[neste] [forrige] [innhald]

Historiar:

Tidsline:


Søndag 27/12 1942 om kvelden: Dei høyrer flydur over Ekse og Gullbrå. Eit stort fly med landingljosa på blir observert. Seinare viser det seg at det var søndag kveld flyet styrta

Måndag 28/12: Kommandoen på Sola ved Stavanger melder at ein maskin frå "I" Gruppe Kampfgeschwader 40. (KG 40), formodentleg ein FW200, er savna. Ein Dornier Do 24 blei sendt ut på søk, men måtte returnera på grunn av uvær.

Tysdag 29/12: Søket blei forsøkt gjenoppteke, men meldinga lyder seinare på dag: "Søk resultatlaust avbrote".

Same dag: Styrar på kraftverket på Evanger, Olav Gullbrå, saman med skreddar Nils Ekse, kjem på veg frå Evanger og Brekkhus over Øvrafjellet og finn ein tyskar i selet til Nils Ekse på Eksestølen (det er mogeleg dette i staden var dagen etter, onsdag 30/12). Tyskaren får hjelp ned til Ekse og blir der innlosjert hjå Lars Ekse.

Onsdag 30/12: Ein tysk-kunnande Bergensar som er innlosjert på Gullbrå er tolk. Det viser seg at tyskaren er underoffiser Walter Schwarze, andre-telegrafisten ombord i eit tysk bombefly som han fortel er styrta i fjellet like ved. Ein overlevande kamerat rutsja utfor eit stup og blei borte i på veg ned.
Flyet viser seg å væra av type Focke Wulf FW 200C-4 Condor, fabrikknummer 0140, modell kode F8+AK.

Torsdag 31/12: Ein mann frå Gullbrå kjem til Flatekvål med eit telegram som skal sendast til den Tyske overkommandoen i Bergen. Kåre Flåskjer, lærar i bygda og tysk-kunnande, sender telegrammet. Det inneheldt blant anna: "Unsere Mitglider besatsung sind alle tot" (heile medbesetninga er alle døde). Ein tysk rapport frå desse dagane viser også til at berre ein overlevde, og at ein var sakna og fire var drepne.

Laurdag 2/1: Fyrste "ekspedisjonen" av folk frå Gullbrå er oppe og leitar etter flyet. Dei finn flyvraket i ein slak skråning på vestsida på Kvitenosplatået. Sannsynlegvis i eit forsøk på å naudlanda har eine vingen slege mot ein stor stein og heile flyet er tippa rundt og blitt liggjande på rygg. Halepartiet fram til vengefeste har brotna av og er heilt. Dei ser ein omkomen flygar hengja oppned i den knuste cockpiten.
Då dei passerar Dyratoni på veg heim ser dei eit menneske stå å veiva nede i Torvedalen. Dei tek seg ned Dyratoni og finn ein svak og sterkt skada tyskar ved eit sel der. Dei tek han med seg ned til Ekse ved å delvis dra han og delvis bæra han i ein fallskjerm han har med frå flyet. Det viser seg at dette er den sakna sersjant Fritz Albrechts, mekanikar på det styrta flyet.

Sundag 3/1: Ein tysk patrulje kjem med lensmann Albert Sortevik i brodden. Nils N Nesheim treff dei i Brakestadlia etter at han og nokre andre har måtta snu på grunn av snøstorm i ei forsøk på å ta seg opp på Kvitenosi.

Tysdag 5/1: Dei døde blir etter mykje strev hogd ut av vraket og blir transportert ned til Gullbrå på kjelkar, to på kvar.

Onsdag 6/1: Dei døde blir kjørde med hest og slede til Nesheim. Denne dagen melder kaptein Gebhardt til overkommandoen i Bergen at han er på veg til Stamnes med to overlevande, underoffiser Walter Schwarze og sersjant Fritz Albrechts.

Torsdag 7/1: Dei døde blir kjørde vidare til Flatekvål.

