva me hadde der å gjera. Onkel snudde seg og peika nedover og sa at det kom ein gjeng tyskarar bak oss. Eg har aldri, verken før eller sidan, sett nokon som har fått skia så fort på seg, og sprunge så fort på ski. Eg torer ikkje tenkja på kva som hadde hendt om tyskarane hadde sett dei i fullt sprang.

Ein dag hadde tyskarane drege to flymotorar ned til Nævene. Den eine tok ut for dei og for nedetter skogen. Sleden vart knust. Landingshjula og mangt anna var kome til gards, men motorane gløymde dei etter dette.

Torsdag 10. juni var eg med opp, for då skulle dei gjera reint .bol.. Vel oppe samla dei ihop resten av det som skulle til bygda. Så tok dei til å plasera TNT-blokker i den delen av flyet som var heilt. Dei drog belte på belte med amunisjon 20.05, som dei la oppå fyren. Me søkte ly nedom kanten, og så small det ! Eit infernalsk regn av alt mogeleg vart spreidd utover.

Dei to motorane som var att, sprengde dei og. Men dei tok seg lite nær av å bli puffa på. Denne fredage 11.juni fekk tyskarane frakta alt til Trefall i bilvegen.

Tyskarane reiste om kvelden den 11. etter endt jobb.

(Når det gjeld dataoane i denne soga, så er det å lesa ut av dagbøker førd av Olav J. Gullbrå).

[Tillegg gjordt av meg etter telefonsamtale med Nils 25/8-05]
Nils fortel: Halepatiet var heilt, med stor plass inni. Det var der nødprovianten hadde vore, og der dei overlevande hadde helde til før dei forlet flyet. Då me var oppe der siste gongen spurde eg den som hadde kommandoen om ikkje halepartiet kunne sparast då dei skulle sprengja flykroppen. "Det skulle eg gjerne", svara han, "men me er fleire". Halepartiet blei ogso sprengt.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Flyet som prøvde å naudlande på Kvitanosi fortalt av Kåre Flåskjer

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik. Her utdrag av Kåre Flåskjer's artikkel (den delen som omhandlar flyet) datert Harpefoss 14. mars, 1995. Kåre Flåskjer var lærar i Eksingedalen under krigen. Han døde over 90 år i 1996. Her gjengjeve med løyve frå dottera hans Sigrun Eng i Gol, Buskerud, og Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Det var nyårsafta 1942. I kveldinga var eg oppe i lia for Dalastova for å jakte på orrfugl, som det var mykje av det året. Brått høyrde eg at nokon ropa på meg at eg måtte koma nedatt. Det var kome ein kar frå Gullbrå med eit telegram på tysk, som i all hast måtte sendast pr. Telefon til Den tyske overkommando i Bergen. Ein av dei 6 som var med flyet, hadde berga livet og kome seg ned til folk. I telegrammet sto det m.a. til slutt: "unsere Mitglider besatsung sind alle tot." (heile medbesetningea er alle døde.)

Eg fekk sendt telegrammet til rette mann, overkommandanten for Bergensdistriktet.

Flyet hadde teke ut frå Værnes i Trøndelag og skulle spionere over havet mellom Norge og Island etter fientlege transportskip, for så å gje opp posisjon til tyske ubåtar om å gå til åtak.

Då dei skulle returnera til Værnes etter endt tokt, var der grauttjukk snøkave så dei kunne ikkje lande. Dei fekk ordre om å gå til Sola ved Stavanger, men på den turen hadde dei tulla seg ut av kurs og m.a. vore innover Sverike med opplyste byar.

Det minka med bensin; å nå Sola var uråd. I staden for å dette ned, såg dei ingen annan sjanse enn naudlanding. Men det var mørkt. Dei skimta ikkje terrenger under seg, og måtte la det stå til. Sjansen til at det skulle gå vel, var uhorveleg liten. Det hadde gått bra om ikkje ein stor stein tok tak i eine vengen og kasta flyet rundt.

4 mann miste livet under landinga, men 2 var uskadde.

Det var full vinter, mykje snø, og dei var lettkledde, så dei valde å vera i flyet eit par dagar. Der var det også litt mat. Men etter kvart gjekk det opp for dei at dei måtte prøve å nå fram til folk. Snøblindt som det vat, rutsja den eine utover ei bratt fjellside og dei mista kontakten med kvarandre.

Han som stod att rekna med at kamereten hadde slege seg i hel. Men begge klarte å ta seg fram til kvart sitt sel, på Eksestølen og i Ekses-Torvedalen.

Olav Gullbrå hadde jobb som styrar av eit kraftverk borte på Evanger. Han hadde vore heime på Gullbrå i julehelga. Nyttårsafta skulle han tilbake, og gjekk då på ski over fjellet. Han gjekk då forbi Ekse-stølen. Ved det eine selet, la han merke til fotefar etter menneskje som hadde gått inn i selet, men ikkje ut. Han gjekk då inn. Der i ei tom seng, låg tyskaren som hadde ramla utfor fjellet. Han var i live, men medteken av m.a. mangel på mat.

Olav vende no tilbake, og fekk folk til å henta mannen.

Det vart ei valfarting opp til flyet av skreke karar på ski. Dei 4 døde vart henta ned på skikjelkar og køyrde til Flatekval, der dei vart lagde inn i vedskålen til Dalastova. Dei var sjølvsagt stivfrosne.i Der var også to fallskjermar. Eg hadde slik lyst på ein av dei, men torde ikkje ta den.

