Turen heim

Gåtur Glitregata 4, Kongsberg til tunet på Trefall, Eksingedalen


Ein gamal draum er i ferd med å går i oppfylling! Å låsa ytterdøra på huset vårt i Kongsberg,
ta på seg sekken, og gå dei omlag 32 mila det er til tunet på garden vår, Trefall i Eksingedalen.


Her er ein biletserie frå denne turen. Ha musepekaren inne på bilet-flata, og du kan lese kommentarane som er på kvart bilete. Bla til neste ved å trykke til høgre i bilete, bakover ved å trykke til venstre. For automatisk bilet-frmvisning, bruk "play" knappen. Autoplay stoppar av og til heilt umotivert. Trykk på knappen igjen når den stoppar, kanskje du berre er havvegs. Biletserien inneheld 170 bilete (me tok 735 på turen).

Vil du sjå biletserien i fullskjerm, bruk "fullskjerm knappen" (pilar i fire retningar), eller bruk denne lenken.


Gps-track lagt ut på Endomondo for dei forskjellige etappan slik dei blei:
LENKANE UNDER VIRKAR IKKJE ETTER AT Endomondo BLEI LAGT NED. OPPDATERING MED NYE LENKAR KJEM (komentar 5/7/21)

01: Glitregata 4, Kongsberg - Selsli
02: Selsli - Sigridsbu
03: Sigridsbu - Eriksbu
04: Eriksbu - Øvre Fjellstul
05: Øvre Fjellstul - Daggrø
06: Daggrø - Lufsjå
07: Lufsjå - Imingfjell Turisthytte
08: Imingfjell Turisthytte - Solheimstul Høyfjellseter
09: Solheimstul Høyfjellseter - Heinseter
10: Heinseter - Krekkja
11: Krekkja - Finsehytta
12: Finsehytta - Hallingskeid
13: Hallingskeid - Kaldavasshytta
14: Kaldavasshytta - Mjølfjell Vandrerhjem
15: Mjølfjell Vandrerhjem - Fagnastølen
16: Fagnastølen - Torvedalshytta
17: Torvedalshytta - Trefall


Reise-rapport 1 frå ferda Kongsberg-Trefall hytte til hytte.

I mange år har me snakka om å "gå heim". Ta sekken på ryggen, ta beina fatt og gå frå huset vårt i Kongsberg, til småbruket vårt, Trefall i Eksingedalen på Vestlandet. I år bestemte me oss for å gjera det, og no er me undervegs! Her ein liten reise-rapport:

