[neste] [forrige] [innhald]

Flystyrt på Kvitanosi 27/12-42 fortalt av Nils Gullbrå (f.1929)

Frå boka "Krigsåra 1940 - 45 i Eksingedalen", utgjeve av Vaksdal Kommune til 50-års jubileet 1995, redaktør Åge Lavik, her gjengjeve med løyve frå forfattaren, og Vaksdal kommune v/Ole Johnny Domben.

Etter eit styggever med store snøfall, som hadde helde på sidan før jol, slutta det å snøa 27/12. Men skyene låg framleis ned til tusen m.o.h. Bror min og eg venta på at far skulle koma heim. Grunna veret, låg han fast på Evanger. Han var driftstyrar i elforsyninga der.

Me ungane hadde teke fram radioen før jol og sett han inn i stova. Tyskarane kom ikkje i slikt ver, meinte me.

Søndag 27de kl. 22.15 hørde me flydur og sette ut for å sløkkja utelampen. Ståande i tunet, såg me eit stort 4-motors fly med fulle landingsljos. Det flaug lågt over dalen. Me kunne sjå at det gjekk litt vest for Kjerringanosi og forsvann. Plutseleg vart duren vekke. .Hadde flyet styrta?..

Ruskeveret ville ikkje gjeva seg. Neste dag var det lågt skydekke og snøver. Slik heldt det på heile 28de. Tysdag 29de vart det lettare ver, overskya men brukande fjellver.

Om kvelden kom far heim. Han fortalde at han og skreddar Olav Ekse hadde treft på ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen. Dei hadde fått tak i hjelp som frakta tyskaren ned til Ekse. Der tok Lars Ekse imot og gav husly.

Nyttårsdag 1/1 43 var det snøslaps. Me fekk tak i ein kar frå Bergen, som var på "joleferie" (byttehandel). Han kunne tysk og fekk god kontakt med tyskaren. Tyskaren fortalde at han hadde vore ombord i flyet som hadde styrta og av mannskapet var det 2 overlevande. Då dei skilde lag, skulle den eine ta seg ned og ropa om det gjekk bra. Han på toppen fekk aldri svar. Han returnerte då til flyet.

Laurdag 2dre januar var veret bra, lett skydekke og bra sikt. Då la me i veg for å sjå etter flyet. Det var fem vaksne: Olav Gullbrå, Ingvald Gullbrå, Harald Gullbrå, Andreas Trefall og "tolken" frå Bergen. Etterpå kom bror min Johan, 15 år og eg, 13 ½ år. Me kom oss forbi Kjerringanosi og vidare bortover Storetoni, som går vest for sjølve fjellryggen, og i retning Kvitenostoppen. Me fylgde kanten av toni. Der fann me far etter ein utan ski. Me held fram i same retning og fann flyet ganske fort. Det hadde styrta i ein slakk skråning. Snømassane hadde teke av for total knusing. Venstre veng hadde slege mot ein stor stein så heile flyet tippa 180 grader og vart liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefestet var heilt. Men cockpiten var stua inn mot framre vengefeste. Me såg ein av dei omkomne flygarane. Han hang i beltet med hovudet ned.

Men dagen hella, så me tok heimveg. Me fylgde same vegen. Då me var komne ned for Dyratoni, såg me ein som vinka nede ved eit av sela i Torvedalen. Me tok oss ned Dyratoni og fram til selet. Der fann me den andre overlevande. Han hadde knust kjevebeinet og var ille tilreidt. Heldigvis hadde han med seg fallskjerm, og den kom vel med. Me la han i skjermen og drog han ned til Ekse. Han var så svak at han greidde ikkje å gå sjøl. Var framme der i 6-7 tida om kvelden.

Søndag 3dje januar var det full snøstorm (etter far si dagbok).

Han far og Olav Ekse, som fann den fyrste tyskaren på Eksestølen, fekk kvar si litter-flaske med italiensk vin som takk for hjelpi.

Rundt den 15. - 16. januar kom det ein tropp alpejegrar (østerrikarar). Dei var utsende for å ned dei omkomne frå flyet. Her på gullbrå budde dei hjå Nild B. Gullbrå. Dei var flinke skiløparar.

Alpejegrane fekk med seg nokre karar herfrå med slede. Dei tok seg fram til flyet. Det var nok eit vanskeleg arbeid, for dei kom ikkje ned til gards før seine kvelden.

Tredje dagen fekk dei tak i hesteskyss til å frakta dei omkomne nedover dalen. Det var David Gullbrå og Lars Ekse d.e. som kjøyrde.

Måndag 3. juni kom her ein ny tropp alpejegrar. Dei fekk hus hjå Nils Bergesen Gullbrå. Etter at eg hadde vore med dei nokre turar, fann eg ut at det var veldig kjekke folk. Ein av dei snakka godt norsk.

No skulle flyet tømast for alt av verdi. Dei fekk med seg folk herfrå. Det var Johannes, Herman, Harald og Ingvald, alle Gullbrå, og så Håkon og Andreas Trefall.

Eg var med to turar. Fyrste turen var eg og onkel Ingvald langt framom dei andre. Då me kom til flyet, var det alt to mann der. Dei spurte kva me hadde der å gjera. Onkel snudde seg og peika nedover og sa at det kom ein gjeng tyskarar bak oss. Eg har aldri, verken før eller sidan, sett nokon som har fått skia så fort på seg, og sprunge så fort på ski. Eg torer ikkje tenkja på kva som hadde hendt om tyskarane hadde sett dei i fullt sprang.

Ein dag hadde tyskarane drege to flymotorar ned til Nævene. Den eine tok ut for dei og for nedetter skogen. Sleden vart knust. Landingshjula og mangt anna var kome til gards, men motorane gløymde dei etter dette.

Torsdag 10. juni var eg med opp, for då skulle dei gjera reint .bol.. Vel oppe samla dei ihop resten av det som skulle til bygda. Så tok dei til å plasera TNT-blokker i den delen av flyet som var heilt. Dei drog belte på belte med amunisjon 20.05, som dei la oppå fyren. Me søkte ly nedom kanten, og så small det ! Eit infernalsk regn av alt mogeleg vart spreidd utover.

Dei to motorane som var att, sprengde dei og. Men dei tok seg lite nær av å bli puffa på. Denne fredage 11.juni fekk tyskarane frakta alt til Trefall i bilvegen.

Tyskarane reiste om kvelden den 11. etter endt jobb.

(Når det gjeld dataoane i denne soga, så er det å lesa ut av dagbøker førd av Olav J. Gullbrå).

[Tillegg gjordt av meg etter telefonsamtale med Nils 25/8-05]
Nils fortel: Halepatiet var heilt, med stor plass inni. Det var der nødprovianten hadde vore, og der dei overlevande hadde helde til før dei forlet flyet. Då me var oppe der siste gongen spurde eg den som hadde kommandoen om ikkje halepartiet kunne sparast då dei skulle sprengja flykroppen. "Det skulle eg gjerne", svara han, "men me er fleire". Halepartiet blei ogso sprengt.

[neste] [forrige] [innhald]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>