David Gullbrå var med på transporten av dei døde ned til Flatekval. Han gjekk i grøn militæruniform. Eg ser framleis for meg at då han hadde lagt dei døde inn i skålen, gjekk han ut om døra, stramma seg opp, og gjorde militær honnør. (At David Gullbrå gjekk i militærunuiform skuldast truleg at han hadde bytta bort sivile klede i uniformer i maidagane 1940.)

Dei 4 døde vart ført til bergen, og er truleg gravlagde der.

Då våren og sommaren kom, var mange og såg på flyet, og mangt vart medteke både som suvenir og nytte. Bensintankane var av tjukk gummi. Dei vart brukte til skosolar, for ler var ikke å få tak i.

Restar av flyet ligg der på fjellet den dag i dag.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Gunnar Nesheim fortel:

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik. Her eit lite fragment frå ein samtale med fleire, dette fragmentet står under tittelen "Tyskarar i Eksingedalen i samband med flyet som datt ned på Kvitanosi". Her gjengjeve med løyve få Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Ein dag kom 14 tyskarar til Nesheim. Ein vegvisar frå Brekkhus var med dei og han vart send i forvegen for å seia at tyskarane ville ha 25 liter kokt vatn. Far min nekta dei dette. Han sa at han ville ikkje liggja under same tak som tyskarane, så han for på dør.

Mor og eg tok i mot dei. Me hadde høyrt over radio om tyskarane si framferd der dei ikkje fekk koma inn, så me torde ikkje anna. Dei fekk vatnet sitt. Mat hadde dei med sjølve. Ein av dei "høgaste" flyoffiserane i Bergen var med. Han var heilt utsliten. Dei hadde ein doktar med. Han snakka norsk.

Dagen etter skulle dei til Kvitenosi. Mest alle tyskarane var med til fjells. Eg og Nils gjekk ilag med ein tyskar, trudde me. Han var østerrikar. Alle gjekk på ski og me gjekk fyrst.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Flystyrt på Kvitanosi jolaftan, Nk fortel:

Denne artikkelen stod i jolenummeret til avisa Hordaland i 1987 underteikna med initialane Nk.
Takk til Jan Egil Dyvik i Hordaland som skaffa meg kopi, og som har gjeve meg løyve til å bruka artikkelen her. Kopirettane til artikkelen tilhøyrer avisa Hordaland.
Jan Egil er tåleg sikker på at det er Nils Kvamsdal som skjuler seg bak desse initialane.
Overskrifta viser at tidfestinga i denne artikkelen er nokre dagar feil. Sikre kjelder tidfester hendinga til 27/12.

Det var seint på jolaftan 1942. På sør-austleg kurs kom det inn frå havet eit stort tysk bombefly som skulle til Sola på Jæren der tyskarane hadde ein av sine hovudflybasar.

Flyet låg i 1500 meters høgde. Om dei visste kvar dei var, veit ein ikkje, men kursen mot Sola var rett. Truleg var dei bensinlause og måtte ned. På Gullbrå både såg og høyrde dei flyet men i dei dagar var det fly dur både natt og dag og de reagerte ikkje så mykje på det.

Flyet tapte høgde frå 1500 m og nedover. Straks etter, vart alt svart. Flyet hadde styrta på vestsida av toppen på Kvitanosi 1433 m.o.h..

Kor lenge alt var stille rundt flyet, er det ingen som veit, men utpå natta vakna to mann av mannskapet i snøskavlen. Flyet hadde under buklandinga slått kollbøtte og halen hadde brotna av. Dei to karane hadde frå sine plassar bak i flyet vorte slengde ut gjennom dette holet og snøskavlane gjorde at dei ikkje slo seg ihel. Ein av dei var hardt skadd. Haka og kjakepartiet var knust. I tillegg hadde dei også andre skadar.

Dei vart usamde om kva dei skulle gjera. Ein ville prøva ta seg til folk. Den andre ville slå seg til i flyet som var nokså heilt. Det seiest at den som var mest skadd, ville prøva ta seg ned frå fjellet. I nattemørket gjekk han mot vest. No er lendet slik at på vestsida av Kvitanosi er der loddrett fjellvegg, men lenger mot Kjerringanosi er det råd å koma ned som-marsdag. Her ramla tyskaren utfor i nattemørkret og stoppa ikkje før han var komen ned i Torvedalen, - framleis i livet. Høgdeskilnaden er nærare 400 meter. Det som truleg berga han var at overgangen frå stupet til flat mark er ein utjamna overgang omlag som på ein moderne hoppbakke. Han var no komen ned i Eksestorvedalen. (Eller Tråtorvedalen som han og vert kalla av sume). Tyskaren stavra seg vidare og fylgde dalbotnen der det om sommaren renn ei lita elv. I ein større høl var der berre ei tunn is-snerke under snøen. Her brast underlaget og mannen «datt ned i hølen til over akslene. Etter det, var han heilt gjennomblaut, men livsviljen fekk han til å stavra seg vidare, alltid unnabakken. Det klårna opp og det var kaldt ver.

Etter ei tid støytte han på Eksestølen og det gamle selet utan omn og utan ruter. Her prøvde han å klæ av seg og vri vatnet ut or klæda sine. Men då klæda kom av kroppen og vart vridde for vatn, klaka dei, og han fekk dei ikkje på seg att.