Me starta litt seinare enn planlagt. Oddlaug sleit med noko virus ting og gjekk med feber ei veke. Ho måtte restetuera seg nokre dagar. Me låste ytterdøra i Kongsberg eit stykke ut på dag onsdag 26. juni og begynte å gå med Selslihytta som mål. 2,3 mil viste det seg. Det silregna. Då me gjekk vidare frå Knutehytta etter ein kort matpausen fekk me med 4 gode bollar av Knutehytte-mannen. Han syntest synd på oss. To våte kråker og ein våt liten hund vassa myrlende og sti, sti som var meir elv enn sti, og var framme litt over midnatt. Litt uforsiktig behandling av ein mobil og kameraet hadde ført til at desse var våte og ute av drift. Torsdag blei opptørke-dag. Då mygg og knott herja utandørs, blei vi innadørs i sikringsbua (hund). Fredag nok ca 2,3 mil via Bolkesjø til Sigridsbu. Traff kollegaer Elisabet, Kari og Ingrid. Fekk tacho-gryte resteniddag! Kari lånte oss allværs-kameraet sitt så brått kunne vi fotografert igjen! Tusen takk! Ordentleg ruskevær om natta. Storm og ned mot null meldte telt-mannen på Sigridsbu. Det var ikkje slikt vær dei hadde meldt sa han. Etappen Sigridsbu - Øvre Fjellstul blei delt i to, så neste stopp etter ein kald og våt dag blei Eriksbu. Søndag i vått og myrlendt terreng og ver til Øvre Fjellstul. Kjempekoselig plass, men mygg og knott jaga oss innandørs tross at veret blei fint utpå ettermiddagen. Så til Daggrøhytta på måndag. Etter myr og bratt lid opp frå Øvre Fjellstul var me brått på eit flatt høgfjellsplatå. For ein følelse! Daggrø var første hytta med sjølvbetjening, det kom godt med då me begynnte å gå tom for medbragt mat. Men Joikakakene smaka ikkje heilt slik eg hugsa dei frå barndomen. Tirsdag frå Daggrøhytta, kryssa bilvegen Veggli - Austbygda i Killingskardet, og vidare opp til Slepeskardet. No var me på Store Normannslepa og skulle fylja den nesten til Hein om alt gjekk vel dei komande dagane. Til Lufsjå-hytta om kvelden. Utruleg flott. To herremenn flytta villeg ned i hovedhytta slik at me med hund kunne bruka sikringsbua. Dei låg på Lufsjå og fiska. Seinare på kveld kom den eine med ein flott nyfiska fjellaure på nesten halvkiloet og gav oss! Den kokte me neste morgon, og me åt seiare på dag knekkebrød med nydeleg kokt aure, på vegen vidare mot Imingfjell Turistheim. Flott høgfjell men surt vær. Men me var tøffe og trossa vind regn og kulde og rasta, fyra opp kokeapparatet og laga oss varmt drikke eller rett-i-koppen (-kroppen). Annekset på Imingfjell var meir lagerskur enn fjellstove-rom, men maten var god, og ikkje å forgløyma, første ølen etter turstart smaka himmelsk for to trøytte fjellvandrar. Her var også fyrste gong med 220 volt på turen, og sidan me måtte velgja mellom varme eller lading, blei det litt kreativt straum-kontakt søk slik at me varme kunne lada telefonar og kamera. Dei to vannskada apparata hadde tørka og virka igjen! Både lager-skur følelsen, og stor anleggsvirksomheit på Sønstevatn dammen gjorde at me fortsette mot Solheimstul neste dag, og ikkje tok ein kviledag slik me hadde tenkt. Mannen på Imingfjell Turistheim var eit kapittel i seg sjølv. Nei at folk var så dumme at dei var ute og sleit i fjellheimen i slikt ver skjøna han ikkje. Det fans då enklare måtar å ta livet av seg på. Nei han hadd bussrute, så kom me oss berre ned i bygda var det berre å ta buss til Geilo og tog til Voss meinte han. I fjor hadde det og kome nokre galningar som var å veg frå Kongsberg til Vestlande i regn og kulde. Dei gav opp her, sa han, og nederlaget hadde vore stort. Etter denn injeksjonen sleit Oddlaug mykje med motivasjonen på vegen over til Solheimstul. Denne dagen også med noko verre ver en meldt på yr.no, men lett og fint terreng å gå i. Imingfjell-mannen trudde ikkje Solheimstul var åpen, slik eg hadde informasjon om frå ut.no. Eg hadde prøvd å ringja utan å få svar. Han tok imidlertid saken, og fekk etter kvart kontakt. Nei det stemte at dei berre skulle ha helgeåpent i juli, og at komande fredag var fyrste åpningsdag denne sommar-sesongen. Men dei var på flyttefot dit no, og me skulle få husrom sjølv om me kom ein dag for tidleg. Og for ein flott stad å koma til! Møtt av kjekke Vilde. Kaldt øl. Rom som blei laga til. Maten, husmor og husfar ankom i bil litt seinare. Heimelaga elg-karbonadar om kvelden. Fjellstova som kanskje ser litt sliten ut på utsida er full av atmosfære, vævnad og gamle ting. Gamal stølsvoll rund. Flott rom. Etter kvart varmt vatn. Og varmt og triveleg vertskap! Me hadde tross alt kome eit døgn før åpning. Dette var plassen å ta kviledag og opplading på!!

I morgon laurdag går turen vidare på Store Normannslepa i retning Heinseter. Andre vestlendingar har nok slept seg fram her opp gjennom tidene i viktigare ærend enn me!