Fredag 8/1: Dei døde blir kjørde vidare ned dalen. Dette føregår også med hest og slede då vegen ikkje var brøyta i dalen om vinteren under krigen. Fredag er båt-dag. Båten går så langt inn som isen tillet. Ferda går vidare med båt til Bergen. Båten er truleg "DS Johan Jæpsen" eller "DS Hamre".

Januar 1943: Dei døde blir begravd på Solheim Kyrkjegard i Bergen. Desse er:
Oberleutnant Waldemar Hackel (pilot, kaptein), Unteroffizier Adolf Liebscher (pilot), Feldwebel (sersjant) Erwin Kopp (telegrafist) og Gefreiter (korporal) Karl Pech (skyttar)

Januar - februar 1943: Heimestyrkane frå Vossestrand får høyra om hende og er oppe. Eit maskingevær frå et "ku-auga" og noko ammunisjon blir teke med. Det blir også ei bøygd maskinkanon frå buk-gondolen, som seinare blir retta og prøveskote. Dei tek og med deler av bensintankane dei finn inni flykroppen. Her kan lær og gummi nyttast.

Februar 1943: I ei avis i St. Georgenthal står ei dødsannonse for ein av dei omkomne, Gefreiter (korporal) Karl Pech, skyttar ombord i det styrta flyet

Våren 1943: Mang ein nysgjerrig og skigåar tek turen opp til flyet. Ein og annan del blir nok ruska laus og tatt med heim.

Måndag 3/6: Ein tropp alpejægrar kjem og stasjonerer seg på Gullbrå. Dei transporterer ned delar frå flyet. Til hjelp rekvirerar dei folk frå bygda.

4-9/6: Deler blir transportert ned til Gullbrå med slede, og vidare ned til bilvegen på Trefall, som no er open. Dei prøver seg blant anna på å få ned motorane, men gjev opp etter at den første dei prøver seg på fær på eiga hand nedetter lida på ein slede.

Torsdag 10/6: Tyskarane er oppe ved vraket siste turen for å henta ned deler. Dei sprenger då delar av flyet pluss motorane.

Fredag 11/6: Resten av delane vert frakta ned til bilvegen på Trefall. Tyskarane dreg etter fullført oppdrag.

1943 - 2005: Over 62 år går. Mang ein turgåar har i alle desse åra hatt flyvraket på Kvitanosi som eit kjært turmål. Vraket har nok minka litt med åra på grunn av ein og anna suvenir samlar. Dei store flatene på dei forholdsvis heile vengene er blitt til minnebøker med namn, dato og årstal rissa inn.

Laurdag 30/7 2005: Avisa Hordaland har ein artikkel på framsida som fortel at flyvraket skal fjernast. Det er eit museum i Berlin som vil ha delane til eit fly av denne type som dei heldt på å byggja opp. Sjølv om den militære Condor modellen blei produsert i 262 eksemplar under krigen, fins ingen att no. Museet er svært interessert i vengene og halen. Det er dette som er best bevart på Kvitanosi.
Dette kjem heilt uventa. Ingen i bygdene rundt har fått veta om desse planane. Flyttinga skal skje med helikopter ned til Brekkhus, og med bil vidare. Fjerninga vil kanskje allereie ta til i veka etter.

2/8: Etter sterke reaksjonar frå folk både i Eksingedalen og Vossebygdene mot fjerning, vedtek Fylkeskonservatoren midlertidig freding av vraket slik at saka kan utreiast betre.

15/8: Det er Forsvarsmuseet som styrer flytte-prosjektet frå norsk side. Dei melder at dei vil anka fredingsvedtaket.

24/8: Forsvarsmuseet trekkjer tilbake anke-varselet. Flyet blir difor etter alt å døma varig freda som krigsminne av Riksantikvaren. Det er no ikkje lenger lov å plukka med seg delar.

[neste] [forrige] [innhald]


Copyright © kaare@trefall.com 2004-2023 (pgp)
Sist oppdatert 17. april 2023

[nytt]

Vest:
heim
andre stadar
Kvitanosi
Amerika

stølen
andre stølar

Gjestebok
Eksingedalen
[lenkjer]

Aust:
Glitregata 4
Kongsbergværet

e-brev:
kaare@trefall.com
ohaldis@trefall.com

>>