Olav Gullbrå var på den tida styrar for E-verket på Evanger. 1. joledag skulle han til Gullbrå og vitja huslyden. Han gjekk opp Brekkhuslida og Øvrefjellet som er den snaraste ruta frå Brekkhus til Gullbrå. Då han i eigne tankar kom glidande over flatane under Eksesstølen, høyrde han ei forferdeleg gauling. Han tyktest også sjå eit mennes ke oppe attmed selet. Olav var ein sindig fjellmann og vinkla av frå leia opp mot stølen. Der fann han ein halvnaken mann som var nesten sinnsvak. Det var tyskaren frå Kvitanosi som hadde prøvd å koma seg ned i bekken for å finna noko vatn.

Korleis samtalen mellom desse to arta seg, veit ein ikkje i dag. Etter det ein har høyrt gav Olav han noko av klædasme og tok ut mot Ekse. Soga seier at tyskaren vart dregen heim på skikjelke av folk fra Ekse og Gullbrå.

På ein eller annan måta greidde tyskaren fortelja karane på Ekse og Gullbrå at det var ein mann att oppe på Kvitanosi og at han var i livet. Ein ny rednings ekspedisjon vart sendt avgarde. Då dei fann mannen, var også han komen ned på same måten som den første og vart funnen oppe under Kvitanosi på Torvedals-sida. Korleis denne mannen hadde bore seg åt, er noko uklart. Han skulle ha vore i fylgje med den første til han forsvant utfor stupet. Etter det snudde han attende til flyet der han tulla seg inn i fallskjermen og låg natta over. Då det dagast, tok han sporet etter den første og hadde med vetande og vilje sklidd utfor bratthenget og hamna i Torvedalen der folk frå Ekse og Gullbrå fann han og drog hanneim.

1. joledag var dt klårt og kaldt. Utpå ettermidagen kom det eit mindre raudfarga fly med raudekross-merke. Det kom frå Sola, passerte Lønahorgi og Byt-ningane. Kursen var riktig, men dei bomma med eit par km for langt aust. Hadde dei ikkje gjort det, hadde dei funne flyet på Kvitanosi.

Folk på Ekse og Gullbrå varsla sjølvsagt kva dei hadde funne og kva som var hendt. Dei berga vart køyrde nedover Eksingedalen. Ikkje lenge etter kom det 10-15 tyskarar til Gullbrå. Det vart rekvirert mannskap der og dei tok seg opp til flyet. Der fann dei 4 av mannskapet omkomne. Alle var slengde framover i cockpiten der dei låg oppå kvarandre. Telegrafisten hadde ennå ein stump blyant i klypa. Han var broten av på båe sider av fingrane som heldt han. Av dei norske som var med, vert det fortalt at det var eit fælt arbeid å få dei døde frå kvarandre og ut or flyet, kalde og klaka som dei var. Dei omkomne vart transporterte ned til Gullbrå. Der la tyskarane dei døde i angen utanfor stovedørene. Det var mange på Gullbrå som ikkje sov den natta. Dei var vane med å visa større respekt for døde menneske.

Oppe på Kvitanosi låg flyet. Dei berga tyskarane fortalde dei hadde vore til Island og bomba. Til Island hadde dei nok vore, men bomba hedde dei ikkje gjort. Flyet var truleg ein av typen CONDOR. Det var ein 4-motors langtrekkjand havbombar og oppklaringsfly som kunne nå midt ut i Atlanteren og attende. Det vart nytta til speiding etter konvoyar. Flyet hadde truleg vore på oppklaringstokt og grunna motvind eller andre ting gått tomt for bensin. Flyet hadde treft ein stor stein med høgre vengen og slått kolbøtte. Hadde ikkje flyet treft den steinen, haaae det truleg buklanda og stoppa mot motbakken opp mot toppen av Kvitanosi uskadd.

Rykte om flystyrten nådde heimestyrkanepå Vossestrandsom tenkte at her måtte det vera forsyningar å henta. Ei patrulje på fleiren mann la i veg til Kvitanosi. Der låg flyet. I cockpiten var det ei mengd verdfulle instrument som høgdemålar, fartsmålar, turteljarar, kunstig horisont og gyrokompas. Dette interesserte ikkje karane. Dei såg meir matnyttig på det. Inne langs veggene i flyet var det spent fast ei mengd med reserve bensintankar. Desse var laga av finer. Inni var dei inndelte som ei eggerist for å ta vekk skvalpinga. Utanpå fineren var det eit lag med hard gummi, deretter eit lag med rågummi og utanpå det eit nytt lag med hard gummi. Dei var skotsikre og splint-sikre. Det verka slik at dersom det gjekk ei kule gjenn om tanken, lak bensinen ut til han møtte rågummien. Dermed smelta rågummien. seig saman og tetta holet. Ei genial løysing på det problemet. Utanpå kvar tank var det sydd lær eller tjukt skinn av beste sort og tankane var spente til veggen med stropper. Alle tankar var tomme og der var ikkje bombefeste i flyet. Dermed kan ein slutta at det ikkje hadde vore på bombing og at det hadde gått tomt for drivstoff.

Det var skinnet og gummien strendingane sikra seg. Det var alt vorte vanskeleg om solalær. Eit maskingevær montert i eit kuauga i flyveggen vart og «berga». Det same vart noko 7.92 ammunisjon og nokre vera-hornmagasin. Desse magasina låg som eit sneglehus på kvar side av kammeret. Ei maskinkanon som var montert i buken av flyet, vart for tung. Under landinga var løpet på ho vorte bøygd. Maskingeværet var og skeivt. Det vart seinare retta i ei skrustikke og prøveskote med fulle magasin. På ein trefot ville det vore godt brukande, men mannen som prøveskaut med sporlys, heldt det i armkroken og gjorde ein halv omdreining før han sleppte avtrekket.