Me har no tilbakelagt ca 14 fantastiske mil og har 18 igjen til tunet på Trefall.


Reise-rapport nr 2 frå ferda Kongsberg-Trefall hytte til hytte

Etter eit flott restitusjons-opphald (men litt dyrt opphald (dyrt øl, men det smakte fortreffelig)) på vakre Solheimstul, bar turen vidare på laurdag. Heime i sofaen med PC-en på fanget hadde eg slått saman to ettappar, Solheimstul-Åan og Åan-Heinsæter, 27 km såg det ut som. I verkelegheita viste det seg å væra 33. Eg hadde heldigvis ringt til Heinsæter og sagt at me kom seint. Ture starta med flott vær og veldig fin høgfjells natur. Me skilte lag med turkamerat Store Normannsslepa ved Skarvsvann, den slepte seg vidare "rett vest", mens me slepa oss i litt meir nordleg retning. Tungt å gå i ur og stein dei endelause kantane framover mot dalføret der Numedalslågen akkurat har starta si ferd oppe ved Geitsjøen, til den ender opp ved Larvik. Då me kryssa den allerede frådande elva over ei lealaus hengebru var der akkurat 10 dagar sidan forrige gong me kryssa Numedalslågen, då etter å ha gått omlag 100 meter på vår ferd frå stovedøra i Kongsberg, det vil seia me kryssa den litt stødigare hengebrua Gamlebrua. Vidare måtte me austover i feil retning mot Åan for å kryssa bruene over Hein-elva. På Solheimstul hadde det vore to gjestar til, ein herremann med barnebarnet sitt, dei var på veg til Øvre Eidfjord med bil og hadde tatt ein overnattings stopp her, han hadde for 25-30 år sidan gått ein del i desse fjella. Me hadde då me snakka med han fyrste gongen fortalt at neste stopp var Heinsæter. Han var litt tunghøyrd, så når me snakka til han seinare, svarte han stort sett "men det er langt til Heinsæter". Det var langt til Heinsæter. Det er ikkje berre mila som tel. Stien innover på nordsida av Heinelva var svært vond å gå. Stein, myr, vatn, høge vier-krakar å brøyta seg gjennom. Og inni dette hærstyrkar av brodd-bevæpna mygg. 22 om kvelden var me framme. Varm middag og kaldt øl tok i mot oss! Fantastisisk!
Litt treige i starten neste dag vidare mot Krekkja. Same fine været. Flott natur. Forbi Øvre Hein, glimt av Halne-fjorden, forbi Vesle-Krekkja. Då me kryssa RV7 rett aust for Fagerheim var det å finna og grava opp hundemat-depoet, så sekken blei ein god del tyngre vidare inn forbi Store-Krekkja inn til Krekkja DNT hytte. Me nådde så vidt andre borsetning middag, og ølet smaka merkeleg godt denne gongen og.
Ved frukost bordet hadde me hyggeleg prat med to godt voksne svenske damer og ein eldre herremann som for "lengesidan" hadde utallege opphald på Dalastova hjå Sverre Flatekvål (pensjonat i Eksingedalen) bak seg. Han hadde vore på tur i Ekses-markene, i Torvedalen, til flyet på Kvitanosi, og so vidare. Han trudde han hadde sett meg før i yngre utgåve og med mindre hår. Det med minde hår gjorde at eg kom i tvil. Det måtte i so tilfelle vore før 7. klasse, eller rundt 74-75 då eg korthåra avtente verneplikta eller rundt 79 då eg korthåra søkte jobb.
Etter nokre minuttars gange frå Krekkjahytta mot Finse passerer vi fylkesgrensa over frå Buskerud til Hordaland (Eidfjord-kommune). Flott vêr, men lang dagsettappe (25 km viste det seg). Igjen har me værgudene med oss. Igjen eit "uendeleg" steinete dalføre som bølgjer seg opp og ned der me nordover passerer Hardangerjøkulen i austenden. Det går rett nok ei løype endå tettare innpå jøkulen, gjennom Helvetes-gjelet, men der er heldigvis ikkje me. Laaaaangt om lenge er me over kantane og ser ned mot Finse. "De få leggja inn eit ekstra gir so når de siste middags-bordsetning klokko 21" seier hardingen som svarar meg på Finsehytta då eg har fått nok telenord-strekar til at han høyrer meg. Me legg inn giret og når hytta med god margin. For all del. Finse-hytta er flott. Men no er me inne på turist-leden. Dårlegast overnattinga så langt. Prøver å finna plass på eit rom der eit par frå Spania på sykkeltur har okkupert kvar hylle og knagg. Etter å ha flytta "overskudds-materiale" vekk frå dei "ledige" overkøyene, og ellers lirka sekkene våre på plass, prøvde vi å sova i bakarovnen. Hunden er på plass i bur i skistallen. Han må og betal ekstra for seg her i komers-land.
I dag (tirsdag) er det regn og vind frå vest. Ser Rallarveg sykkelturistane ventar i det lengste etter frukost med å starta turen vidare. Me set inne og nyt styggaværet og håpar Yr sitt varsel for i morgon er rett. Dobbeltrom har me fått skifta til og. Himmelen. Hadde det ikkje vore for skodda hadde me skimta Helvetes-gjela.