Det var mange strendingar som i dobbel forstand gjekk på gummisolar etter dette raidet, og det var mange bergensmeisar, hesteselar og skitrugar som vart reparerte av Die Luftwaffe seinare under krigen. Seinare kom tyskarane att og skulle prøva å redda flyet. Dei rekvirerte mannskap på Gullbrå. Desse skulle vera med å ta slitet. Det vert fortalt at dei brølte stygt då dei såg at flyet hadde hatt besøk.

Det første dei prøvde var demontering av motorane. Flyet hadde 4 store stjerne-motorar og det vart sagt at kvar av dei ytte 1500 heste krefter. Desse var like heile. Motorane fekk dei laus og etter mykje slit nedover mot Gullbrå, Men då dei kom ned i småskogen på Nutane, måtte dei melda pass. Dei såg det vonlaust å koma lenger, men gje seg kunne dei ikkje utan løyve frå høgare hald. Etter nokre dagar fekk dei det. Dei gav opp. No kunne dei ikkje lata motorane stå som minnesmerke etter seg oppe i Nutane. Nei, dei fekk tak i dynamitt som dei ladde dugeleg av i veivhus og sylin-darar og med dunder og brak hagla det motordeler over heile Gullbrå. Heilt fram til idag har dei under pløying funne deler av flymotorane i myrane. Etter dette drog dei opp til flykroppen. Også den skulle vekk. Dei ladde og sprengde så deiene fauk over heile Kvitanosi. Jamvel somrane etter var det folk på Kvitanosi og fann seg kulelagar og ymse deler som kom vel med for ein som mekka litt sjølv.

Det står att å nemna at ein av dei som folket på Ekse og Gullbrå redda, døydde seinare av skadane han hadde fått. Av det samla mannskapet på 6 mann, var det berre ein som overlevde. Slik enda Condoren og Luftwaffe sin oppklarings-tur til Island. Eg vart minna om denne hendinga då eg her om dagen såg eit par gamle ski-skavar med «flyskinn» til trugar og stropper.

Nk

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Ein etterkomar av den omkomne Karl Pech skriv:

Henta frå www.wk2.info, ei side som ein etterkomar av den omkomne Karl Pech har laga.

Den 28. desember melder kommanden på Sola ved Stavanger at ein maskin frå KG 40, formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær. Sjølv om søket blei forsøkt gjenopptatt, lyder meldingen 29. desember: "Søk resultatlaust avbrote".

Først 6. januar kjem ny melding: kaptein Gebhardt melder at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze (telegrafist) og sersjant Fritz Albrechts ("bordmechaniker").

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Lenkar:
* Ei gode tysk fw200 side
* Ei omsett fw200 side
* Wikipedia fw200.
.........................................
Flyet:
Det tyske bombeflyet som krasja på Kvitanosi 27. desember 1942 var av type Focke Wulf 200C-4 Condor (Kondor), og var stasjonert på Sola ved Stavanger, og kom truleg frå oppdrag over nordsjøen. I bygda vart det sagt at flyet hadde vore på tokt mot Island.

Meir presis betegnelse: Focke Wulf FW 200C-4 Condor, fabrikknummer 0140, modell kode F8+AK.

Ein del bilete av denne flymodellen:

Tre fotografi henta frå www.wk2.info:


Seks bilete henta frå denne svært gode sida: Fw 200 på tysk (inkludert motor-teikningane).
Alle desse er å finna i større og meir detaljer utgåve der:

Motorar: fire 1200 hk BMW-Bramo 323R-2 Fafnir ni-sylindra radial motorar

Denne: Focke Wulf 200C-4 sida fortel litt meir om historien til flyet, pluss tekniske data til flyet (den er eit samandrag omsett til norsk av ei side laga av Frans Bonne).

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Mannskapet:

Av mannskapet på 6 blei 4 drept:
  • Oberleutnant Waldemar Hackel (pilot, kaptein), født 03.01.1915 Breslau
  • Unteroffizier Adolf Liebscher (pilot), født 26.11.1920 Moldau
  • Feldwebel (sersjant) Erwin Kopp (telegrafist), født 05.03.1913 Berlin
  • Gefreiter (korporal) Karl Pech (skyttar), født 15.10.1922 St.Georgenthal
To overlevde:
  • Unteroffizier Walter Schwartze (telegrafist)
    [den som blei funnen på Eksestølen]
  • Feldwebel (sersjant) Fritz Albrechts (mekanikar)
    [den som blei funnen i Torvedalen. Betegna som svært skada]

Når det gjeldt dei overlevande melder kaptein Gebhardt at han er på veg til Stamnes med dei den 6. januar.

Dei døde ble frakta ned til Gullbrå, vidare ned Eksingedalen til Stamnes, og derifrå til Bergen med båt. Dei ligg begravd der på Solheim kjyrkjegard.


Karl Pech geboren am 15. Oktober 1922 in St. Georgenthal,
im damaligen Sudetendland (Tschechoslowakei), nahe der Grenze zu Sachsen (ca. 6km entfernt).
Gefallen am 27. 12. 1942 in Kvitanosi, Norwegen.

Ein etterkomar av den drepte Karl Pech hadde laga eit sett interesanne sider under www.wk2.info. Desse sidene er no desverre fjerna frå nettet! Restar frå denne sida finn me på denne lenken: Es geschah 3 Tage nach Weihnachten - vor 65 Jahren.

Eg skal ta kontakt med den som då var ansvarleg for desse sidene, og høyra om eg kan få lov til å leggja ut litt tekst og bilet-materiale frå desse sidene.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Vraket:


Her biletserie frå vraket august 2005, og bilete frå vraket + turen opp og ned sommaren 2004.

Ein eller annan plass har eg lese eller høyrt at det skal væra henta ned vrakdeler med helikopter til eitt eller anna museum. På biletet under frå 1971 ser det ut til å væra meir vrakdeler enn i dag.

Nokon av dykk lesarar som veit noko om dette? I så tilfelle: send eit e-brev til kaare@trefall.com!

Her vraket fotografert av meg i 1971:

Andre sider: Flyvrak i Norge frå andre verdenskrig, og Kvitanos vraket beskreve der.
Mange fine bilete frå Kvitanosi, nokre også av flyvraket, tekne av Svein Ulvund er å finna på "Woss Now", her ein lenk til "søk på Kvitanosi".

Posisjon på flyvraket (WGS84):
UTM: 32 V 349779 6741228
Bredde/Lengde gg mm ss.s: N60 46 41.1 Ø6 14 28.3
(Bredde/Lengde gg mm mm.mmm: N60 46.685 Ø6 14.472)
Høgde over havet: 1342 m (Kvitenos toppen er 1420 m)

Posisjonen er vist med eit lite fly-symbol på karta under. Ellers er den prikka linja ein tur frå sommaren 2004. Turen gjekk opp den "vestre løypa" (via Kjæringanosi). Dette er den same vegen dei døde, og seinare vrak delane, blei frakta ned til Gullbrå i Eksingedalen.

Eg har snakka med folk som har sett etter vraket utan å ha funne det. Det viktige er å gå langt nok utpå kanten. Det siste kartet under viser nettop dette. Sjølv om eg har vore der ofte viset sporte etter meg at eg kom for langt innpå egga oppover. Men lang nok ute til at eg ser det og svingar ut til det.

Klikk på karte til venstre under, og du vil sjå kvar vinter-ruta normalt går (dette er også ruta vrakdelar og dei døde blei frakta ned til Gullbrå), pluss fleire detaljkart som viser vrak-plassen.
Klikk på karte til høgre under, og du vil sjå kart over vegen dei overlevande blei henta ned frå Eksestølen og Torvedalen.

Bilete frå vrak-plassen slik den ser ut den årstida hendinga fann stad, + turbeskrivelse frå Kvitanosi påska 2005 , finn du ved å klikka på biletet til venstre under.
Vinter bilete frå stadane dei to overlevande blei funne, + turbeskrivelse frå Eksestølen og Torvedalen , finn du ved å klikka på biletet til høgre under.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

3D kart:
Nokre 3D kart over Kvitanosi og området rundt.



større




større




større




større



Tre forskjellige ruter opp til flyvraket og Kvitanos toppen:
* Frå Gullbrå
* Frå vegen over Nesheimsfjellet
* Frå anleggsvegen i Volakroken.


større




større




større

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Merking av sti og vrak:

Voss vil merka løype til vraket
I dokumentet
Voss kommune Kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2006 - 2009
vedteken av Voss kommunestyre 22 juni 2006 finn me å læsa:
......
Prioriterte tiltak i planperioden (jf. kartvedlegg);
(Områda er karakterisert etter DN Handbok 25-2004 " Kartlegging og verdsetting av friluftsområder").
......
5. Sti til flyvrak på Kvitanosi
Områdetype (DN 2004) : Utfartsområde
Funksjon / Bruksområde : Dagstur, oppleving av tysk flyvrak frå krigen
Planstatus : LNF- område (fellseige)
Verdi : Lokal / regional
Omtale : Kvitanosi er eit populært utfartområde både sommar og vinter. Nordvest for toppen ligg restane etter eit tysk flyvrak frå siste verdskrig.
Opparbeiding, informasjonstiltak : Utbedring og merking av sti frå Vola.
Informasjonstavle ved flyvraket.
Kostnader : ca. kr. 50 000
Finansiering : Hordaland fylkeskommune, Voss kommune

Kanskje den fine ruta opp frå Gullbrå også skulle ha vore merka? Kven burde i så fall ta initiativ til dette? Sei di meining i forumet her

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Vrakets skjebne (Flyet flyg igjen):

Som eg skriv under Tidsline :

1943 - 2005: Over 62 år går. Mang ein turgåar har i alle desse åra hatt flyvraket på Kvitanosi som eit kjært turmål. Vraket har nok minka litt med åra på grunn av ein og anna suvenir samlar. Dei store flatene på dei forholdsvis heile vengene er blitt til minnebøker med namn, dato og årstal rissa inn.