Reise-rapport nr 3 frå ferda Kongsberg-Trefall hytte til hytte.
Undertittel: Dei som vandrer hjem er havna på Vandrehjem:

Som før sagt, det var nydeleg med ein restitusjons-dag på Finse. Sitja inne i godt selskap med panoramautsikt over Hardanger- jøkulen. Neste dag blei det labbetur langs Rallarveg ned til Hallingskeid, med obligatorisk stopp for inntak av nydelige vafler steikt på gass i gamaldags vaffeljern av ei ikkje så verst Ukrainsk dame på Rallarmuseet. Hallingskeid er ein kjempeflott plass, hytta ligg høgt og fint til med utsikt over gamle sølsvollar. Hytta har hyttevakt, så om morgonen låg nysteikt brød å venta. Me var begge spent på etappen som låg forran oss denne dagen. Frå Hallingskeid-hytta, over breen Vossaskavlen og ned til Kaldavasshytta. Først transport-etappe på ca mila på rallarvegen på nordsida til vestenden av Nedre Grønndalsvatn, over brua som blei reparert for 13 dagar sidan, tilbake på sørsida, forbi nokre Osa stølar der me snakka med ei hyggeleg Osa-dame som hadde vore åleine budeie på stølen der saman med nabojenta om somrane i 15-16 års alderen med geit og kyr. Ein fin freda plett. Der me klore oss rundt vestenden av vatnet, hadde dei båt og køyrde tvers over. Buføre-vegen tok 7 timar og gjekk over Osaskavlen. Bratte snøfenner med kløvhestar hovdestups nedover fortalde ho. Etter kjekk prat fortsatte transportetappen vidare inn langs Øvste Grønndalsvatnet. Ei mil tilbakelagt. Så starta turen. Ei par frå sunny California hadde villa seg på desse kantar, og kom motsatt veg. Spente lurte me på om kryssing av breen hadde gått greit. Ikkje heilt beroligande svaret me fekk, men dei meinte at no når det leid litt på dag var snøen så mjuk at det burde gå greit. Keep to the right sa dei. Så byrja høgdemeter plukkinga i trappetrinn. Start på omlag 990. Bratt opp til Austmannatjørn. Så baksa me oss opp ein bratt avsata i blaut snø til ei hylle i Baksefjell. Så ein bratt avsata opp på Vossaskavlen. Etter klatringa til 1520 meter var utsikta flott. Søraustover mot Hardangerhjøkulen. Nordvestover Vossaskavlen og Vossa-fjell i det fjerne. Stien var merka med høge stakar, og var lett og finne. Me passerte eit flott intenst blåfarga brevatn. Blaut snø å vasse. Ingen is der løypa gjekk. Så skrådde det nedover i vest. Om litt såg me Kaldavasshytta. Jippi!! Rett der nede låg ho. Eg hadde kvidd meg litt til denn Vossaskavl kryssinga. For nokre år sidan las eg om Hardangervidde slepene og ferdselsvegane mellom aust- og vestland. Det kunne fort ryka med dyre-liv om ein kryssa Vossaskavlen med ungfe elle hastedrifter på veg frå Voss til marknaden på Hallingskeid. Også nedstigninga starta bra i blaut snø på bratt snøfonn. Så starta ura. Og fjellhylle labyrintane. Frå "jippi, rett der nede ligg hytta" til me var framme tok det over to timar. Det mest krevjande sti-partiet så langt på denne turen. Utslitte installerte me oss på den ledige sikringsbua på Kaldavasshytta. Etter mat, var det "jævla urdaholet" blitt ein ganske så fin plass. Litt for slitne starta me på neste dags etappe. Meininga var å gå frå Kaldavasshytta, ned til Uppsete, så ta seg over ein fjellkant og etter kvart komma inn på den merks løypa frå Mjølfjell til Grindaflethytta. Ein laaang etappe. Men me var for slitne frå forrige dag. Rett før Uppsete traff me ein familie som var på veg over til Myrdal. Dei hadde hytte på Mjølfjell og nemde på at Mjølfjell Vandrehjem nok hadde både seng og middag til oss. Og slik blei det. Tre trøytte vandrar på vandring hjem havna på Vandrehjem. Under planlegginga hadde eitt av alternativa vore å gå ned Raundalen for så å krysse over til Vossestrand nederst og ta siste etappen Engjaland - Trefall. Dette i staden for å kryssa over til Vossestrand via Grindaflethytta som var hovedplanen. Så no blir det altså litt meir Raundal-vandring.
På Finse blei eg telefon-intervjua av ei hyggeleg journalist-dame frå Vosse-avisa Hordaland. Oddbjørn melder at artikkelen sto i torsdags-nummeret, men hadde den leie feilen at det konsekvent sto Kongsvinger i staden for Kongsberg. Irriterande!!
Ankomst Trefall blir slik det kan sjå ut i øyeblikket måndag og ikkje sundag slik me håpa på, om ikkje me set inn eit ekstra gir då . . .