Laurdag 30/7 2005: Avisa Hordaland har ein artikkel på framsida som fortel at flyvraket skal fjernast. Det er eit museum i Berlin som vil ha delane til eit fly av denne type som dei heldt på å byggja opp. Sjølv om den militære Condor modellen blei produsert i 262 eksemplar under krigen, fins ingen att no. Museet er svært interessert i vengene og halen. Det er dette som er best bevart på Kvitanosi.
Dette kjem heilt uventa. Ingen i bygdene rundt har fått veta om desse planane. Flyttinga skal skje med helikopter ned til Brekkhus, og med bil vidare. Fjerninga vil kanskje allereie ta til i veka etter.
Foto: © Øyvind Aandevik
Ved dette startar ei ny tidsrekning for vraket! Etter 63 år tek det til å vakne. Fire år seinare flyg det igjen. Først til Bømoen på Voss. Så heim til Tyskland!

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Planar om fjerning:
Sommaren 2005 skjer det noko på Kvitanosi. Her slik eg då opplevde det, og slik eg kronologisk la ut informasjonen etter kvart ting skjedde.

Det heile starta med kva avisa Hordaland har å melde laurdag 30. juli 2005. Slik såg Forsida ut:

30/7/05: Ei trist nyheit var å lesa i Hordaland laurdag: Krigsminne skal fjernast. Flyvraket på Kvitanosi skal fjernast. Og det skjer kanskje allereie denn veka. Her faksimile av denne artikkelen.

31/7/05: Eg var opp i går, sundag - dagen etter at nyheita vart ålment kjend, og tok denne biletserien: Flyvraket på Kvitanosi 31.07.2005. Kanskje det siste vi får sjå av dette lokal-historiske kulturminne og mål for mang ein turgåar.
Det er tydeleg gjordt forarbeide her ved at vrakdelar er samla i haugar. Dei ligg ikkje som før slik dei blei liggjande etter hendinga.

At dette blir borte er eit tap for bygda. At ingen i bygda har visst om dette før i forrige veke er synd. Det verkar som alle planar er klare og gjennomføringa allerede i gang. I fylje Hordaland er dette eit samarbeide mellom Norsk Luftfartsmuseum, Forsvarsmuseet, Deutsches Teknikemuseum og 330 skvadronen på Sola.

Nytt måndag kveld (1/8/05): Albert Gullbrå ringde nettop og fortalde at midlertidig fredingsvedtak var iverksatt av fylkeskonservatoren. Det betyr at vraket blir liggjande inntil vidare.
Albert hadde ein større ringerunde i går. Bra at nokon engasjerar seg for å redda dette lokale krigsminne!

Nytt tysdag (2/8/05): Ser at nettugåva av Hordaland ogso melder om midlertidig fredning i artikkelen: Flyfjerning stogga (artikkel no fjerna).

Nytt 8/8/05: Litt informasjon om denne redningsaksjonen er lagt ut under "Nyhende 03.08.2005" på Voss kommune sine nettside (artikkel no fjerna).

Nytt 15/8/05: Forsvarsmuseet, vil påklaga frednings vedtaket for å få gjennpmført planane om fjerning av flyvraket på Kvitanosi melder avisa Hordaland i denne artikkelen: Synfaring på Kvitanosi (artikkel no fjerna). Så siste ord er nok ikke sagt i denne saka endå!

Nytt 24/8/05: Ei gledeleg melding: Snakka akkurat med Kristian Hovstad i frå NRK Hordaland. Han kom med den gledelege meldinga at flyvraket no er redda, og kjem til å bli permanent freda som krigsminne. Forsvarsmuseet vil med dette likevel ikke anka det midlertidige fredningsvedtaket sidan det lokale engasjementet mot fjerning var så stort. Det offisielle brevet som vil bekrefta dette blir forfatta/sendt ein av dagane. Hovstad hadde imidlertid bekreftelse på denne meldinga på "tape" i samtale med museet.

Nytt 25/8/05: NRK Hordaland har i dag onsdag lagt ut ein arikkel om flyet på vev-sidene sine: Flyvrak får liggje i fred. Der ligg ogso eit interjuv med Johan Gullbrå i form av ei lyd-fil.

Nytt 25/8/05: Ser at også avisa Hordaland bekreftar opplysningane eg fekk frå Kristian Hovstad NRK Hordaland i går i artikkelen: Krigsflyet vert liggjande (artikkel no fjerna).
Eit kort resyme av denne artikkelen [tekst i hake-parantesar er lagt til av meg]:
Forsvarsmuseet gav opprinneleg løyve til å henta vraket, då med Norsk Luftfartsmuseum som fagekspertise for nedhentinga. Forssvarsmuseet tek no full retrett på grunn av det uventa og overveldande lokale engasjementet, og vil tilrå riksantikvaren at flyet blir liggjande. Museet i Berlin som er i ferd med å restaurera ein Fw200 var spesiellt ute etter vengene [venger og hale-ror er det som er best bevart på Kvitanosi].


Vestlandsrevyen 25/8: innslag om permanent fredning.



Opprydding etter forbereiding til fjerning:
Som eg skriv tidligare på desse sidene så er det gjordt tydelege forbereidingar for fjerning av vraket ved at vrakdelane er samla i haugar. Ein ting er at krigsminnet ikkje lenger ligg slik det har gjordt dei siste 62 åra, det får so væra. Det viktige i denne forbindelse er at store deler er lagt oppå kvarandre, noko som vil føra til nye skadar på enkelte av dei når vinter og snø-tyngda kjem.

Her eit eksempel som illustrerer det eg meiner.
Først eit FØR blite, so eit NO bilete:


Kven bør gjera noko med dette? Meiningar?
Send gjerne eit e-brev til kaare@trefall.com.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

BT om freding av vraket, og om britane som stakk av med haleroret i februar 1977.
I ein artikkel under overskrifta "Flyvrak blir attraksjon" 3/11, refererer Bergens Tidende fylkeskonservator Gerd Bolstad om den mellombelse fredinga av Kvitanos-vraket. Ho seier saka først blir vidare handsama til våren når snøen går. Det skal då bestemmast om fredninga blir permanent. BT skriv at museet i Berlin ikkje har teikningar til å rekonstruera etter. Imidlertid kan bilete og mål av delane der dei no ligg vera til nytte, om dei ikkje får vraket. Ei freding har den negative side at vraket litt om senn forkjemst og blir borte der det ligg.

Ei sak som ikke er skriven om endå, andre stader enn her på desse sidene, er bekymringa om kor vidt vraket vil bli påført "nye" skadar i løpet av vinteren fordi det som eit ledd i flytte forbereingane blei samla i haugar. Men dette er sjølvsagt for sein å gjera noko med no, så langt på hausten.

Eg har ogso her på desse sidene etterlyst opplysningar om ei historia som fortel at nokon skal ha henta deler ned med helikopter. Artikkelen i BT fortel om dette hende, at det skjedde som del av ei vinterøving i 70 åra, og at det då var haleroret dei tok. Artikkelen har også eit bilete frå denne hendinga. Så endeleg fakt!

Faksimile av overskrift av BT artikkel 3/11 -05
Det eg tenkte var haleroret viser seg å væra høgre vengespiss. Sjå om dette her: "Om haleroret".

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Fjerninga:
Etter befaring på Kvitanosi i august 2008, med påfyljande forhandlingar, blir det beslutta at Deutches Teknikmuseum skal få deler av vraket til si restaurering av eit FW200 Focke Wolf eksemplar i Berlin. Hausten 2009 flyg Kvitanos flyet igjen. Denne gongen litt lenger enn i forrige forsøk. Men det flyg i same retning. Og med helikopter-hjelp. Til Bømoen på Voss. For vidare trasport derifrå heimatt til eit gjenforeina Tyskland.

(Eg har i stor grad lete faksimilar frå avisene fortelja historien her.)

Synfarinaga (august 2008):

Måndag 11. august 2008 melder avisa Hordaland si nettutgåve at ein delegasjon med representantar frå eit tysk museum, Hordaland Fylkeskommune og Voss kommune påfyljande torsdag skal på synfaring til flyvraket på Kvitanosi. Sjå avisa Hordaland si nettutgåve om Kvitanos synfaring.

Om korleis denne synfarings torsdagen gjekk kan me lesa om i papiravisa påfyljande laurdag.

Faksimile av forsida av Hordaland laurdag 16. august 2008:

Faksimile av artikkelen inne i avisa:



Guida tur (august 2008):

Dagen etter eg er guide opp til flyvraket for sonen til ein av dei som blei drept i flystyrten. Me prøve og dagen før, men måtte snu i Storatoni på grunn av skodde. Då var og dottera med. Samanfall i tid med dei andre tyskarane var heilt tilfeldig. Men dette er ein eigen historie som eg skal koma attende til.



Forhandlingar (september 2008):

Denne befaringa mede påfyljande møter og vidare kommunikasjon mellom Hordaland Fylkeskommune og Deutches Technikmuseum Berlin utover hausten 2008 resulterar i ein avtale i september der museet skal få 7 hovud delar frå Kvitanos-vraket som dei kan benytta i Berlin i restaureringa av FW200 modellen dei er i ferd med å byggja opp der.
Avisa Hordaland skriv om dette i nettutgåva 19. september 2008: Får henta flydelar.
Berens Tidende skriv også om dette i nettutgåva 16. september 2008: Får fjerna vrakdelar.



Informasjnstavle (august 2008):

I samband med synfarings-turen nemd over, blir set også sett opp ei informasjonstavle ved vraket. Sjå Voss kommune om info tavle, og avisa Hordaland si nettutgåve sin artikkel om tavla.



Avtalen (juli 2009):

På denne nettstaden kan ein lese avtalen mellom Hordaland Fylkeskommune og Deutches Technikmuseum Berlin frå 3. juli 2009, med detaljar om kva delar museumet skal få.

Delane er:
  • Sideror
  • Haleflate og Høgderor med tilhøyrande deler
  • Høgre ytteervinge
  • Høgre vingetip
  • Venstre yttervinge
  • Delar av balanseror
  • Motordeksel / Cowling


Delane blir henta (november 2009):

Så skjer det. Flyet på Kvitanosi flyg igjen. Det er 24 422 dagar sidan det landa her, i 22 tida 27. desember 1942. No er det 7. november 2009. Eit helikopter flyg dei fyrste delane ned frå Kvitenosi til Bømoen på Voss. Avida Hordaland skriv om dette tysdag 10. november.

Faksimile av artikkelen i Hordaland tysdag 10. oktober 2009:


Veka etter, dvs torsdag 12. november, er hente-helikopteret på ferde igjen. Stein Ottosen frå Hordaland Fylkeskommune er på plass og kontrollerar at delane som blir henta ned er i henhald til avtale. Ein av delane dei tok ned sist må flygast opp att. Meir om dette kan me så lesa om fredag 13. november i Hordaland si nettutgåve: Landa for siste gong.

Fredag morgon ringjer ein journalist frå Hordaland. Dette fører til ein ny artikkel om nedhentinga laurdag 14. november.