Reise-rapport nr 4 (og siste) frå ferda Kongsberg-Trefall hytte til hytte.

Som fortalt i forrige rapport, blei ruta lagt om litt, ved at kryssing over frå Raundalen til Vossestrand ikkje skjedde på Upsete. Så den oprinnelege vegtraskinga frå Fyre, langs Oppheimsvatnet til Vinje og vegdskiftet opp til Engjaland blei no flytta til vegtrasking Upsete - Mjølfjell Vandrerhjem der me overnatta, og vidare trasking ned Raundalen til Urdland der me tok av inn til Fagnastølen. Mjølfjell - Fagnastølen var ein etappe på 27 km. På Fagnastølen har dotter Anette heilårscamp som me var så heldige å få bruke. Ved frukosten på Mjølfjell sat "mor sjølv" og "inspiserte" i matsalen. Me var ikkje mange gjestane. Etter kvart kom me i prat med henne om prosjektet vårt. "Dere skulle vært i Hordaland" sa ho, og me sa at det var me. Då me seinare skulle betala låg avisa oppslått på disken og dama var svært så praten. Me måtte berre koma att med familie og venner, mange fine turar i området. Eg fekk litt den same triste følelse som på Imingfjell og Solheimstul. Gamle erverdige pensjonat starta i ei annan tid og som sikkert vil dø ut med generasjonen som no driv dei. Etter ein våt trasketur nedetter Raundalen endte me opp på Fagnastølen, der me fekk middag og hadde ein kjekk kveld med Anette, Bjarte, Sanna og Noah. Dei kom innom på veg heim frå ferie og drog vidare. Neste morgon gjekk turen inn til Helgaset. Fine stølsmarker med kyr og sau. Vidare inn Langedalen med fin sti over til Langedalstølen med beitande kyr og sau, så bilveg vidare ned til Oppheim og til E16. No var me på Vossestrand. Litt asfalt-trakking ned til Vinje. Me var våte og kalde så me vurderte overnatting på Vinje Hotell. Eg inn og opp ei trapp til resepsjonen og plinga på. Ein stram eldre herremann dukka opp. Eg lurte på om han hadde rom til to våte fjellvandrar. Det hadde han. "Så har me ein liten hund med", sa eg. Nei då er det ikkje snakk om. Dei hadde brendt seg på hundar som hadde ødelagt så mykje, starta han eit foredrag om, og eg gjekk. Han skulle sett Bobo som kvar kveld etter endt økt flata ut og lea seg så lite han kunne før han måtte ut å gå igjen neste morgon. Stryk-karakter til Vinje Hotell. Det bles, regna og var kaldt. Me deskuterte om me greidde etappen vidare om Engjaland og T-merka rute til Torvedalshytta same ettermiddag. Me kunne i allefall starte, og eventuelt telta om det blei nødvendig. Opprinnelig låg Engjaland Fjellstove på ruta, men den hadde vist seg å være nedlagt for tre år sidan (!). Men regn og kulde gjorde at det blei tatt ein liten telefonrunde (ring en venn). Nede frå E16 fekk me så skyss dei 7 km det er opp til Engjaland og inn til Reppane det stien starta. Dette blei den einaste vegbiten me ikkje gjekk på eigne bein. Berre 7 km av 34-35 mil, men likevel, eg hadde store problemer med