Faksimile av artikkelen i Hordaland laurdag 14. oktober 2009:


Også Bergens Tidende skriv om nedhentinga denne dagen.

Faksimile av artikkelen i Bergens Tidende laurdag 14. oktober 2009:




Informasjon om nedhentinga lagt ut som nyheit 21/11 på Bodø Luftfartshistoriske Foreing.

Ein artikkel av Ole Bjørn Sælensminde i det tyske tidsskriftet Flugzeug Classic i mars 2010.




Kvitanosi november 2009:

Eg har ikkje vore oppe etter nedhentinga. Vinteren har gjort sitt inntog. Det var i siste liten delane blei henta ned, skulle det gjerast dette året. Neste tur på Kvitanosi blir kanskje i vinter. når snjoen dekkjer det som ligg att. Til sommaren blir det nok litt vemodig å koma opp. Mykje av "vraket" eg har "levd med" i alle desse åra er borte. Som vengen eg i barndommen rissa navnet mitt inn i. Flyet startar snart no eit nytt liv "heime i Tyskland".

Sommaren 2005 sto eg fram på desse sidene som ein varm tilhenjar av at flyvraket skulle få liggja i fred på Kvitanosi, som kjært turmål og som krigsminne. Eg har motteke fleire "hat-epostar" for dette. Eg har sjølvsagt heile vegen sett nytteverdien av at vraket kunne brukast i gjennopbygginga av eit eksemplar av flyet. Særleg sidan det finns så og seie ingenting igjen av flytypen, og at teikningane er rota bort. Men heldigvis blei nedhentinga den gong stogga. Det som no har skjedd kan ein vel ikanskje kalla eit "kompromiiss". Det ligg deler att, det er kome opp ei informasjons-tavle, og det blir ein utstilling.

Så det er å håpe at Kvitanos-flyet framleis blir eit kjært turmål både frå Eksingedøler og Vossingar. Kanskje ei bok om hende kan dragast fram or tursekken og studerast litt?



Historien vidare

Våren 2010 starta ei lita prosjektgruppe med å samla materiale til ei utstilling om Kvitanosflyet. Som gjenteneste for vrakdelane bidreg Deutches Teknikmuseum. Prosjektgruppa fekk reisestipend frå EU-kulturmidlar, og var 2 intense veker i Tyskland våren 2010.



Hausten 2010:

Siste halvåret har vore svært begivenheitsrikt. Mai - juni Tyskland. Bremen, Hanburg og Berlin! Aerbus, Lufthansa, Rolls Royce. Fantastisk!

Mer om dette i Kvitanosi kapittel 2

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Kvitanosi kapittel 2
Hos Airbus i Bremen. Frå venstre Heiko Triech, Stein Ottosen, Egil Christophersen (øverst), Svein-Aage Knudsen, Kaare Trefall og Echart Wudke.


Airbus, Bremen, 1. juni 2010
Her ein biletserie frå Airbus Bremen 1. juni 2010, frå det spanande restaurerings arbeidet som foregår der. Ein gjeng pansjonerte flybyggarar driv på med dette arbeidet utan anna vederlag enn lunch i Airbus kantina. Normalt er dei inn og arbeider ein til to dagar i veka.


Studietur til Berlin/Tyskland 2010
"Rapport" frå denne turen kjem straks.

Egil Christophersen til minne. Historikar Egil Christophersen var ein av reisefyljet mitt i Tyskland 2010. Han døydde av kreft i november 2011. Han skulle vore utstillingsansvarleg for Kvitanos-utstillinga.

Biletserie frå Tyskland / Berlin turen i 2010 (vil bli oppdatert).


Forbereiding til utstilling på Voss 2013
Gunnar Furre har overteke utstillingsansvaret etter at Egil gjekk bort.

Tur til Kvitanosi med museumsgjengen frå Herdla i august 2012. Gunnar Furre, ledar på Herdla museet har overteke etter Egil. Med var også utstillings-designar Geir Olav Sebøjrnsen.


TV2 innslag 3. november 2012
Tur til Kvitanosi med TV2 i august 2012. TV2 var også hos Airbus i Bremen i oktober og gjorde opptak av restaureringa der delane frå Kvitanosi blir brukt. TV-innslaget kjem i TV2 lørdagsmagasinet 3. november. Magasinet går 18:50-19:10, innslaget er på ca 4 minutter.

Her er biletserien eg tok tilbake i 2010 frå restaureringa hos Airbus.

Om programmet (tysk versjon) + avisa Hordaland.

Her er innslaget!


Utstillinga Condoren på Kvitanosi åpnar
Utstillinga om Condoren på Kvitanosi opna sundag 29. september 2013 i Voss Kulturhus.

Sjå Condoren sida.

Sjå også facebook.









[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Biletseriar og turbeskrivelsar for Kvitanosi:

Sida "Andre stadar og turar" inneheldt blant anna fleire biletseriar og turbeskrivelsar til Kvitanosi.

[neste] [forrige] [innhald]

[neste] [forrige] [innhald]

Meir:

Nokon som har utfyllande opplysningar eller andre historiar om dette hende? Send eit e-brev til kaare@trefall.com!

[neste] [forrige] [innhald]

[forrige] [innhald]

Kvitenos lenkar / FW200 lenkar:

Eit knippe med lenkar til Kvitenos relaterte sider:
FW200 lenkar:

[forrige] [innhald]



No å finna på denne lenken.
Hoved side: www.trefall.com/kvitanosi/.


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>