dette. Først ville eg gå, og at Oddlaug kunne få skyss og "gå i forvegen". Men det var kaldt, kraftig vind og regn, pluss skodde, så eg tok til vit og blei med på skyssen. Alt anna hadde vore uforsvarleg. Tusen takk til Oddlaugs syster Kjellaug som på sparket stillte opp og køyrde oss!! Overgangen Engjaland - Gullbrå var i gamal tid ein viktig ferdselsveg mellom øvre Eksingedalen og Vossestrand. Eg hadde ikkje gått her før, og gjekk og tenkte på historien far hadde fortalt om då han under krigen hadde guida ein kar frå Vetlejord over til Voss og Voss blei bomba denne vinterdagen. Flya kom inn over hovuda deira på veg mot Vossevangen der dei saman med huslyden på øvrste garden på Engjaland hadde teke i bruk møk-huset som tilfluktsrom. På veg heim att hadda han kasta seg ned i snøen her eg no gjekk då et fly kom i mot han. Han høyrde ei rar susing rundt seg der han låg, og då han reiste seg opp att såg han ei stripe på kvar side av der han hadde ligge. Dei var etter maskingevær kulene flyet hadde skote mot han. Han hadde vore heldig. Stigninga opp frå Reppane var hard. Vinden kom rett i mot og vind og regn auka på. Me passerte Mykjedalsvatnet og nema oss 1100 moh. Her hadde eg vore før. Eg og broder Jon låg her ei augustdag for 40 år sidan og vakna til lyden av snø-takras på teltduken. Så bar det endeleg nedover, men med glatte våte berg. Lenge før hytta kjende me lukt av røyk i vinden, det var nok folk på hytta. Etter den litt kronglete kryssinga av hengebrua over Torvedalselva, og dei glatte berga heimetter, var me ved hytta utpå kvelden. Sikringsbua var ledig! Oddlaug var ein tur bortom hovedhytta og kom med rapport tilbake om engelsktalande, noko ho oppdaga etter å ha snakka norsk til tre spørjande ansikt ei stund, den eine sat halvnaken tett inntil ovnen. Etter oppfyring, bytte til tørt tøy og mat, var livet igjen verdt å leve!! Neste dag hadde me det ikkje travelt. Siste etappen på vel mila ned til tunet på Trefall låg no framfor oss. Surt og regn, og litt vemodig. Nede i Holagavlen møtte me broder Jon som kom til møte. Kjekt! Han hadde forberedt velkomstmiddag til oss nede på NVE-hytta på Trefall. Nede på anleggsvegen innafor Gullbrå der han hadde parkert sa me standhaftig nei til bilskyss. Her skull siste halvmila og gåast. Sekkane fekk han køyre. Så i mål i tunet på Trefall. Der svinga Anette & Co inn. Stort norsk flagg. Kjempe velkomst! Så inn til NVE hytta, der Jon hadde dekka bordet med god mat, vin og øl. Kjempe. Litt etter ankom også Renate & Co. Dei hadde og med stor matgryte. Kjekk ettermiddag. Så var prosjektet fullført. Dei 34-35 mila var tilbakelagt. Opplevelsane mange. Tilbragt i "vår eigen lille verden". Ein utruleg flott tur. Etappedata osv dukkar etter kvart opp, men fyrst nokre late dagar. Takk til de som har fulgt oss på vår ferd her på fb!!

Eit lite tillegg om reisefylget: vesle Bobo har nok vore sliten innimellom, men ein enkel roleg kjekk reisekamerat, alltid full av pågangsmot. Av og til eit irretasjonsobjekt når jaktinstinktet slo til. Har desverre ikkje bilete av ein del elvekryssingar der han ufrivillig blei flygehund. Med kløvet sitt fekk har eit fint håndtak på ryggen. Fint å ta tak i for å kasta han med, eller til å løfta han opp på vinglete hengebruer.
Og så Oddlaug. Litt slitasje skadar, problem med hælspore og rygg. Men stoppa det henne? Beinsterk i hovudet meistra ho smertene. Eg er imponert! "Førr ei dame som du" som det heter i songen!


Faximile av artikkel i Hordaland torsdag 11. juli 2013:

Her finn du lenker til dags-etappane slik dei oprinneleg blei planlagde.
Lenkane går til ei Garmin side, og viser ikkje alltid alle data ved "første forsøk".
Bruk "reload" (f5) i nettlesaren din nokre gonger, så kanskje du har suksess.
Du skal sjå "dagens spor" på kartet til venstre med små rektangel med "kilometer teljar",
pluss tilsvarande høgdekurve til venstre.
Turen går stort sett på merka sti, og er lagt opp slik at Turistforeningens hytter og andre
overnattingsmogelegheiter kan nyttast.

Etappe 15 er planlagd bort. Dvs at etappe 14 er forlenga forbi Midttun og vidare til Vinje.
og etappe 16 startar frå Vinje i staden for frå Engjaland. Grunnen er at det viser seg at
Engjaland Fjellstove blei lagd ned for 3 år sidan.
Det er mogeleg vi stoppar på Torvedalshytta mellom Engjaland og Gullbrå i Eksingedalen,
slik at det fortsatt blir 16 etappar.

I twitter feltet vil du kunne lese meldingar automatisk posta av ein gps-dings eg har i sekken.
Dei blir posta når vi forlet eller ankjem start eller endepunkt for ein dagsetappe,
men på grunn av litt dummme teknologi-begrensningar er dei litt "rare", men fullt mogeleg å "tolka"
når du samanheldt dei med dagsettappe-planen vist her.
Forutsetningen for at ei slik automatisk twitter-melding kjem er at det er mobildekning på dei omtalte punkta!!
Også meldingar med invitasjon om å "live" fylja oss ein etappe eller to kan dukka opp her.
Sjå bort frå gamle twitter-meldingar (den siste få 30. november) som ikke har med turen å gjera.

LENKANE UNDER VERKAR HELLER IKKJE LENGER OG MÃ… OPPDATERAST (komentar 5/7/21).

1: Glitregata - Selsli

2: Selsli - Sigridsbu

3: Sigridsbu - Øvre Fjellstul

4: Øvre Fjellstul - Daggrø

5: Daggrø - Lufsjå

6: Lufsjå - Imingfjell

7: Imingfjell - Solheimstul

8: Solheimstul - Heinseter

9: Heinseter - Krækkja

10: Krækkja - Finsehytta

11: Finsehytta - Hallingskeid

12: Hallingskeid - Kaldavasshytta

13: Kaldavasshytta - Grendaflethytta

14: Grendaflethytta - Midttun

15: Midttun - Engjaland

16: Engjaland - Trefall